Tag Archives: My Morning Jacket

Musikalsk årsoppgjer 2011

Standard

Eitkvart år er eit bra musikkår, seier dei hos det svenske musikkmagasinet Sonic. Eg seier meg samd. 2011 føyer seg inn i rekka. Eg kjenner meg vel forsynt av tonar som har gitt næring og gjort inntrykk i år også. Nokre av dei har komme frå heimlandet. Aller mest verdt å nemne i så måte er nok hallingtrubaduren Stein Torleif Bjella og hans underfundig melankolske Vonde Visu. Av andre aktverdige framstøyt føler eg trong til å halde opp Martin Hagfors sin popintrikate I Like You, Tom Roger Aadland sin livserfarne Det Du Aldri Sa, The Last Hurrah sitt dronefolk-album Spiritual Non-Believers, og The Captain & Me, som i afrocalifornisk lyddrakt varta opp med eit konseptalbum (Migrant) om ein afrikansk flyktning.

Den ferdigredigerte lista over dei ti eg har sett aller størst pris på skiltar imidlertid ikkje med anna enn slikt som kjem frå det store engelskspråklige utland. Frå det same utland har eg aller først lyst å nemne ei god handfull eg synst det var litt vanskelig å utelate, men som likevel blei det. Utelete. Eg nemner, i fleng: Okkervil River (I Am Very Far), Sarabeth Tucek (Get Well Soon), Bon Iver (Bon Iver, Bon Iver), Bill Callahan (Apocalypse), Akron/Family (S/T II: The Cosmic Birth And Journey of Shinju TNT), The Decemberists (The King Is Dead), The War On Drugs (Slave Ambient), Southeast Engine (Canary), The Low Anthem (Smart Flesh). Men altså, først og fremst, og aller mest handla det om desse:

10. Girls – Father, Son, Holy Ghost
Utan blygsel serverer dei låtar som den neonspirituelle Vomit, surfande Honey Bunny, rifftunge Die, og meir til. Utan blygsel tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk.

9. Gillian Welch – The Harrow & The Harvest
Åtte år sidan førre plate, og ho er den ho er. Saman med mannen sin, David Rawlings, leverer ho tradisjonsbundne tonar i organisk forfatning. Ti asketiske og akustiske songar som på ulikt vis er rota i sørstatsgotikken og dens hang mot å spegle det dystre og amoralske.

8. Abigail Washburn – City Of Refuge
Ho kan sin banjo, og ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Med å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i det amerikanske lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og som har ein frodig personlegdom ein slett ikkje møter så ofte.

7. Laura Marling – A Creature I Don’t Know
Ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som lagar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg sjølv som menneske, som kvinne, på den store gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet. Laura Marling er kanskje ung, men ho er ikkje født i går. Og har ikkje lenger berre ein akustisk gitar.

6. Fleet Foxes – Helplessness Blues
Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare.
Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande open, og velkommen.

5. Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town
Årets Bonnie Prince Billy plate er i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er den berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde.
Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og langs vegen den går legg den etter seg eit titals storarta songar.

4. A.A. Bondy – Believers
A.A. Bondy manar fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Gjennom ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, og omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjeler mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med. Ti scener av det slaget som stort sett er like mørke som natta, og like lumske som vegen heim ein tåkete morgon.
Med andre ord, slike som held til i eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

3. My Morning Jacket – Circuital
Med Circuital gjer Louisville-banden det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut. Mot ein storslagen americana med staselige sørstatstakter. Men dei er også eit popband, eit sveitt og rytmisk band, eit funky band. Eit mangslunge band.
Og ein 33 år gamal songar med ei sublim røyst, som syng om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Som duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk. På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

2. P.J. Harvey – Let England Shake
Tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har P.J. Harvey laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste. Om krigen. Tolv poetiske, men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot. «England’s dancing days are done» syng ho. «Let’s head out to the fountain of death & splash about» held ho fram.
Krig er ikkje vakkert. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Ho er ein referent, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.
Let England Shake er ei plate om krigen og om England, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært.

1. Josh T. Pearson – Last of the Country Gentlemen
Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre som har sett evigvarande spor. Dei handlar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann ulmar i bringa hans, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, eit tyngande skriftemål, han syng det. Som ein countrysongar. På sitt særeigne vis, som ein countrysongar. Ein tålmodskrevande og omstendelig countrysongar. Med ein gitar, ein kamerat på fiolin, og 100% sjel.

 

Nokre veker etter at denne lista vart publisert på Groove.no fant eg fram ei Kurt Vile plate eg hadde lagt til sides. Den steig etterkvart veldig i kurs, og må vel seiast å vere blant dei aller beste platene gitt ut i 2011:
Kurt Vile – Smoke Ring For My Halo

Seinare skulle også Hiss Golden Messenger sin Poor Moon bli ei kjær plate.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2003

Standard

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:

1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.

3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.

5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.

6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.

9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!

10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.

Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:

Songs: Ohia   – The Magnolia Electric Co
M. Ward  – Transfiguration Of Vincent
The Wrens  – The Meadowlands
Okkervil River  – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers –  Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens  – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power

My Morning Jacket – Circuital

Standard

Dei vender blikket dit dei har vore, og skaper nokre av sine beste songar.

