Tag Archives: Meg White

The White Stripes – Icky Thump

Standard

Jack har igjen tatt eit godt grep om gitaren, men han og søstera er ikkje like sprelske som ved førre korsveg.

5

cover

Det har komme meg for øyra at det var rett så mange som følte seg snytt sist gong Jack og søstera gav lyd frå seg. Get Behind Me Satan lydde ordren dei snerra fram den gongen. Før dei stupte uti det i eit forsøk på å skape eit litt annleis og meir vidtfemnande sonisk bilde. Den elektriske gitaren fekk berre spele ei birolle. Pianoet fekk langt fleire replikkar. Ja, sannelig om ikkje ein støvete Marimba fekk det også. Falsettsong, funk og eit ikkje så reint lite laust ledig og leikent vesen prega plata minst like mykje som blues-skalaen. Eg likte den veldig godt den gongen. Eg likar den like godt i dag.

White Stripes har ikkje blitt verande der ute i det fruktbare villnisse. Dei har søkt heimatt. På Icky Thump har dei gitt større deler av bildet tilbake til bluesen, og det er atter ein gong gitaren som spelar hovudrolla. Og ja, vi har høyrt det før. Men er det bra kan vi vel tåle litt til. Så er det bra? Tidvis.

At Jack White kan sin Jimmy Page har han vist før. Eg kan likevel godt tåle meir av det slaget når det kjem i slike former som det gjer i tittelkuttet. Med røffe gitarparti, tøff vokalfrasering og eit velfundert lite stikk inn i innvandringsdebatten; «White americans, what? Nothing better to do? Why don’t you kick yourself out, you’re an immigrant too».

Ein litt meir lakonisk zeppelinsk innfallsvinkel vel han i 300 M.P.H. Torrential Outpoor Blues. Men ikkje ein svakare ein, snarare meir djevelsk, og med ein skikkelig kjekkaskonklusjon; «One thing’s for sure in that graveyard I’m gonna have the shiniest pair of shoes».

Så får det heller vere at Meg ikkje kan sin Bonham. Det prøver ho forresten ikkje å gje inntrykk av heller. Ho held seg til sin enkle og primitive stil. Det fungerer greitt det også. Stort sett. Av og til kjem ho også litt til orde. Som når ho i tillegg til å dunke effektivt på trommeskinna fører ein fiffig samtale med broderen innimellom versa i den sprelske bluesrockrap saken Rag and Bone.

Det er ikkje all bluesen på Icky Thump som er like bra. Nokre nummer blir for baktunge og blodfattige. Stundom blir ein også sittande å kjenne på at den minimalistiske stilen og den forsøksvis presise koloreringa deira kanskje kan bli litt for kjølig og gjennomtenkt. Den er dynamisk stikkande og stilfull, men forårsakar i litt for liten grad heit panne, sveitt nakke og den der prikkande kjensla.

Ved nokre høve søker dei mot tonar ein ikkje er heilt vant med å høyre frå deira kant. Utan at eg vert sittande med eit håp om at dei utforskar dette meir. For eg opplever dei som nokså traurige når dei med innleigd blåsarhjelp prøver seg i latinoformer i albumet si einaste lånte låt Conquest. Eg kan også styre mi begeistring for White Stripes i skotskrutete formasjon (med sekkepiper og det heile) i sing-a-long saken Prickly Thorn, But Sweetly Worn, og i det definitive botnpunktet her, den Meg-vokaliserte nonsensgreia St. Andrew (This Battle Is In the Air).

Då kjem dei langt betre i frå det når dei slenger beina på bordet og i god gammaldags Keith-på-fest-med-Gram stil countryrockar seg gjennom You Don’t Know What Love Is. Eller når dei søker mot primetime Meat Puppets i pasjonerte A Martyr For My Love For You. Attraktive er dei også når dei travar ut av arenaen i oppstemte og melodivinnande countryrock-former med Effect and Cause.

Icky Thump flyttar seg lettare og meir overtydande enn Elephant og De Stijl, men er nok ikkje den dynamiske duoen på sitt beste. Til det blir den litt for ujamn.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

The White Stripes – Get Behind Me Satan

Standard

Med desse 13 avkledde låtane fører Jack prosjektet sitt inn på eit meir variert spor. Ikkje snu, følg sporet vidare, mann!

cover  Nå hadde så avgjort forsmaken Blue Orchid, med sin medrivande falsettvokal og riffvitale og funky framtoning, sådd eit håp. Likevel var eg litt skeptisk. Kanskje berre fordi eg er svak i trua? Eller?

Det var noko med Elephant. Mi interesse for White Stripes blei kraftig redusert ein eller annan stad midt inni Ball And Biscuit. Det var noko med denne strevsame Stooges-møter-grunge i eit heller meloditafatt og bluespåvirka lende som drap gnisten, og sendte elefanten baktung ut i ei sørpete eng der den vart ståande og stampe. I alle fall heilt til påstanden Girl, You Have No Faith In Medicine vart kasta fram. Joda, eg veit at fremst ligg det ein Seven Nation Army, og eit par steg lenger bak kranglar den endå betre There’s No Home For You Here seg fram i sprelske andedrag. Ja, faktisk lever plata ganske så bra den heilt til det der nemnte augneblikket i spor åtte treff ein tungt i magen.

