Tag Archives: Teddy Thompson

Musikalsk årsoppgjer for 2008

Standard

Eg er litt usikker på om eg har fylgt godt nok med i musikktimen i år. Det står mellom anna att å sjekke ut årets utgjevingar frå Department of Eagles, Deerhunter, Atlas Sound og The Walkmen.

Men noko har eg då fått med meg. Sånn cirka nok til at eg til slutt makta finne fram til ei liste eg meiner inneheld berre bra plater.

Ei lita handfull plater var i tillegg nær ved å trenge seg inn i nedre halvdel av lista, men måtte vike i siste juletime:
Trouble In Mind – Hayes Carll
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Lie Down In the Light – Bonnie Prince Billy
Rook – Shearwater
Carried To Dust – Calexico
Nouns – No Age

Here we go:
10.Teddy Thompson – A Piece of What You Need
Han har sin arv, men gjer det på sin måte, Teddy Thompson.
Han veit kva popdynamikk er den unge Thompson. At luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så han gjennomfører det likeså godt bortimot heile plata igjennom. «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need», syng han freidig nok. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om ein treng denne plata, men den er ganske så kjekk å vere saman med, så du skal ikkje sjå heilt bort frå det.

9.Kathleen Edwards – Asking For Flowers
Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for. For sjølv om tonefylgjet ho gjer sine tidvis sitatfreistande tekstlinjer er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har velsigna oss med, i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

8.Lambchop – OH (ohio)
Eg spurde meg sjølv då eg fekk denne i henda: Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?
Etter nokre rundar med OH (Ohio) var eg ikkje i tvil om at Lambchop framleis er heilt greitt å ernære seg på. Sjølv om manerane er dei same gamle.
Kryptisk, surrealistisk, haustvakkert, kveldsstemt, skjørt og godgjerande. Ingen grunn til å pensjonere Wagner enno.

7.Okkervil River – The Stand Ins
Det gnistra av The Stage Names. Og det var meir. For frå same seanse: The Stand Ins. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.
Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Tonen er ein tanke mørkare enn for eitt år sidan, utan at den eggande popen dei omfamna den gongen er borte. Og når Sheff sine tekstlige bravader i tillegg stadig er blant dei beste i dagens popverden, skulle det vere få grunnar til å takke nei.

6.Sun Kil Moon – April
Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Mollstemte tonar i eit stoisk format, der ei ikkje uvesentlig uro ulmar i skuggane. Sjølv om endringsiveren er laber kan eg likevel ikkje sjå at April står tilbake for noko av det Kozelek har komme opp med tidlegare. Snarare tvert om, den er etter alt å døme nær det sterkaste han har levert. Varleg, akustisk, harmonistetta, elektrisk, dvelande, varm, trist (”sorrow came in floods this april”) og vakker som den er.

5.Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark
Korta fortalte meg ingenting om at sørstatsbanden i Drive-By Truckers skulle varte opp med stoff for årbestelista i 2008. Men litt mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada manifesterer årets utgåve av bandet seg som den mest varierte, låtsterke, givande, ektefølte. Og beste.
Brighter handlar om folk. Folk vi kjenner att. I nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

4.Bon Iver – For Emma, Forever Ago
Bandet gjekk i oppløysing, kjærleiken likeså. Justin Vernon søkte einsemda i ei hytte i skogen. For rekreasjon og kontemplasjon. Og så hadde han med seg gitaren, innspelingsutstyr og, viser det seg, ei gudegjeven låtskrivarevne. Det kunne blitt sutrande og stereotypt. Det er blitt inderlig vakkert. Samstundes som det er full på ein nervøs energi som ikkje den gjennomsnittlege peiskos-trubadur er i nærleiken av å få fram.
Nei, Bon Iver er det lite gjennomsnittleg ved. Han har denne sjelfullt dynamiske måten å synge på, og han har desse songane. Skinny Love, The Wolves, Flume, For Emma, Re: Stacks,………. ”This is not the sound of a new man or crispy realization” syng han erkjennande mot slutten. Men det er i alle fall lyden av ein ny mann det skal bli spennande å fylgje framover.

