Tonar tar fyr i eit ambisiøst verk, der nittitalet møter nåtid. 9
The Ballad Of the Costa Concordia er ikkje ein ballade om Costa Concordia. The Ballad Of the Costa Concordia er ein song, ein over elleve minuttar lang song, ei lita sonisk/melodisk novelle, (ja for all del: ein ballade om du vil), som ikkje handlar spesielt mykje om det tragiske forliset i Middelhavet i 2012. Songen/balladen/den soniske novella kjem mot slutten av Teens of Denial, ei plate av og med det Seattle-busette bandet Car Seat Headrest, og den kjem i fleire fasar, i alle fall tre. Kapteinen som styrte skipet, Costa Concordia, eller kanskje ikkje gjorde det, i alle fall ikkje slik han burde ha gjort det, dannar eit utgangspunkt for det songen går inn i – «How was I supposed to know how to steer this ship?». Men songen handlar om ein ung mann og korleis han styrer livet sitt, eller kanskje helst korleis han ikkje styrer livet sitt.
Songen startar nedpå, dempa, som ein ubrukt morgon. «I used to like the mornings, I’d survived another night» syng songaren. Men ikkje så lenge etterpå, i neste vers for å vere eksakt, syng han dette: «Now I wake up in the morning, and all the kindness is drained out of me». Den unge mannen, som vi vel ikkje kan sjå bort i frå at er identisk med songaren sjølv, Will Toledo, har gjort sine mistak fortel han, utan at han nødvendigvis har dratt noko lærdom utav det, må han erkjenne. Om berre ting kunne vore annleis, ytrar han i refrenget, om han berre kunne klart å halde fast i eit sinne, om han berre kunne blitt kvitt nokre synder.
Og det soniske veks, låta byrjar koke, og songaren fortvilar ytterligare. Nokre sekund blir så det meste rundt han dempa ned, og han syng nokre tekststrofer han har stole frå ein Dido-song (White Flag), men han endrar den siste linja frå «I’m in love and always will be» til «I have lost and always will be».
Så er vi over i fase to, og Will Toledo startar å resitere. Frå varleg famlande til glødande intenst. Med eit glimt i augo drar han fram fleire utsegn inspirert av kapteinen sitt «how was I supposed to …». Alle henta frå det trivielle kvardagslivet. Av typen «How was I supposed to remember to grab my backpack after I set it down to play basketball?». Etter kvart blir det verre, atskillig verre: «I was given a body that is falling apart … I was given a mind that can’t control itself, I was given a ship that can’t steer itself, and what about the pain I’m in right now?». Og så vidare, og så vidare, heilt til han spør seg sjølv, og ut i lufta, til dei som måtte ville høyre på han: «How many times have I drowned?».
Og så kjem eit nytt refreng. Det er ikkje langt, det er ikkje vanskelig, men det manglar ei framtid: «I give up». Fase tre riv og slit, gitarane er kvesste og glødar og riffar, og tempoet er åtakslysten rock’n roll. Tilstanden nærmar seg det dystopiske. «Now we», syng Toledo, og har om ikkje heile menneskeslekta så i alle fall sin eigen generasjon i tankane når han fullfører, snerrande: «download all of our shit for free, it’s the new economy, we have nothing to offer and we sleep on trash». Og han får meg, lyttaren, til klart og tydelig sjå føre meg folk som klingar seg fast til «the cliff of revelation», livredde for kva dei har i vente.
Men så roar det seg, igjen. Heilt ned. Og nokon vaknar opp, skjelvande, frå ein draum, og strekker seg etter sin kjære, og kviskrar «I love you, I love you, I love you».
Ikkje alt er kva ein skulle tru det var, og ingenting er eindimensjonalt. Ikkje i The Ballad of the Costa Concordia, og ikkje i andre songar på plata. Angsten står i spenn, depresjonen gneg, eit sinne kan dukke opp, ein viss kynisme kan også finne på å gjere seg gjeldande, eller kanskje sprett ein pussig vittigheit, eller to, fram. Men i botn, under det heile, meiner eg å dra kjensel på reinspikka oppriktigheit. Så kva skal eg seie? Er dette nittitalet, eller 2016? Vel, kanskje er det eit møte, mellom tiåret då Will Toledo blei født, og året han blir 24. Eit i alle fall fruktbart møte.
At det heile kjem utav Seattle (sjølv om Will Toledo rett nok har vakse opp i ein liten småby i Virginia) og blir gitt ut på Matador Records er ikkje meir enn rett og rimelig. For kva var vel, på nittitalet, i den gitarorienterte rockens sfære, meir nittital enn Seattle og Matador Records. Nirvana og Pavement. Og det er der, i eit kryssingspunkt mellom dei to banda, samt eit og anna gitarelektrisk av liknande kaliber (det er til dømes noko med energien her som minner meg om Modest Mouse) at Car Seat Headrest må seiast å ha sine genar ifrå. Men det er meir i desse genane. Atskillig meir. Dei har også det i seg at dei ikkje prøver beinhardt å vere der i kryssingspunktet, eller klenger seg tett opp til stamma, dei har i grunn slite seg laus. Og utan å ta avstand til sine inspirasjonskjelder dansar Car Seat Headrest av garde som om dei eig kvar einaste tone dei spelar.
