Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater? 8
Så finst det likevel eit liv etter døden. Eit godt liv til og med om vi skal feste lit til tittelen på Stein Torleif Bjella si fjerde plate. Og det skal vi vel? Eg har høyrt Bjella referere til ein som har uttala at den neste Bjella-plata burde heite noko slikt som «Vatning på kyrkjegården». Vel vel, Bjella har ikkje gått dit. Han har spankulert inn på ein annan veg i staden han.
Rett skal vere rett: No var det slik for tre år sidan, då Bjella kom med si tredje plate, som han dystert nok kalla Heim For å Døy, at han annonserte at dette var avslutninga på ein trilogi. No skulle arket vendast og ting gjerast litt annleis. Litt ja. For det er litt, berre litt, annleis det er blitt. Gode Liv er ikkje Bjella i nytt modus. Han er så definitivt til å kjenne att. Og eg kjenner på meg at eg synst det er heilt greitt.
«Det gjeld å sjå det negative i det positive, det er då verda går framover» ytra Bjella nyleg i eit intervju i Morgenbladet. Noko han sjølvsagt har heilt rett i. Livet er holete og ikkje altfor samarbeidsvillig. Grenselaus positivisme er trøyttande greier. Ein må møte motstand for å ha glede av medgang. Bjella syng det ganske så glupt i siste song: «Skugge utheva solskinn, og balansera ditt sinn». Det er der i den balansegangen han er når han no presenterer 11 songar under tittelen Gode Liv.
E møte november med eit smil
det takka e deg for gode Liv
Når dagen krympa og lyset går
tenkji e på hausten vår
Eit refreng frå ein av to trommelause songar på plata. Liv heiter visa, og er vel på finurleg vis nesten ein tittellåt. Den handlar om kjærleiken mellom forteljaren og denne Liv, denne gode Liv, samstundes som den også representerer ein gløtt innom det gode livet.
E va kje god for ho
ho va kje god for meg
Ho har det bedre no
det må e leva med
Kjærleiken mellom han og henne er for lengst slokna. Men ho skrive Nordnorske Kjærleiksdikt, og han sitt for seg sjølv og brommar. Ho er blitt ein prislønna poet, han hevdar å ha «ein harddisk med bevis» på at det er deira liv ho skriv om. Eit lite innlegg i den pågåande debatten om diktaren sin bruk av scener og folk frå det verkelige livet i si dikting? Eller kanskje berre eit portrett av ein stakkarsleg skikkelse som innbiller seg ting, som med misunning som drivkraft gjer eit noko ynkelig forsøk på å hauste seg ein dose ikkje heilt fortent medynk.
E ringe for å minne om og berre for å si
Hugs og stikk innom om du er forbi
Gjer du det så treff du ein fyr som kan bjuda på ein Oppfølgingsprat. «Ein stol og litt nevemat og ein oppfølgingsprat». Ja, det er det han har å tilby denne einsame og forsiktige fyren, som sitt der inst i bygda og feirar bursdagen sin ganske så aleine. Utan at han ser svart på det eller er ute etter medynk, han forfektar i grunn å ha det ganske så triveleg. Eg tenkjer det er ein song litt i slekt med Dylan sin If You See Her, Say Hello. Eg tenkjer den har mykje lengt i seg, ein vakker countryfolktone og eit håp om at noko utruleg skal skje.
Det er ikkje Kjartan Kristiansen som har produsert plata denne gongen (slik tilfelle har vore på dei tre første Bjella-platene). Denne gongen heiter produsenten Bård Ingebrigtsen (ein fyr som for så vidt har vore involvert i dei tre første platene også, både som teknikar og musikar). Det har blitt ei plate med ei veldig god bandkjensle. Ledug og sonisk romsleg, og meir i eit rytmisk leie enn tidlegare plater. Kenneth Kapstad med nokre år bak trommene i Motorpsycho gjer sitt for at det blir slik. Det gjer også eit par som vel må reknast som veteranar i Bjella-bandet, strengevirtuosen Geir Sundstøl og den stødige bassisten Eirik Øien. Og dei lyde minst like inspirerte som nokon gong.
To songar opplever eg som noko atypiske Bjella-songar. «Lite er like ille som når fuglan bi stille» syng Bjella i To Måna Utta Regn, og eg meiner å høyre klimakrisa synge både i bakgrunnen og direkte utav dei fleste av songens linjer. Sonisk er det ein ganske så elektrisk sak, med eit fint gyng, der Kjetil Møster kjem sigande inn frå venstre i siste halvdel for å servere ein klimavennlig saksofonsolo. Songen som fylgjer i hælane på denne, kort kalla Blomen, er vel den som er lengst unna slikt som Bjella har drive med før. I eit litt vevrare stemmeleie enn vanleg syng han ei hymne til blomen og det vakre rundt oss. Utan å seie det direkte slår han vel i songen eit slag for å nytte sjansen og leve livet her på jord og ikkje gå rundt å vente på eit liv etter døden. «Alt for mange store ord» konstaterer han fleire gonger, og konkluderer kvar gong med at «no må e orientere meg på jord». Melodisk og sonisk er låta ikkje milevis unna distriktet der Neil Young og hans Crazy Horse har slått leir fleire gonger. Spesielt ikkje i den ganske så gitarrykande avslutningsfasa.
Plata er den første gitt ut på Bjella sin eigen label Heime med hund. Med slikt eit namn er det vel heller ikkje heilt urimelig at han har med ein song til ein firebeina kamerat. Dreng som den heiter er ein song i blues-lende, og saman med den endå meir bluesprega Stjernepar det minst interessante som skjer på plata. Nett det er eg langt unna å meine om avslutningssporet. For det brenn bra. Med utsikt Utover Øvre-Ål minnast songaren her OnklP på Øya året før, men snakkar mest om å være i livet og ikkje kave ved sida av det. «Det er viktigare enn nokon gong å definere rikdom» erklærer han i refrenget, før han spør seg «må e ha høgare mål ut over Øvre-Ål». I siste vers presenterer han seg så som Bjella, og slår fast at «e lev godt her, åleine ved Langfjella». Der han for all del må halde fram med å lage songar som dette, og andre songar som måtte komme ramlande innover han.