Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i. 8
«Take your time, ease up, look around, and waste the day» seier Jules. Hovudpersonen i songen Ancient Jules. Ein song som innleiar det sjuande soloalbumet til Steve Gunn. Linja er ikkje berre noko denne Jules ytrar, den karakteriserer også, tykkjer eg, albumets vesen. Ikkje fordi dette er eit album som oppmodar til å sulle bort dagen med slendrianfakter, men fordi det er eit album som får meg til å senke skuldrene, slenge beina på bordet, stirre litt hit og litt dit, og forsvinne inn i tonane som blir spelt. Tonar som er lette å ta inn, varmt melodiske som dei er. Tonar som ikkje er lette å bli kvitt, der dei sirklar og rullar i eit godt groovy selskap.
Steve Gunn er ein fabelaktig gitarist. Ikkje fordi han tyr til spektakulære gitarløp eller på anna vis viser fram teknisk briljans av sjeldsynt kaliber, for det gjer han ikkje. Men at han er noko for seg sjølv, det er han. Og han er det gjennom den lyriske tonen han hentar fram idet fingrane hans dansar så lett og så naturlig over strengene i sirkulerande og gjentakande former. Hans distinkte signatur kan vi vel kalle det. Gitaren kan vere akustisk, men meir dominant på denne plata er den elektriske gitaren. Men uansett kva gitar Gunn har mellom henda finn han eit tema, eit farlig tiltalande eit, og så er han i gang. Skapar noko av nærast hypnotisk karakter. Som bevegar seg frå forsiktig til glødande og tilbake igjen.
Men Gunn er her ikkje heilt åleine gjennom dei ni songane som utgjer Eyes On the Lines. Det er nyttig det gitaristen James Elkington gjer også, enten han opptrer som velvillig samtalepartnar, eller kjem med små kontrastøyt. I ryggen har desse to bassist Justin Tripp og trommis Nathan Bowles. Tripp og Bowles bidrar også på ymse tangentinstrument, og elles stikk det innom folk som spelar på fløyte og harpe og endå meir gitar. Og lyttaren, i alle fall denne lyttaren, blir sveiva inn i det. I song etter song.
«Landscape of repetition» ytrar Gunn i ein av dei sterkaste songane på plata. «Landscape of constant rhythm» konstaterer Gunn i den same songen. Og er midt i essensen av kva denne plata, denne Eyes On the Lines, handlar om. Det å vere i bevegelse ute i opent lende. På veg frå her til der. On the road. Der det å vere til stades, midt i det repeterande som hender her, akkurat no, i den konstante rytmen som grip om sansane, med blikket retta mot linjene der borte, der framme, og så samstundes vere i bevegelsen i retning av eit mål som er mindre viktig enn det som skjer akkurat no, akkurat her. Det går sikkert an å hevde at Eyes On the Lines har eit impresjonistisk vesen.
«Landscape of repetition, drained out at the service station» er den første strofa Gunn syng i songen The Drop. Ein av dei sterkaste songane på plata. Det kan vere at songen handlar om ein trailersjåfør og monotonien. Ein vakker monotoni. Det kan også hende at songen handlar om noko anna, men det får så vere. Sikkert er det at den rullar doggfriskt i eit melodisk sigrande landskap. Og at den har arven frå både Richard Thompson og Grateful Dead med på lasset.
To namn eg opplever som dei kanskje fremste musikkhistoriske referansepunkta til fleire av songane på denne plata. Den før nemnte Ancient Jules er der. Like så den godt drivande Full Moon Tide, med sin fiffige påstand om at «out on the road there are nowhere to go». Ein påstand som ikkje høyrer heime i ei skildring av songen Conditions Wild. For den finn vegar å gå, albumets mest framoverlena affære som den er. Eit rock’n roll nummer med ein god slant psykedelia innabords. Å hevde at den er fengande kjennes på ingen måte feil. Å hevde at den har albumets beste refreng, ja eit beint fram psycht eskalerande refreng, kjennes heller ikkje feil.
Langt meir enn personlige skriftemål og melankolsk grubling så er Gunn sitt tekstlige univers skildringar av sanseinntrykk. Inntrykk som kan tolkast i fleire retningar, som kan skape fleire bilde, men som like fullt ofte står klinkande klare for meg. Det står også rimelig klart for meg at mannen har plassert meir håp enn håpløyse i desse bilda.
Hans uttrykk har både i si soniske og si tekstlige form eit minimalistisk vesen. Der skil han seg kraftig frå det Grateful Deadske. Sjølv når songane driv inn i det jam-prega held dei seg nære sitt eige hjerte, tar ikkje turen ut i villnisse eller tåkelandskapet. Det tekstlige har på si side ei korthogd form, nok ord til å skape eit bilde, men ikkje fleire. Av og til nærast ei stikkordform. Som i smidige (og nydelige) Night Wander. Der ein persons nattlige ekspedisjon under ein lysande måne blir summert opp med nokre få meiningsberande ord, men der eg tydelig ser for meg seansen, frå han klatrar ned veggen til han han skodar «through the trees to the day ahead».
Steve Gunn sitt førre soloalbum, Way Out Weather, var ei lita openbaring av suggererande folkrock. Og er ei plate som aldri er langt unna. Den er der, like i nærleiken, Eyes On the Lines også.
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville. 7
Dette er Margo Price, og ho er bra. For så vidt noko for seg sjølv. Men ein link eller to eller tre til Loretta Lynn er det no her. Sjå på coveret til dømes. På sitt album av året, Full Circle, kan vi sjå Loretta Lynn sitte der i ein lilla kjole med blikket retta mot venstre. På sitt debutalbum av året kan vi sjå Margo Price sitte i ei eng av lilla blomar med blikket retta mot venstre. Loretta Lynn sin signatursong heiter Coal Miner’s Daughter. Det ferske albumet til Margo Price ber tittelen Midwest Farmer’s Daughter. For drygt ti år sidan erklærte Jack White sin kjærleik til Loretta Lynn og produserte hennar album Van Lear Rose. No gjer han ut, gjennom sin label Third Man Records, debutalbumet til Margo Price. Kanskje fordi han i songane hennar, i attityden hennar, verar noko av det same kompromisslause som ein finn hos Loretta Lynn. Eg vil tru det, eg gjer i alle fall det. Samstundes som Margo Price er sin eigen historie, og det ganske så friskt og fengslande.