Rykta i forkant av deira femte album fortalde rett nok om ein duo som slett ikkje hadde falt for freistinga å sende inn ein ny elefant. Her var det snakk om mindre blues, meir Cole Porter, mindre gitar, meir piano og ein Jack som snakka om sanninga som eit ideal. Eg fekk og med meg at låtane var komponert og spelt inn på berre to veker. Det var rapportar som fortalde om skisser meir enn fullendte songar. Og Jack hadde proklamert idéen om å gjere feiltrinn, ikkje tilgjorte, men ekte. Vilskene og tverre pretensjonar frå ein fyr som ville vise seg, tenkte eg. Kanskje hadde han og søstera komme seg opp av den sørpete enga, men kva hjelpte det når dei no såg ut til å ha rota seg bort blant visna og knekte roseplanter i staden?

Etter nokre timar i samvær med Get Behind Me Satan lyt ein berre innsjå at skulle det vere inni eit klunger av medfarne roseplanter dei oppheld seg, ja så er det ein fabelaktig stad å vere. Er det tverre pretensjonar som ligg bak, ja så ver velkomen tverre pretensjonar. Velkomen også til levande feiltrinn, næringsrike skisser, det stygge, det vakre, sanninga og løgnene.

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet. Men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar.

Skal ein vere heilt rettvis (og det skal ein jo) så har nok ikkje søskenduoen fylgt den gitarbarske bluesvegen 100% slavisk før heller. Det har jo dukka opp ein og annan popfiksert eller folkinspirert sak innimellom. Gjennombrotsplata White Blood Cell hadde nok slett ikkje vore det vitale fyrverkeriet den er utan injeksjonar av vital pop og skakk folk. Men til og med den plata sovnar inn i ein litt meloditam bluessøvn mot slutten (før den vaknar til liv i form av eit beksvart Lennonsk popblues tiltak kalt This Protector). Get Behind Me Satan korkje rotar seg bort i stillstand eller einspora søvn, den er ei potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

Underteikna er ikkje så veldig flink til å halde seg oppdatert på privatlivet til desse rockestjernene. Har likevel fått med meg at Jack skal ha hatt ein affære med skodespelar Renee Zellweger for så etterpå å gifte seg på Amazonas-elva med ei Karen. Kor mykje det er av desse opplevingane, og andre personlege hendingar, som ligg til grunn for det han har på hjerta veit eg vel eigentleg ikkje. Men det eg høyrer er i alle fall skildringar der tema som kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle og forknytte tankar kjem til utløp.

I den seige marimba-drevne og cymbalkrasjande The Nurse står hovudpersonen svikta tilbake og hevdar (vel med rette) at «The nurse should not be the one who puts salt in your wounds». Kjensler som flyg i ulike retningar vert utdjupa i den dynamisk gyngande og pianostyrte Forever For Her (Is Over For Me). Pianoet er også i førarsete, men i eit meir funky lende, i det catchy popeventyret My Doorbell. Her sit hovudpersonen og lengtar etter den der dama, samstundes som han prøver å overtyde seg sjølv om at det er nett det han ikkje gjer.

Joda, det er nok pianoet som er Jack sitt instrument denne gongen. Den elektriske gitaren får berre lov å fronta tre av spora (derav førnemnte Blue Orchid). Den gjer seg imidlertid veldig gjeldande på kraftfulle om enn noko melodisk veike Instinct Blues. Den sterkaste låta blant el-gitar trekløveret er nok Red Rain. Jack er kanskje ikkje nokon Jimmy Page, og Meg er definitivt ingen John Bonham, men denne smart buldrande saken er som tatt rett utav Physical Graffiti og det er jo ein glimrande plass å komme frå. Den akustiske varianten av seksstrengaren trer fram når duoen flyttar seg over i eit folkprega Zeppelinsk lende med visa As Ugly As I Seem. Medan tonen går i bluegrass retning på fjellfriske Little Ghost. Om dama det er umulig å få tak på; «when I held her I was really holding air».

«Oh Rita, oh Rita, if you lived in mesita, I would move you with the beat of a drum». Lengselen er til å få naseblod av. Låta ber tittelen White Moon. Ein pianoballade av typen langsamt og intenst veksande, og der Meg sit i ein krok og ristar sin gode gamle raude egg-shaker samt lurer inn litt varleg cymbalnedbør. Og Rita? Ho dukkar opp igjen i Take Take Take. Då får vi servert etternamnet også. Energisk, nervøst, smertefullt og i melodivinnande fasong fortel Jack om beundraren som møter sitt store idol. Den vakre Rita Hayworth kjem inn på baren der denne stakkaren sit og drikk saman med ein kompis. Han mannar seg opp og tar kontakt med den store gudinne. Ho gjer han autografen, nokre ord, og lar seg avbilda i hop med han. Frå Rita si side er dette rein rutine, mens vår mann nok tolkar hennar velvilje noko annleis. Når ho så trekkjer seg tilbake står han nærast sjokkert igjen og må innsjå at ”she didn’t even care, that I was even there”. Mistolkingar av kvinner sine signal på litt meir generell basis er tema for den Ballroom Blitz-funky Denial Twist. Medan det vert sveipa innom familieproblematikk i den Meg-sungne 35 sekundars parantesen Passive Manipulation. Familietilhøve er også temaet i I’m Lonely (But I Ain’t That Lonely Yet). I countryballade stil med vagt gospelkrydder fortel den bortkomne son og bror om sin ambivalente lengsel mot heimlege trakter; «there’s a girl that I know of, but don’t ask for much, she’s homely, and she’s cranky, and her hair’s in a net, and I’m lonely, but I ain’t that lonely yet».

Om det er løgner, synder, sanningar eller lengsler som vert servert, så finn den dynamiske White-duoen rette tonen og konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)