Tag Archives: Portishead

Høyr her (høyr Portishead)

Standard

Portishead gjer Abba. Den gamle slageren SOS.
Dei tileignar låta labour-politikaren og parlamentsmedlemmet Jo Cox, som nyleg blei så brutalt myrda.
Det er ein stillferdig og vakker versjon, og idet låta går mot sin slutt strekker Beth Gibbons ut handa, og eit Cox-sitat fyller skjermen:
«We have far more in common than that which divides us.» 

Musikalsk årsoppgjer for 2008

Standard

Eg er litt usikker på om eg har fylgt godt nok med i musikktimen i år. Det står mellom anna att å sjekke ut årets utgjevingar frå Department of Eagles, Deerhunter, Atlas Sound og The Walkmen.

Men noko har eg då fått med meg. Sånn cirka nok til at eg til slutt makta finne fram til ei liste eg meiner inneheld berre bra plater.

Ei lita handfull plater var i tillegg nær ved å trenge seg inn i nedre halvdel av lista, men måtte vike i siste juletime:
Trouble In Mind – Hayes Carll
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Lie Down In the Light – Bonnie Prince Billy
Rook – Shearwater
Carried To Dust – Calexico
Nouns – No Age

Here we go:
10.Teddy Thompson – A Piece of What You Need
Han har sin arv, men gjer det på sin måte, Teddy Thompson.
Han veit kva popdynamikk er den unge Thompson. At luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så han gjennomfører det likeså godt bortimot heile plata igjennom. «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need», syng han freidig nok. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om ein treng denne plata, men den er ganske så kjekk å vere saman med, så du skal ikkje sjå heilt bort frå det.

9.Kathleen Edwards – Asking For Flowers
Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for. For sjølv om tonefylgjet ho gjer sine tidvis sitatfreistande tekstlinjer er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har velsigna oss med, i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

8.Lambchop – OH (ohio)
Eg spurde meg sjølv då eg fekk denne i henda: Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?
Etter nokre rundar med OH (Ohio) var eg ikkje i tvil om at Lambchop framleis er heilt greitt å ernære seg på. Sjølv om manerane er dei same gamle.
Kryptisk, surrealistisk, haustvakkert, kveldsstemt, skjørt og godgjerande. Ingen grunn til å pensjonere Wagner enno.

7.Okkervil River – The Stand Ins
Det gnistra av The Stage Names. Og det var meir. For frå same seanse: The Stand Ins. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.
Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Tonen er ein tanke mørkare enn for eitt år sidan, utan at den eggande popen dei omfamna den gongen er borte. Og når Sheff sine tekstlige bravader i tillegg stadig er blant dei beste i dagens popverden, skulle det vere få grunnar til å takke nei.

6.Sun Kil Moon – April
Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Mollstemte tonar i eit stoisk format, der ei ikkje uvesentlig uro ulmar i skuggane. Sjølv om endringsiveren er laber kan eg likevel ikkje sjå at April står tilbake for noko av det Kozelek har komme opp med tidlegare. Snarare tvert om, den er etter alt å døme nær det sterkaste han har levert. Varleg, akustisk, harmonistetta, elektrisk, dvelande, varm, trist (”sorrow came in floods this april”) og vakker som den er.

5.Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark
Korta fortalte meg ingenting om at sørstatsbanden i Drive-By Truckers skulle varte opp med stoff for årbestelista i 2008. Men litt mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada manifesterer årets utgåve av bandet seg som den mest varierte, låtsterke, givande, ektefølte. Og beste.
Brighter handlar om folk. Folk vi kjenner att. I nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

4.Bon Iver – For Emma, Forever Ago
Bandet gjekk i oppløysing, kjærleiken likeså. Justin Vernon søkte einsemda i ei hytte i skogen. For rekreasjon og kontemplasjon. Og så hadde han med seg gitaren, innspelingsutstyr og, viser det seg, ei gudegjeven låtskrivarevne. Det kunne blitt sutrande og stereotypt. Det er blitt inderlig vakkert. Samstundes som det er full på ein nervøs energi som ikkje den gjennomsnittlege peiskos-trubadur er i nærleiken av å få fram.
Nei, Bon Iver er det lite gjennomsnittleg ved. Han har denne sjelfullt dynamiske måten å synge på, og han har desse songane. Skinny Love, The Wolves, Flume, For Emma, Re: Stacks,………. ”This is not the sound of a new man or crispy realization” syng han erkjennande mot slutten. Men det er i alle fall lyden av ein ny mann det skal bli spennande å fylgje framover.

