First Aid Kit – The Lion’s Roar

Standard

Dei unge svenske harmonisyngande søstrene serverer ei plate det smakar alvorlig gjennombrot av.

8

cover

Eg burde sannsynlegvis vere noko varsam i mi omfamning av First Aid Kit. Eg burde sannsynlegvis seie noko slikt som at søstrene Söderberg byr på country- og folktonar som varmar ein kulsen januarkveld, og for den saks skuld alle andre kveldar. Eg burde absolutt seie noko om den overmåte dynamiske og naturlige harmonisongen deira. Og eg burde nemne at The Lion’s Roar har vore sterkare til stades i livet mitt enn nokon annan plate dei siste par vekene. Og så kanskje la det bli med det.

For eg burde sannsynlegvis ta omsyn til at dei neste gong, og gongen deretter, og så atter igjen, kjem til å by på endå sterkare saker. Når eg høyrer på The Lion’s Roar tenker eg at nett det skal ikkje bli lett, nett det skal eg ikkje forvente. Likevel, noko seier meg at så vil skje. Noko seier meg at 19 år gamle Klara Söderberg og 21 år gamle Johanna Söderberg er her for å bli, lenge. Noko seier meg at dei kjem til å skape musikk som vil leve endå lenger. Noko seier meg at dei kanskje alt har gjort det. Så eg knipsar varsemda bort i søppelbøtta i hjørnet (der den legg seg tilrette oppå den nye Springsteen-singelen), og går The Lion’s Roar i møte med stjerner i augo.

Frå søstrene første gong (i 2008) sjarmerte meg (og ein million til) på Youtube med sin versjon at Fleet Foxes-låta Tiger Mountain Peasant Song har eg vel i grunn skjønt det. Desse to er det noko spesielt med. Ein ep og eit debutalbum forskusla ikkje det inntrykket. Med stor hug og like stor musikalitet, men ein kanskje ikkje like tydelig signatur, serverte dei akustiske og semiakustiske folksongar som dei hadde laga sjølve. Songar som, naturlig nok, ikkje alltid kunne få stempelet storarta, men som samla sett bar på eit bod, og vel så det.

Etter den tid har dei spelt inn ein single med Jack White som produsent. Eg har sett dei (på Youtube) gjere ein rørande versjon av Patti Smith sin Dancing Barefoot (berre spør komponisten, ho satt i salen). Og eg har sett dei (også på Youtube) synge Lua saman med Bright Eyes. Hadde det ikkje vore for at dei som sagt kjem til å gjere drøssevis av fabelaktige songar i tida som kjem, kunne eg kanskje brukt uttrykket «og dermed er ringen slutta» om sistnemnte seanse. For det var jo nettopp ei intens interesse for Bright Eyes-albumet I’m Wide Awake It’s Morning som i si tid førte søstrene inn på country/folk-sporet. Derfor kan det knapt heller kallast ein sensasjon at det er den mangeårige Conor Oberst-kollaboratøren Mike Mogis som er hyra inn som produsent for The Lion’s Roar.

Han har, som de har skjønt, på ingen måte klussa det til. Han har vore med på å gje songane til søstrene meir klang, meir lyd, ført dei inn i eit modnare bilde. Alt utan å røre ved friskleiken. Den er der, minst like klar og uimotståelig som sist. Den er der saman med betre songar. Sterke songar. 10 i talet, og ikkje ein einaste uinteressant så langt høyrsla mi rekk. Og den rekk langt.

Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande utav seg, gjer First Aid Kit denne gongen det tradisjonsbundne sin eigen tydelige signatur.

Eit strøk av melankoli har det alltid vore i folkuttrykket deira. Melankoli kopla med det oppstemte og det uskyldige. Melankoli som har skrapa i overflata. Dei går djupare no, og vidare.

«Now the pale morning sings of forgotten things» lyde første strofe. Og sjølv om det ikkje er skånsellause Edgar Allan Poe-sfærar dei entrar er det definitivt eit distrikt prega av skyggar og vemod dei opnar døra mot.

Det dansar ein uro tvers gjennom tittellåta. Ein uro som minner noko om den som kan høyrast i Hank Williams klassikaren Alone And Forsaken. Den har den einsame klangen frå ein som kjenner seg svikta. Men den har ikkje klangen av undergang. Den eksponerer ein skikkelse eg skjønar vil klare seg. Ein skikkelse som kan snerre: «I’m a goddamn coward, but then again so are you».

Det er langs den linja First Aid Kit balanserer plata igjennom. På den eine sida, det skjøre, det nedstemte, på den andre sida evna til å rette ryggen og kaste seg om halsen på vegen vidare. Livsmottoet deira må ganske enkelt vere «Syng!». For det er det dei gjer, meir enn dei fleste. Syng, så naturlig, så fritt, så lausrive frå alle formaningar om kva som er riktig og gale. Og då blir det sjølvsagt 100% riktig. Klara, den yngste, er i hovudsak forsongaren, men dei er utan tvil to om det. To som blir til ein utvungen og samanvevd klang som sannsynlegvis berre søstrer kan skape.

Med den forførande countrylåta Emmylou hyllar dei harmonisongens stimulerande sinnelag, og nokre av dei som med denne som middel har inspirert søstrene dit dei er i dag: «I’ll be your Emmylou and I’ll be your June, If you’ll be my Gram and my Johnny too». Joni Mitchell har også vore ein inspirasjon. At dei har døypt ei låt her for Blue er kanskje eit lite hint om det. Sjølv om det er andre låtar på plata som har tydeligare Mitchell-spor enn nett den. Den er ein spretten folkpop-sak om ei kvinne dei prøver mane tilbake til eit liv som stansa då tragedien ramma.

Det handlar om det evige temaet. Kjenslene som driv rundt i mennesket, som driv mennesket, som bind mennesket, som er mennesket, som vandrar mellom menneske.
I den nennsamt arrangerte To A Poet og dens nakkehårpirrande refreng: «Now I miss you more than I can take and I will surely break». I den heimsøkte, mystiske og ordspråkoppbygde Dance To Another Tune: «With each secret revealed, there’s another to be told». Og i den feiande fengande flotte King Of The World, der Conor Oberst stikk innom og syng med, og fylgjande kongerefreng rår grunnen: «I’m nobody’s baby, I’m everybody’s girl, I’m the queen of nothing, I’m the king of the world».

Det er ingen grunn til å stusse.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s