When I rolled out of town on the unpaved road
I was fifty-seven dollars from being broke
Kissed my mama and my sisters and I said goodbye
And with my suitcase packed I wiped the tears from my eyes
På eit debutalbum som etter seiande er sterkt basert på Margo Price sine eigne livserfaringar, noko ho definitivt har, og då ikkje berre fordi ho har rukke å bli 32 år gammal, opnar ho med ein skilsetjande countryballade av det sjølvbiografiske slaget. Hands of Time fortel om ein oppvekst under fattigslige kår og farmen som faren måtte selje då Margo var to år. Om den unge jenta som drar ut i verda (les: Nashville) for å «make a little cash» og kanskje kjøpe att farmen heime i Aledo, Illinois. Men slik skal det ikkje gå. Nashville tar ikkje fint imot henne. Men ein mann gjer det, og dei to dannar etter kvart eit band, Buffalo Clover, og spelar musikk som er like mykje soul og Stones som det er country. Dei to giftar seg også. Og får born, tvillingar. Men den eine døyr og kvinna skrik mot Gud «is there anybody out there looking down on me at all?». Ho vil helst skru tilbake klokka «on the cruel hands of time». Ho syng det i ein tone som kryp innunder huda, medan ektemannen Jeremy Ivey sørgjer for eit groovy bass-komp, orgeltonar smyg rundt i krokane og ein strykarkvartett bidrar med vitale innspel.
Sjølv om albumet aldri blir betre enn det er i dette seks minuttar lange opningssporet, er det ikkje uvesentlig det som fylgjer heller. Til swingande countrytonar tar ho i This Town Gets Around opp tråden med korleis Nashville tok imot henne – med falskheit og lurendreieri – og slår snerrande tilbake: «I won’t put out or be controlled, I don’t write the shit that gets bought and sold». Det å slå tilbake er ikkje eit eingongsfenomen på albumet. Til medrivande midtempo-groovy tonar i Since You Put Me Down, ytrar ho seg både nedbroten («I killed the angel on my shoulder with a handle of tequila») og revansjelysten («I hope my voice will haunt you above the ground») om eit stygt svik. Og i den temposterke boogieswingande About to Find Out går ho til verbalt angrep på ein fyr som er dugelig høg på seg sjølv: «Well I’ve had about enough of your two-cent words, and the way you’re running your mouth».
Då Margo Price var som lengst nede, i tida etter å ha mista det eine barnet sitt, tydde ho etter eigne utsegn oftare til alkoholen enn det ho burde ha gjort. Ved eit tilfelle førte det henne lukst i Davidson County Jail. Ho grip tak i historia i songen Weekender. Ganske så nådelaust og i klassisk countrystil. Det siste der kan vel også seiast om det swingande honky tonk nummeret Hurtin» (On the Bottle), med linjer av typen: «I’ve been drinking whiskey like it’s water, but that don’t touch the pain you put on me».
På den eine sida kan det hevdast at dama lener seg til og låner skamlaust frå hevdvunne countrynormer. På den andre sida gjer ho det med ein friskleik og ein habil dose eigne formuleringar. Det siste utliknar glatt det første, og gjer Midwest Farmer’s Daughter til eit countryalbum verdt å oppsøke.
Tonar tar fyr i eit ambisiøst verk, der nittitalet møter nåtid. 9
The Ballad Of the Costa Concordia er ikkje ein ballade om Costa Concordia. The Ballad Of the Costa Concordia er ein song, ein over elleve minuttar lang song, ei lita sonisk/melodisk novelle, (ja for all del: ein ballade om du vil), som ikkje handlar spesielt mykje om det tragiske forliset i Middelhavet i 2012. Songen/balladen/den soniske novella kjem mot slutten av Teens of Denial, ei plate av og med det Seattle-busette bandet Car Seat Headrest, og den kjem i fleire fasar, i alle fall tre. Kapteinen som styrte skipet, Costa Concordia, eller kanskje ikkje gjorde det, i alle fall ikkje slik han burde ha gjort det, dannar eit utgangspunkt for det songen går inn i – «How was I supposed to know how to steer this ship?». Men songen handlar om ein ung mann og korleis han styrer livet sitt, eller kanskje helst korleis han ikkje styrer livet sitt.
Songen startar nedpå, dempa, som ein ubrukt morgon. «I used to like the mornings, I’d survived another night» syng songaren. Men ikkje så lenge etterpå, i neste vers for å vere eksakt, syng han dette: «Now I wake up in the morning, and all the kindness is drained out of me». Den unge mannen, som vi vel ikkje kan sjå bort i frå at er identisk med songaren sjølv, Will Toledo, har gjort sine mistak fortel han, utan at han nødvendigvis har dratt noko lærdom utav det, må han erkjenne. Om berre ting kunne vore annleis, ytrar han i refrenget, om han berre kunne klart å halde fast i eit sinne, om han berre kunne blitt kvitt nokre synder.
Og det soniske veks, låta byrjar koke, og songaren fortvilar ytterligare. Nokre sekund blir så det meste rundt han dempa ned, og han syng nokre tekststrofer han har stole frå ein Dido-song (White Flag), men han endrar den siste linja frå «I’m in love and always will be» til «I have lost and always will be».
Så er vi over i fase to, og Will Toledo startar å resitere. Frå varleg famlande til glødande intenst. Med eit glimt i augo drar han fram fleire utsegn inspirert av kapteinen sitt «how was I supposed to …». Alle henta frå det trivielle kvardagslivet. Av typen «How was I supposed to remember to grab my backpack after I set it down to play basketball?». Etter kvart blir det verre, atskillig verre: «I was given a body that is falling apart … I was given a mind that can’t control itself, I was given a ship that can’t steer itself, and what about the pain I’m in right now?». Og så vidare, og så vidare, heilt til han spør seg sjølv, og ut i lufta, til dei som måtte ville høyre på han: «How many times have I drowned?».
Og så kjem eit nytt refreng. Det er ikkje langt, det er ikkje vanskelig, men det manglar ei framtid: «I give up». Fase tre riv og slit, gitarane er kvesste og glødar og riffar, og tempoet er åtakslysten rock’n roll. Tilstanden nærmar seg det dystopiske. «Now we», syng Toledo, og har om ikkje heile menneskeslekta så i alle fall sin eigen generasjon i tankane når han fullfører, snerrande: «download all of our shit for free, it’s the new economy, we have nothing to offer and we sleep on trash». Og han får meg, lyttaren, til klart og tydelig sjå føre meg folk som klingar seg fast til «the cliff of revelation», livredde for kva dei har i vente.
Men så roar det seg, igjen. Heilt ned. Og nokon vaknar opp, skjelvande, frå ein draum, og strekker seg etter sin kjære, og kviskrar «I love you, I love you, I love you».
