Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree

Standard

Eit album kledd i sorg.                                                                                                            8

Bilderesultat for nick cave skeleton tree  Kort tid etter at Nick Cave mista sin 15 år gamle son Arthur i ei tragisk fallulykke spelte han inn songen I Need You. Så har eg i alle fall høyrt. Eg har også høyrt at songen, ja alle songane på Skeleton Tree, vart skrivne før sonen døydde. Det er likevel vanskelig når eg høyrer I Need You, og kjenner til omstenda, å førestille meg anna enn at songen handlar om Nick Cave sitt fortvila sakn etter sonen. Stemma hans er eldre og slitnare, og han går inn i det heilt utan sikringsnett, heilt utan avstand til det han syng, og han syng «nothing really matters, nothing really matters when the one you love is gone».

Nick Cave har ikkje orka, forståelig nok, å gjere intervjurunden i samband med utgjevinga av Skeleton Tree. I staden har det komme ein film (One More Time With Feeling), regissert av Andrew Dominik, frå innspelinga av albumet, der Nick Cave også seier noko om tragedien som ramma han og familien. Eg har ikkje sett filmen. Men eg har lest at han i filmen ved eit tilfelle spør «When did I become an object of pity?». Det enkle svaret på det spørsmålet er ganske opplagt. Eit kvart menneske med eit hjerte synst synd på ein far som mister sitt barn. Men eg tenker Cave med spørsmålet også ynskjer å seie noko om omfanget av medynken, at den ikkje berre kjem ifrå dei næraste, men også ifrå så altfor mange framande, og at den medynken treng han ikkje. Eg og dei aller fleste som lyttar til plata er blant desse framande. Men det er ikkje lett å risse tragedien bort frå Skeleton Tree. Den er med og fargar opplevinga, og gjer nok også noko med vurderingsevna. Ja slik er det, og slik må det vel vere.

Eg er fullt klar over at det sterke opningssporet Jesus Alone handlar om noko anna enn sonen sin død (Jesus sin gjenkomst for eksempel). Men når Nick Cave gjer strofa «with my voice I’m calling you» til eit mantra i avslutningsdelen er det umogeleg å ikkje tenke at det er Arthur som svevar gjennom tankane hans. Eller kva med at han har fått den danske sopranen Else Torp til å synge duett med seg i Distant Sky? Eg gjer meg tankar om at han kanskje synst ei linje som «let us go now, my darling companion, set out for the distant skies» blei for vanskelig å synge sjølv. Og kva med det brutalt vakre refrenget i den avsluttande tittellåta:

I called out, I called out
Right across the sea
But the echo comes back empty
And nothing is for free

Kan det vere andre enn sonen som er gjenstand for det ropet? Det kan det kanskje. Men eg klarar ikkje å tenke at det er andre. Så det er sterkt, det er hjerteskjerande, det er krevjande.

The Bad Seeds har som vanlig vore med og tonelagt songane. Først og fremst med ein av dei, fiolinisten og multiinstrumentalisten Warren Ellis. Som medkomponist og produsent har han nok hatt minst like stor innflytelse på korleis det soniske landskapet har blitt som det Cave sjølv har hatt. Eit landskap der synth-droner, strykar-droner og andre droner, atonalitet, varlege loops og skakk rytmikk sit att som eit hovudinntrykk. Ikkje det at gitaren er heilt borte, ikkje det at tonalitet og melodiske linjer er lagt fullstendig til sides, nei det er ikkje det, men hovudinntrykket er at bandet seglar inn i ein slags avantgardistisk ambient stil, og at den heller meir mot det stillferdige enn det bråkete. Dei var vel for så vidt på veg dit ved førre korsveg, Push the Sky Away (2013). Eg synst dei er der på ein meir medrivande måte denne gongen. Frå det skurrande og skjelvande dronemønsteret som beveger seg under orda til Cave i Jesus Alone, via knirk, sørgmodige synthlinjer og space-klunk i Rings of Saturn, eit meir stormande lyd-drama i Anthrocene, til det ganske så konvensjonelle keyboard-borne tittelkuttet.

«The song, the song it spins now since nineteen eighty-four» syng Nick Cave i songen Girl In Amber, og eg tenker kanskje han har sin eigen karriere saman med The Bad Seeds i tankane. For det var jo i 1984 den første Cave-plata med dette bandet dukka opp, From Her To Eternity. Og sidan har dei dukka opp, og dukka opp, platene, alltid med ein songar i front som har gjort det heile veldig attkjennelig. Men held ein From Her To Eternity sin viltre og skakkøyrte Cave-blues ved sida av Skeleton Tree, ja så høyrer ein to temmelig forskjellige album. Og eg kunne helde andre album ved sida av kvarandre og høyrt at dei var nesten like forskjellige. Noko bind dei likevel i hop: Cave-bluesen, det gotiske dramaet, scener i dryppande mørke, døden og himmelen og helvete, men også noko rungande romantisk noko. Ofte formidla i eit forteljande ordelag, ganske så ordrikt til tider. Det forteljande har Cave så godt som lagt til sides på Skeleton Tree, her er han meir insinuerande, meir over i det underbevisste kanskje.

Og absolutt alt er ikkje mørkt og sortungt. Eg opplever i alle fall Rings of Saturn som noko litt anna, som eit erotisk lada augeblikk. Nick Cave halvsyng ein surrealistisk tale, eller kanskje ein hyllest, til ei kvinne, som ligg naken i senga, ved sida av hovudpersonen, etter at sexakta har komme til sin ende, og som ikkje har anna å seie om det enn at «this is the moment, this is exactly where she is born to be». Eit slektande tema kan det også vere at Magneto touchar innom. Refrenget kan i alle fall tyde på det. Refrenget der Cave med lengt i diksjonen syng «In love, in love, in love you laugh, In love you move, I move and one more time with feeling». Samstundes er det noko definitivt sorgtungt over den som gjer at eg tenker at den vel så mykje handlar om å bli ramma av «such a hard blues down there in the supermarket queues». Nede der blant alle som synst synd på han.

Skeleton Tree er musikk som så vidt pustar, men likevel har intense krefter i seg.

TIDAL: NICK CAVE & THE BAD SEEDS – SKELETON TREE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s