3.Black Mountain – In the Future
Ein kan kanskje arrestere Black Mountain i å servere ei løgn med platetittelen på sitt andre album. For tonane på In the Future har meir enn ei solid forankring i saker vi har høyrt før. Black Sabbath, Led Zeppelin, Pink Floyd, Fairport Convention. Hard rock, prog, psykedelia og folk.
Men dei er langt meir enn ein etterlevning etter noko som hende for ein mannsalder sia. Black Mountain behandlar fortidstonane som om dei er heilt nyoppfunne. Tøft, coolt, glødande, inderlig og spektakulært. Der dei ikkje minst viser fram ei velutvikla forståing for kontrastar og snedige temposkift, og temperaturskift. Lys og skygge. Brutalitet og skånsemd. Mareritt og flower train. Maskulinitet og feminitet.
Slik svever Black Mountain inn i framtida på ei sky av både musikkhistorie og ungdommelig vitalitet. Helpless, hurting, holy, halo.

2.Fleet Foxes – Fleet Foxes
Seattlebandet Fleet Foxes tar oss med langt bort frå der eksosen flyt, asfalten kokar og betongen veks. Dei tar oss med ut i naturen, der fuglesongen er nær og sinnsroa kan få slå rot. Våren 2008 stod dei fram som eit aldri så lite ruralt folkpop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønkledd vårdag.
Og alle saman syng dei. Slik høyrest det i alle fall ut i vokalharmoniane som dekorerer dei fleste låtane her på slikt eit erobrande vis.
Ein harmonifull lyd som har mykje sakralt og intimt med seg, men som samstundes har noko monumentalt og høgstemt over seg. Og det er ein eller annan stad midt inne i denne syntesen at deira eigenart vert skapt. Ei eigenart også farga av lovprising, surrealisme og varleg melankoli.

1.Portishead – Third
På midten av nittitalet var trip-hop og Portishead det coolaste ein kunne like. I 2008 var trip-hop, for dei aller fleste av oss, og Portishead spesielt, noko som var rimelig passé. I 2008 utfordra Portishead oss derfor med andre tonar. Tonar som nok ikkje står i fremste rekke når soundtracket til middagsselskapet skal planleggast. For Portishead anno 2008 gjekk motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Portishead er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Ei kompromisslaus greie som sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga.
Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit dunkelt, komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third er ein mosaikk som gys og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.
Når det var på dette viset trioen skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

 

Sånn i ettertid er det jo blitt klinkande klart for meg at (det tok berre eit par veker):

Jamey Johnson sin That Lonesome Song

og

The Walkmen sin You & Me

er to av dette årets aller beste plater.

Nokre andre plater det i ettertid har gått opp for meg er storarta greier:

Paul Weller – 22 Dreams
Dungen – 4
Songdog – A Wretched Sinner’s Song
Gjermund Larsen Trio – Ankomst
Lykke Li – Youth Novels

Portishead – Third

Standard

Trip-Hop er for Portishead noko som var. I 2008 utfordrar dei oss med andre tonar, og er minst like interessante.

9

cover

Det hausta vel ikkje akkurat stormande jubel i stova då eg for ei stund sidan snappa opp ryktet om at eit nytt album frå Portishead var i tjømda. Det var vel meir eit likegyldig trekk på skuldrene etterfylgt av eit litt oppgitt «ikkje dei også»-sukk som fant stad. For erfaringa viser som kjent at slike forsøk på å komme tilbake etter fleire år i opplag sjeldan fører så altfor mykje godt med seg. Intensjonane bakom verkar veldig ofte å vere langt meir styrt av økonomiske tilhøve enn lysta og viljen til å skape noko vitalt og interessant. Forventningane var derfor ikkje av den skyhøge sorten då lyden av Third for første gong skulle absorberast. Redselen for at bandet som serverte meg nittitalets kanskje beste debutalbum (og ein dunklare og tyngre fordøyelig men meir enn solid oppfylgjar) skulle rote det til for seg var nok større.

