Tag Archives: Kathleen Edwards

Musikalsk årsoppgjer for 2008

Standard

Eg er litt usikker på om eg har fylgt godt nok med i musikktimen i år. Det står mellom anna att å sjekke ut årets utgjevingar frå Department of Eagles, Deerhunter, Atlas Sound og The Walkmen.

Men noko har eg då fått med meg. Sånn cirka nok til at eg til slutt makta finne fram til ei liste eg meiner inneheld berre bra plater.

Ei lita handfull plater var i tillegg nær ved å trenge seg inn i nedre halvdel av lista, men måtte vike i siste juletime:
Trouble In Mind – Hayes Carll
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Lie Down In the Light – Bonnie Prince Billy
Rook – Shearwater
Carried To Dust – Calexico
Nouns – No Age

Here we go:
10.Teddy Thompson – A Piece of What You Need
Han har sin arv, men gjer det på sin måte, Teddy Thompson.
Han veit kva popdynamikk er den unge Thompson. At luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så han gjennomfører det likeså godt bortimot heile plata igjennom. «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need», syng han freidig nok. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om ein treng denne plata, men den er ganske så kjekk å vere saman med, så du skal ikkje sjå heilt bort frå det.

9.Kathleen Edwards – Asking For Flowers
Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for. For sjølv om tonefylgjet ho gjer sine tidvis sitatfreistande tekstlinjer er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har velsigna oss med, i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

8.Lambchop – OH (ohio)
Eg spurde meg sjølv då eg fekk denne i henda: Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?
Etter nokre rundar med OH (Ohio) var eg ikkje i tvil om at Lambchop framleis er heilt greitt å ernære seg på. Sjølv om manerane er dei same gamle.
Kryptisk, surrealistisk, haustvakkert, kveldsstemt, skjørt og godgjerande. Ingen grunn til å pensjonere Wagner enno.

7.Okkervil River – The Stand Ins
Det gnistra av The Stage Names. Og det var meir. For frå same seanse: The Stand Ins. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.
Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Tonen er ein tanke mørkare enn for eitt år sidan, utan at den eggande popen dei omfamna den gongen er borte. Og når Sheff sine tekstlige bravader i tillegg stadig er blant dei beste i dagens popverden, skulle det vere få grunnar til å takke nei.

6.Sun Kil Moon – April
Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Mollstemte tonar i eit stoisk format, der ei ikkje uvesentlig uro ulmar i skuggane. Sjølv om endringsiveren er laber kan eg likevel ikkje sjå at April står tilbake for noko av det Kozelek har komme opp med tidlegare. Snarare tvert om, den er etter alt å døme nær det sterkaste han har levert. Varleg, akustisk, harmonistetta, elektrisk, dvelande, varm, trist (”sorrow came in floods this april”) og vakker som den er.

5.Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark
Korta fortalte meg ingenting om at sørstatsbanden i Drive-By Truckers skulle varte opp med stoff for årbestelista i 2008. Men litt mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada manifesterer årets utgåve av bandet seg som den mest varierte, låtsterke, givande, ektefølte. Og beste.
Brighter handlar om folk. Folk vi kjenner att. I nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

4.Bon Iver – For Emma, Forever Ago
Bandet gjekk i oppløysing, kjærleiken likeså. Justin Vernon søkte einsemda i ei hytte i skogen. For rekreasjon og kontemplasjon. Og så hadde han med seg gitaren, innspelingsutstyr og, viser det seg, ei gudegjeven låtskrivarevne. Det kunne blitt sutrande og stereotypt. Det er blitt inderlig vakkert. Samstundes som det er full på ein nervøs energi som ikkje den gjennomsnittlege peiskos-trubadur er i nærleiken av å få fram.
Nei, Bon Iver er det lite gjennomsnittleg ved. Han har denne sjelfullt dynamiske måten å synge på, og han har desse songane. Skinny Love, The Wolves, Flume, For Emma, Re: Stacks,………. ”This is not the sound of a new man or crispy realization” syng han erkjennande mot slutten. Men det er i alle fall lyden av ein ny mann det skal bli spennande å fylgje framover.

