Dig Deeper – In Central European Time

Standard

Om livet under ein brun himmel.

AA1004LTD Alien Agency  Dig Deeper In Central European Time (LP-LTD)  «Have you seen the stars tonight, my friend?» spør songaren. «No, I haven’t seen them» svarar koret. Og under den stjernelause himmelen er folk på vandring, folk på flukt.

På sitt tredje album gjer Oslo/Bergen-bandet Dig Deeper flyktningen ei røyst. Ein mann, ei kvinne, eit barn si vandring under ein utrygg himmel. Der målet er eit nytt tilvære, eit trygt tilvære, In Central European Time. Men er det å finne der?

Bandets låtskrivar og songar Einar Kaupang blei som fleire andre opprørt over måten flyktningstraumen i 2016 blei mottatt i Europa, og i landet vi bur i. På albumet finn vi seks songar som tematiserer dette. Seks, i hovudsak lange songar som svevar og rockar i eit stort og opent lende. Fridomsrock har eg notert meg at bandet sjølv kallar det. Eg tenker absolutt dei er inne på noko der. Psykedelisk americana, tenker eg vidare. Og åttitalets Paisley Underground (á la Dream Syndicate og True West), og The Triffids langs Wide Open Road, og U2 rundt Joshua Tree. Men vi skal ikkje drukne Dig Deeper i eit referansejag. Dei er for gode til det. Og In Central European Time fortener lyttarar for nett det det er. Eit album av skimrande rock om menneske som desperat prøver å få eit liv utav livet.

“It makes leaving so much easier when there’s nothing left to leave” slår hovudpersonen i opningsnummeret How Can I Be Certain fast. Eit bilde av det å kjenne seg ufatteleg aleine blir så skapt i det songen svevar seg sakte oppover, til gripande tonar, før den høgg eit alvorleg tak i lyttaren idet songaren spør, på vegne av ein hovudperson full av skuldkjensle, «how can I be certain I’ll meet you in the afterlife?».

Og himmelen er ikkje stjerneklar, og himmelen er ikkje fargerik. Himmelen er brun. Og songaren syng ein song retta mot dei som sitt med makta. Han er ikkje nådig. Stars Tonight heiter songen, og songaren har eit bra kor i ryggen. Ein av kormedlemane heiter kanskje Torgeir Waldemar. Songen har i alle fall eit sonisk vesen eg tenker slektar litt på ein og annan song den karen har laga. Eit ganske så medrivande sonisk vesen.

Når punktumet så blir satt. Eit ti minuttar langt punktum, i form av avslutningssporet Sky Brown Sky. Eit krautslekta semi-instrumentalt nummer fullt av desperat psykedelia. Med kviskring i skuggane og mengder av syre i gitartonane. Ja når den til slutt stilnar hen har vi også høyrt den storvegse widescreen låta Don’t Ask Too Much, om flyktningens groande mistillit til det som har møtt han. Vi har høyrt Hey!, som skildrar ein smuldrande draum, ein umisteleg song, og den endelause vandringa. Og vi har høyrt albumets kortaste song, The Ticket. Ein countryrocksong med storarta koring (frå halve The Switch og heile Dig Deeper). Der hovudpersonen har fått fatt i ein billett, har funne eit sete på bussen, og turen går mot eit mogeleg håp. Han ser vinteren komme, men er fast bestemt på å ikkje gå av før våren er her.

Eit storslått verk der empatien for flyktningen skin og skimrar frå kvart ord og kvar ein tone.

7/10

TIDAL: DIG DEEPER – IN CENTRAL EUROPEAN TIME

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s