Ei heiltent røyst, eit opent og tydelig lydbilde, og gode songar. Det held det.
8
Plutselig var The Walkmen der med You & Me. Eller, plutselig og plutselig. Sanninga er vel heller den at eg tok imot plata med heller skortande forventningar. Såpass skortande at 2008 blei til 2009 før eg fant tid til den. Ei noko merkelig innstilling kanskje med tanke på at dette tross alt var bandet som med ein morderisk sylskarp gitarlyd og pasjonert vokalinnsats fire-fem år tidlegare skaka blodomløpet med låtar som The Rat og Little House Of Savages. Dei var å høyre på Bows + Arrows, deira andrealbum frå 2004. Det eg høyrde av bandet etter det, og fram til You & Me, hadde meir preg av eit band som flata litt ut, vart litt mattare i kantane, og slike ting.
Så er det altså at You & Me viser seg å vere lyden av eit band som reiser seg att. Reiser seg med ei plate i eit gjennomgåande meir moderert sonisk modus enn Bows + Arrows. Men gitaren er her, like gjennomsiktig, like glasklar, like skarpslipt, og her er blåsarar, her er ein ny kompleksitet, her er stemning, og det er midnatt. Det er ei plate med mykje uttrykt sakn, dunkle funderingar og ei sviktande tru på morgondagen. Formidla av ein songar som ikkje held att, som er midt i det, med kraft, med desperasjon, med blod som brusar. Ei plate der den eine høgtidsstunda avløyser den andre. In the New Year, Red Moon, The Blue Route, og så vidare, og så vidare.
Nå er dei klar med si neste plate. Nå er Lisbon her. Heitande så fordi kvintetten frå New York City har fått slikt eit godt forhold til den portugisiske hovudstaden. Dei har eit godt forhold til You & Me også. Lisbon har ein del av You & Me i seg. Men Lisbon er ikkje You & Me om igjen. Lisbon er lysare stemt. Desperasjonen har avtatt. Me har eit meir avklart forhold til You. Avklart og betre. Tonen er lettare.
Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig. Ja, det går an.
Matt Barrick med stikkene, slår hardt i frå seg. Songaren Hamilton Leithauser har eit par raspande og malmfulle stemmeband. Så han høyrest, han ruvar, også fordi han er dytta endå litt lengre fram i lydbildet enn på You & Me. Gitaristen Paul Maroon har alltid hatt ei sentral rolle i koloreringa. Oftast med denne glasklare og ilskne tonen sin. Den tar slike former på Lisbon også, men slett ikkje berre.
Med Postpunk, Pixies og Dylan i ryggmargen entra dei grytidleg på 2000-talet New York-scena omlag samstundes med soniske slektningar som The Strokes og Interpol. Gjennom åra som har gått sidan den gong har ryggmargsbråket vore i endring, og slektskapet til dei nemnte banda har blitt noko vagare. Til liks med dei fleste av oss har The Walkmen vore gjennom ei utvikling. Både tematisk og sonisk står dei fram som eit modnare band i dag enn for ti år sidan. Og eldre. Dei flyktar ikkje frå realitetane altså. Og, sjølv om lyset oftare streifar songane deira denne gongen, dei flyktar ikkje frå vemodet og mismotet heller.
Oh, hazy lazy days.
I could dream of you forever.
Under the shade of a juniper tree.
I sing a sad song of you & me.
Blue As Your Blood heiter den songen. Gitaren og kompet er som henta utav eit møte mellom The Tennessee Three og Dick Dale. Songaren går og dagdrøymer i eit ikkje hundre prosent velstelt nabolag til Tin Pan Alley. Og himmelen er blå, hevdar han. Men det er vel helst utanpå. Den grasiøse doo-wop harmoneringa i siste del av Torch Song kan på si side vere eit forsøk på å skape ein kontrast til ei klart uttalt smerte. «I don’t know the tune, it’s a burden on my sorry soul» kjem det i skånsellause former frå ein noko fortvila songar. Han skulle så gjerne ha funne fram til nokre trøystande tonar synst han, men maktar det ikkje.
Den sonisk mest krakilske sida av Lisbon viser seg fram i form av Victory. Gitaren er ein uslipt diamant mot ei uvaska glasrute. Songaren går til verket med intensitet i både blikk og strupe. Og sigeren, vel den er ikkje utan bismak (eller blodsmak). På den lydkraftige sida høyrer også Angela Surf City til. Eit kroneksempel på korleis ei avventande innleiing kan bli avløyst av eit gnistrande elektriske åtak, og ende opp som rein skjær utklassing.
Og snart er det jul. Og songen heiter Stranded. Sonisk: Ein slags krysning av Silent Night og Fairytale Of New York, med høgtidsstemte trompetar og hengslelaus hymneklang. Tematisk: Kanskje ikkje heilt jul. Kanskje handlar den meir om det å ein dag oppdage seg sjølv ståande midt i ein haug av «broken glass», fordi «I laid my plans so carelessly».
Og snart kjem snøen. Og songen heiter While I Shovel The Snow. Ein vennlegsinna og spartansk lydfrisert ballade, der songaren er crooner, og Broadway ikkje så veldig langt unna.
Og eg, eg er ikkje så veldig langt unna å tenke at dette jammen meg er ein av dei flottaste platene eg har høyrt i år.
Først publisert på Groove.no (i 2010)