Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar. 7
Plata varer i 1 time. Joe Henry har gitt den tittelen Invisible Hour. Eg kan ikkje tru det er fordi han opplever den som ein usynleg time. For usynleg er den jo ikkje. Ikkje det at den er påtrengande heller, eller brusar med fjæra og er høglytt. Dette er ei plate, ein time, som smyg seg inntil ein, utan oppstuss, i eit akustisk folkrockbilde, med render av jazz. Ei varm og god plate, om relasjonar.
Opphavsmannen har sjølv skrive ned nokre tankar om kva plata handlar om. Ekteskap, ytrar han. Men ikkje ekteskap som eit substantiv, heller då ekteskap som eit verb. Noko ein gjer, er, virkar i, og stadfestar kvar dag. Det skin ikkje klart igjennom songanes gåtefulle vesen at det er nettopp dette som blir forsøkt formidla. Kanskje det kan kallast ein styrke? At songane på plata, songane til Joe Henry, gjennom alle hans plater, no tretten i talet, ikkje er opplagte, ikkje er eindimensjonale, ikkje dansar den lettaste vegen, men heller lar lyttaren få litt å gruble over. Sjølvsagt er det ein styrke.
«It wasn’t peace I wanted, so it wasn’t peace I found» er dei fyrste orda Joe Henry syng på plata. I den spesielt godt tempererte og attråverdige songen Sparrow. Orda, innleiingsorda, fortel kanskje noko om kva innstilling han gjekk inn i ekteskapet med, og kva innstilling han lever livet sitt etter. Og kanskje fortel dei også noko om kva innstillinga hans er når han skapar sine songar. Denne gongen, denne timen, i eit meir tålsamt bilde enn på dei føregåande platene. Meir i eit klassisk folksongbilde, meir slik han gjorde det tidleg på nittitalet.
Men Levon Henry var ikkje med og spelte på nittitalsplatene. Han var ikkje gamle karen då. Han har sitt fornamn etter den legendariske songaren og trommeslagaren i The Band, han har sitt etternamn etter faren Joe, han spelar klarinett og saksofon, han gjer gode ting for Invisible Hour. Jazztonen er det han som har hovudansvaret for, ein nennsam, blå, mørk og lys tone, som kan vere både snill og kranglete, karrig og oppglødd.
Van Morrison er aldri langt unna når Joe Henry lagar musikk. Astral Weeks har sannsynlegvis for mange år sidan tatt bustad i han. Så ånda frå den eksentriske iren lever kringom tonane på Invisible Hours også. Der har den eit like godt liv som på tidlegare Henry-utgjevingar. I den episke songen Sign, om ein fyr som har gjort livet surt for mangt eit menneske, ikkje minst seg sjølv. I den lausleg huskande Plainspeak, om kryssande sansar og variantar kring det å uttrykke seg klart og tydelig. Og i den vesle bluesen til Alice, Alice Munro, og hennar evner til å finne det store og essensielle i det små og kvardagslige.
Ein time å lene seg godt inntil.