Tom Roger Aadland – Føyel og Stål

Standard

Fleire gode viser om slike ting som livet har å by på.

6

cover

Det strålar ein god varme utav songane til Tom Roger Aadland. Næra av livserfaring og eit raust sinnelag finn den fram til både melankoli og hugnad, Den kan te seg mjukt og fløyelsaktig, den kan te seg hardt og ubøyelig. Tittelen på Aadland si nye plate er inga tilfeldig sak.

Fløyel og Stål er Tom Roger Aadland si andre plate etter at han fekk sitt vesle gjennombrot med nynorskgjendiktinga av Dylans Blood On the Tracks (Blod På Spora). Han viste ved førre korsveg, og plata Det Du Aldri Sa, at han var vel så interessant når han laga songane sine heilt sjølv. Songar som i si soniske form høyrde til i eit rimelig ukomplisert og melodisk attraktivt folkrock-landskap. Songar der tekstane stod fram som velformulerte og kloke skildringar av slikt som menneske utsett seg sjølv og andre for.

Sine tidlegare plater har han spelt inn i nabolaget til den vestlandsbygda (Vikebygd) der han vaks opp og blei ein mann. Årets plate har han spelt inn i den norske hovudstaden der han no bur. Det er blitt ei plata som statuerar det han viste på Det Du Aldri Sa. Ein tanke meir fløyel over produksjonen kanskje, ein tanke meir pop i tonelaget kanskje, men først og fremst er han den gode trubaduren som framleis skildrar diverse mellommenneskelige tilhøve på slåande vis.

Eg ser skuggane rundt bordet
Eg ser skrømt på høglys dag
Eg ser alt me ikkje gjorde
Eg ser deg og meg i lag

Songen heiter Skuggane. Det er ein song om ei affære som ikkje blei noko av. Om det å sjå seg tilbake og kjenne angeren brenne for steg ein aldri tok. Ei sterk vise. Versa luntar langsamt, refrenget travar raskare, lidenskapen lever i tonane, og eg kan høyre både lengt og harme i songaren si røyst. Men han overdriv ikkje denne songaren, ikkje i denne songen, og ikkje i andre songar. Eg opplever han som uttrykksfull på den måtehaldne måten, den gode måten, langt langt unna der patos og slikt veks seg uhandterlig. Også når han sig i kne.

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Men ein engel kom meg til behag
Du er min beste ven på ein dårleg dag

Min Beste Venn På ein Dårleg Dag er det fengande folkpopnummeret som innleiar seansen. Ein song om det å skubbe seg på skarpe kantar for å finne fram til noko ein kan stole på, samstundes som songaren ymtar frampå om at det nok vil gå bra til slutt. Det er ein avstand der, mellom desperasjonen på den eine sida og den håpefulle trøysta på motsatt side. Kontrastar av dette slaget er eit gjentakande fenomen plata igjennom. Den lett spretne Smilefjes har eit muntert vesen. Men er no alt like smilande på innsida av fjeset? Den mjuke og godlynte tributten Skulle Kledd Deg i Silke blir avløyst av eit oppgjerets time. Blueslåta Song Gjennom Natta. Med ein eg-person som formulerer beiske skuldingar både mot seg sjølv og ei kvinne, og tida dei har tilbrakt saman. Ei tid som i bakspegelen fortonar seg full av rimfrost og klake. Like fullt, er det ikkje slik at han eigentlig sit der med eit sakn i brystet, og kunne tenkt seg tilbake dit? Eit sakn som i andre samanhengar blir formulert på andre måtar.

Kva bryr det meg om vårregnet fell
Om dagslyset varer litt lengre kvar kveld
Om mildvêret kjem, medan vinteren dreg
Utan deg her, kva bryr det meg?

Kva Bryr Det Meg er platas høgdepunkt. Ei gripande vise om kor fåfengte alle verdens store under fortonar seg når det aller viktigaste, Du, er borte. Poetisk og varleg uttrykt. Der akustiske gitartonar både fargar løypa med blomestøv, og vitjar søla i grøfta like ved. Og i skumringa som luskar etter kan ein ane at nokon strør litt sonisk gnissel, med nennsame fingrar. Det sitrar.

Tom Roger Aadland syng for så vidt ikkje om saker som aldri er blitt omsunge. Han syng for så vidt om livet slik det er. Men han gjer det med ord som får meg til å grunne. Som har ein verknad. I songar det derfor går an å lengte tilbake til. Og finne att.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s