Av nyare arriverte plater har eg (endå ein gong) funne tonen saman med ei og anna:
Mirel Wagner – When The Cellar Children See the Light of Day
Plate nummer to frå finske Mirel Wagner. Svart gotisk folkblues, bar, inntil beinet, på utsida av enkle tidsrammer, og meir Mississippi enn Helsinki. Slik var debutalbumet. Slik er for så vidt dette andrealbumet også. Føler likevel at det hellar mot eit litt rundare og meir medgjerlig melodisk vesen. Med ein gitartone som ikkje kan kallast kompleks, heller suggestivt dansande, og ei røyst som både har autoriteten og det såre i seg. Historiene den fortel (røysta) er kortfatta men innhaldsrike. Det skjer langt meir enn det som vert uttalt, ja kanskje endåtil noko heilt anna. 7
Ty Segall – Manipulator
Han søker ikkje nye territorium, han er der han har vore desse åra. I ein godtepose av pop-psykedelia, garasjerock, stoner og glam. Slikt som vart oppfunne for sånn cirka førti-femti år sidan. Ty Segall tilfører det lite anna enn pasjon og energi. Ganske så hemningslaust har han spelt inn den eine plata etter den andre. Tonar har skeina og skimra, halta og larma. Utav det har det komme albumhøgdepunkt som Twins og Hair. Med Manipulator tar han litt meir kontroll over sakene. Formar linjene litt klarare, pussar tonane litt reinare, og skapar eit meir kongruent fokus. Gjennom 17 låtar. Frå tittelsporet sitt drivande psych-vesen, via stonergroovy Feel til falsettfunky Mister Main heng det heile veldig så bra i hop. Men når framtida melder seg, om ikkje så lenge, trur eg nok likevel det blir Twins eller Hair eg drar fram frå hylla idet eg føler for ein liten dose med Segall. 7
The New Pornographers – Brill Bruisers
Eg har slitt litt med å jobbe opp den store entusiasmen for dei to føregåande platene til denne gjengen. Gav det vel beint fram heilt opp på eit tidspunkt. Med Brill Bruisers merkar eg at det er annleis. Med Brill Bruisers treff dei. Her er det pophooks, eit massivt driv og sigrande melodilinjer. Ei gjenoppstanding av slikt som bandet skjemte oss bort med på sine tre første plater. I alle fall nesten, og nesten skal ein som kjent ikkje kimse av. Ikkje når The New Pornographers kler seg i frodige former, tar sats med eit mektig uimotståelig tittelspor og i liten grad hamnar ut i det blasse etter det. Den varaste og luftigaste popstunda har tittelen Champions of Red Wine, og har røysta til Neko Case som varmblodig midtpunkt. Dan Bejar er i sitt ess i det drivande synth- og gitar virvlande nummeret War on the West Coast. Og AC Newman drar i trådane, skrur på knappane, syng med, og smiler. 7
Og i går høyrte eg på det legendariske avantgardepunkbandet Pere Ubu sitt ferske album Carnival of Souls for første, og andre, og definitivt ikkje siste gong………..