Dylan har levert talen sin. Nobeltalen som prisen han mottok for eit halvår sidan forplikta han å levere, som det har blitt reist tvil om han kom til å levere. Vel han har nå gjort det, den varer i knappe 27 minutt, og den er inspirert.
Han startar med å fortelje om Buddy Holly, og eit vitalt augeblikk med augekontakt. Han fortel vidare korleis Leadbelly og hans label-kameratar opna ei ny verd for den unge Robert Zimmerman. Han tok snart namnet Bob Dylan og reiste heime i frå.
Mest tid brukar han til å gå djupt inn i korleis tre spesifikke bøker har hatt ei avgjerande betydning for han.
- Moby Dick (ei vilter bok frå det store havet, om den besette kaptein Ahab, og om korleis «different men react in different ways to the same experience»).
- Intet Nytt Fra Vestfronten (om krigens redsler, ein «horror-story» full av galskap der «death is everywhere»).
- Odysseen (det greske eposet om ein mann på veg heim frå krigen, og alle dei usannsynlege hindringane som møter han).
Til dempa jazzige pianotonar framfører Dylan ein tale som Svenska Akademien bør bli nøgd med.