Tag Archives: Mayflower Madame

Mayflower Madame – Observed in a Dream

Standard

Psykedelisk postpunk i ei handfull nyansar av svart.                                                                       7

  Det startar med smygande støy, stigande støy. Det varer i eitt minutt. Så openbarar eit gitartema seg. Eit enkelt og lumskt eitt. Vakkert, forførerisk og lumskt. Kom her, kom her, synest eg det seier. Eg fylgjer etter. Eit groove sig fram, stig fram. Frå sentrum av eit mørke. Tyngre gitarakkordar melder seg på. Ei stemme gjer seg til kjenne. Syng. Frå inne i mørkret ein stad. Det låte illevarslande. Som vegen inn i ei Poe-novelle, eller ein skrekkfilm. Det regnar. Hovudpersonen hutrar. Gitartonar lokkar. Hovudpersonen er ikkje heilt åleine viser det seg. Det er eit menneske til der. Men kva er det dei føretar seg? Kva vil dei kvarandre? Er det ein kamp, er det noko som skal avgjerast? Eller er det ei seksualakt kanskje? Han, hovudpersonen, synest å gå for ein kapitulasjon. «Drown in your eyes» kunngjer han. «Eat me in one slice» foreslår han. I namnet åt den totale underkasting. Og mørket varer, og groovet går. Men ikkje heilt inn i det evige svarte. Dei to forvillar seg ikkje heilt bort, dei gjer faktisk ikkje det, («we ain’t gonna stray»), der ved foten av Confusion Hill – «were the time stand still».

Mayflower Madame er eit norsk rockeband som visstnok har vore rundt ei tid, utan at det har manifestert seg i flust av plater. Ein tre år gammal firespors ep er alt dei har på samvitet i så måte. Før dei no altså albumdebuterer med Observed in a Dream. Og gjennom åtte låtar kan det kanskje vere nett noko slikt dei har føre seg: Observasjonar frå draumetilstandar. Men då ikkje dei fagre og lystige draumar. Det er nok heller slike ein vil helle mot å plassere i kategorien mareritt.

Mayflower Madame har ikkje vore rundt sidan byrjinga av åttitalet. Men dei drar ein del vekslar på tonar frå den tida. Slikt ein i dag kallar postpunk. Den mørkaste av det slaget. Den som gjerne gøymte seg bakom albumomslag i få og dystre fargar. Som til dømes Bauhaus sine album In the Flat Field og Mask. Eller kva med Gun Club sitt Miami album (sjølv om omslaget der har meir fargar i seg)? Goth, det er noko gotisk over tonane til Mayflower Madame også, utan at eg av den grunn finn det høvelig å dra fram Sisters of Mercy sitt First and Last and Always album i altfor sterk grad. Psykedelisk, det er definitivt også noko psykedelisk i det som kjem flytande utav tonane til bandet. Av eit slag som ikkje er totalt ulikt det eg har høyrt i songar frå meir enn ei plate av Austin-bandet The Black Angels. Så, der skulle dei vere plassert. Utrygt, dunkelt, og nok ikkje heilt presist.

Suggererande, først og fremst er det suggererande. I eit lydbilde skapt av to gitarar, bass, trommer og ein vokal som gøymer seg litt innimellom det heile. Romklang skaper ein illusjon av at seansen føregår i ein hall der disen ligg lågt og all energien er sentrert der borte rundt det kvartetten bringer fram. I ein songsyklus som aldri vik unna, som held det gåande, som mørke bølgjer som uavlatelig skyl innover landskapet.

Ein songsyklus av åtte songar «armed with hooks and claws», for å tjuvlåne vokalist (og gitarist) Trond Fagernes sine eigne ord. Ord han ytrar i den drivande kløktige songen Self-Seer, dei kanskje mest melodiske minuttane på plata. Om dei minuttane då ikkje tilhøyrer den hakket meir ugode Lovesick. Begge gjer seg til kjenne tidleg i ein syklus som ein gjer best i å ta inn som ein heilskap. Som eit album. Eit fullverdig og skikkelig album. Over 34 minuttar. Utan spor av slappe tilstandar. Høvelig nok gitt ut på labelen Night Cult Records.

TIDAL: MAYFLOWER MADAME – OBSERVED IN A DREAM

BANDCAMP: MAYFLOWER MADAME – OBSERVED IN A DREAM

Høyr her (høyr Mayflower Madame)

Standard

Det er absolutt medrivande takter å spore i den ferske låta Weightless frå Oslobandet Mayflower Madame. Dunkelfarga psykedelisk dronedriv det går an å bli fanga inn i. Av ankepunkter har eg ikkje så mykje meir enn at eg opplever den som litt for kort (2 ½ minutt). Og det er vel ikkje verdens verste ankepunkt?.

Låta er første smakebit frå eit debutalbum som etter planen skal dukke fram frå mørket og ut i dagslyset den 22. april 2016. Kanskje har eg meir å seie om sakene då. Her er Weightless og ein video: