Gode songar som spaserer seg ein liten tur inn i livets ettermiddagsmodus.
Tønes syng om eit par vottar. «Vottane mor di strikte te meg» syng han. Og det er vel svigermor det. «De beste vottane eg he» legg han til (i varm samsong med Anne Lise Frøkedal og Frode Strømstad). Han fortel endåtil om eit lite hol i kanten på eine votten, eit han godt kan leve med, men som han like fullt tenker ho (altså svigermor) skal få sy igjen neste gong han treff henne. Det er slikt Tønes kan synge om. Som vi er blitt vant med at han kan synge om. Livets viktige små ting. På sitt underfundige og empatiske vis. Det er ni songar til på Sesong Fire som alle er i slekt med denne.
Sesong Fire kjem med litt meir alvor enn tidlegare Tønes-sesongar. Ikkje eit djupt og depressivt alvor, men eit med litt fleire spor av haustfargar i seg. Ettertenksamheitas haustfargar. Kanskje fordi Sesong Fire dukkar opp litt lengre ute i livet enn tidlegare sesongar.
«Sjå på livet» oppmodar songaren i starten av tittelsporet. Før han i enden av litt lett filosofering slår fast at «andre ting suste inn i livet». Og interessa for å fylgje med på tv-serien The Wire smuldra bort. Ein eller annan gong i løpet av sesong fire … eller var det kanskje i slutten av sesong 3? Vel, nå er hovudpersonen klar til å ta fatt på den igjen. Saman med sin kjære, og gjerne litt «heimalagte saft».
Eg sa alvor, men tenker at songen Korte Stond i alt sitt vesle vemodige vesen helst handlar om ein indre fryd. «Nå he eg ein drøm mindre, ein drøm mindre å jaga» syng songaren, og eg tenker at det handlar om å bli far. Og eg tenker det er ein vakker song. Det synst eg Holde Henna også er, vakker. Ei lett jazzig vise om å forsøke å finne tilbake til ein gnist i eit parforhold, ein gnist som var der før. Ved for eksempel å gjere noko så enkelt som å ta ein tur rundt i byen, og «jenna holda henda, sånn så me gjor før». Eller kanskje ta ein tur på visning, ellar minnast eit hus ein eingong var og såg på. Der ei gammal dama sette seg ved pianoet og spelte ei salme. Då er vi over i songen Det Sista Hu Ville. Ein særdeles sympatisk ein.
Eg sa alvor, og det er vel alvor når garden går under. Når løo må rivast, sauene slaktast og heio gror igjen. Temaet dukkar opp i den absolutt melodisk medrivande opningsvisa Signala. Ei like medrivande melodisk form har songen Gode og Vonde Dage. Ein liten vond hyllest til bygdas eigenproduserte revyoppsetting. Vond fordi den er jo ikkje utprega bra den der revyen. Hyllest fordi det er jo folk med slike initiativ som «fer hjulane te rolla og rolla, og samfunnet te å henga i hoba».
Med seg og spelar på plata har Tønes folk som har spelt med han før. Oftast dukkar trekløveret Anne Lise Frøkedal, Frode Strømstad og Emil Nicolaisen opp. Sistnemnte er kjent for å lage litt bråk når han finn fram gitaren og slikt. Det gjer han ikkje på denne plata. Sesong Fire har eit nennsamt og viseprega vesen. Nærast ein schwungande pophit kjem albumet i det det når sin siste song. Den heiter Dokke, og handlar ikkje om ei dokke. Den handlar derimot om ein jypling som snublar gjennom livet, og dei gode hjelparane, eller kanskje ikkje alltid fullt så gode hjelparane, han sette sin lit til.
Men den lune trubaduren Tønes trur eg vi kan sette vår lit til. For sjølv om Sesong Fire kanskje ikkje er den aller beste sesongen han har presentert, har den sitt å by på. Absolutt meir enn nok å by på.
7/10