3.Black Mountain – In the Future
Ein kan kanskje arrestere Black Mountain i å servere ei løgn med platetittelen på sitt andre album. For tonane på In the Future har meir enn ei solid forankring i saker vi har høyrt før. Black Sabbath, Led Zeppelin, Pink Floyd, Fairport Convention. Hard rock, prog, psykedelia og folk.
Men dei er langt meir enn ein etterlevning etter noko som hende for ein mannsalder sia. Black Mountain behandlar fortidstonane som om dei er heilt nyoppfunne. Tøft, coolt, glødande, inderlig og spektakulært. Der dei ikkje minst viser fram ei velutvikla forståing for kontrastar og snedige temposkift, og temperaturskift. Lys og skygge. Brutalitet og skånsemd. Mareritt og flower train. Maskulinitet og feminitet.
Slik svever Black Mountain inn i framtida på ei sky av både musikkhistorie og ungdommelig vitalitet. Helpless, hurting, holy, halo.

2.Fleet Foxes – Fleet Foxes
Seattlebandet Fleet Foxes tar oss med langt bort frå der eksosen flyt, asfalten kokar og betongen veks. Dei tar oss med ut i naturen, der fuglesongen er nær og sinnsroa kan få slå rot. Våren 2008 stod dei fram som eit aldri så lite ruralt folkpop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønkledd vårdag.
Og alle saman syng dei. Slik høyrest det i alle fall ut i vokalharmoniane som dekorerer dei fleste låtane her på slikt eit erobrande vis.
Ein harmonifull lyd som har mykje sakralt og intimt med seg, men som samstundes har noko monumentalt og høgstemt over seg. Og det er ein eller annan stad midt inne i denne syntesen at deira eigenart vert skapt. Ei eigenart også farga av lovprising, surrealisme og varleg melankoli.

1.Portishead – Third
På midten av nittitalet var trip-hop og Portishead det coolaste ein kunne like. I 2008 var trip-hop, for dei aller fleste av oss, og Portishead spesielt, noko som var rimelig passé. I 2008 utfordra Portishead oss derfor med andre tonar. Tonar som nok ikkje står i fremste rekke når soundtracket til middagsselskapet skal planleggast. For Portishead anno 2008 gjekk motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Portishead er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Ei kompromisslaus greie som sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga.
Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit dunkelt, komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third er ein mosaikk som gys og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.
Når det var på dette viset trioen skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

 

Sånn i ettertid er det jo blitt klinkande klart for meg at (det tok berre eit par veker):

Jamey Johnson sin That Lonesome Song

og

The Walkmen sin You & Me

er to av dette årets aller beste plater.

Nokre andre plater det i ettertid har gått opp for meg er storarta greier:

Paul Weller – 22 Dreams
Dungen – 4
Songdog – A Wretched Sinner’s Song
Gjermund Larsen Trio – Ankomst
Lykke Li – Youth Novels

Teddy Thompson – A Piece of What You Need

Standard

Det er meir Orbison og Lowe enn det er årgangs-Thompson å spore i opplegget til Teddy. Det er i grunn veldig så greitt.

7

cover

Gjennom to album med haustfarga og folkprega popmusikk, samt eitt med coverversjonar av countrylåtar, har Teddy Thompson vist at han har noko meir enn berre namnet å fare med. Han har synt fram ei varm og flott røyst og låtskrivarevner av det godt dugande slaget. Her på sitt fjerde album er det mindre folkpreg over sakene. Tonane han vartar opp med er like fullt som oftast godt eldre enn han sjølv, utan at det hindrar han i å få det til å låte purt, friskt og flott.

Til å produsere sakene har Teddy fått med seg Marius de Vries, ein mann som har hatt den same rolla for folk som Björk, Madonna og Rufus Wainwright. Hans knotteskruing har heilt klart gjort sitt til at A Piece of What You Need er blitt eit endå meir raffinert og velsmurt album enn Teddy sine tidlegare. Dansande pop’n’roll i eit Orbison/Holly-møter-vårt-årtusen-via-Lowe/Isaak lune, med effektfulle brassinnslag og andre små subtile påfunn. Ja albumet er så smart og så riktig at ein av og til lurer på om det kanskje blir for perfekt.

