Tag Archives: Girls

Musikalsk årsoppgjer 2011

Standard

Eitkvart år er eit bra musikkår, seier dei hos det svenske musikkmagasinet Sonic. Eg seier meg samd. 2011 føyer seg inn i rekka. Eg kjenner meg vel forsynt av tonar som har gitt næring og gjort inntrykk i år også. Nokre av dei har komme frå heimlandet. Aller mest verdt å nemne i så måte er nok hallingtrubaduren Stein Torleif Bjella og hans underfundig melankolske Vonde Visu. Av andre aktverdige framstøyt føler eg trong til å halde opp Martin Hagfors sin popintrikate I Like You, Tom Roger Aadland sin livserfarne Det Du Aldri Sa, The Last Hurrah sitt dronefolk-album Spiritual Non-Believers, og The Captain & Me, som i afrocalifornisk lyddrakt varta opp med eit konseptalbum (Migrant) om ein afrikansk flyktning.

Den ferdigredigerte lista over dei ti eg har sett aller størst pris på skiltar imidlertid ikkje med anna enn slikt som kjem frå det store engelskspråklige utland. Frå det same utland har eg aller først lyst å nemne ei god handfull eg synst det var litt vanskelig å utelate, men som likevel blei det. Utelete. Eg nemner, i fleng: Okkervil River (I Am Very Far), Sarabeth Tucek (Get Well Soon), Bon Iver (Bon Iver, Bon Iver), Bill Callahan (Apocalypse), Akron/Family (S/T II: The Cosmic Birth And Journey of Shinju TNT), The Decemberists (The King Is Dead), The War On Drugs (Slave Ambient), Southeast Engine (Canary), The Low Anthem (Smart Flesh). Men altså, først og fremst, og aller mest handla det om desse:

10. Girls – Father, Son, Holy Ghost
Utan blygsel serverer dei låtar som den neonspirituelle Vomit, surfande Honey Bunny, rifftunge Die, og meir til. Utan blygsel tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk.

9. Gillian Welch – The Harrow & The Harvest
Åtte år sidan førre plate, og ho er den ho er. Saman med mannen sin, David Rawlings, leverer ho tradisjonsbundne tonar i organisk forfatning. Ti asketiske og akustiske songar som på ulikt vis er rota i sørstatsgotikken og dens hang mot å spegle det dystre og amoralske.

8. Abigail Washburn – City Of Refuge
Ho kan sin banjo, og ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Med å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i det amerikanske lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og som har ein frodig personlegdom ein slett ikkje møter så ofte.

7. Laura Marling – A Creature I Don’t Know
Ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som lagar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg sjølv som menneske, som kvinne, på den store gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet. Laura Marling er kanskje ung, men ho er ikkje født i går. Og har ikkje lenger berre ein akustisk gitar.

6. Fleet Foxes – Helplessness Blues
Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare.
Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande open, og velkommen.

5. Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town
Årets Bonnie Prince Billy plate er i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er den berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde.
Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og langs vegen den går legg den etter seg eit titals storarta songar.

4. A.A. Bondy – Believers
A.A. Bondy manar fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Gjennom ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, og omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjeler mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med. Ti scener av det slaget som stort sett er like mørke som natta, og like lumske som vegen heim ein tåkete morgon.
Med andre ord, slike som held til i eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

3. My Morning Jacket – Circuital
Med Circuital gjer Louisville-banden det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut. Mot ein storslagen americana med staselige sørstatstakter. Men dei er også eit popband, eit sveitt og rytmisk band, eit funky band. Eit mangslunge band.
Og ein 33 år gamal songar med ei sublim røyst, som syng om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Som duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk. På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

2. P.J. Harvey – Let England Shake
Tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har P.J. Harvey laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste. Om krigen. Tolv poetiske, men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot. «England’s dancing days are done» syng ho. «Let’s head out to the fountain of death & splash about» held ho fram.
Krig er ikkje vakkert. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Ho er ein referent, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.
Let England Shake er ei plate om krigen og om England, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært.

1. Josh T. Pearson – Last of the Country Gentlemen
Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre som har sett evigvarande spor. Dei handlar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann ulmar i bringa hans, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, eit tyngande skriftemål, han syng det. Som ein countrysongar. På sitt særeigne vis, som ein countrysongar. Ein tålmodskrevande og omstendelig countrysongar. Med ein gitar, ein kamerat på fiolin, og 100% sjel.

 

Nokre veker etter at denne lista vart publisert på Groove.no fant eg fram ei Kurt Vile plate eg hadde lagt til sides. Den steig etterkvart veldig i kurs, og må vel seiast å vere blant dei aller beste platene gitt ut i 2011:
Kurt Vile – Smoke Ring For My Halo

Seinare skulle også Hiss Golden Messenger sin Poor Moon bli ei kjær plate.

 

 

Girls – Father, Son, Holy Ghost

Standard

Med pophistoria som sparringpartnar prikkar Girls, smidig og uforfalska, inn det eine vinnartreffet etter det andre.

8

cover

Nokon slepp unna med det, andre ikkje. Girls slepp unna så det suse. Straffeutmålinga for deira ganske så hemningslause tjuveritokt i pophistoria lyde på slikt som eit terningkast fem her, eit terningkast seks der, og 9,3 hos hypesentralen over alle hypesentralar. (Ok, ja eg har registrert nokre lunkne mottakingar også).

