Ezra Furman – Transangelic Exodus

Standard

Desperate songar for desperate tider.

Bilderesultat for ezra furman transangelic exodus  Det startar med ein redningsaksjon. Forteljaren sitt ved rattet i sin raude Camaro, og ut gjennom sjukehusvindauga kjem hans elskar. Ein engel. Eit menneske som har byrja å gro venger. Ein fare for menneskeheita, meiner mange. «To them you know we’ll always be freaks» erklærar forteljaren. Og gjer gass. For han har ingen intensjonar om å sitte her og kope medan dei «suck the blood from my wound». Og det er energi, og det er rock’n roll, og det er amerika, og det er to på flukt med vind i håret. Men med ein annan desperasjon, ein annan «runaway american dream», rennande gjennom blodårene enn den Springsteenske Born To Run-desperasjonen. Tonen er meir krakilsk her, meir grunnleggande desperat. Det er noko anna som står på spel. «Oh, someday girl, I don’t know when, we’re gonna get to that place, where we really want to go and we’ll walk in the sun» syng Springsteen. «The future’s breathing down the neck of the past, and the sun throws a shit-eating shine on the moon» syng Ezra Furman. Sjåføren og hans engel rasar framover i opent landskap, men lufta er tett og framtida heng og dinglar i eit frynsete tau.

«This record is an exercise in empathy» skriv Furman i ein av fleire meldingar på LP’ens innleggsark. Eg er villig til å gje han rett i det. Samstundes er det eit album der paranoiaen har meir enn berre eit visst grep. Om enn ikkje eit lammande eit, for forteljaren er viltert til stades og lar seg ikkje utan vidare kue. «It’s a protest record, dreamed in the dark corners of the heart of a queer grandchild of Holocaust survivors» skriv også Furman, og presenterer med det samstundes seg sjølv. Noko han for så vidt har gjort tidlegare. Spesielt sterkt på sine to føregåande album. Det tvers gjennom desperate punkrock’nrollgospel-albumet Day Of the Dog (2013), og det for så vidt like desperate gjennombrotsalbumet Perpetual Motion People (2015). På begge desse albuma har han hatt med seg ein kvartett med namnet The Boy-Friends. I år, på Transangelic Exodus, heiter kvartetten han har i ryggen The Visions. Men gløttar ein bakom namnet så er det forsyne meg dei same fire som utgjorde The Boy-Friends. Lyden av dei er likevel ikkje heilt den same. Synthesizeren har blitt gitt eit større spelerom, den elektriske gitaren eit litt mindre, og saksofonen til produsent Tom Sandusky kjem sjeldnare inn i bildet. Plata er nok i større grad bygd og lappa i hop enn dei to førre. Utan at lyden av den er blitt for stor. Absolutt ikkje. Det er dei tettsittande og energiske tonar som regjerer grunnen. Plassert i eit skarpt og opent lydbilde som minner meg litt om Vampire Weekend-albumet Modern Vampires of the City.

Ezra Furman insisterer på at Transangelic Exodus ikkje er eit såkalla konsept-album. Men ein raud tråd er det då her. Frå tittelens englemotiv, til alle låtane der denne engelen dukkar opp. Denne elskaren til eg-personen. Og det at dei er på denne flukta, frå styresmakter og slike som ikkje vil dei vel. Ein «transangelic exodus on four wheels», som det blir ytra i Psalm 151. Ei setning som vel kan brytast opp om lag slik, bak frå: Det klassisk amerikanske (bilen), det gamle testamentet (Exodus er den latinske tittelen på den andre boka der, og handlar mykje om jødane si flukt frå Egypt), det transseksuelle og outsider-elementet.

Men viktigast er nå lidenskapen. Den er på sedvanleg Furman-vis like solid på plass som på hans to førre album. Han syng som om han meiner det. For eit understatement! Han tar sjølvsagt full eigedom over kvart forbanna ord … og syng med ei kraft og ein dynamikk det glødar av. Enten songen er ein rastlaus rakkar eller ein meir dvelande ballade. Driving Down To L.A. høyrer til sistnemnte kategori. I nennsame vers og eksplosive refreng tematiserer den dødsflørt og inderleg kjærleik, og er eit høgdepunkt. Endå litt sterkare er God Lifts Up The Lowly. Ein ballade der Furman grip tak i det bibelske bodskap om at i Guds auger er den mest forkomne og ubetydelege skapning ikkje eit hakk mindre verdt enn den robuste og mektige. Han gjer det i eit attraktivt knokkelarrangement, med ein bassist som har funne fram celloen, og alt blir berre komplett vakkert. Cello i ei sentral rolle finn ein også i Love You So Bad. Ein cello med dans i seg, plassert i ei poplåt som både har det melodiske og det forfriskande luftige på si side. Med ein liten touch av Pulp sin Common People, og det er jo ikkje ein skadeleg touch å ha. Og heller er det ikkje skadeleg at Furman syng linjer som «I still remember so bad, the nights mom got drunker than dad did, She told me never hang out with the bad kids. Well what can you say to that? I always knew I was bad».

Kor mykje dette handlar om Furman sjølv, eller er historier av det fiksjonelle slaget, er sjølvsagt umogeleg å seie noko sikkert om. Ikkje er det det minste interessant heller i grunn. Men eg legg merke til at han lar hovudpersonen handle sin første kjole i det lausslopne nummeret Maraschino Red Dress $8.99 At Goodwill. Ei klesdrakt Ezra Furman som kjent rett så ofte kan finne på å kle seg i. At han ein eller gong kan ha mista uskulda si til ein gut er det vel også ting som tyder på, men at denne heiter Vincent stemmer sikkert ikkje. Ein fin poptrudelutt er den nå uansett, songen I Lost My Innocence («to a boy named Vincent, and in a single instant I was set free»). Og eit lyst og lystig avslutningsnummer som står noko i kontrast til dei tolv låtane som ligg før i løypa. På ei plate Furman har tileigna the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching. Og som fleire enn det antakeleg vil ha utbytte av å ta innover seg.

8/10

TIDAL: EZRA FURMAN – TRANSANGELIC EXODUS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s