Ikkje alt er kva ein skulle tru det var, og ingenting er eindimensjonalt. Ikkje i The Ballad of the Costa Concordia, og ikkje i andre songar på plata. Angsten står i spenn, depresjonen gneg, eit sinne kan dukke opp, ein viss kynisme kan også finne på å gjere seg gjeldande, eller kanskje sprett ein pussig vittigheit, eller to, fram. Men i botn, under det heile, meiner eg å dra kjensel på reinspikka oppriktigheit. Så kva skal eg seie? Er dette nittitalet, eller 2016? Vel, kanskje er det eit møte, mellom tiåret då Will Toledo blei født, og året han blir 24. Eit i alle fall fruktbart møte.
At det heile kjem utav Seattle (sjølv om Will Toledo rett nok har vakse opp i ein liten småby i Virginia) og blir gitt ut på Matador Records er ikkje meir enn rett og rimelig. For kva var vel, på nittitalet, i den gitarorienterte rockens sfære, meir nittital enn Seattle og Matador Records. Nirvana og Pavement. Og det er der, i eit kryssingspunkt mellom dei to banda, samt eit og anna gitarelektrisk av liknande kaliber (det er til dømes noko med energien her som minner meg om Modest Mouse) at Car Seat Headrest må seiast å ha sine genar ifrå. Men det er meir i desse genane. Atskillig meir. Dei har også det i seg at dei ikkje prøver beinhardt å vere der i kryssingspunktet, eller klenger seg tett opp til stamma, dei har i grunn slite seg laus. Og utan å ta avstand til sine inspirasjonskjelder dansar Car Seat Headrest av garde som om dei eig kvar einaste tone dei spelar.
Men for eit traurig bandnamn. Det har sin historie. Will Toledo har laga songar ei god stund. Sidan han var ein ung tenåring, og kanskje før det også. Han byrja å spele dei inn også. Heime, med eigne middel, på lo-fi måten. Men karen nøydde seg ikkje med det. For der ute på internettet finst jo Bandcamp. Og der finst folk, kanskje nokon som tar seg tid til å lytte også, i alle fall litt. Slik tenkte unge Toledo, og han byrja gje ut musikken sin, som album, på Bandcamp, eit par gonger i året. Og sidan han ikkje ville gje desse platene ut under eige namn, måtte han finne eit anna namn. Han tok det han såg, reint konkret, framfor seg, av og til når han satt og spelte inn ein song, i baksetet på familiens bil. Nakkestøtta i førarsetet, Car Seat Headrest. Og album kom, og kom, og kom. Elleve stykk. Og så dukka Matador Records opp. Will Toledo spelte inn eit lite utval av songane sine på nytt, kalla samlinga Teens of Style, og hans debutalbum på ein skikkelig label var eit faktum. Kalenderen viser på dette tidspunktet oktober 2015. Car Seat Headrest er i ferd med å vekse frå å vere eit einmannsprosjekt til å bli eit band. Toledo er ei tilsynelatande utømelig kjelde av nye songar, lange og korte, vide og smale, fengande og kranglete, der det tematiske driv inn og utav sjelelivet til ein ung mann. Inn i det djupt depressive hjørnet, over i kyniske forsvarsmekanismar, og så stundom ut i det fri der endåtil eit meir naivistisk blikk på tilværet kan gjere seg til kjenne (hallo Jonathan Richman).
Teens of Denial er ein ambisiøs ung mann sitt verk. Sytti minutt strekker den totale speletida seg over. Fill in the Blank lyde den innleiande oppmodinga, i form av eit glødande åtak av ei låt. Depresjon og sjølvforakt er temaet. «You have no right to be depressed, you haven’t tried hard enough to like it» syng Toledo til seg sjølv i eit refreng som soniskmelodisk fengjer à la Weezer i eit heldig augeblikk. Og jaggu blir det fylt inn. Kvar låt, kvar krik og krok, fyller Toledo og hans kumpanar med pasjonert musikalitet. Heilt til seansen blir avslutta med ei lita vise om eit møte med ein hest, som dei upassande nok har kalla Joe Goes to School.
Her finst også ei lengre låt der denne Joe blir gitt den æra å ha namnet sitt i tittelen. (Joe Gets Kicked Out of School For Using) Drugs With Friends (But Says This Isn’t a Problem) er den fulle og heile og misvisande tittelen. Joe forsvinn nemlig utav opplegget så snart tittelen er unnagjort, og tilbake står Toledo og hans venner og ei semmer rusoppleving. «Last Friday I took acid and mushrooms, I did not transcend, I felt like a walking piece of shit, in a stupid looking jacket» formidlar Toledo. Han har fortalt i intervju at songen handlar om den einaste gongen han har tatt syre. Det gjekk som ein skjønar skitt. Men det går på ingen måte skitt når han i låta bramfritt legg det fram i eit slackerpsykedelisk lune.
Dei to Joe-låtane handlar altså ikkje om Joe, og Vincent handlar heller ikkje om Vincent van Gogh. Han blir berre flyktig nemnt fordi det blir vist til eit bilde han har mala som tener som illustrasjon for Wikipedia sin artikkel om Depresjon. Det er altså det som igjen er temaet, depresjon altså. I eit groovy, for ikkje å seie slackerfunky og skarpt medrivande, nummer, som også tidvis tyr til gitarstøy av Sonic Youth-sorten. Meir fortviling slit seg fram i den glødande grunge-saken Destroyed By Hippie Powers. Medan Drunk Drivers/Killer Whales er ein melodisk vinnande song om dagen derpå, bondeanger versus likesæle. Men gradvis glir den over til å bli ein song om å kjenne seg fanga i eit tilvære ein ikkje er tilfreds i. «It doesn’t have to be like this» lyde mantraet Toledo møter dette med, og drar inn spekkhoggarar som illustrasjon (inspirert av at han nettopp hadde sett ein film om spekkhoggarar i fangenskap, og ikkje likt det han såg).
Sagaen om denne plata har på førehand handla ein god del om ein låt som til slutt måtte redigerast. Just What I Needed heiter ein av The Cars sine signaturlåtar. Toledo fekk det for seg å låne riffet frå denne inn i ein eigen låt. Plateselskapet trudde dei hadde forhandla fram eit løyve til å gjere det. Men så sa Ric Ocasek nei. Ei veke eller så før lageret med LP’ar og CD’ar skulle ut i butikkar sa Ocasek eit bestemt og absolutt nei. Og alt måtte destruerast. Toledo gjorde om låta og kalla den høvelig nok for Not What I Needed, utan spor av The Cars men i staden injisert med ein baklengs psychversjon av Toledo sin eigen song Something Soon som avslutningstema.
