Tag Archives: Ty Segall

Også verdt å høyra på: Mirel Wagner, Ty Segall, The New Pornographers)

Standard

Av nyare arriverte plater har eg (endå ein gong) funne tonen saman med ei og anna:

Mirel Wagner – When The Cellar Children See the Light of Day

Plate nummer to frå finske Mirel Wagner. Svart gotisk folkblues, bar, inntil beinet, på utsida av enkle tidsrammer, og meir Mississippi enn Helsinki. Slik var debutalbumet. Slik er for så vidt dette andrealbumet også. Føler likevel at det hellar mot eit litt rundare og meir medgjerlig melodisk vesen. Med ein gitartone som ikkje kan kallast kompleks, heller suggestivt dansande, og ei røyst som både har autoriteten og det såre i seg. Historiene den fortel (røysta) er kortfatta men innhaldsrike. Det skjer langt meir enn det som vert uttalt, ja kanskje endåtil noko heilt anna. 7

Ty Segall – Manipulator

Han søker ikkje nye territorium, han er der han har vore desse åra. I ein godtepose av pop-psykedelia, garasjerock, stoner og glam. Slikt som vart oppfunne for sånn cirka førti-femti år sidan. Ty Segall tilfører det lite anna enn pasjon og energi. Ganske så hemningslaust har han spelt inn den eine plata etter den andre. Tonar har skeina og skimra, halta og larma. Utav det har det komme albumhøgdepunkt som Twins og Hair. Med Manipulator tar han litt meir kontroll over sakene.  Formar linjene litt klarare, pussar tonane litt reinare, og skapar eit meir kongruent fokus. Gjennom 17 låtar. Frå tittelsporet sitt drivande psych-vesen, via stonergroovy Feel til falsettfunky Mister Main heng det heile veldig så bra i hop. Men når framtida melder seg, om ikkje så lenge, trur eg nok likevel det blir Twins eller Hair eg drar fram frå hylla idet eg føler for ein liten dose med Segall. 7

The New Pornographers – Brill Bruisers

Eg har slitt litt med å jobbe opp den store entusiasmen for dei to føregåande platene til denne gjengen. Gav det vel beint fram heilt opp på eit tidspunkt. Med Brill Bruisers merkar eg at det er annleis. Med Brill Bruisers treff dei. Her er det pophooks, eit massivt driv og sigrande melodilinjer. Ei gjenoppstanding av slikt som bandet skjemte oss bort med på sine tre første plater. I alle fall nesten, og nesten skal ein som kjent ikkje kimse av. Ikkje når The New Pornographers kler seg i frodige former, tar sats med eit mektig uimotståelig tittelspor og i liten grad hamnar ut i det blasse etter det. Den varaste og luftigaste popstunda har tittelen Champions of Red Wine, og har røysta til Neko Case som varmblodig midtpunkt. Dan Bejar er i sitt ess i det drivande synth- og gitar virvlande nummeret War on the West Coast. Og AC Newman drar i trådane, skrur på knappane, syng med, og smiler. 7

 

Og i går høyrte eg på det legendariske avantgardepunkbandet Pere Ubu sitt ferske album Carnival of Souls for første, og andre, og definitivt ikkje siste gong………..

 

Ty Segall – Sleeper

Standard

Sjølvsagt klarte ikkje Segall å ta det med ro i år heller. Men sonisk sett har han aldri tatt det roligare enn på Sleeper.

7

cover

The West er ein countrylåt. Ja, heilt riktig, Ty Segall avsluttar den nye plata si med ein countrylåt. I vest ser han faren, i aust ser han mora. «Where do we go home?» spør han seg. Han står i vegkrysset. Det evinnelige vegkrysset. Og avsluttar si mest personlige plate til dags dato der. Ei plate som også i særklasse er hans minst støyande. Den er ikkje dårlig for det.

