Musikken, naturen, melankolien og ei mystisk sag. 7
I truskap til tittelen er den første lyden som gjer seg til kjenne på Kevin Morby sitt tredje album ei syngande sag. Eg høyrer eit vemod i tonen den ytrar. Og eg anar eit gåtefullt drag. Den er vakker, den er lumsk. Kanskje er den ikkje heilt å stole på denne saga? Ikkje heilt til å forstå? Eller kanskje skal den slett ikkje ha skulda for at det i opningssporet etter kvart blir skapt bilde som bringar tankane mine i retning av ei avretting. Kanskje bør eg først og fremst gje det ansvaret til orda som vert formidla – om tårer, åtselfuglar og nokre uforsonlige individ som nærmar seg ein skjelven hovudperson («I can see it in them now, they’re going to cut me down»).
Men røysta til Kevin Morby er ei mild og sympatisk ei. Den overdriv ingenting. Held seg i eit godt melodisk leie, og fortel om både slikt som er vakkert og slikt som er leit. Knyter songane på plata i hop ved å la same ord, bilde og tema flyte mellom songane. Og skaper slik eit album, eit heilskapleg eit.
Som nemnt, Morby sitt tredje. På ikkje altfor mange år. Etter at han nokre år hadde gjort teneste som bassist i New York-bandet Woods, og vore ein av to i The Babies, debuterte han som soloartist i 2013 med plata Harlem River. Ein tributt til den store byen han flytta til nokre år tidlegare, og som han på dette stadiet stod på trappene til å reise ifrå. Albumet som fylgde året etter, Still Life, handla meir om å vere i bevegelse, om ei viss rastløyse. Morby budde no i utkanten av Los Angeles. Det gjer han framleis. Singing Saw har til dels henta inspirasjon frå fotturar Morby har gjort i områda rundt staden der han bur, Mount Washington.
I have been to the mountain
And I have walked on his shore
I have seen
But I can’t see him no more
Ja Morby har heilt sikkert vore oppe i fjellet, men denne songen, I Have Been To the Mountain, handlar ikkje om Morby og fjellturar. Denne songen er ein tributt til Eric Garner som i 2014 blei kvelt til døde av politiet under ein arrestasjon. Det er ein sterk song, ein med eit intenst driv, kvinnelig klagekor, litt bjeffande trompet, ein liten sprakande gitarsolo, og visse spor av ein Dylansk snerr i songarens røyst.
Dylansk snerr er ikkje noko eg tenker er eit typisk Morby-trekk, men Dylan er der i tonane like fullt. Ja meir enn nokon annan skikkelse frå musikkhistoria er det nok gamle gode Dylan som er der. Litt meir enn Leonard Cohen, som nok også må reknast inn i opplegget. Skulle eg relatere Morby opp mot nokon frå hans eigen generasjon, er kanskje ikkje ein tenkt krysning av det folksy gufset til Timber Timbre og den meir klassisk melodiske rocken til The War on Drugs eit heilt fjernt bilde.
Den syngande saga dukkar sjølvsagt opp att. Plata har jo eit tittelkutt. Eit langt og flytande eit, ein sfærisk blues som har god kontakt med jorda, og fjellet, og trea. Der songaren serverer mystiske linjer som: «I thought i saw a singing saw, cut down a song tree» og «Then I saw the singing saw singing after me». Kanskje er det ikkje meir mystisk enn at det handlar om naturen og musikken, og ei songbok som sviv rundt i songarens hovud. Eit tema godt som noko det. Musikk og musikkminner er også tema i det svingande nummeret Dorothy. Musikkminner og ei høgst nærverande kvinne. Medan både fjellet og songboka («I’m writing a song book on a mountain») og treet og den syngande saga («the willow with her singing saw») dukkar opp i Black Flowers. Ein song der tonane har lys i seg, mens det tekstlige driv inn i ei ganske så mørk håpløyse.
Og slik kunne eg ha halde fram. Funne koplingar mellom songane. Funne litt lys, litt naivitet, litt surrealisme, og ein god del mørke. Ja og så tonar eg ville ha kalla vakre og slett ikkje vanskelige. Frå ein fyr som ein vel kan seie har funne si eiga røyst.
TIDAL: KEVIN MORBY – SINGING SAW