Ein annan saga heiter Connect the Dots, og er om vi skal tru Toledo The Saga of Frank Sinatra. Eg trur ikkje vi skal tru på Toledo der. Eg trur Toledo har sans for upresise og mystiske låttitlar. Men eg trur på den bassviltre tilstanden som treff songen i siste del, og eg trur på det hektiske og skingrande vesenet den har. Eg trur også på Toledo når han i Cosmic Hero snerrar, til ei kvinne eller kanskje meir truleg til seg sjølv: «And if you really wanna know how kind you are, just ask yourself why you’re lying in bed alone». Og eg trur eg høyrer han synge inderlig som ein Will Sheff (Okkervil River) når han syng både det, og mykje anna. Om tilgiving og ikkje tilgiving i Unforgiving Girl (She’s not) til dømes, eller om døden som spelar xylofon for han i 1937 State Park. Og så trur eg – ja eg har vel i grunn ei kraftig tru på nett det – at dette er ei plate som skal bu lenge like i nærleiken av meg.
Om eg skal feste lit til tittelen på Acres Wild sitt debutalbum (og det skal eg vel?) så handlar dette om å ignorere flagga på badestranda. Og då særlig det raude vil eg tru, sidan det er avbilda på coveret. Men er no dette, desse tonane, desse songane, så faresøkande og opprørske spør eg meg undervegs i lyttinga. Nei, lyde det korte svaret. Dette er pop det. Mjuk pop, kraftpop, psychpop, folkpop, bra pop. Den skeinar ikkje ut i utrygt farvatn, men rir gjerne ei pastellfarga bølgje inn i solnedgangen.
Og der finn den melankolien. Forelsking og damer og trøbbel og slikt. Det blir det i grunn ikkje lagt særlig skjul på. Og kanskje er det nett her det der med å ignorere det raude flagget kjem inn i bildet. At sjølv om faresignala blinkar, og audmjuking og feiltrinn er eit mulige utfall, går ein inn i det, igjen og igjen. Med håp og med mot og med blanke auger.
Ignore the Flags On the Beaches er Oslo-bandet Acres Wild sitt debutalbum. Dei har eit par EP’ar bak seg, men finn nok her fram til ein poptone med meir eigenart. Sjølv om sekstitalet og eitt og hitt som har hendt sidan den gongen framleis sitt bra fast i opplegget deira.
Like a surfer she would ride the greatest wave Like a Stone Age man I will take her to my cave They all betrayed me, but she’s not
Beach Boys til dømes. I alle fall i låta Pastel Waves. Eit stykke elskelig pop med sommar og surf og dugande optimisme som drivstoff. Som eg hinta om over er nok likevel melankolien meir toneangivande enn optimismen her. Den er der i det Teenage Fanclub-slekta nummeret Austere. Den er der når bandet i songen Dowsing går noko mektigare til verks og sneiar tonar eg tenker kunne ha komme frå det engelske høglandet. Og den er der i det melodisk velordna avslutningssporet The Prophecies of Skeeter Davis. Ein song som også var tittelspor på bandets EP av i fjor.
Ein personlig favoritt er opningssporet Map of Lake Victoria. Ein song som både er nedpå og frampå. Som startar lågmælt og smygande, men som etter kvart finn eit kjappare tempo og meir høglytte soniske former. Der det er ein god ringande klang i gitaren, og ein viss villskap over nokre synthbølgjer som blir sendt innover sakene. Dette medan songaren finn fram til linja som blei albumets tittel, men også funderer over om dei i staden for å jaga draumar berre skal gje opp, resignera.
Line of Sight er litt annleis. På eit vis er den ein noko spinkel poplåt, med ei trommemaskin i ryggen. Men så har den eit godt bassgroove, eit tett og snappy vesen, og nokre attraktive psykedeliske undertonar. Eg tar meg i å tenke at den har slektskap til ein og annan song som XTC kom opp med på byrjinga av åttitalet. Det har ikkje Myths and Facts About Sleep. Men den er kanskje låta som skil seg mest ut frå resten av materialet. Den har ikkje berre ein bra tittel, den har eit bra bråk også. Bråk av typen kranglete og tilsynelatande smått ustrukturerte innspel og utspel frå ymse instrument. Og oppå og rundt dette flyt ein ven og vakker song som blant anna slår eit godt slag for å nedprioritere søvnen – «We stay up until the early hours, and she tells me myths and facts about sleep».
Du skal ikkje sova bort sommarnatta var det vel ein som sa ein gong. Eit bra råd det. Og ta gjerne med deg Acres Wild si plate inn i den natta. Eg har prøvd, og den funka bra der.
Musikken, naturen, melankolien og ei mystisk sag. 7
I truskap til tittelen er den første lyden som gjer seg til kjenne på Kevin Morby sitt tredje album ei syngande sag. Eg høyrer eit vemod i tonen den ytrar. Og eg anar eit gåtefullt drag. Den er vakker, den er lumsk. Kanskje er den ikkje heilt å stole på denne saga? Ikkje heilt til å forstå? Eller kanskje skal den slett ikkje ha skulda for at det i opningssporet etter kvart blir skapt bilde som bringar tankane mine i retning av ei avretting. Kanskje bør eg først og fremst gje det ansvaret til orda som vert formidla – om tårer, åtselfuglar og nokre uforsonlige individ som nærmar seg ein skjelven hovudperson («I can see it in them now, they’re going to cut me down»).
Men røysta til Kevin Morby er ei mild og sympatisk ei. Den overdriv ingenting. Held seg i eit godt melodisk leie, og fortel om både slikt som er vakkert og slikt som er leit. Knyter songane på plata i hop ved å la same ord, bilde og tema flyte mellom songane. Og skaper slik eit album, eit heilskapleg eit.
Som nemnt, Morby sitt tredje. På ikkje altfor mange år. Etter at han nokre år hadde gjort teneste som bassist i New York-bandet Woods, og vore ein av to i The Babies, debuterte han som soloartist i 2013 med plata Harlem River. Ein tributt til den store byen han flytta til nokre år tidlegare, og som han på dette stadiet stod på trappene til å reise ifrå. Albumet som fylgde året etter, Still Life, handla meir om å vere i bevegelse, om ei viss rastløyse. Morby budde no i utkanten av Los Angeles. Det gjer han framleis. Singing Saw har til dels henta inspirasjon frå fotturar Morby har gjort i områda rundt staden der han bur, Mount Washington.
