Anderson .Paak – Malibu

Standard

Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                                7

Bilderesultat for anderson .paak malibu  Så mykje musikk, så lite tid. Eg har blant anna høyrt for lite på Malibu dette året. Ei plate som dukka opp omtrent før 2016 var i gang. Og som eg då høyrte nokre gonger på, noterte meg, og så gløymde litt bort. No i etterdønningane av A Tribe Called Quest sin svanesong, der Anderson .Paak deltar sjelfylt på ei låt fann eg det opportunt å plukke den opp igjen. Det skulle berre mangle. Anderson .Paak er jo same fyr som sørga for at låta Animals blei til høgdepunktet på Dr. Dre sitt comeback-album i fjor. Og elles gjorde seg sterkt gjeldande på fleire andre spor på same album. No, nesten eit heilt år etter januar 2016, er det ikkje anna å melde enn at Malibu er særdeles raffinerte saker. I eit kryssingspunkt mellom hiphop og soul, og jazz, og funk, og surf, og eit og anna ant.

Malibu er Anderson .Paak sitt andre album. Det første kom i 2014, og har tittelen Venice. Ikkje som i Venezia, men som i Venice Beach, ei strand og ein fargerik strandpromenade i Los Angeles-området. Akkurat som Malibu også er ei strand i same område. Så det er noko med .Paak og strandliv. Det er også noko med .Paak og Los Angeles. Han er fødd og oppvaksen i området. Under ikkje heilt enkle kår, av svart/koreansk avstamming. Med ein fråverande far, som dukka opp då .Paak var sju år, berre for i neste omgang å banke opp mora, og slik hamne bak lås og slå for fleire år.

Anderson .Paak byrja sitt musikarliv med å spele trommer. Noko han for så vidt framleis syslar med. Han er ikkje pianist, slik det fargerike coverbildet til Malibu kan gje inntrykk av. Eit coverbilde som elles står i stil med kva som finst av musikk på innsida. Her er mangfald, temperaturen er god, og musikaliteten er overtydande.

Anderson .Paak både rappar og syng. Raffinert glir heilt naturleg mellom dei to uttrykksformene. Han har ei stemme som både er silkemjuk og raspande. Og serverer låtar ein kan seie noko av det same om. Heile albumet har ein sofistikert eleganse, men det dampar bra av fleirtalet av låtane, og dei er ikkje nødvendigvis vaska og reingjort ifrå topp til tå.

Malibu er ramma inn av to låtar der minner frå ein oppvekst har ei viss rolle. I soulmjuke og jazzgåande The Bird fortel .Paak om ei mor som «caught the gambling bug», ei søster som song Whitney-låtar og ein far «behind bars». Men han fortel også om «the bird», ei kvinne, og samanliknar henne med «the sweetness of a honeycomb tree». Når låta The Dreamer gjer seg til kjenne som sistespor har det vore snakka ein del om kvinner undervegs. Om ein mann sine draumar om kvinner, og om slikt ein mann og ei kvinne kan gjere i hop. Malibu har absolutt eit erotisk vesen. Men i The Dreamer handlar det om barndomsdraumar og minner. .Paak drar inn gode og mindre gode minner frå eigen barndom, og gjer setninga «Don’t stop now, keep dreaming» til eit mantra.

Am I Wrong spør .Paak seg sjølv ein stad undervegs. Det handlar om ei kvinne. «Am I wrong to assume if she can’t dance, then she can’t ooh?» spør han lett bekymra, og legg til at han jo verken er lysten på å kaste bort kvinna si tid eller si eiga tid på noko som ikkje skulle vise seg fruktbart. Og groovet er dampande, over i ei disko-lei, blåsarar melder seg på, og ein gjest likeså, ScHoolboy Q. Det er sjølvsagt slik at .Paak ikkje på nokon måte er åleine om opplegget. Gjester stikk innom, og i god hiphop-ånd blir det sampla frå ymse hald. I høgdepunktet The Season/Carry Me smeltar til dømes .Paak inn nokre tonar frå Edvard Grieg sin Solveigs sang, og lar det bli til eit tema. Utav det kjem ei låt som både er tilbakelena og kraftfull, som har groovet som skal til, og ein treffsikker veksling mellom song og rapping. Igjen er oppveksten eit tema, men også livet som musikar, og det å få eit namn.

I kategorien «det var groovet sitt du» kan ein vel plassere fleirtalet av låtane på plata. Frå den funky soulsaken Put Me Thru til den bassige Come Down til ettermiddagssoulen i Heart Don’t Stand a Chance. Ja slik driv Malibu av garde, energisk og slakk, men aldri lunken.

TIDAL: ANDERSON .PAAK – MALIBU

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s