3.Black Mountain – In the Future
Ein kan kanskje arrestere Black Mountain i å servere ei løgn med platetittelen på sitt andre album. For tonane på In the Future har meir enn ei solid forankring i saker vi har høyrt før. Black Sabbath, Led Zeppelin, Pink Floyd, Fairport Convention. Hard rock, prog, psykedelia og folk.
Men dei er langt meir enn ein etterlevning etter noko som hende for ein mannsalder sia. Black Mountain behandlar fortidstonane som om dei er heilt nyoppfunne. Tøft, coolt, glødande, inderlig og spektakulært. Der dei ikkje minst viser fram ei velutvikla forståing for kontrastar og snedige temposkift, og temperaturskift. Lys og skygge. Brutalitet og skånsemd. Mareritt og flower train. Maskulinitet og feminitet.
Slik svever Black Mountain inn i framtida på ei sky av både musikkhistorie og ungdommelig vitalitet. Helpless, hurting, holy, halo.

2.Fleet Foxes – Fleet Foxes
Seattlebandet Fleet Foxes tar oss med langt bort frå der eksosen flyt, asfalten kokar og betongen veks. Dei tar oss med ut i naturen, der fuglesongen er nær og sinnsroa kan få slå rot. Våren 2008 stod dei fram som eit aldri så lite ruralt folkpop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønkledd vårdag.
Og alle saman syng dei. Slik høyrest det i alle fall ut i vokalharmoniane som dekorerer dei fleste låtane her på slikt eit erobrande vis.
Ein harmonifull lyd som har mykje sakralt og intimt med seg, men som samstundes har noko monumentalt og høgstemt over seg. Og det er ein eller annan stad midt inne i denne syntesen at deira eigenart vert skapt. Ei eigenart også farga av lovprising, surrealisme og varleg melankoli.

1.Portishead – Third
På midten av nittitalet var trip-hop og Portishead det coolaste ein kunne like. I 2008 var trip-hop, for dei aller fleste av oss, og Portishead spesielt, noko som var rimelig passé. I 2008 utfordra Portishead oss derfor med andre tonar. Tonar som nok ikkje står i fremste rekke når soundtracket til middagsselskapet skal planleggast. For Portishead anno 2008 gjekk motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Portishead er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Ei kompromisslaus greie som sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga.
Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit dunkelt, komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third er ein mosaikk som gys og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.
Når det var på dette viset trioen skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

 

Sånn i ettertid er det jo blitt klinkande klart for meg at (det tok berre eit par veker):

Jamey Johnson sin That Lonesome Song

og

The Walkmen sin You & Me

er to av dette årets aller beste plater.

Nokre andre plater det i ettertid har gått opp for meg er storarta greier:

Paul Weller – 22 Dreams
Dungen – 4
Songdog – A Wretched Sinner’s Song
Gjermund Larsen Trio – Ankomst
Lykke Li – Youth Novels

Kathleen Edwards – Asking For Flowers

Standard

Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for.

7

cover

Det som i første rekke skil Kathleen Edwards frå det store fleirtalet av sine samtidige (her hadde eg tenkt å skrive «kvinnelige», men så kom eg i hug Susanne Sundfør sine formanande ord) låtskrivarar er hennes rikhaldige forråd av sitatfreistande tekstlinjer. Frå ho på debuten ganske så kjekt slengte på bordet ein song med tittelen One More Song the Radio Won’t Like, til ho her på sitt tredje album kjem opp med langt fleire minneverdige tekstlinjer enn kva ein stakkar skribent finn plass til å kunne krydre omtalen sin med. Utan at eg på noko som helst vis kan klandre henne for det (det er vel helst slikt som Arne Scheie ville kalle eit luksusproblem).

Så sjølv om tonefylgjet ho gjer desse linjene sine er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har fått tilført i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

Asking For Flowers er hennes mest varierte album til no. Her går spennet frå det varlege og smertelige i Alicia Ross til det beint fram fornøyelige i den drivande I Make the Dough, You Get the Glory. Utan at det verkar forstyrrande for opplevinga, snarare styrkande. Nokon vil kanskje stå opp og hevde at litt av friskleiken frå Failer og Back to Me er blitt borte. Mogeleg det, men den er i tilfelle blitt erstatta av eit meir modent og ettertenksamt uttrykk, som absolutt ikkje treng definerast med eit minusteikn framfor seg.