I have been to the mountain
And I have walked on his shore
I have seen
But I can’t see him no more
Ja Morby har heilt sikkert vore oppe i fjellet, men denne songen, I Have Been To the Mountain, handlar ikkje om Morby og fjellturar. Denne songen er ein tributt til Eric Garner som i 2014 blei kvelt til døde av politiet under ein arrestasjon. Det er ein sterk song, ein med eit intenst driv, kvinnelig klagekor, litt bjeffande trompet, ein liten sprakande gitarsolo, og visse spor av ein Dylansk snerr i songarens røyst.
Dylansk snerr er ikkje noko eg tenker er eit typisk Morby-trekk, men Dylan er der i tonane like fullt. Ja meir enn nokon annan skikkelse frå musikkhistoria er det nok gamle gode Dylan som er der. Litt meir enn Leonard Cohen, som nok også må reknast inn i opplegget. Skulle eg relatere Morby opp mot nokon frå hans eigen generasjon, er kanskje ikkje ein tenkt krysning av det folksy gufset til Timber Timbre og den meir klassisk melodiske rocken til The War on Drugs eit heilt fjernt bilde.
Den syngande saga dukkar sjølvsagt opp att. Plata har jo eit tittelkutt. Eit langt og flytande eit, ein sfærisk blues som har god kontakt med jorda, og fjellet, og trea. Der songaren serverer mystiske linjer som: «I thought i saw a singing saw, cut down a song tree» og «Then I saw the singing saw singing after me». Kanskje er det ikkje meir mystisk enn at det handlar om naturen og musikken, og ei songbok som sviv rundt i songarens hovud. Eit tema godt som noko det. Musikk og musikkminner er også tema i det svingande nummeret Dorothy. Musikkminner og ei høgst nærverande kvinne. Medan både fjellet og songboka («I’m writing a song book on a mountain») og treet og den syngande saga («the willow with her singing saw») dukkar opp i Black Flowers. Ein song der tonane har lys i seg, mens det tekstlige driv inn i ei ganske så mørk håpløyse.
Og slik kunne eg ha halde fram. Funne koplingar mellom songane. Funne litt lys, litt naivitet, litt surrealisme, og ein god del mørke. Ja og så tonar eg ville ha kalla vakre og slett ikkje vanskelige. Frå ein fyr som ein vel kan seie har funne si eiga røyst.
Ein ukomplisert poptriumf som varer og varer og varer og …
This is Pop. Det var XTC og Andy Partridge som forkynte det ein gong, med eit spørsmålsteikn bak. No er det eg som forkynner det, utan spørsmålsteikn. Med god grunn. For dette er jaggu meg popen sin det. Den eg høyrer på det nye albumet til The Switch. The Album. The Switch Album. The Pop Album.
Eit album som er Oslobandet sitt fjerde (om vi reknar fjorårets We’re Fooling No One som eit album då, og det gjer eg) i løpet av ein to-årsperiode. Produktivitet der i garden altså. Utan at dei går på akkord med kvaliteten. Det har dei nemlig til gode å gjere. Frå den ivrige poprocken på debutplata Big If, til det progga konseptalbumet B For the Beast, til popvitalitet med ein lang spacetur attåt på We’re Fooling No One, til dette vesle ferske underverket. Dette ganske så ukompliserte og 100% livfulle popunderverket. Som ikkje pløyer ny mark, men som har ei mark (les: 33 minuttar og 24 sekundar lang speleflate) som er grønare og meir grøderik enn kva vanleg er der ute i popland. Noko The Switch berre gjer og får til heilt sånn naturlig, utan spektakulære påfunn. Her er fleire gitarar i arbeid, her er bass og trommer, og litt tangentar og synth-knirk. Også er her ein beherska og utvungen vokal som får god songharmonisk støtte frå andre i bandet.
– Tenk å være gitarpopband uten å kore! Altså hva i huleste holder du på med da? Eg trur det er Switch-gitaristen Filip Roshauw som seier det i eit intervju med Dagens Næringsliv. The Switch tar altså koring på alvor. I både to- og tre- og firstemte former. Og det er så raffinert og så lekkert utført. Det gjer kvar låt løftet som skal til, som gjer dette til den Popen det er. Pure Pop for Now People som Nick Lowe kanskje ville sagt det.
Vel, om det er pop for dagens folk kan nok takast opp til drøfting. Det er i alle fall ikkje slik popmusikk eg har skimta i toppen av hitlister og slikt den siste tida (i den grad eg har oversikt over kva som bevegar seg i toppen der då). Så då er den kanskje ikkje heilt i tida då, popen til The Switch? Og er den ikkje det, ja så er den vel utafor tida? Hmm … ingen håplaus plass å vere det i grunn, tenker no eg.
Når så er sagt, det var eit og anna band som spelte popmusikk à la The Switch på sekstitalet, og på syttitalet, og seinare. Frå Beatles via Electric Light Orchestra og Fleetwood Mac til Teenage Fanclub. Det kan i alle fall vere ei illustrerande linje. Det kan lagast andre slike linjer også, men dei vil vere der i det område ein stad. For det er der The Switch er, utafor tida midt i 2016.
Thomas Sagbråten er namnet på han som står fremst og syng på dei aller fleste songane, men orda han syng kjem frå pennen til ein annan fyr. Ein som ikkje spelar noko som helst i bandet. Petter Vollset heiter han, og han turnerer det engelske språket på ein snerten måte, og bidrar med korthogde, undrande og til dels fiffige tekstar.
I opningssporet Segue, eit spor som glir elegant av garde med lyden frå ein cello som ekstra sonisk krydder, handlar det om religiøs søken. Ikkje i utbrodert form, men med eit par gjentakande linjer som slår fast at hovudpersonen ikkje er nokon «idiot new age freak» men gjerne ser for seg at livet er «a segue between heavens». I nokre korte betraktningar som denne Vollset har skrive om kvar einskild song på albumet fortel han om Segue at han har lagt seg til å stave tittelen som Segway. Eg tenker at det kan ein jo gjere som lyttar også, og slik ha litt alternativ moro. Apropos moro så har Vollset det også litt moro med det babylonske eposet Gilgamesh. Han viser til nokre nyoppdaga tekstar i Kurdistan, men slår fast at den oppdaginga kom altfor seint til å gjere noko med eposet, og vel også teksten i hans og The Switch sin song med tittel etter eposet. Ein song eg ikkje opplever som spesielt vennlig innstilt til gudar og slikt: «You could corner the gods, make them turn out their pockets, and go through their receipts, and look for the lie».