Men for eit traurig bandnamn. Det har sin historie. Will Toledo har laga songar ei god stund. Sidan han var ein ung tenåring, og kanskje før det også. Han byrja å spele dei inn også. Heime, med eigne middel, på lo-fi måten. Men karen nøydde seg ikkje med det. For der ute på internettet finst jo Bandcamp. Og der finst folk, kanskje nokon som tar seg tid til å lytte også, i alle fall litt. Slik tenkte unge Toledo, og han byrja gje ut musikken sin, som album, på Bandcamp, eit par gonger i året. Og sidan han ikkje ville gje desse platene ut under eige namn, måtte han finne eit anna namn. Han tok det han såg, reint konkret, framfor seg, av og til når han satt og spelte inn ein song, i baksetet på familiens bil. Nakkestøtta i førarsetet, Car Seat Headrest. Og album kom, og kom, og kom. Elleve stykk. Og så dukka Matador Records opp. Will Toledo spelte inn eit lite utval av songane sine på nytt, kalla samlinga Teens of Style, og hans debutalbum på ein skikkelig label var eit faktum. Kalenderen viser på dette tidspunktet oktober 2015. Car Seat Headrest er i ferd med å vekse frå å vere eit einmannsprosjekt til å bli eit band. Toledo er ei tilsynelatande utømelig kjelde av nye songar, lange og korte, vide og smale, fengande og kranglete, der det tematiske driv inn og utav sjelelivet til ein ung mann. Inn i det djupt depressive hjørnet, over i kyniske forsvarsmekanismar, og så stundom ut i det fri der endåtil eit meir naivistisk blikk på tilværet kan gjere seg til kjenne (hallo Jonathan Richman).
Teens of Denial er ein ambisiøs ung mann sitt verk. Sytti minutt strekker den totale speletida seg over. Fill in the Blank lyde den innleiande oppmodinga, i form av eit glødande åtak av ei låt. Depresjon og sjølvforakt er temaet. «You have no right to be depressed, you haven’t tried hard enough to like it» syng Toledo til seg sjølv i eit refreng som soniskmelodisk fengjer à la Weezer i eit heldig augeblikk. Og jaggu blir det fylt inn. Kvar låt, kvar krik og krok, fyller Toledo og hans kumpanar med pasjonert musikalitet. Heilt til seansen blir avslutta med ei lita vise om eit møte med ein hest, som dei upassande nok har kalla Joe Goes to School.
Her finst også ei lengre låt der denne Joe blir gitt den æra å ha namnet sitt i tittelen. (Joe Gets Kicked Out of School For Using) Drugs With Friends (But Says This Isn’t a Problem) er den fulle og heile og misvisande tittelen. Joe forsvinn nemlig utav opplegget så snart tittelen er unnagjort, og tilbake står Toledo og hans venner og ei semmer rusoppleving. «Last Friday I took acid and mushrooms, I did not transcend, I felt like a walking piece of shit, in a stupid looking jacket» formidlar Toledo. Han har fortalt i intervju at songen handlar om den einaste gongen han har tatt syre. Det gjekk som ein skjønar skitt. Men det går på ingen måte skitt når han i låta bramfritt legg det fram i eit slackerpsykedelisk lune.
Dei to Joe-låtane handlar altså ikkje om Joe, og Vincent handlar heller ikkje om Vincent van Gogh. Han blir berre flyktig nemnt fordi det blir vist til eit bilde han har mala som tener som illustrasjon for Wikipedia sin artikkel om Depresjon. Det er altså det som igjen er temaet, depresjon altså. I eit groovy, for ikkje å seie slackerfunky og skarpt medrivande, nummer, som også tidvis tyr til gitarstøy av Sonic Youth-sorten. Meir fortviling slit seg fram i den glødande grunge-saken Destroyed By Hippie Powers. Medan Drunk Drivers/Killer Whales er ein melodisk vinnande song om dagen derpå, bondeanger versus likesæle. Men gradvis glir den over til å bli ein song om å kjenne seg fanga i eit tilvære ein ikkje er tilfreds i. «It doesn’t have to be like this» lyde mantraet Toledo møter dette med, og drar inn spekkhoggarar som illustrasjon (inspirert av at han nettopp hadde sett ein film om spekkhoggarar i fangenskap, og ikkje likt det han såg).
Sagaen om denne plata har på førehand handla ein god del om ein låt som til slutt måtte redigerast. Just What I Needed heiter ein av The Cars sine signaturlåtar. Toledo fekk det for seg å låne riffet frå denne inn i ein eigen låt. Plateselskapet trudde dei hadde forhandla fram eit løyve til å gjere det. Men så sa Ric Ocasek nei. Ei veke eller så før lageret med LP’ar og CD’ar skulle ut i butikkar sa Ocasek eit bestemt og absolutt nei. Og alt måtte destruerast. Toledo gjorde om låta og kalla den høvelig nok for Not What I Needed, utan spor av The Cars men i staden injisert med ein baklengs psychversjon av Toledo sin eigen song Something Soon som avslutningstema.
Ein annan saga heiter Connect the Dots, og er om vi skal tru Toledo The Saga of Frank Sinatra. Eg trur ikkje vi skal tru på Toledo der. Eg trur Toledo har sans for upresise og mystiske låttitlar. Men eg trur på den bassviltre tilstanden som treff songen i siste del, og eg trur på det hektiske og skingrande vesenet den har. Eg trur også på Toledo når han i Cosmic Hero snerrar, til ei kvinne eller kanskje meir truleg til seg sjølv: «And if you really wanna know how kind you are, just ask yourself why you’re lying in bed alone». Og eg trur eg høyrer han synge inderlig som ein Will Sheff (Okkervil River) når han syng både det, og mykje anna. Om tilgiving og ikkje tilgiving i Unforgiving Girl (She’s not) til dømes, eller om døden som spelar xylofon for han i 1937 State Park. Og så trur eg – ja eg har vel i grunn ei kraftig tru på nett det – at dette er ei plate som skal bu lenge like i nærleiken av meg.
TIDAL: CAR SEAT HEADREST – TEENS OF DENIAL