Etter eit fjorår der han var hyperaktiv på platefronten (for så vidt tilliks med dei fleste åra sidan han byrja å gje ut plater i 2008) snakka han om å ta det rolig i 2013. Eg meiner å huske at han nemnte ordet pause. Ikkje så enkelt, når ein heiter Ty Segall. For noko må jo slike pausar også fyllast med. Og kva er betre enn litt musikk?

Far til Ty Segall døydde i desember 2012. Det sette sine spor i den unge mannen. For det var ein far som stod han nær. Segall flytta raskt etter det frå San Fransisco til Los Angeles, for å komme nærare søstera si. Han tenkte også han skulle bruke tid til å surfe på bølgjene som kom inn frå Stillehavet. Mora ville han fjerne seg frå. Både geografisk og mentalt. Han tykte ho hadde takla faren si siste tid med sjukdomen og hans død på eit lite tillitvekkjande vis. Han syng om det på plata. «He’s here, he’s still here, though she’s crazy» syng han. Inderlig oppbrakt. «I am his son» syng han. I ei låt som sjanglar av garde, lealaus. Heimlaus. Crazy. Som om den er ute og søker sonisk asyl på Big Star sitt tredje album. She Don’t Care syng han litt seinare. Ein Beatlesk psykedeliastraum renn tvers i gjennom songen. John Lennon sin febrilske Mother tyt inn frå venstre. Songaren er fylt opp av bitre tankar, men vel så mykje ei fortviling. Det er to songar som openbarar seg som opne sår. Er dei for nære, for private? Kanskje. Men dei er der, du verden som dei er der.

Fuzz har det vore grundig mykje av på tidlegare Ty Segall plater. Elektrisk gitar, støy, forvridde drønn, skurr og skrammel. Slik går det ikkje an å seie at Sleeper fortonar seg. Den akustiske gitaren er det mest sentrale instrumentet her. Men eit kvantesprang inn i noko anna er det no likevel ikkje. Arven frå det seine sekstitalet og tidlege syttitalet har alltid vore sterkt til stades hos Segall. Det er den på Sleeper også. Og då mest den engelske biten av arven.

Eg nemnte Lennon i stad. Det er fleire tonar her heimsøkt av den mannen. Og så har vi The Keepers då. Der Segall proklamerar linjer som «let the keepers keep the time, let the sleepers dream so fine» i eit sonisk språk som lett hadde funne seg til rette på David Bowie sitt Hunky Dory album. I tittelsporet syng han om å drøyme søte løgner i ein tone som ganske så greitt kunne fått innpass på ei Syd Barrett-plate. Og når han gjer uttrykk for å ville grave seg «far down in that big hole in the ground» i Sweet C.C. oppfattar eg han på god tur inn i Marc Bolan sine sfærar. Men det gode er at oppe i det heile er han berre Ty Segall. Med sitt lause og vinnande vesen. Melankolsk denne gongen. Langt meir enn før. Men ein fyr eg finn det vanskelig å seie noko vondt om. Og aller minst når han mot slutten byr på manisk psykedelia i Queen Lullabye, og skrur seg opp, opp, opp, og inn i sjølvaste dunkelheimen.

Ei Ty Segall plate god som nokon, i grunn. Og den neste skal visstnok ikkje vere så langt unna. Pause du liksom.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

Mikal Cronin – MCII

Standard

Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin.

7

cover

Den beatleske poptonen tar aldri slutt. Den er for god til det. Ein av dei som gjer sitt vesle bidrag til å halde den i live er Mikal Cronin frå San Francisco. Med songar eg drar kjensel på, men aldri før har høyrt. Songane er ikkje spesielle, men denne Cronin veit korleis han skal få dei til å fungere. Til å bli relevante. Til å leve. Derfor funderar eg over om dei er litt spesielle likevel. Spesielt gode er dei i alle fall.

Den beatleske poptonen har blitt drapert i ulike soniske former gjennom åra. Mikael Cronin lar tidvis ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar skylle innover den. Power pop, altså. Om lag slik eg kan minnast dei gjorde det på nittitalet. Frå Teenage Fanclub til Matthew Sweet til The Posies til ganske så mange fleir. Slikt kan ein jo gjere i 2013 også synst Mikal Cronin. Og eg.