Andre songar har langt meir jordbotne tema. I det ultrafengande og spretne nummeret She’s The One blir det tøtsja innom korleis det er å bli vaksen, meir på godt enn på vondt slik eg oppfattar det. Konklusjonen er ein liten klassikar: «The blushing fades but experience lasts, Who wants a future with a girl with no past?». Vaksen er hovudpersonen i Hey Rebecca også, men han ser tilbake til ei tid då han var yngre og hadde ein alvorleg heng på hovudrolleinnehavaren i filmen Fucking Åmål. Heilt andre minner frå yngre dagar blir omhandla i den fleirstemte og akustisk gitardrivne popvisa Green Wonders. Dei smått traumatiske minna om korleis det var å troppe opp på skulen med briller for aller første gong.
Låta Girlfriend Material blir sunge av kvinna i bandet, trommis Ingrid Berge. Som ikkje lenger er ein del av bandets faste medlemmer. Under innspelingane kom i staden Tore Flatjord inn på trommer. Inn kom også Frank Michaelsen på gitar. Saman med dei allereie nemnte, samt Arthur Kay Piene på ymse tangentar og Espen Kregnes på bass er The Switch då altså noko slikt som eit seksmedlemmers poporkester som på ingen måte overdriv. Dei økonomiserer lyden inn i eit bilde der det melodiske er plassert i førarsetet og noko friskt og sympatisk er drivstoff.
Inn i det psykedeliske kan dei også drive. Ikkje langt og uoversiktleg, men innom. Og aller best gjer dei nett det i songen Narrow it Down. Ein song som flyt, behagelig, ikkje så fort, som blir farga av varlege synth-dropar og ein varm baryton-gitar, og som formidlar tankar om krafta i augeblikket, og det å ha sin kjære kvilande i armkroken. Heilt annleis er Hangtime. Den kjem midt i seansen, er ein funky instrumental, og ristar bra i frå seg før det på ny ber inn i det albumet først og fremst handlar om: Uimotståelig pop.
Tre reiser, tre saksofonar, og to-tre songar som set spor. 6
HOPE VI er namnet på eit prosjekt i ein del amerikanske byar som har det føremål å bygge ut dei fattigaste og mest forfalne strøka av byen. På ein slik måte at dei skal kunne huse folk med ulikt inntektsgrunnlag. Ein kritikk som prosjektet har fått er at folk som budde i strøka i utgangspunktet er blitt fordrivne. Washington DC er ein av byane som har nytta seg av HOPE VI planane. PJ Harvey har vitja byen. Ho har skrive fleire låtar inspirert av ting ho såg og vart fortalt der. Når ho så kallar plata si for The Hope Six Demolition Project skulle vel det vere ein rimelig tydelig manifestasjon over at ho ikkje applauderer prosjektet. I opningskuttet, den sonisk sett nesten lystige The Community of Hope, går ho meir konkret inn på sine observasjonar, skildrar det nye som er komme opp i det aktuelle byområdet kontra det gamle som var der. Utan at ho tar ein klart uttalt stilling til dilemma. Men mellom linjene ligg jo prosjektkritikken og ulmar.
I 2015 gav PJ Harvey i samarbeid med fotografen Seamus Murphy ut dikt/fotografi-boka The Hollow of the Hand. Ei bok som blei til gjennom tre reiser dei to gjorde, til Kabul, Kosovo og Washington. The Hope Six Demolition Project er hennar soniske forteljing frå reisene. Det handlar altså ikkje berre om eit byutviklingsprosjekt i den amerikanske hovudstaden. Slik eg oppfattar det handlar albumet om menneske og natur som på ulikt vis får smake konsekvensane av maktutøvarars vedtak og handlingar. Ho er altså i det politiske landskapet, slik ho var på sitt førre album, det ganske så meisterlige Let England Shake. Men der det albumet i første rekke handla om heimlandet og krigstilstandar, bringer PJ Harvey denne gongen eit meir internasjonalt snitt over sakene. Når det er sagt, det handlar jo først og fremst om menneske då, og dei er faktisk ikkje så reint ulike, enten dei kjem ifrå England, frå Amerika, frå Kosovo, eller frå Kabul.
Men eg følte ho kom nærare på menneska sist gong. Eg føler observasjonane hennar denne gongen har eit litt meir distansert preg, at dei siktar mot meir objektivitet. Pussig nok, sidan det denne gongen er autentiske opplevingar og observasjonar ho bringe til torgs. Ikkje noko ho som poet har dikta fram. For som ho sjølv seier det i The Orange Monkey: «I took a plane to a foreign land, and said, I’ll write down what I find». Og ho har funne, men nok ikkje skrive det ned og tilført det tonar som treff og set seg like intenst i ryggmargen som det det store fleirtalet av låtane på Let England Shake gjorde.
Men The Wheel treff. Ein song om flyktningkrisa. Om bilde som flimrar mot oss, og forbi oss, der vi sitt trygt i godstolen vår, bilde av «faces, limbs, a bouncing skull», og ikkje minst av born, mange born. «Little children, don’t disappear» syng Harvey, «I heard it was twenty eight thousand» responderer eit kor av menn. Korthogd, nådelaust, verknadsfullt. Tre ord eg også finn det riktig å nytte om songen Dollar, Dollar. Ei skildring av den suksessfulle, rike kvite artisten og turisten sitt møte med ein gutunge, ein tiggar. Ho som passasjer i ein bil, han ståande midt i trafikkaoset, kopparra og uthula, «saying dollar, dollar». «I can’t look through or past» syng songaren, og skaper ein vondvakker song full av desperasjon. The Wheel og Dollar, Dollar er dei to beste songane på plate, og det er dei to siste.
Framfor dei dansar ein blues i halvt Led Zeppelinske og halvt krakilske former. Den heiter The Ministry of Social Affairs, og skildrar den i geografisk målestokk korte men sosialt sett milevise avstanden mellom tiggarane og krøplingane, pengespekulantane, og departement-lokalet. To saksofonar krøllar seg rundt låta, i både atonale, tonale og jumpande former. Spelt av PJ Harvey sjølv, og den meir skolerte Terry Edwards. Saksofonen har forresten ei dominerande sonisk rolle albumet igjennom. Ved eit par høve til spelt av Harvey sjølv. Som i den apokalyptiske og luftige låta The Ministry of Defence, som skildrar noko som må vere observert i Kabul. Den legendariske dubpoeten Linton Kwesi Johnson deltar med nokre linjer, og konklusjonen er dyster: «This is how the world will end».
