Om livet under ein brun himmel.
«Have you seen the stars tonight, my friend?» spør songaren. «No, I haven’t seen them» svarar koret. Og under den stjernelause himmelen er folk på vandring, folk på flukt.
På sitt tredje album gjer Oslo/Bergen-bandet Dig Deeper flyktningen ei røyst. Ein mann, ei kvinne, eit barn si vandring under ein utrygg himmel. Der målet er eit nytt tilvære, eit trygt tilvære, In Central European Time. Men er det å finne der?
Bandets låtskrivar og songar Einar Kaupang blei som fleire andre opprørt over måten flyktningstraumen i 2016 blei mottatt i Europa, og i landet vi bur i. På albumet finn vi seks songar som tematiserer dette. Seks, i hovudsak lange songar som svevar og rockar i eit stort og opent lende. Fridomsrock har eg notert meg at bandet sjølv kallar det. Eg tenker absolutt dei er inne på noko der. Psykedelisk americana, tenker eg vidare. Og åttitalets Paisley Underground (á la Dream Syndicate og True West), og The Triffids langs Wide Open Road, og U2 rundt Joshua Tree. Men vi skal ikkje drukne Dig Deeper i eit referansejag. Dei er for gode til det. Og In Central European Time fortener lyttarar for nett det det er. Eit album av skimrande rock om menneske som desperat prøver å få eit liv utav livet.
“It makes leaving so much easier when there’s nothing left to leave” slår hovudpersonen i opningsnummeret How Can I Be Certain fast. Eit bilde av det å kjenne seg ufatteleg aleine blir så skapt i det songen svevar seg sakte oppover, til gripande tonar, før den høgg eit alvorleg tak i lyttaren idet songaren spør, på vegne av ein hovudperson full av skuldkjensle, «how can I be certain I’ll meet you in the afterlife?».
Og himmelen er ikkje stjerneklar, og himmelen er ikkje fargerik. Himmelen er brun. Og songaren syng ein song retta mot dei som sitt med makta. Han er ikkje nådig. Stars Tonight heiter songen, og songaren har eit bra kor i ryggen. Ein av kormedlemane heiter kanskje Torgeir Waldemar. Songen har i alle fall eit sonisk vesen eg tenker slektar litt på ein og annan song den karen har laga. Eit ganske så medrivande sonisk vesen.
Når punktumet så blir satt. Eit ti minuttar langt punktum, i form av avslutningssporet Sky Brown Sky. Eit krautslekta semi-instrumentalt nummer fullt av desperat psykedelia. Med kviskring i skuggane og mengder av syre i gitartonane. Ja når den til slutt stilnar hen har vi også høyrt den storvegse widescreen låta Don’t Ask Too Much, om flyktningens groande mistillit til det som har møtt han. Vi har høyrt Hey!, som skildrar ein smuldrande draum, ein umisteleg song, og den endelause vandringa. Og vi har høyrt albumets kortaste song, The Ticket. Ein countryrocksong med storarta koring (frå halve The Switch og heile Dig Deeper). Der hovudpersonen har fått fatt i ein billett, har funne eit sete på bussen, og turen går mot eit mogeleg håp. Han ser vinteren komme, men er fast bestemt på å ikkje gå av før våren er her.
Eit storslått verk der empatien for flyktningen skin og skimrar frå kvart ord og kvar ein tone.
7/10
TIDAL: DIG DEEPER – IN CENTRAL EUROPEAN TIME









Kva som skjedde den tredje mai står ikkje klart for meg. Kva som skjedde den tredje mai står kanskje heller ikkje klart for Einar Kaupang. Men morgonlyset han får i augo i det han vaknar denne dagen (den tredje mai, eller dagen etter, eller kanskje ein heilt annan dag) er klart, altfor klart. No kan det vere at det ikkje er Einar Kaupang som vaknar denne dagen og sitt der og gnir seg i augo, det kan godt vere ein heilt annan fyr. Ein eller anna som Einar Kaupang har fått for seg at han skal synge om, lage ein song om, og så kalle songen for May 3rd. Ein fyr som no, eit drygt minutt inn i songen, fortel kva han ser, kva han såg, denne dagen, då han vakna med morgonlyset i augo. Han såg bort på bordet, og der såg han restane «from the night before». «Oh» stønnar han, «well I guess thats just so wrong» sukkar han, og tonane dansar så barmhjertig i lag med han, og dei kunne kanskje ha komme frå The War On Drugs, men dei kjem frå Dig Deeper. «Last week I took to wheel and drove off» syng Einar Kaupang litt seinare, «out of town with a friend, he put Son Volt on, the wind blew hard on the bare hills, gone were the days of 2013». Eit salig vemod skyl over dei barmhjertige tonane. Glovarme tonar frå ein gitar driv inn i sentrum og fører låta vidare, og vidare, heilt til den er tilbake der den starta, seks minutt etter at den starta. Og eg tenker at eigentlig kunne den berre ha drive vidare og vidare og vidare. Eg hadde blitt med.