8

cover

Det er ikkje ein sirkel eg har sett føre meg når eg har tenkt tankar kring utviklinga til My
Morning Jacket. Frå The Tennessee Fire via den staselig store sørstatelige countryfolkrocksoul-greia deira (At Dawn, It Still Moves) til den eklektisk forvirra og bistre Evil Urges har eg aldri tenkt om dei at dei har vandra i sirkel. Eg har tenkt dei har vore på veg. Eg har tenkt dei har spora litt av, på godt og litt vondt (Z, Evil Urges). Eg har tenkt dei er eit band verdt å fylgje. Så det har eg gjort. Og no sit eg og lurer på om det kan vere ein slags rundtur dei eigentlig er ute på. For med Circuital gjer dei det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut.

Etter å ha spelt inn eit par plater i New York, reiste My Morning Jacket denne gongen heim til der dei ein gong kom i frå. Til Louisville, Kentucky. Der fant dei ein gymsal, i ei kyrkje. Der rigga dei seg til og spelte inn sitt sjette studioalbum. Eit album tufta på varme, og ihuga speleglede, og som kjærlig omfamnar dei fleste steg dei til nå har tatt.

Der My Morning Jacket på sine siste plater tidvis har virka noko tilgjorte, og fått meg til å tenke at nå driv de med utprøving for utprøvinga si skuld, opplever eg at dei på Circuital er frigjort for alt slikt, og berre er. Er der musikken er. På lag med flyten, med groovet, med rommet. Det store rommet. Der tonane dansar vidt, og kjem i mang slags rytmar og former.

Circuital er ikkje My Morning Jacket tilbake dit dei var for åtte, ti eller tolv år sidan. Absolutt ikkje. Circuital kikkar dit, Circuital ser det er bra ting der, men Circuital veit også om andre ting som er bra. Circuital synst veldig godt om den funky dansen. Circuital synst det er bra å sveitte. Circuital er eit mangslunge vesen. Eit mangslunge vesen som ikkje spriker, og som ikkje ynskjer vere vanskelig. Eit mangslunge vesen eg tenker berre vil meg vel.

Varmt sa eg, og varmt meinar eg, men Victory Dance som innleiar albumet er kanskje ikkje så varmblodig av seg. Den handlar om framtidssyner ein urovekkande stad mellom det store håpefulle potensialet og dei dystre røyndommar. I ei barsk groovy form og til kjølige keyboardtonar driv låta mot sitt kaotiske endelikt, og varslar vel i grunn i liten grad om kva som kjem.

Eit ekspanderande tittelkutt kjem. Startar med ein enkel gjentakande og nøysam gitarfigur før det fatnar og blir til gulraude flammar, der gitaren et southern kost og sakene generelt sett er av det meir veldige slaget. Sju minutt brukar den på å nå sitt endelige «ooooo-oooouooh-oooou». Då har den spekulert sine rundar og ytra sine tankar kring dei eksistensielle forhold. Kring tilværets økologiske vesen. Om den store omvegen som endar opp der ein starta. På ein «hallowed ground», der ein kan møte på valet om å kle seg i «Satan’s jeweled crown» eller drikke av «Christ’s humble cup».

Seinare syng bandets frontfigur Jim James om «Lucifer’s cup». Då heiter songen Holdin» On To Black Metal. Ein funky rakkar (grunnlagt på ein loop skapt av ribbeina til ein thaipop låt) som sonisk sett viser seg å ha henta mykje meir der Curtis Mayfield dansa enn der Dimmu Borgir dirrar. Musikksjangeren den tar føre seg opplever eg at den omtalar med kraftfull ambivalens. «Coming into life you need its grind, but at a certain point you got to let it go, or it will cross the permanent threshold». Eg må vel seie meg tilbøyelig til å dele det synspunktet. Og meir enn tilbøyelig til å stemme i saman med Jim James og hans innhyra kvinnekor der dei «catching waves on Lucifer’s beach». Sommarens sveittaste.

I kategorien god og groovy finn eg også den smått Primal Sream-slekta First Light, og den leduge og hyggelige freakouten You Wanna Freak Out. Der finn eg ikkje Outta My System. Den finn eg i eit vegkryss Brian Wilson ein gong møtte Chris Bell. Ein feiande flott popsong som både fangar bølgjer ved Stillehavet og rusar inn i ei gate i Memphis. Og tematiserer «the luster of youth versus married security». Ansvarsløyse kontra ansvarskjensle.

Tre låtar kjem i ganske så rolige former. Den godmodige og utopia-siktande balladen Wonderful (The Way I Feel) kjem som ein mild countrysoul kompanjong av Behind Blue Eyes. Slow Slow Tune kommuniserer delvis med seg sjølv i ei slags metaform, men er mest ein song til eit barn som enno ikkje er født, men som er meir enn velkome til å bli født. Låta smyg minst like sakte som det tittelen lovar. Slik også pianoballaden Movin» Away gjer. Der den omgitt av vennlige tonar talar den vilkårslause kjærleikens sak.

33 år gamal syng Jim James om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Eller kanskje eg heller skal seie at han duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk.

På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

Først publisert på Groove.no (i 2011)