Men altså, eg har høyrt betre plater av PJ Harvey enn The Hope Six Demolition Project. Eg har høyrt Let England Shake og Rid of Me, to plater som på ulikt vis har skaffa seg plass i min personlige rock’n roll kanon. Eg har høyrt To Bring You My Love og White Chalk og Dry, og i grunn meir eller mindre alt ho har gjort. Og det er bra, på sitt litt ulike vis er det bra, alt saman. The Hope Six Demolition Project er også bra. PJ Harvey sitt ellevte beste album (i ein, når det kjem til kvalitet, imponerande katalog på tolv bra album).
Psykedelisk postpunk i ei handfull nyansar av svart. 7
Det startar med smygande støy, stigande støy. Det varer i eitt minutt. Så openbarar eit gitartema seg. Eit enkelt og lumskt eitt. Vakkert, forførerisk og lumskt. Kom her, kom her, synest eg det seier. Eg fylgjer etter. Eit groove sig fram, stig fram. Frå sentrum av eit mørke. Tyngre gitarakkordar melder seg på. Ei stemme gjer seg til kjenne. Syng. Frå inne i mørkret ein stad. Det låte illevarslande. Som vegen inn i ei Poe-novelle, eller ein skrekkfilm. Det regnar. Hovudpersonen hutrar. Gitartonar lokkar. Hovudpersonen er ikkje heilt åleine viser det seg. Det er eit menneske til der. Men kva er det dei føretar seg? Kva vil dei kvarandre? Er det ein kamp, er det noko som skal avgjerast? Eller er det ei seksualakt kanskje? Han, hovudpersonen, synest å gå for ein kapitulasjon. «Drown in your eyes» kunngjer han. «Eat me in one slice» foreslår han. I namnet åt den totale underkasting. Og mørket varer, og groovet går. Men ikkje heilt inn i det evige svarte. Dei to forvillar seg ikkje heilt bort, dei gjer faktisk ikkje det, («we ain’t gonna stray»), der ved foten av Confusion Hill – «were the time stand still».
Mayflower Madame er eit norsk rockeband som visstnok har vore rundt ei tid, utan at det har manifestert seg i flust av plater. Ein tre år gammal firespors ep er alt dei har på samvitet i så måte. Før dei no altså albumdebuterer med Observed in a Dream. Og gjennom åtte låtar kan det kanskje vere nett noko slikt dei har føre seg: Observasjonar frå draumetilstandar. Men då ikkje dei fagre og lystige draumar. Det er nok heller slike ein vil helle mot å plassere i kategorien mareritt.
Mayflower Madame har ikkje vore rundt sidan byrjinga av åttitalet. Men dei drar ein del vekslar på tonar frå den tida. Slikt ein i dag kallar postpunk. Den mørkaste av det slaget. Den som gjerne gøymte seg bakom albumomslag i få og dystre fargar. Som til dømes Bauhaus sine album In the Flat Field og Mask. Eller kva med Gun Club sitt Miami album (sjølv om omslaget der har meir fargar i seg)? Goth, det er noko gotisk over tonane til Mayflower Madame også, utan at eg av den grunn finn det høvelig å dra fram Sisters of Mercy sitt First and Last and Always album i altfor sterk grad. Psykedelisk, det er definitivt også noko psykedelisk i det som kjem flytande utav tonane til bandet. Av eit slag som ikkje er totalt ulikt det eg har høyrt i songar frå meir enn ei plate av Austin-bandet The Black Angels. Så, der skulle dei vere plassert. Utrygt, dunkelt, og nok ikkje heilt presist.
Suggererande, først og fremst er det suggererande. I eit lydbilde skapt av to gitarar, bass, trommer og ein vokal som gøymer seg litt innimellom det heile. Romklang skaper ein illusjon av at seansen føregår i ein hall der disen ligg lågt og all energien er sentrert der borte rundt det kvartetten bringer fram. I ein songsyklus som aldri vik unna, som held det gåande, som mørke bølgjer som uavlatelig skyl innover landskapet.
Ein songsyklus av åtte songar «armed with hooks and claws», for å tjuvlåne vokalist (og gitarist) Trond Fagernes sine eigne ord. Ord han ytrar i den drivande kløktige songen Self-Seer, dei kanskje mest melodiske minuttane på plata. Om dei minuttane då ikkje tilhøyrer den hakket meir ugode Lovesick. Begge gjer seg til kjenne tidleg i ein syklus som ein gjer best i å ta inn som ein heilskap. Som eit album. Eit fullverdig og skikkelig album. Over 34 minuttar. Utan spor av slappe tilstandar. Høvelig nok gitt ut på labelen Night Cult Records.
Country og soul, ein far og ein son, og ein seilas som bølgjer opp og ned. 6
Halvvegs inn i opningssporet skjer det eit hamskifte. Welcome to Earth (Pollywog) som sporet heiter går frå å vere crooner-country til å bli eit heftig soulnummer. Det var også litt slik, men samstundes ganske så annleis, sist Sturgill Simpson var her med eit album. Då starta han med ein klassisk countrylåt, Turtles All the Way Down, formidla ein bra dose religionskritikk, skildra kjærleiken som redninga og påførte etterkvart songen effektfulle psykedeliske svingingar. Psykedeliske svingingar som han ikkje gav alle songane på plata, men som han vandra nok blant til at plata fortente sin tittel, Metamodern Sounds in Country Music.
Spesielt mykje psykedelisk er det ikkje over Simpson sitt tredje album, A Sailor’s Guide to Earth. Utan at countrytonen hans av den grunn får vere i fred frå slikt som ikkje er heilt typisk country. Ja i grunn er vel A Sailor’s Guide to Earth meir sonisk variert og mindre klassisk country enn det Metamodern var. Men eg vil ikkje nødvendigvis kalle den for ei betre plate av den grunn. Det er jo ein del andre ting som skal spele inn og spele med for at slikt skal skje. Og særlig tatt i betraktning at Metamodern jo var slik ei storarta affære.
Suksessen som blei Simpson til del i kjølvatnet av Metamodern gjorde at det blei mykje turnering og speling, og lite heimeliv. Lite tid saman med sonen som blei født på den tida albumet kom ut. Noko Simpson etter kvart kom til skulle bli tema for den neste plata. Han kom også over eit brev som bestefaren hadde sendt kona si i sin ungdom. Då han var soldat på andre sida av Stillehavet, og trudde han kom til å døy der. Dette gav Simpson ideen å lage eit konseptalbum som skulle handle om ein sjømann som drar av garde og ikkje reknar det som sannsynleg å vende heim att. «Hello, my son» er dei tre første orda på albumet. Deretter fylgjer ein syklus av songar der ein fråverande far vender seg til den vesle son sin, i kjærleik og i angst for korleis det skal gå han i verda. Berre forstyrra av ein nennsam song til kona, Oh Sarah.
