Tag Archives: A Deeper Understanding

The War On Drugs – A Deeper Understanding

Standard

Eit (litt for?) mektig måltid

Bilderesultat for the war on drugs a deeper understanding  Dette var ikkje gjort over natta. Denne plata har Adam brukt tid på. Han er for så vidt kjent for det.

Coverbildet viser Adam Granduciel knipsa midt i prosessen. I eit platestudio. Ved pianoet, omringa av instrumenter og utstyr. Der har han brukt timar, dagar, månader. Perioden 2015-2017. Forresten ikkje berre i eitt studio. Meir korrekt er vel å seie eit titals. Der har perfeksjonisten Adam Granduciel, frontmannen i The War On Drugs, flikka og sveitta og bygd og spelt inn A Deeper Understanding.

Det førre The War On Drugs-albumet, Lost In The Dream, blei eit gjennombrot. Kommersielt og blant musikkskribentar. Fortent nok. Det var, og er, eit album der The War On Drugs tar sin heartlandrock inn i eit widescreenformat som høgg bra tak. Der ein varm synthvind straumar gjennom mykje av stoffet, medan gitarane både vandrar med og kvess litt til. Der det finst flust av melodisk gnist og varme. Og der det kongruente har eit rimeleg variert vesen.

Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Der Granduciel på førre album sånn i snitt spelte rundt fem ulike instrument pr. låt, nærmar han seg denne gongen ti (i tillegg kjem sjølvsagt resten av bandmedlemene sine bidrag). Ei lita utfordring blir då at det subtile, detaljane, kan bli vanskelegare å finne inn til. Det eine smeltar i hop med det andre, og blir til ein mektig masse. Eller kanskje det ikkje blir det i ein slik grad eg innbiller meg, kanskje er det trommene. Kanskje er det den bastante og dominante trommelyden eg finn litt problematisk. Det at den ikkje har spensten og schwungen til å groove sakene vidare. Det at den blir litt giddalaus monoton og samstundes stel for mykje av bildet. Ja kanskje er det der midt vesle problem med denne plata ligg? I alle fall, dei sekstiseks minuttane plata brukar frå første til siste tone blir nok.

Men eg kan ikkje få nok av Thinking Of A Place. Den elleve minuttar lange låta som var det første livsteiknet frå plata. Den er ei inspirert og lett vemodig reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner. Der den glir av garde på behagelege soniske bylgjer, og kan skilte med ein skimrande gitarsolo i sin midte. Ja eg kan like fleire av dei andre låtane på plata også. Eg kan det. Eg likar Pain, og det melodisk og melankolsk tiltalande med den. Eg likar den Don Henley-aktige opningslåta Up All Night også. For den har eit groove som funkar, den har det. Og ein gitarsolo som skjær igjennom. Avslutningssongen, den Dylanske balladen You Don’t Have To Go likar eg også, med sin vesle lyriske gitarsolo og sitt gode melodiske lune.

Kva er så denne djupare forståinga som albumtittelen varslar om? Ja sei det du. «Never meant to bring my pain into the frame», syng Granduciel. Eg tar meg i å lure på om det ikkje er nett det han gjer. Vi er jo ikkje komme lenger enn til spor nummer to før vi møter på ein song som kort og godt heiter Pain. Eit ord som rimar på Rain. For regnar gjer det også til tider. Og vegen går rett som det er «into the darkness», inni «the night». Men hei, «night» rimar på «light» det er noko også Granduciel veit. Så her er ikkje bekmørkt, her er også måneskin og dagslys, og angsten kan flyte bort, og kjærleiken flyte inn. Stundom.

Og stundom er kanskje ordet. For stundom, altså nokre gonger når eg har høyrt på plata, har den gjort sterkare inntrykk enn andre gonger. Nokre gonger grip heartlandhymnene på albumet tak i meg, andre gonger visnar interessa mi bort og eg tar meg i å drive med heilt andre ting enn å gå inn i A Deeper Understanding. Kanskje er det ei betre plate enn eg har fått fram i denne teksten? Ja eg trur det, det gjer eg. Men like bra som Lost In The Dream er den ikkje, absolutt ikkje.

7/10

TIDAL: THE WAR ON DRUGS – A DEEPER UNDERSTANDING