Erlend Ropstad – Alt som har hendt

Standard

Både nennsamt og frenetisk, og ikkje minst poetisk.

Alt Som Har Hendt (VINYL)  Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det det handlar om. I songane, til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til denne songen, desse songane. Alt, eller i alle fall mykje, kunne vore annleis, men det er det ikkje.

Jeg tenkte på alt som har hendt
Alt jeg hadde glemt
Hadde vært så fint om du var våken
Hadde vært så fint om du bodde der

Han er på utsida, hovudpersonen. Han skodar mot innsida. Men kor er vegen dit, og kor er den hen, innsida, varmen og freden. Noko var betre før, enn det det er nå. «Sånn som det ser ut nå, så er en av oss på feil sted» slår han tungsindig fast, «sånn som det ser ut nå, er en av oss heilt aleine» legg han til, og det finst eit sukk i dei orda. «Baby er du våken» heiter songen. Og det er grunn til å tru at ho ikkje er det, våken. Og det er grunn til å tru at ho er utafor høyrevidde.

Slike trefningar, tenkte møter, draumar om rendezvous, scener, monologar, er det ni av på plata. Ni songar som alle rommar ei historie. Og ikkje minst ei forhistorie, ein lengt, eit drama. Noko vondt, noko vakkert. Ei fortviling, eit fortvila håp. Dei er til å kjenne seg att i, songane, og dei er til å kjenne seg ufatteleg vel i selskap med.

For eg likar desse songane til Erlend Ropstad. Endå ein gong likar eg desse songane hans. Denne gongen gjeld det hans fjerde samling av songar etter at han tok til å syngje på morsmålet. Og den står ikkje tilbake for dei tre som har komme før. Hans lag med ord og tonar, hans diksjon, hans nærleik til det han har føre seg, det er der.

Ja eg likar desse songane til sørlendingen Erlend Ropstad, og aller mest likar eg «Det store blå». Ein song eg ikkje nøler med å kalle eit mektig bra stykke rockemusikk. Med lange vers, mykje tekst, men ikkje eit ord for mykje. Ein song med eit, på det soniske plan, ekspanderande vesen. Der den veks og veks, og grip og grip, og gjer det om igjen, og om igjen. Frå den startar ut med den grumsete gitarlyden som går tvers gjennom den. Ein slik gitarlyd som kan minne om Neil Young i Crazy Horse-lune, og ein del anna, men som først og fremst kler låta godt. Og så rytmen og så groovet då, og så lufta imellom, og havet, havet i det fjerne, bruset. Det er ein song som er midt i essensen av albumtittelen. Den er sprengfull av minner, ting som har hendt. Gode minner, vonde minner. Tilbake til ein kveldstur i skjergarden. Om eit kyss som smakte salt lenge etterpå. Om kjærleiken, om sviket. Skildra i fortetta poetiske ordelag, slike som merkast.

Det finnes 1000 ord for knuste hjerter
Jeg skal skrive de alle om igjen
Ikke fordi at ingen har gjort det før
Jeg skal bare minne folk om kjærligheten

Og songen krusar ikkje på overflata, den går verkeleg i det. Dansar tett med lengselen, legg ei ustødig hand rundt melankolien, og pumpar opp ei lyst på livet. Livet slik det er nå, ikkje det evige. Livet slik det har blitt. Så derfor finn songaren det opportunt å velsigne det som har skjedd – «velsigna være den natta, velsigna være alkohol, … , velsigna være ditt hor». Før han heilt til slutt, før gitaren leier songen forbi seks minuttars merket, stiller det essensielle spørsmålet «hvis vi hadde blitt der, hvor hadde vi vært nå?».

Erlend Ropstad har produsert albumet sjølv. Han har med seg nokre få musikarar, men lagar store deler av lyden her sjølv. Nokre gonger, som i dei to låtane eg har nemnt, handlar det om rå og elektrisk gitar og klassisk rockgroove. Andre gonger er det meir spartansk og nedpå. «Ta med meg» kjem med ein enkel maskinell rytme og akustisk gitar, og er ei sår og vakker vise frå ein far som ser sitt barn vekse til. Ein far som veit han må sleppe taket, men synst det gjer vondt. «Svalene» sig på si side varleg fram, akkompagnert av piano og littegrann fele. Og kan på ordfronten mellom anna skilte med den underfundige setninga «når du kommer frem, kommer jeg hjem». Sintast og mest frenetisk er låta «Vi henter de om natta». Ein song om norsk flyktningpolitikk – «vi henter de om natta, før de rekker å slå seg ned, vi henter de om natta, og kaller det rettferdighet».

Ein gong song Ropstad ein song om å ynskje seg litt av attityden til ein svensk visesongar. Eg har frå første gong eg høyrte han tenkt at det har han då. I alle fall noko svensk noko, i alle fall litt av det eg høyrer hos Thåström, hos Winnerbäck, og kanskje også Håkan Hellström. I songen «Alle lysene på Ullevi» nemner han sistnemntes song «Ramlar» og syng ein fin song om å reise seg. Til slutt syng han ein annan ein med spor av svensk attityde, ein stillferdig «Sang til de rotløse». Ein song om ein musikars rotlause liv. Ein song om å starte eit band og kalle seg De Rotløse. Eller kanskje heller, slik det lyde i siste linje «vi kunne starta et hjem, og kalle oss de rotløse». På tuftene av alt som har hendt kunne eg då kanskje legge til. Det blir ikkje sagt, men det dirrar i lufta, i stilna etter endå eit sterkt Ropstad-album.

8/10

TIDAL: ERLEND ROPSTAD – ALT SOM HAR HENDT

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s