Det finst knapt ei strofe på Father, Son, Holy Ghost som eg ikkje meiner å kjenne att frå ein eller annan stad. Og då var den slett ikkje kledd i Girls klede. Då var det andre som hadde den i seg, og på seg, og vrengte den av seg. Det er berre eit problem i så måte, eit avgjerande problem, eg klarer aldri heilt å finne ut kor eg har den frå. Denne strofa. Før ei anna dukkar opp, frå ein annan kant, og så ei til, frå ein tredje kant. Og der kjem det ein vri, og der eit temposkifte, og så ein uventa sving. Og slik viser Girls seg å vere beint fram uimotståelige. Ja jammen gjer dei det. Og strengt tatt visste eg det, at det var slik eg kom til å oppleve det. For eg har då høyrt Album (debuten), og eg har då høyrt Broken Dreams Club (ep’en som dukka opp i mellomtida).

Det handlar vel, tenker eg, om eg skal vere 100% ærlig mot meg sjølv, eigentlig berre om kor vidt eg likar songen eller ikkje. Så får den vere original eller uoriginal eller eigenarta eller reprodusert så mykje den vil. Likar eg den, ja så likar eg den. Likar eg den ikkje, ja så får andre gjere det. Eg likar Vomit. Eller meir presist, eg elskar Vomit. Låta Vomit. Den sentralt plasserte og forførande Vomit. Ei låt som snik seg rundt i mørke bakgater på ein intens men dempa nattlig puls, «looking for you, baby». Ei låt som gnistrar til ut i dei frenetiske og spirituelle former, og blir til ei innstendig bøn under eit fargerikt neonlys, i selskap med eit gospelkor, «come into my heart, my love». Men kvifor i all verden har låtskrivaren valt å kalle den Vomit? Den handlar då om ein kjærleikshungrande stakkar som sannsynligvis ikkje får sine bøner og sitt håp oppfylt, gjer den ikkje? Kva har det med oppkast å gjere? Frontfigur Christopher Owens oppklarar det sjølv i eit intervju på Pitchfork. Han har latt seg inspirere av ei strofe i Salomos Ordspråk: «Lik hunden som snur seg til sitt eige spy, er ein dåre som tek opp att sin dårskap». Ei vraka sjel søker attende dit ein ny fiasko ventar han.

Christopher Owens skulle ikkje vere heilt ukjent med eit og anna ord ifrå Bibelen. Han vaks opp med ei mor i ei sekt (Children of God) som nok hadde sine heftige omgangar med den boka. Christopher fant etterkvart desse tilhøva nokså utrivelige og sinnsøydeleggande, så han stakk av og drog ut i verda på eiga hand. Han vart kamerat med ein gjeng punkarar, byrja sysle med musikk, spelte gitar med Holy Shit, starta band med kjærasten sin, kalla bandet Curls, då ho drog sin veg døypte han det om til Girls, og fekk med seg ein fyr i staden, Chet JR White. I 2009 kom debutalbumet. Ein særdeles godt mottatt og herlig viltveksande popmiks.

Det er mindre miks over Father, Son, Holy Ghost. Den er skapt i eit meir samanfallande bilde, eit rikare, meir gjennomtenkt og produsert bilde. Utan at bandet har kasta viktige tilstandar som det å vere livgjevande og uanstrengte overbord av den grunn. Girls veit, betre enn dei fleste, kva som må til for å få ein popsong til å virke. Virke så grundig at det er umogeleg å gjere noko anna enn å sleppe den inn.

Det at albumet har eit heilskapelig vesen betyr ikkje at låtane er støypt i ei og same form. Absolutt ikkje. Låtane er av ulik bakgrunn dei, har ulik puls, og fer ulikt åt. Honey Bunny kjem i godt driv med surf-gitar og Beach Boys-avtrykk. Love Like A River er ein soulballade med ein vennlegsinna gitarsolo og godgjerande orgeltyngde. Alex er ein poplåt som dansar ved sida av Teenage Fanclub. Magic trur eg må ha vaska seg i eit par-tre spretne Buddy Holly-låtar. Die vitjar prog-sfærar med eit hardrockriff i hoftehøgde. Medan Just Like A Song og Jamie Marie lever sitt liv i ganske så spartanske og semiakustiske former.

Tekstlig handlar det om kjensler. Sterke kjensler, om kjærleik, sakn, og meiningssøking. Formulert av songaren på eit likefram og oppriktig vis, tidvis naivistisk, totalt frigjort frå ein trong til å seie det med store og klamme ord. Sårt, einsemdsskildrande og søkande i gripande My Ma: «I’m looking for meaning in my life, and you my Ma». Med eit angrande blikk i Jamie Marie: «I went and found the modern world, but I miss the way life was when you were my girl». Og med eit dystert blikk i Die: «No nothing’s gonna be just fine, No we’re all going straight to hell tonight». Det er no likevel den vesle strofa «looking for love» som står for meg som den mest talande for kva albumet handlar om. Songaren syng den i Vomit, fleire gonger, og den svevar som ei håpefull (og heilag) ånd over det meste her.

Det er ingen opplagt sak at dei enkle og oppriktige formuleringane til Owens kjem frå det med livet intakt. Pophistoria er full av dei som har formulert seg på identisk vis og enda opp som platte floskelskaparar. Lina er tynn og alt anna enn enkel å balansere på. Kva som gjer at Girls så bramfritt klarer det eig eg på ingen måte svaret på. Anna enn at eg opplever noko udefinerbart ekte hos bandet som få er unt å utstråle. Dei pakkar ikkje sanninga inn. Dei legg ikkje skjul på at det er flust av tonar der ute som berre må elskast, må omfamnast. Derfor, sitrande av inspirasjon, tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk. Klart eg blir med på notane, heilt prinsipplaust med.

Først publisert på Groove.no (i 2011)