Etter nokre rundar i selskap med albumet skamma eg meg. Skamma meg over at eg kunne tvile på integriteten og verkelysta til trioen. Skamma meg over at eg kunne tvile på Portishead si evne til å vere interesseskapande i 2008. Så eg daska meg sjølv tre gonger over lanken, sette meg tilbake, og vart fullt av ei grenselaus beundring. Beundring over eit band som på den eine sida hadde klart å omskape sitt eige uttrykk, og på den andre sida gjere det så livskraftig og ektefølt at den sitrande kjensla som berre vert dei største musikkopplevingar tildel hadde byrja overmanna meg.

Mot slutten av 1998 var det ikkje lenger særlig levelig i Portisheadleiren. Sjukdom, personlege vanskar og ein groande trøttleik i forhold til det dei hadde blitt, overskygga lysta til å halde fram. Så, utan å proklamere bandet for oppløyst, gjekk dei tre kvar til sitt og byrja sysla med andre ting.

I løpet av dei fire åra som då hadde gått sidan Dummy kom listande ut på platemarknaden hadde bandet så definitivt fått sin dose med merksemd. Ei merksemd dei nok sikkert ikkje venta seg då dei, inspirert av hip-hop, dub og sekstitalets spionfilmar, satt og klipte og limte, sampla og skratsja i hop det som til slutt skulle bli Dummy. Men kombinasjonen av fantasirike lydkollasjar i eit dovent tempo og Beth Gibbons si både plaga og eteriske røyst skulle vise seg å gå sin seiersgang frå musikkritikarane sitt skrivebord og ut til eit etterkvart rett så stort publikum. Og til liks med sine Bristol-bysbarn i Massive Attack og Tricky skulle dei ganske så snart få merkelappen trip-hop klistra ved seg.

Nokre år på midten av nittitalet var trip-hop det coolaste ein kunne like. Og i dei meir møblerte og designforma heimar var det lite som var meir korrekt å putte i stereoanlegget under middagsselskapet enn Dummy. Portisheads initiativtakar Geoff Barrow såg ikkje berre med blide auger på korleis musikken deira vart lytta til (eller snarare ikkje lytta til, kan ein kanskje heller seie). «They turned our songs into a fondue set» har han snerra ved eit par høve. Noko som var ganske så fjernt frå det han hadde sett føre seg då tonane vart skapt.

At Dummy er eit stilfullt album kan vel alle som har falt for det einast om. Men i motsetnad til det aller meste som trippa fram i etterkant av trip-hop bølgja har albumet også slitestyrke og substans. Eg tvilar derimot sterkt på at eit Portishead anno 2008 i trip-hophumør ville surfa den bylgja noko særlig meir overtydande enn andre. Det har dei sikkert tvilt på sjølv også. Eller snarare sett som ein totalt meiningslaus måte å komme tilbake på. Derfor er ikkje Portishead 2008 trip-hop, og heller ikkje leverandørar av bakgrunnsmusikk til middagsselskapet. Portishead anno 2008 har gått motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Dei er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Dei sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga. Dei inngår ingen kompromissar.

Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third har ikkje eit lydbilde like nyskapande som Dummy. Men Third har det klart mest varierte lydbildet noko Portisheadplate kan skilte med.

Portishead har eit eksperimentelt og utforskande vesen, men ikkje eit improvisatorisk vesen. Av alle detaljane på Third trur eg særdeles få er der som følgje av ein tilfeldigheit. Dei er der fordi Geoff Barrow har ein tanke om at dei vil gjere låta ei teneste. Han kunne sjølvsagt ha fare feil av stad (mange perfeksjonistar gjer det, og rotar seg rett som det er inn i ein sterilitet som blir lite fruktbar), men han gjer det ikkje. Han og hans medsamansvorne bygger ein mosaikk som i ferdig form glinsar og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte i frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.

Det var hip-hop som var den store inspirasjonskjelda då dei starta ut, denne gongen er det andre tonar som har figurert som incitament. Då Portishead fekk tildelt kuratorrolla til All Tomorrows Parties-festivalen før jul i fjor, vart festivalen gitt undertittelen Nightmare Before Christmas og doom-artistar som Sunn O))), Boris og Om stod på plakaten side ved side av gode gamle electronica akter som Silver Apples og dei hengslelause balkanistane i A Hawk & The Hawkshaw. Portishead hevdar at den plakaten gjenspeiler kva dei har høyrt på, og latt seg inspirere av, den seinare tida.

