Ambisjonane slår ut i fargerike tonar på Fleet Foxes sin tredje.
Det er blitt meg fortalt at Fleet Foxes sin songar og låtskrivar Robin Pecknold hausten 2012 klipte håret, raka av seg skjegget, pakka ryggsekken og drog til Hawaii, og vidare derifrå til Nepal. Før han etter kvart enda opp som student på Columbia University i New York. Trommeslagaren i bandet har seinare uttalt at «we all started hated each other». Sjølv drog han til California og skapte ein ny karakter, og med det ei heilt anna historie. Pecknold sin Fleet Foxes-høgrehand og barndomsvenn Skyler Skjelset byrja å gje ut plater med instrumentalmusikk, og avfann seg etter kvart med at dette bandet dei hadde hatt i hop nok aldri kom til å komme opp med eit album nummer tre.
Vel, Crack-Up er Fleet Foxes sitt tredje album. Seks år etter deira førre, Helplessness Blues, er det her. Og det har absolutt noko for seg at det er blitt til. I manesjen finn vi den same gjengen minus trommeslagaren (bandet har leigd inn eksterne krefter til å ta seg av den biten). Dei har skapt eit album som har avtrykk etter alle bandets medlemmer, men der nok Pecknold og Skjelset er hovudaktørane.
Albumets arbeidstittel var Ylajali. Etter den mystiske kvinna som hovudpersonen i Knut Hamsuns roman Sult får ein hang up på. Det hadde vore ein fin tittel det, men i staden gjekk Pecknold til ein annan forfattar. Til F. Scott Fitzgerald og eit essay han skreiv for sånn cirka åtti år sidan. Underteikna har ikkje lest essayet, men har snappa opp ei stundom sitert linje derifrå: «The test of a first-rate intelligence is the ability to hold two opposed ideas in the mind at the same time, and still retain the ability to function». Om dette å meistre kunsten å balansere to motstridande tankar altså. Og ja, eg høyrer motsetnadar bli presentert for kvarandre ved fleire høve på plata. Eg høyrer det både tekstleg og sonisk.
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?
Albumet startar med at ein Pecknold som har funne fram til barytonen i røysta si langsamt forkynner at «I am all that I need … good to be without you». Men det varer ikkje veldig lenge, bandet kjem inn, og bandet dyttar einstøingen fram i lyset, og vi er i gang. Opningssporet er eit tredelt kapittel som både frir til øyregangane og plantar kaktus i fotspora sine. Og legg såleis lista for korleis dette skal gå. For korleis Crack-Up skal framstå.
«Light ended the night, but the song remained»
Eit sentralt nummer på albumet er Third of May /Õdaigahara. Third of May som både refererer til eit maleri av Goya og til utgjevingsdatoen for Helplessness Blues, men som først og fremst viser til fødselsdagen til Skyler Skjelset. For det eg høyrer i linjene Pecknold formidlar er forsoning og ein dokumentasjon av eit vennskap. «I can hear you, loud in the center, aren’t we made to be crowded together, like leaves?» syng han og spør han, så fullkomme innbydande. I lengd drar songen seg godt forbi åtte minuttars merket. Sonisk er den definitivt eit av albumets mest fluktuerande nummer. Der den svingar seg frå det høgstemte og ned til det stillferdige sukket. I det den forlate scena til trillande tonar frå eit par akustiske gitarar er det velbrukte ordet vakkert lett å ty til. Eit ord som sjølvsagt heller ikkje er malplassert om ein skulle dra fram meir konvensjonelle, men ikkje mindre vesentlege, songar på albumet, som Kept Woman eller Fool’s Errand eller If You Need To, Keep Time On Me.
Den engelske folktonen har alltid vore ein viktig bestanddel i det Fleet Foxes har hatt føre seg. Det kan høyrast i songar eg har nemnt, og det kan ikkje minst høyrast i den basstunge og sterkt strykardraperte låta Mearcstapa. Høveleg nok titulert slik etter eit ord Pecknold har funne i det engelske heltediktet Beowulf.
Og til slutt kjem tittelkuttet. Det gror og det veks langs ein krokete sti. Det er ein song sterk på håp, og ein kontrast til den gretne opningslinja på albumet. Heilt til slutt roar det meste av det soniske seg så ned, og Pecknold ser ting både klart og uklart for seg. Dei evige endringane, og den fonetisk vesle men innhaldsmessig store avstanden mellom light og lie. Og finn det endeleg på sin plass å trekke ein parallell til Ylajali. På eit album som er eit album meir enn dei fleste slike er det nå til dags.
8/10
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande.
Åttitalet er ungt, og i ein grå og anonym forstad til Los Angeles prøver ein ung kar og nokre venner å finne ei spenning, eit innhald, i tilværet. Frå ei engelsk musikkscene i postpunkmodus har dei oppdaga folk som legg linjer av svartmaling rundt augo og dyrkar det dystre i menneskesinnet. Den engelske goth-kulturen. Den omfattar namn som Siouxsie and the Banshees, Bauhaus, Birthday Party, The Cure og Sisters of Mercy. Den unge karen i California beskriv sitt tilhøve til opplegget slik: «I’m hardcore, but I’m not that hardcore». Og legg til, i ein annan song, i eit lettbeint refreng: «we do it different on the west coast».
Røysta. Det finst grunnar til å stanse opp litt ved røysta til Colter Wall. Eg har sett folk beskrive den som ei som har vore her lengre enn han som eig den. At den har meir levd liv i seg enn det Colter Wall kan ha rukke å hanke inn i løpet av dei 21 åra han har levd. At den knapt er mogeleg. Vel det er den. Malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker.
I den siste songen på plata hevdar Robyn Hitchcock at han syng som ein fossil. Det gjer han absolutt ikkje. Han er då like opplagt og frisk som … som då han song I Wanna Destroy You for om lag 37 år sidan. Vel, nesten i alle fall. I Want To Tell You About What I Want syng han denne gongen. Som opningsspor. Ein song med ein noko meir oppbyggeleg innfallsvinkel enn nihilismen som prega det berykta opningssporet på The Soft Boys si klassiske 1980-utgjeving Underwater Moonlight. Ein låt med gode hooks på hand, eit par gitarar i riff- og drivmodus, samt denne songaren som i all sin pessimisme ytrar nokre tankar om kva som kan vere medisinen for at menneskeslekta skal overleve:
Den nye songen til The War on Drugs er i grunn ei nydeleg oppleving. Thinking of a Place heiter den og breier seg utover 11 minuttar, på eit varmt synth-teppe, med ein behageleg puls, i ein lett vemodig tone. Den har sin skimrande gitarsolo og sine lengtande munnspeltonar. Den er ei reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner.