Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd. 7
Det opnar med total energi. Med Golden Surf II, og ein songars feberaktige opplysning: «I have a map, I make inside my head». Eg slår sporenstreks fast at eit kjært og uregjerlig lag er her igjen. Songaren er den same korpulente David Thomas som alltid har vore der når Pere Ubu entrar manesjen. Ein rock’n roll original, i fronten av eit band som sidan punkens fødestund på midten av syttitalet har framført sin mangslungne avante-garage.
Carnival of Souls er noko slikt som det attende studioalbumet til bandet, og er ikkje enklare å komme i nærkontakt med enn det legendariske debutalbumet The Modern Dance, eller den om lag like legendariske oppfylgjaren Dub Housing, eller for så vidt fleirtalet av albuma dei har prestert å lage i mellomtida. Unntaka må i tilfelle være dei tre attråverdige «pop-platene» frå det seine åttital og tidlege nittital (The Tenement Year, Cloudland og World In Collision). Skjønt «pop-plater», det er ein grunn til at eg skriv det i hermeteikn. Musikk av det lett framkommelige og pålitelige slaget har vel aldri vore Pere Ubu si sterke side. Musikk av det upålitelige slaget derimot, oh yeah, yeah, yeah.
Dei spelte punk på sin måte. Slikt som ei stund seinare skulle bli kalla postpunk. Men heilt der var dei vel heller aldri. Heile tida har dei i grunn vore noko for seg sjølv, hatt mangt og mykje for seg, og vore influert av både eitt og hitt. Frå Leadbelly til Cpt. Beefheart til MC5, og så vidare, og så vidare. Carnival of Souls ber preg av det same, og er eit absolutt vitalt tilskot til katalogen.
Ein måne skin innover albumet. David Thomas ytrar seg noko ulikt omkring kva den gjer der. «Moon is where the dead people go» forkynnar han i Drag River, medan bandet går sin skakke gang og deira ferskaste medlem Darryl Boon bles blå klarinett-tonar utover stoffet. Tonar som blir med over i Visions of the Moon. Der bandet roar seg litt, og songaren resiterer, hevdar at han bur i ei kasse på månen. Lengre ute i seansen, i den sakte stigande og på mystisk vis smått funky, Road To Utah, kjem så songaren med ei oppmoding om å «follow the moon». Så kan ein jo tenke sitt om det.
Fengande er ikkje eit ord som ligg lengst framme på tunga når ein skal seie noko om Pere Ubu. Men av og til synest eg faktisk dei er det. På sitt upolerte vis. Frå dette albumet opplever eg at Bus Station har slike kvalitetar. Med sitt bassdriv, sitt hektande riff, sine sfæriske luftehull og sitt nervøse hjerte tar den for seg slikt som stadig gjentar seg – showet, besøket i den lokale baren, og ho som fortel at «nothing is free». Midt inne i songen gjentar Thomas ei linje han ikkje har funne på sjølv, men som Screaming Jay Hawkins ein gong introduserte for menneskeheita, og som mange sidan har tydd til – «I put a spell on you because you’re mine». Thomas er ikkje verre på det enn at han gjentar påfunnet i Irene. Same linja, i ein song som har både linjer og idégrunnlag tilbake til ein annan gammal song, Leadbelly sin Goodnight Irene. Ein song bandet forresten har vitja tidlegare. For dei er, i all si særeigne framferd, også godt rota i musikktradisjonen. Der finn dei, der låner dei, der stel dei, for så å inkorporere fangsten i noko som har ei ganske så anna sonisk form.
Slik bandet gjer det i det episke avslutningsnummeret, Brother Ray. Om ein fyr som kan vere ein muleg bror av Sister Ray, men meir sannsynleg er ein etterkommar av Manta Ray (diktet som ein finn inne i coveret på Trout Mask Replica). I alle fall, denne Ray har dratt ut i ørkenen, Mojave Desert, «to work a deal in heaven», og forteljaren er ikkje heilt komfortabel med det påfunnet. Han får telefonoppringingar som ikkje beroligar han, og postkort med bilde av Soda Mountain der det står «yeah, yeah, yeah». Ei mangslungen låt, temposkiftande, humørskiftande, dvelande og kraftfull. Songaren syng, skrik og resiterer. I siste del blir det til ein fabel om ein gåtefull død i Soda Mountain.
Det er slik, med låtar som ikkje fylgjer dei opplagte mønster at gjengen frå Cleveland har drive på år etter år, plate etter plate. Carnival of Souls har som de forstår sin dose.