Neil Young & Crazy Horse – Everybody Knows This Is Nowhere

Standard

Eit kraftfullt og applauderande kapittel i sagaen om dei verkelig glødande tonane.

cover  Då Neil Young i 1990 gav ut sitt sjette studio-album med trioen Crazy Horse som backingband, titulerte han det Ragged Glory. Ein tittel som betre enn noko beskriv lyden dei har skapt når dei verkelig har vore på hogget. Og aldri var samspelet så glødande som den aller første gongen dei hadde elektrisk rendezvous i eit platestudio.

Året er 1969. Det er Woodstock-festivalen og kulminasjonen av hippie-tida. Nokre amerikanarar spaserer rundt på månen. Led Zeppelin gjev ut sine første plater, og rockehistoriske meisterverk kjem tettare enn regnværet på Vestlandet: Hot Buttered Soul (Isaac Hayes), The Gilded Palace of Sin (Flying Burrito Bros.), The Band (The Band), In The Court of the Crimson King (King Crimson), Let It Bleed (Rolling Stones), Abbey Road (The Beatles), for å nemne ei handfull.

Det aller mest minneverdige lurer eg likevel på om ikkje ein 23 år gammal canadiar (med lurvete, men dynamisk hjelp frå ein Los Angeles-trio) fekk festa til tape nokre inspirerte vårdagar dette året. Neil Young hadde allereie ved årets inngang levert sitt sjølvtitulerte debutalbum. Eit album der hovudretninga er det tradisjonelle singer/songwriter opplegget. Fleire fine låtar, men vel berre ein som kan få karakteristikken eksepsjonell. Den kraftfulle og urovekkande The Loner er laga av eit litt anna og meir evigvarande materiale enn dei resterande ni kutta. Samstundes er den eit forvarsel på kva som skal komme berre nokre få månader etterpå.

Året før, medan han enno var med i Buffalo Springfield (rett nok på av-og-på-basis), hadde Neil Young lagt merke til, og så vidt begynt å jamme litt saman med, eit garasjerock-band frå California som kalla seg The Rockets. Grunnstamma i dette bandet tok Young med seg i studio til innspelingane av sitt andre album, og døypte dei samstundes om til Crazy Horse. Det var den pulserande rytmeduoen Billy Talbot (bass) og Ralph Molina (trommer), samt den pasjonerte og initiativrike gitaristen Danny Whitten.

Everybody Knows This Is Nowhere står det skrive ein eller annan stad mellom opphavsmannen sin høgre olboge og himmelsyninga. Med den etterkvart så tradisjonelle flanellskjorta dinglande rundt overkroppen, og ein vennlig hund ved sine føter, står Neil Young og støttar seg til ei solid trestemme. Bakom han ligg eit aude landskap (nowhere?), framom ligg framtida og ulmar (anywhere?). Den førti minuttar lange seansen som gøymer seg på innsida av denne illustrasjonen er av eit slikt kaliber at den fortener eit kraftfullt og applauderande kapittel i sagaen om dei verkelig glødande tonane.

Det startar med den ultimate riffbaserte rockelåta Cinnamon Girl. Gitaren går tøft og aggressivt til verket i front av eit bastant rytmedriv. Ein lett surrealistisk og ikkje så lite svermande tekst plassert i eit melodisk måneskinstrålande landskap med himmelske overgangar kontrar den barske gitar-elektrisiteten og skaper tre forførande og uovervinnelige rock’n’roll minuttar:

A dreamer of pictures
I run in the night
You see us together,
chasing the moonlight,
My cinnamon girl.

Parallelt med Gram Parsons tar også Neil Young sine inspirerte turar innom arven etter Hank Williams. Tittelsporet og The Losing End (When You’re On) er klassisk countryrock både i melodiføring, instrumentering og tematikk. Det er heimlengselen etter eit miserabelt opphald i nowhere. Og det er skildringa av det trykkande mismotet til ein forsmådd fyr: «It’s so hard for me now, but I make it somehow, though I know I’ll never be the same.» Melankolien ligg også på lur i den langsamt duvande Round & Round (It Won’t Be Long): «How slow and slow and slow it goes, to mend the tears that always shows.»

Med på å gje desse strofene sitt lækjande aspekt er vokalharmoniseringa til Robin Lane, ei dame som hadde samarbeidd litt med The Rockets. Samarbeidd med The Rockets hadde også fiolinisten Bobby Notkoff gjort. Han er med på å gjere den gnagande og sørgmodige folkpsykedeliske Running Dry til eit utruleg vakkert rekviem. Undertittelen er «Requiem For the rockets» men temaet i låta har vel ingen direkte tilknyting mot gjengen. Her er det den store angeren forårsaka av heller sjofel åtferd som vert omsunge.

Dei to låtane som no står att å nemne dekkjer til saman halve speletida til albumet. Det er heilt i orden, for dei kunne sikkert vore minst dobbelt så lange utan å ha kjeda lyttaren eit sekund. Det er her fusjonen Young og Crazy Horse verkelig stegar ut i kaleidoskopiske landskap. Det er her Young flyttar den frigjorte Coltrane-inspirerte ånda inn i sitt rock-univers. Det er med Down By the River og Cowgirl In the Sand at albumet veks seg frå praktfullt og over i dimensjonar berre ei lita handfull held til i. Dei to låtane avsluttar kvar si LP-side.

Down By the River er ein desperat men samstundes inderlig stemningsfull tripp inn i eit ustabilt sinn. «It’s so hard for me staying here all alone, when you could be taking me for a ride» fortvilar hovudpersonen før låta blir dradd inn i sitt mest nakkehår-reisande parti; «yeah, she could drag me over the rainbow, send me away», før den med full kraft kastar seg skånsellaust inn i refrenget: «Down by the river, I shot my baby.» Det er slikt som kan føre ein stakkar inn i transeliknande tilstandar. Når så påfylgjande instrumentalparti finn groovet, og Neil vrenger, og Danny Whitten flyttar fokus, og Neil bøyer seg ned og lar tonen sitre, ja då, då går eg tom for ord og berre svevar med ned mot elva.

Cowgirl In the Sand er Neil Young si førestelling over korleis det er på strendene i Spania. Etter nokre nølande sekundar svingar den seg inn i eit instrumentalparti minst like heitt som sandkorna under jenta sine bein. Vers+refreng dukkar opp tre gonger og kvar gong vert dei etterfylgt av besettande og poetisk rike instrumentalparti. I andre vers kjem han inn på eit emne som skal dukke opp med full kraft ti år seinare; «Hello Ruby in the dust, has your band begun to rust.» Rytmeduoen lar motoren gå, Neil svingar pisken og roar ned, Whitten bygger under og slår kontra. Det er vitalitet i andre potens og eit klassikarkolorert punktum.

Det er nesten ingen som driv på med slikt som dette lenger.

10/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s