First Aid Kit – Ruins

Standard

Retro-folkpopen til søstrene Söderberg ligg slett ikkje i ruinar.

Bilderesultat for first aid kit ruins  Eg likar Postcard. Ein enkel song heilt utan soniske nykker. Ja heilt utan andre nykker for den saks skuld. Ein countrysong. Med ein melodi som ikkje dukka opp i går. Ein medrivande melodi. Som sikkert har vore her i hundre år. Nå er den plukka ned av søstrene Söderberg, og blir framført i søsterleg harmoni. Den handlar om eit postkort til ein kjærast som har dratt. Som nå er ein eks-kjærast. Det handlar om å ynskje seg eit postkort, frå denne eks-kjærasten. Det handlar om at «life’s not what you make it, baby». Songen har sjølvsagt tydelege melankolske drag, og bringar saknet til torgs, men eg tykkjer det som pregar songen aller mest er varmen den har i seg.

Eg likar Hem of Her Dress. Songen Hem of Her Dress. Ein song bore fram av skarpe tonar frå akustisk gitar. Ein song der søstrene Söderberg tidvis tar ganske så kraftfullt i med røystene sine. Ein countryfolksong som ikkje dukka opp i går. Ein song med tonar som snurrar seg rundt tema som har vore her fleire gonger før. Ein song som tematisk tar opp tråden om lag der Postcard slutta. Det kjem ikkje eit postkort, men telefonen ringer, og han, eks-kjærasten, fortel. Han har funne seg sjølv, i saman med ei anna. Og det gjer vondt. Og songaren ser seg sjølv som «a photograph that you forgot you took». Og melankolien dryp som tungt regn. Men songen skal endre karakter, i si siste fase. «La-da-da-da-da-da» stemmer eit kraftfullt kor i, og der er vi på puben, ein irsk ein, og alle syng med.

Eg likar stemmene til dei to søstrene. Måten dei så heilt naturleg forstår kvarandre, og kling i hop, dansar saman. I songar som denne gongen har eit tema som absolutt høver bra med albumets tittel, Ruins. Kjærleik som ligg i ruiner. Som ikkje lar seg reparere. Som kan føre til utsegn som «I learned some things never heal with time». Utan at songane blir for tunge, for triste, for håplause. Dei har ein kommande vår i seg også. Ikkje minst takka vere klangen frå dei to røystene.

 Eg likar ikkje alle dei ti songane på dette, deira fjerde album, like godt. Men det er ingen eg direkte mislikar. Eg trur likevel at nokre av songane kunne stått endå sterkare fram med ein meir spartansk produksjon. At dei hadde vore meir folk enn folkpop. Nokre av låtane, eller kanskje meir korrekt deler av nokre låtar får eit litt matt drag av litt for mykje, litt for stor, lyd. Som til dømes avslutningssporet Nothing Has To Be True, som vandrar vegen frå vakker tander vise til eit for langt og for konturlaust avslutningsparti.

Men eg likar Ruins. Det er eit album som er betre den femte gongen eg høyrer det, enn det var den andre gongen. Eit album som gror seg til altså, og blir til det nest beste i First Aid Kit-katalogen.

7/10

TIDAL: FIRST AID KIT – RUINS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s