Dei går altså ikkje oppatt gamle stiar. Klipping og liming og sampling og skratsjing er eit tilbakelagt stadium. Det er ikkje det same som at dei ikkje er til å kjenne att. Først og fremst er dei å kjenne att igjennom røysta til Beth Gibbons. Den har ikkje endra seg nemneverdig i løpet av desse åra. Ho opptrer på Beth Gibbonsk vis same kva som kjem i hennar veg. Og det er ikkje så lite.

Albumet startar med at ei mannsrøyst resiterer eit vers på portugisisk. Dei neste par minuttane er Silence alt anna enn stille. Den dansar fram i eit hektisk driv medan skingrande gitartonar, ein manande cello og programmerte lydprosjektil skaper ein groovy psykedelisk atmosfære. Sånn cirka midtvegs stilnar det meste av og Beth startar synge. Skjørt, sombert og vakkert; «Tempted in our minds, tormented in silence», før ho litt seinare fangar essensen i låta med eit par sentrale spørsmål; «Did you know what I lost? Do you know what I wanted?».

Det er ikkje mykje lys og optimisme som slepp til der Beth Gibbons syng sine tonar. «I stand on the edge of a broken sky, and I’m looking down, don’t know why» lyde det ein stad, «I can’t deny what I’ve become, I’m just emotionally undone» ein annan stad. Det kan vere bittert, lengtande eller sårt. Eller det kan vere sjølvransakande som i den gnagande og rytmisk marginale Nylon Smile; «I don’t know what I’ve done to deserve you, and I don’t know what I’ll do, without you».

Songtonen til Beth har ein blåfarga og folksy skapnad. Det har ikkje åtferda som programmerar, keyboardist og synthtraktør Barrow legg for dagen. Og heller ikkje i særlig grad tonane som kjem frå gitarane til Adrian Utley. Når han ikkje sitt med den akustiske i fanget då, og akkompagnerer Beth i dei stillare parti, før stormen, regnet eller toreveret tar tak. Den umåtelig flotte The Rip er eit eksempel på nett det. To minuttar med Utley og Gibbons i viseslag før eit myndig og skånsellaust synthtema dukkar opp og dreg låta med seg inn i eit meir truande landskap. Det verkeleg outrerte tilfellet i så måte er Small, som etter at Gibbons i varlege former konkluderer med at «you’re just a man, hoping to score just like me» skaper seg om til noko heilt anna; eit feitare enn feitt keyboardsdriv på strake taumar inn i eit progressivt terreng.

Langt meir einsarta i si form er We Carry On. Utan at den blir lagt mindre merke til av den grunn. Rytmisk spenning og ei jumpande synthdrone går som ein konstant glødetråd tvers gjennom dei seks minuttane låta varer. «The taste of life I can’t describe, it’s chocking on my mind» syng Beth, og når så Utley kjem på banen med eit gitartema så sjukeleg frenetisk at han kan bli mistenkt for å ha vore på gravrøveri i katakombane til Joy Division, ja då når låta sitt mest nervedirrande stadium. Og eg tenker, medan prikkinga i ryggraden går amok, at ei betre låt enn dette kan det fort gå fleire år før dukkar opp på mine breiddegrader att.

Det er ikkje lett å komme seg vidare etter We Carry On. Portishead løyser det på ein smått genial måte ved å legge inn ei kort lita vise, Deep Water, der det einaste akkompagnementet til Beth er ein ukulele. Når den er ferdig har ein fått litt orden på systemet. Machine Gun gjer sitt beste for å skurre det til att, med eit abnormt gnissande synthtema som fortel det meste om kvifor låta heiter det den heiter. Magic Door er på si side det næraste Portishead har vore ei konvensjonell rockelåt, om ein trekker frå den viltre saksofonen som tar ein snarvisitt innom og gjer litt sonisk ugagn då. Medan dei i avslutningsnummeret Threads syr i hop Twin Peaks-stemningar med tunge doom-riff. Beth konkluderar med eit opent «where do I go?», før Barrows får det siste ordet med ei kongruent rekke av kraftfulle synthsukk.

Når det var på dette viset dei skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

Først publisert på Groove.no (i 2008)