Tag Archives: Abigail Washburn

Musikalsk årsoppgjer 2011

Standard

Eitkvart år er eit bra musikkår, seier dei hos det svenske musikkmagasinet Sonic. Eg seier meg samd. 2011 føyer seg inn i rekka. Eg kjenner meg vel forsynt av tonar som har gitt næring og gjort inntrykk i år også. Nokre av dei har komme frå heimlandet. Aller mest verdt å nemne i så måte er nok hallingtrubaduren Stein Torleif Bjella og hans underfundig melankolske Vonde Visu. Av andre aktverdige framstøyt føler eg trong til å halde opp Martin Hagfors sin popintrikate I Like You, Tom Roger Aadland sin livserfarne Det Du Aldri Sa, The Last Hurrah sitt dronefolk-album Spiritual Non-Believers, og The Captain & Me, som i afrocalifornisk lyddrakt varta opp med eit konseptalbum (Migrant) om ein afrikansk flyktning.

Den ferdigredigerte lista over dei ti eg har sett aller størst pris på skiltar imidlertid ikkje med anna enn slikt som kjem frå det store engelskspråklige utland. Frå det same utland har eg aller først lyst å nemne ei god handfull eg synst det var litt vanskelig å utelate, men som likevel blei det. Utelete. Eg nemner, i fleng: Okkervil River (I Am Very Far), Sarabeth Tucek (Get Well Soon), Bon Iver (Bon Iver, Bon Iver), Bill Callahan (Apocalypse), Akron/Family (S/T II: The Cosmic Birth And Journey of Shinju TNT), The Decemberists (The King Is Dead), The War On Drugs (Slave Ambient), Southeast Engine (Canary), The Low Anthem (Smart Flesh). Men altså, først og fremst, og aller mest handla det om desse:

10. Girls – Father, Son, Holy Ghost
Utan blygsel serverer dei låtar som den neonspirituelle Vomit, surfande Honey Bunny, rifftunge Die, og meir til. Utan blygsel tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk.

9. Gillian Welch – The Harrow & The Harvest
Åtte år sidan førre plate, og ho er den ho er. Saman med mannen sin, David Rawlings, leverer ho tradisjonsbundne tonar i organisk forfatning. Ti asketiske og akustiske songar som på ulikt vis er rota i sørstatsgotikken og dens hang mot å spegle det dystre og amoralske.

8. Abigail Washburn – City Of Refuge
Ho kan sin banjo, og ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Med å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i det amerikanske lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og som har ein frodig personlegdom ein slett ikkje møter så ofte.

7. Laura Marling – A Creature I Don’t Know
Ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som lagar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg sjølv som menneske, som kvinne, på den store gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet. Laura Marling er kanskje ung, men ho er ikkje født i går. Og har ikkje lenger berre ein akustisk gitar.

6. Fleet Foxes – Helplessness Blues
Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare.
Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande open, og velkommen.

5. Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town
Årets Bonnie Prince Billy plate er i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er den berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde.
Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og langs vegen den går legg den etter seg eit titals storarta songar.

4. A.A. Bondy – Believers
A.A. Bondy manar fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Gjennom ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, og omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjeler mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med. Ti scener av det slaget som stort sett er like mørke som natta, og like lumske som vegen heim ein tåkete morgon.
Med andre ord, slike som held til i eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

3. My Morning Jacket – Circuital
Med Circuital gjer Louisville-banden det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut. Mot ein storslagen americana med staselige sørstatstakter. Men dei er også eit popband, eit sveitt og rytmisk band, eit funky band. Eit mangslunge band.
Og ein 33 år gamal songar med ei sublim røyst, som syng om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Som duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk. På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

2. P.J. Harvey – Let England Shake
Tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har P.J. Harvey laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste. Om krigen. Tolv poetiske, men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot. «England’s dancing days are done» syng ho. «Let’s head out to the fountain of death & splash about» held ho fram.
Krig er ikkje vakkert. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Ho er ein referent, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.
Let England Shake er ei plate om krigen og om England, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært.

1. Josh T. Pearson – Last of the Country Gentlemen
Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre som har sett evigvarande spor. Dei handlar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann ulmar i bringa hans, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, eit tyngande skriftemål, han syng det. Som ein countrysongar. På sitt særeigne vis, som ein countrysongar. Ein tålmodskrevande og omstendelig countrysongar. Med ein gitar, ein kamerat på fiolin, og 100% sjel.

 

Nokre veker etter at denne lista vart publisert på Groove.no fant eg fram ei Kurt Vile plate eg hadde lagt til sides. Den steig etterkvart veldig i kurs, og må vel seiast å vere blant dei aller beste platene gitt ut i 2011:
Kurt Vile – Smoke Ring For My Halo

Seinare skulle også Hiss Golden Messenger sin Poor Moon bli ei kjær plate.

 

 

Abigail Washburn – City Of Refuge

Standard

Ved å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i sin americana lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og veldig bra.