Som medprodusent på Asking For Flowers har Edwards fått med seg Jim Scott. Ein mann ho hevdar å hatt lyst å arbeide med sidan ho såg namnet hans på coveret til Whiskeytown sin Stranger’s Almanac. Dei to har, saman med eit skarpt lag av medmusikantar (Greg Leisz, Benmont Tench, Don Heffington, Bob Glaub og ektemann Colin Cripps, med fleire) kreert eit luftig og innbydande lydbilde, der det subtile og underspelte stort sett vinn over det komplekse og utfoldande. Heldigvis, spør du meg.

Etter det litt fargelause opningssporet Buffalo, sender Edwards albumet inn på vinnarsporet med det catchy nummeret Cheapest Key. Der ho ved hjelp av det velbrukte alfabettrikset gjer eit mannebein ein ikkje altfor vennlegsinna omtale («B is for bullshit and you fed me some»), og med eit glimt i auga understrekar kva hennar favorittbokstav er («F is my favorite letter as you know»). Eit eller fleire glimt i augo har ho også i den like så catchy I Make the Dough, You Get the Glory. Slik går refrenget her:

You’re cool and cred like Fogerty
I’m Elvis Presley in the 70’s
You’re Chateauneuf, I’m Yellow Label
You’re the buffet, I’m just the table
I’m a Ford Temple, You’re a Maserati
You’re The Great One, I’m Marty McSorley
You’re the Concord, I’m economy
I make the dough, but you get the glory
.

(For dei som ikkje har same kjennskap til canadisk ishockey som det Kathleen Edwards tydeligvis innehar; Marty McSorley var mannen som gjekk i krigen og tok mang ein støyt for Wayne Gretzky.)

Kathleen Edwards tar seg også den fridomen å titulere ei låt Oh Canada (den canadiske nasjonalhymna heiter som kjent O Canada), og så gje den eit innhald som slett ikkje plasserer hennar fedreland i eit fordelaktig lys. Med elektriske gitarar som eit drønnande bakteppe behandlar ho både drap, rasisme, dop og klimaproblematikken, før ho snerrar fram eit «It’s not the lack of sense, it’s called ambivalence». Den andre låta her med eit politisk tilsnitt er Oil Man’s War, der ho fortel om eit ungt par som reiser frå storebrorstaten i sør og over til Canada fordi mannen «won’t fight in an oil man’s war». Det er vel ikkje første gong nett det temaet blir brakt på banen i ein song, men Kathleen gjer det utan å nytte seg av overtydeleg no-skal-eg-ta-deg-USA retorikk. Det blir meir ei fin lita kvardagsforteljing, der det politiske ligg mellom linjene.

Frå eit personleg perspektiv syng ho, berre akkompagnert av sin akustiske gitar, den varlege hymna Sure As Shit til sin kjære; «oh the denim king, I sure as shit do love you, and I cuss because I mean it». Elska ein mann har også kvinna i tittelkuttet gjort, men ho er no komme dit hen at ho undrar seg på om det heile var forgjeves; «all that’s left of me now is a cigarette burning bright, and a fading memory of all the things I tried to get right». Og gitarane ulmar i bakgrunnen, og visa er berre vakker.

Sterkast inntrykk gjer nok likevel den stillferdige visa om Alicia Ross. Her tar Edwards utgangspunkt i ei verkeleg hending. Om ei ung kvinne som vart drept av naboen. Edwards syng songen frå den avlidne sitt perspektiv. Det er trist, det er verdig, det er fengslande, og historia er ramma inn av dei to minneverdige linjene «I am a girl with a forgettable face» og «now I’m a girl whose face they’ll never forget».

Ho er ikkje så lett å gløyme denne tredje plata til Kathleen Edwards heller.

Først publisert på Groove.no (i 2008)