Innimellom spelar Mikal Cronin bassgitar med Ty Segall. Tilbake i 2009 spelte dei to inn mini-lp’en Reverse Shark Attack, som duo. Ein oppfuzza og ganske så garasjelarmande sak. To år seinare forsynte Cronin også sin albumdebut som soloartist med dugande mengder fuzz og ståk. Ei plate eg i dag opplever gjer til kjenne ein ung mann full av påfunn, og litt i villreie over kva retning han skal ta. Så han tar fleire, og rotar opp ein og annan god låt undervegs. Hans andre plate er i grunn ei ganske så annleis greie.

MCII er ei meir samla og kongruent affære. Alle dei ti låtane høyrer til i det nemnte beatleske popbildet. Det velsigna er at dei ikkje blir borte i dette bildet. Dei har nok melodisk kraft og poppoetisk nerve til å skine gjennom. Sånn cirka utan unntak, frå den heilage starten kalla Weight til den kontemplative avslutninga Piano Mantra.

Gitaren er det sentrale verktøyet men slett ikkje det einaste. Multiinstrumentalisten Mikal Cronin handterar sjølv dei fleste som er i bruk her. Det mest markante unntaket er vel ein fiolinist/bratsjist han har leigt inn på fire av spora (gitarsoloen som Ty Segall effektuerar på to av låtane antar eg at Cronin sikkert kunne tatt seg av sjølv). Lys og skygge kan Cronin også eit og anna om, og snor seg mellom det modifiserte og det forvrengte i låt etter låt.

Cronin slår an tonen ved pianoet, gitar og komp fylgjer på, og Weight er i gang. Det handlar om å være over den aller første ungdom, og å kjenne seg usikker på kor det ber i veg no. Noko som vel kan seiast å vere eit gjennomgangstema på plata. «I’m not ready for the second wave» syng vår mann. Og så skal han inn i refrenget. Det gjer han på utsøkt popfinessevis. Alt stilnar hen, Cronin går i falsett – «no be bolder, golden light for miles». Og så, så eksploderer det i skingrande elektrisk gitarføring – «sing for love in colder portions of my mind». Ay, ay, ay, det er poplåta si det.

Det finst nokre til: Shout It Out, eit stykke sjølvransakande open/tett powerpop – «I’m pretty good at making things harder to see, and turning problems back to me». Deretter, Am I Wrong, både forvridd og harmonisk, pågåande og elskverdig, og med eit effektivt refreng – «Am I wrong? I don’t think so». Seinare, Turn Away, ein riffrøff sak som formulerer ein viss angst for både å miste det ein er og å omfamne det ein ikkje veit kva er – «I know that a different place won’t put my troubles on a different mind». Og så Change då. Platas sprelskaste minuttar. «Good god, just a little bit, just a little bit goes a long way» syng Cronin i eit frydefullt nakkehårreisande refreng. «Faith is just a lover I don’t know, love is just an answer I don’t know» avsluttar han det same refrenget med. Det er vellyst og melankoli i fullboren dynamisk popmundur.

Av og til er fuzzen heilt fråverande. I albumets sentrum dukkar det opp ein song eg er freista til å kalle countryrock. Peace Of Mind. Blant fiolintonar og generelt tjomslig instrumenthandtering reflekterer songaren kring gehalten i eit forhold, og avsluttar med det sentrale spørsmålet «is this love?». Eit anna (nesten) fuzzfritt nummer er det siste. Piano Mantra fortener namnet sitt. For her er det pianoet og det varlige som har si stund, og presenterer eit dugande håp i siste strofe – «Your open arms are giving me hope».

Mikal Cronin har visstnok nyleg fullført og bestått sin bachelorgrad i musikk. Med dette albumet tar han sin master i power pop, og består så det skingrar etter.

Først publisert på Groove.no (i 2013)