8

cover

Eigentlig skulle Abigail Washburn til Kina for å studere jus. Ho hadde vore ein tur nokre år tidlegare. I sine seine tenåringsår, for å studere kinesisk kultur, og for å lære seg språket. Attende i heimlandet (USA) jobba ho litt som aktivist, klimpra så smått på ein banjo, og ordna seg studieplass i Kina. Då var det at nokre kjenningar av henne, i rootsbandet Cleary Brothers, ein dag stod der utan banjospelar. Og sidan nå ho hadde ein slik ein liggande, og så vidt hadde spelt litt på den også, fekk ho førespurnaden om å bli med dei på ein liten turne. Det var i 2003.

Eit lynkurs i banjospeling, ein djupfølt kjærleik for den amerikanske tradisjonsmusikken, og ei genuin glede over å opptre, gjorde at ho fant seg usedvanlig godt til rette i opplegget. Så ho skrinla like godt heile Kinastudiet, og byrja skriva låtar i staden. Før 2005 var omme hadde ho platekontrakt, og eit debutalbum klart. Med den høvelige tittelen Song Of the Traveling Daughter. Fjorten låtar i ei tradisjonsbunden men doggfrisk tapping, brorparten komponert av dama sjølv. Ein og annan kinesisk ord- og tonelink var også å høyre.

Og så byrja ho spele med bluegrassgjengen Uncle Earl. Og så møtte ho banjovirtuos per excellence Béla Fleck. Han vart ein del av hennar Sparrow Quartet. Dei drog til Beijing, og dei drog til Tibet, og spelte gjorde dei, amerikansk folk med ein god dose Kina i seg. Plate gav dei ut også, i 2008, like doggfrisk som debuten hennar.

City Of Refuge er hennar tredje plate. Den vandrar på dei same musikalske vegar som sine to forgjengarar, og den gjer det godt, og kanskje ein liten tanke meir poporientert. Den er gjort i Nashville, den er gjort i Portland, og den er gjort med Tucker Martine i produsentstolen. Der var han å finne også då The Decemberists fekk i stand sitt vesle under av året, The King Is Dead. Så jaggu har den karen gjort sitt for at dei første vekene av 2011 har vore vel forsynt av attraktive tonar.

Der The Decemberists sin Colin Meloy hadde Gillian Welch som ein dynamisk harmonipartnar har Abigail Washburn sin Welch ho også. Kai Welch. Eit nytt namn. Men eit bra namn. Ikkje berre syng han, han har i kompaniskap med Abigail også skrive fleire av låtane på plata. Og så spelar han på ein heil haug instrument. Han er ikkje aleine om det, å spele på instrument. Chris Funk er også med, og Bill Frisell, og Victor Krauss, og minst tjue til.

Får du då den tanken at dette kanskje er eit overlessa prosjekt, kan eg forstå det. Men det er det ikkje. Dette er tonar i opent lende. Tonar som dansar ein uaffektert samdans, og villig gjer plass til kvarandre. I seg sjølv har dei kanskje ikkje originalitet som si sterkaste side, men dei har klangen, dei har eit elskelig melodisk vesen, og dei markerer seg.

Tittelkuttet aller først. Ein dynamisk veksande folkblues med konsis røsking i banjostrengane. Og Abigail som formidlar ei ung jente si jakt etter ei meining, og litt kjærleik. Ho fant aldri slikt der ho vaks opp, og ikkje er det lett å finne andre stader heller.

Adam’s on the roof and Eve is in the gutter,

Eden’s on the far side where the circle started,

To run with the Gods you gotta run harder 

Det er vandringsviser, om folk som av ulike årsaker har eit behov for noko anna, eit anna tilvære, eller ein tilfluktsstad. Desertøren i Ballad Of Treason søker finne tilflukt i dei høgare sfærar, forbi tretoppar og fjelltoppar. Ein sliten lovlaus har løyst billett til siste reis i Last Train. Medan ein handlingslamma får eksplisitte råd om å lausriva seg i Chains.

Chains, den klarast popprega låta på albumet. Prega i ein skapnad som styrer tankane i retning av Fleetwood Mac sine beste stunder. Tankar som vandrar i Springsteen-retning når Burn Thru overtar arenaen, og dreg strake vegen gjennom eit opent Heartland og inn i ein asiatisk hage. Der ein for eksempel kan treffe på den meir samankrøkte Corner Girl, i blått selskap med strykarar som talar kinesisk.

Og det er vel ikkje til å komme bort i frå at det er her dama har sitt aller fremste aktivum. I den subtile måten ho lar det kinesiske bli ein del av det amerikanske på. I den å så naturlige og livgjevande måten ho og hennar medsamansvorne lar dette skje på. I si aller mest medrivande form skjer det dei 5 minuttane og 51 sekundane der plata handlar om Dreams Of Nectar. Der den kinesiske folkemusikaren WuFei sin guzheng er ein blom som blømer, eit kinesisk hanggaiband bidrar med throat-singing, og Abigail syng vemodige tonar om ein immigrant som har komme til vegs ende.

Don’t let me dream of nectar,

make me the fruit on the tree 

Ho kan sin banjo, ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Sjeldan opplever eg musikk i like frodig vekst som på City Of Refuge.

Først publisert på Groove.no (i 2011)