Men det blir med luringa, for unge Thompson, de Vries og resten av bidragsytarane veit kva popdynamikk er. Dei veit at luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og dei veit at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så dei gjennomfører det så godt som heile plata igjennom. På utsøkt vis. Men ein stad meir utsøkt enn nokon annan stad. Den heiter In My Arms, og er eit enkelt og fabelaktige lite popbyggverk, som når sitt toppunkt midtvegs idet de Vries startar pumpe ut fyrrige orgeltonar frå keyboardet sitt. Ein lysande hit (i alle fall i stova mi).

I Wanna See the Bright Lights Tonight song foreldra hans eit par år før han vart født. Eit noko klarare lys enn kva han har operert under tidlegare kan det òg virke som at Teddy har prøvd å finne fram til denne gongen. Eit meir sorglaust uttrykk. «This is a happy record» uttalar han sjølv. Før han modererer seg noko. «Well, maybe not happy, but upbeat. Actually, maybe not upbeat, but it does have some up-tempo songs». Heilt korrekt det Teddy, heilt korrekt.

For ein kan vel neppe kalle det skildring av lykke når han i The Things I Do fortel om eit psykiatrisk kasus som har store problem med å leve med seg sjøl og det han driv med. Og det er verken fryd eller sonisk tempo som dominerer den slepande balladen Where To Go From Here, der hovudpersonen står rimelig paralysert og ventar «at the edge of life». Einsemda som vandraren i den cinematiske balladen Slippery Slope (Easier) kjenner på er vel heller ikkje av det godgjerande slaget. Medan fyren som vaknar opp til ein New York-morgon «bright as Rapper’s Delight» i den snedige smygaren Turning the Gun On Myself, byrjar etterkvart som smerta melder seg og storbybråket tiltar å fundere på om han ikkje bør rette pistolen mot seg sjølv, og få ei slutt på lidinga.

Nå blir den siste der levert med ein god dose Thompsonsk svart humor mellom linjene, og håpløysa er vel sånn generelt sett sjeldan større enn at den ikkje kan legast på eit eller anna vis. Samstundes som dei fleste teikn på medgang og gode tider ofte blir mistenkeliggjorte. Sånn i eit Thompsonsk småsarkastisk ordelag. Utan at ein lykkelig slutt nødvendigvis blir slukt av nattemørket av den grunn.

«Oh shit, oh shit, am I happy or something» oppdagar han nærast sjokkert i What’s This?!!. Ei dame er i ferd med å flytte inn. Kva gjer ein då. Spolerer det, eller applauderer det? «Funny that I seem to care, usually I’m running scared, and I would, but it’s all to good».

Det avsluttande tittelkuttet (det vil seie, det som kjem før den etterkvart obligatoriske «hemmelige» coverversjonen av ei Everly Brothers-låt, The Price of Love heiter den denne gongen) er ei brasspynta og spretten ode til musikk med substans. Substans kontra det lettvinte og kortlevde. Thompson si oppfordring er som fylgjer; «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need». Eg tippar at Thompson har eit sterkt håp om å vere leverandør av den sistnemnte sorten. Det er han vel også. For sjølv om ein heilt sikkert kan leve eit fullverdig og godt liv utan tonane til Thompson, er dei absolutt med og krydrar det litt om ein skulle vere så smart å plukke dei opp. Så gjer det.

Så får vi heller tilgje han, denne gongen, for at han (og plateselskapet) har vore særdeles knipne og lite smarte i si coverutforming. Det er tynt, og så godt som fritt for informasjon. Songtekstar, krediteringar og slikt er i staden å finne i fine former på heimesida hans på nettet. Det er neppe slik ein får selt ferdiginnspelte CDer framfor å bli utsett for fildelt nedlasting. I ein kommentar på den nemnte heimesida les eg at dette faktum har gått opp for Teddy også. Han beklagar påfunnet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)