Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager. 8
Det har blitt litt tynnare i rekkene i 2016. Fleire musikarar har gått bort. Nokre rakk å gje ut ei bra plate på oppløpssida — David Bowie, Leonard Cohen. Det gjorde Phife Dawg også. I mars i år døydde han, men han rakk først å spele ei vital rolle på comeback-albumet til A Tribe Called Quest.
Det var nittitalet som var New York-kvartetten A Tribe Called Quest sitt tiår. Då stod dei for eit par av hiphop-historias aller sterkaste album. I 1991, i eit av dei verkeleg legendariske plateåra, gav bandet ut sitt andre album, The Low End Theory. På mi årsbeste-liste frå dette året smyg det seg elegant inn ganske så nær toppen. Noko det gjer med ein fusjon som den gongen, i 1991, ikkje hadde blitt nytta i særleg grad. Kvartetten slo nemleg fast at hiphop rima på bebop, og serverte ein jazzkrydra affære der groovet kitla, varmen oste, og samhandlinga mellom dei to rapperane Q-Tip og Phife Dawg glei som ein heit kniv gjennom smør. To år seinare kom dei med det mindre jazzinfluerte, ratt så funky og sterkt vanedannande albumet Midnight Marauders. Bygd opp kring refreng som fenga og ein sjeldsynt drivande samklang. Dei mekka i hop to album til før nittitalet var over. To som nok var noko daffare i ganglaget enn dei nemnte meisterverka. Og så blei A Tribe Called Quest oppløyst og nedlagt.
Oppløyst og nedlagt, men ikkje heilt ferdige. Dei hadde ein time til i seg, skulle det altså vise seg. No, atten år seinare. Ein time grunnlagt på overskot og ei ganske mangfaldig innstilling. For der The Low End Theory og Midnight Marauders kvar på sin måte er det eg vil kalle homogene album sprikar We Got it From Here… Thank You 4 Your Service i noko fleire retningar. Albumet har nittitalet i seg. Mest slik det fortona seg på Midnight Marauders. Men står ikkje fast der. Det er så avgjort 2016 også. Ein del av årsaka til det mangfaldige bildet ligg nok i talet på medspelarar og gjester. Frå tangenttraktørane Casey Benjamin og BIGYUKI til Chris Scholar og ikkje heilt ukjente Jack White på gitar. Elles stikk både tidlegare samarbeidspartnar Busta Rhymes og nåtidige namn som Kanye West, Kendrick Lamar, Anderson.Paak og André 3000 innom og låner bort røysta si.
CNN and all this shit, gone on now move with the fuckery
Trump and the SNL hilarity
Troublesome times kid, no times for comedy
Blood clot, you doing, bullshit you spewing
As if this country ain’t already ruined
Media presenterer «fuckery» i staden for skikkelege nyhende. Saturday Night Live synst det er til å le av. Det synst ikkje Phife Dawg, det er trøblete tider, og ein sprø presidentkandidat er ikkje noko å spøke med (Phife hadde vel neppe vore mildare stemt om han hadde levd til å oppleve at kandidaten til slutt enda opp med å bli valt til president). I vers to kjem Kendrick Lamar på banen og meislar fram bilde av blodutgyting og vald, og driv inn i eit mantra som går slik: «Sayonara tomorrow, it’s just blood on the ground». Låta heiter Conrad Tokyo, og er ein av fleire på albumet med ein ganske så tydeleg politisk brodd.
«It’s time to go left and not right» lyde det unisont frå Q-Tip og Phife Dawg i opningssporet The Space Program. Eit psykedelisk og funky nummer som tar for seg både det eine og det andre. Tanken om at det nok ikkje er plass til afro-amerikanarar på romskipa som skal frakta folk til Mars når den store klimakatastrofen veltar inn over verda («There ain’t a space program for niggas, Yeah, you stuck here nigga»). I neste omgang handlar space-programmet om gentrifiseringa som skjer rundt i amerikanske byar. Det store mantraet blir likevel at vi er i dette i lag, heile menneskeslekta, så «let’s make something happen».
All you Black folks, you must go
All you Mexicans, you must go
And all you poor folks, you must go
Muslims and gays, boy, we hate your ways
So all you bad folks, you must go
Her skulle det vel vere lita tvil om kva for ein fyr Q-Tip siktar til, kven han hentar desse orda frå. Han gjer det i låta We The People. Eit særdeles fengande og forrykande nummer om undertrykking og kyniske politikarar, der Q-Tip sine evner som melodisk rappar kjem skarpt til uttrykk. Noko det for så vidt gjer ein og anna plass elles også. I Melatonin til dømes. Ei låt der ein elektrisk gitar bringer tankane mine i retning av Prince, og der Q-Tip snakkar om pilleknasking og rusmisbruk som ein rømmingsveg bort frå ein verden som meir enn knirkar i hengslene.
Melodisk (og ikkje så lite sjelfylt) er også Anderson .Paak, når han på Movin Backwards gjer sin beste innsats for året (jepp, hakket betre enn på sitt absolutt dugande soloalbum — Malibu). André 3000 er på si side bra medverkande til at det jazzige nummeret Kids… tar fyr, med si gjentakande oppvekkingsstrofe «Kids, don’t you know how all this shit is fantasy?».
Heile sulamitten er spelt inn i Q-Tip sitt studio, som han har bygd i sin eigen kjellar. Som hovudprodusent har han hatt éin regel, og det er at alle deltakarar har måtta møte opp der for å framføre sitt bidrag. Eg ser ikkje bort ifrå at nett det har gjort sitt til at albumet er blitt så friskt og vitalt som det er blitt. Slik ein kvar svanesong vel eigentleg burde vere.
TIDAL: A TRIBE CALLED QUEST – WE GOT IT FROM HERE… THANK YOU 4 YOUR SERVICE