Fengande psykedelisk power-pop frå ein kryptisk heidersmann.
I den siste songen på plata hevdar Robyn Hitchcock at han syng som ein fossil. Det gjer han absolutt ikkje. Han er då like opplagt og frisk som … som då han song I Wanna Destroy You for om lag 37 år sidan. Vel, nesten i alle fall. I Want To Tell You About What I Want syng han denne gongen. Som opningsspor. Ein song med ein noko meir oppbyggeleg innfallsvinkel enn nihilismen som prega det berykta opningssporet på The Soft Boys si klassiske 1980-utgjeving Underwater Moonlight. Ein låt med gode hooks på hand, eit par gitarar i riff- og drivmodus, samt denne songaren som i all sin pessimisme ytrar nokre tankar om kva som kan vere medisinen for at menneskeslekta skal overleve:
I want world peace, gentle socialism, no machismo
And the only God shall be the God of L-O-V-E
I want a non-invasive kind of telepathy
That let’s you feel what it’s like to be somebody else
My Vision of World Empathy var songens arbeidstittel. Ein visjon som nok ikkje er heilt fri for den gode gamle kryptiske Hitchcock-surrealismen. Og bra er det. Og bra er det at den gjer seg gjeldande utover på resten av albumet også. Hans noko og tjuande album (den er ikkje heilt oversiktleg denne albumkatalogen hans). Så absolutt på tide med eit sjølvtitulert eit.
Brendan Benson har produsert. Ein fyr som ved fleire anledningar har vist at han kan sin gitar-pop, for ikkje å seie power-pop. Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?
Vel, sjølvmord er definitivt ikkje festleg. Med to kvinnelege forfattarar som har enda livet sitt på det viset (Virginia Woolf og Sylvia Plath) som hovudrolleinnehavarar oppsøker Hitchcock smerta i ein song med tittelen Virginia Woolf. Melodisk har den absolutt eit vinnande vesen, sjølv når songaren syng linjer som «sometimes it hurts were you don’t wanna hurt». Ord som vinnande vesen og smerte kan nok også nyttast om I Pray When I’m Drunk. Sjølv om den songen også er ein heilt annan skål. Robyn Hitchcock har budd i Nashville eit par år. Så då er det vel ikkje feil å synge litt country? I Pray When I’m Drunk er klassisk honky tonk. I alle fall så klassisk som ein engelskmann med ein bra dose skrudd psykedelia i ryggrada kan få det til å lyde.
For engelskmann er han, same kor amerikansk lufta kring han er. Som når han til ringande gitarlyd og lette psykedeliske svingingar syng om Mad Shelley’s Letterbox. Ein song som kanskje ikkje direkte handlar om den store engelske poeten Percy Bysshe Shelley, men som har litt av romantikkens linjer i seg. Raymond And the Wires er på si side ein song utstyrt med linjer frå eit barndomsminne. Frå ein gong hovudpersonen reiste med trolleybuss saman med far sin. Ein far han ikkje kan seie han kjente så godt – «he was a lonesome dad». Songen har ein cello i ei sentral rolle. Ein cello som blir med over i ein annan tilbakeskodande song, den folk-driftige 1970 In Aspic.
Ein seks minuttar lang ballade om å tape, tape i stort monn, har Hitchcock også funne plass til. «Losing my face, losing my friends, losing my temper» lyde den første linja i Sayonara Judge, men det sluttar på ingen måte der. Det renn på med nederlag og audmjukingar. Og songaren tar i, og høyrest nesten ut som John Lennon. Men er ikkje refrenget aldri så lite feststemt? «Sayonara I’m a loser, but i’m walking on air» lyde det der, reint uimotståeleg og smått uutgrundeleg. Den er ikkje åleine om nett slike augeblikk denne songen. Eg finn fleire av dei på plata. Ei plate som glir på plass, og mellom anna kan få karakteristikken «nok ei god Robyn Hitchcock-plate».
7/10