Country og soul, stille hav og full storm. Her er definitivt ei viss spennvidd. Men kanskje ikkje flust av songar som kryp innunder huda, i alle fall ikkje mi hud. Breakers Roar er ein litt for flat ballade om einsemd, sakn og draumeflukt. Brace For Impact (Live a Little) og All Around You er to heilt greie soulnummer som ikkje klorar seg ut av eit dusinvaretilvære. Keep It Between the Lines opplever eg derimot at kjem ut og soulswingar riktig så bra i frå seg, i takt med at songaren leverer ei rekke velmeinte (tidvis på grensa til hysteriske) formaningar til sonen. Den blir tett fylgt av ein John Prine-slekta countrysong, Sea Stories. Der ein tidlegare marinesoldat ser tilbake, og ganske så bitande og illusjonslaust skildrar kor meiningslaust det heile var, å ha sett «near the whole damn world from the inside of a bar».
Eit lite høgdepunkt på plata er Sturgill Simpson si tolking av den gamle Nirvana-songen In Bloom. Ein song som hyllar det å vere litt annleis – sensitiv og umandig – ved å gjere narr av dei som berre fylgjer den store hopen. Refrenget er jo klassisk: «He’s the one who likes all our pretty songs, And he likes to sing along, And he likes to shoot his gun, But he don’t know what it means, Don’t know what it means to love someone». Simpson flyttar songen frå Nirvana sitt frenetiske ned i det nennsame. Men tar vare på desperasjonen.
Desperasjon er det også til fulle i avslutningssporet Call to Arms. Eit rytmisk viltert rock’n roll-nummer der songaren poengterer overfor sonen kor marionettaktig og lite stilig soldatlivet er, samstundes som han harselerer med amerikansk krigføring og moderne livsstil (og vanar og uvanar vi har pådratt oss i så måte): «Nobody’s looking up to care about a drone, All too busy looking down at our phone».
Så, til trass for at plata nok skuffar meg littegrann: den har sin dose av gode songar, og blir til slutt ein seilas vel verdt å hive seg på.
Folktonen blir både nennsamt og elektrisk behandla på eit ambisiøst dobbeltalbum. 7
Med The One In the Sun gjer Monica Heldal klisjeen om det vanskelige andrealbumet ein ny dimensjon. Eg har ingen grunn til å tru at det har vore eit kav for henne å få til denne plata. Min grunn til å kalle plata for vanskelig er at den krev sin lyttar. Så godt som ein time til endes byr den på låtar med mykje innhald. Sonisk innhald. Lange introar, komplekse mønster og uventa vendingar. Groovy og kronglete. Akustisk og elektrisk. Gitar og gitar. Folk, prog og rock’n roll. Etter kvart går det berre klarare og klarare opp for meg at det er tonar verdt å vere blant.
Verdt å vere blant var også det som gjekk føre seg på debutalbumet til Monica Heldal, frå 2013. Der den unge kvinna frå Bergen dukka ned i slikt som hadde oppstått då foreldra var unge. På det tidlege 1970-talet og der omkring. Engelsk folk á la Nick Drake og John Martyn, eller det som meir elektrisk var, som Led Zeppelin og Rory Gallagher. Ho fekk det forsyne meg til å låte som om det ganske så naturlig kom rett utav 2013.
Sjølv om albumets tittel, etter kva Heldal sjølv har fortalt, er henta frå ei obskur soloskive av Lynyrd Skynyrd-gitaristen Steve Gaines er nok referansane mykje dei same som på The One In the Sun som på debuten. I det der engelske folkrock-segmentet. Dei same er også folka som er rundt henne, som spelar saman med henne. Øystein Frantzvåg og Børge Fjordheim på høvesvis bass og trommer, medan Øyvind Blomstrøm og Cato Salsa spelar på gitarar og sistnemnte også på tangentar. Blomstrøm og Salsa har også produsert plata.
Sentralt i det soniske bildet er Heldal sin akustiske gitar, som ho stort sett fingerplukkar på. Fingrane hennar dansar ikkje ut på dei enklaste av løp, og arrangementa låtane er kledd i er signert med ein ambisiøs vilje. Så vegkartet inn til albumets hjerte er altså ikkje av dei lettaste å tyde. Vanskeligare enn kva som var tilfelle på debuten. Utan at dei fører ut på pretensiøse vidder av noko slag. Det handlar vel meir om kratt, klunger og interessante omvegar.
Det startar ut med ei låt kalla Siren, i stormfulle folkrockformer. Ja groovet som ber låta fram har vel nærast eit Led Zeppelinsk kraft. Det same kan seiast om den hakket luftigare The Riverbank. Eit nummer lagt i ein tone og tilført ein elektrisitet som tiltalar denne lyttaren meir enn det meste på plata. «These times are passing fast while black is the colour of my mind» formidlar songaren, medan vemodet og lengselen dryp frå bringa hennar. Midt i eit kjenslemessig område som fleire av låtane på plata høyrer til.
«Oh I’ve never been here in hell before, and my angel doesn’t seem to care now» lyde opningsstrofa i den akustisk dominerte og vakre songen Lovers & Life & Stars. Men historia den fortel står ikkje heilt fast der, den bevegar seg mot eit visst håp. Såpass at det ikkje virkar malplassert når songaren til slutt syng «shine, shine, shine». Malplassert er heller ikkje sola som skin over tittelsporet. Det nesten ti minuttar lange tittelsporet. Der det startar ut med gitartonar som har soloppgang i seg og så ei stund seinare, sånn ganske mot slutten, slår fast at «she’s there in the night shining bright». Imellom der flyt den rundt i eit ledug groove, nippar lett til noko psykedelisk, spelar ut ein glødande gitarsolo, og har eit godt folkmelodisk vesen. Vi snakkar nok her om albumets høgdepunkt.
Og til slutt seier ho så eit Actual Farewell. Spelar ein song med den tittelen, ein pop-psykedelisk godmelodisk ein, og meiner det nok ikkje som eit farvel til musikken. På ingen måte, vil eg tru, for Monica Heldal viser at ho både har nok låtskrivarteft, ambisjonar og musikalsk fantasi til å kunne bli verande lenge i dette.