The Mountain Goats – Goths

Standard

Ein californiar syng om britisk goth på sin måte.

  Åttitalet er ungt, og i ein grå og anonym forstad til Los Angeles prøver ein ung kar og nokre venner å finne ei spenning, eit innhald, i tilværet. Frå ei engelsk musikkscene i postpunkmodus har dei oppdaga folk som legg linjer av svartmaling rundt augo og dyrkar det dystre i menneskesinnet. Den engelske goth-kulturen. Den omfattar namn som Siouxsie and the Banshees, Bauhaus, Birthday Party, The Cure og Sisters of Mercy. Den unge karen i California beskriv sitt tilhøve til opplegget slik: «I’m hardcore, but I’m not that hardcore». Og legg til, i ein annan song, i eit lettbeint refreng: «we do it different on the west coast».

John Darnielle er ute med plate igjen. Den sånn cirka attende under Mountain Goats-signaturen. Som mange av hans tidlegare plater har den eit tema som bind den i hop. Denne skodar altså inn i goth-kulturen. Fortel korleis kulturen fargar sinnet til ein ung mann, og kor det kan føre av stad. Men det er ikkje eit Mountain Goats-album om det held seg slavisk trufast til eit opplegg, om det går éin tydeleg veg. Så derfor handlar ikkje Goths berre om goth, albumet har sine fruktbare sidespor, det har sine assosiasjonar og tilsynelatande impulsive påhitt. Og så har det ein John Darnielle som syng betre enn han nokon gong har gjort.

Musikken på Goths er ikkje goth-musikk. Eg opplever albumet som det luftigaste og sonisk mest lettbeinte Mountain Goats har levert. Ikkje har det lyden av gitar heller. Darnielle sitt hovudinstrument på plata er ein Fender Rhodes. Og det heile har eit meir avslappa preg enn eit gjennomsnittleg Mountain Goats-album. Ikkje minst vokalen til Darnielle. Den parten av Mountain Goats-opplegget underteikna har slitt litt med å fordøye (i alle fall i større porsjonar). Ja det pågåande og enerverande i songstilen hans har nok ført til at eg har vitja bandet sine utgjevingar sjeldnare enn dei fortener. Så er det altså slik at Darnielle denne gongen syng meir avmålt, og samstundes gjer til kjenne meir nyanserikdom i stemmebandet. Det gjer jo sjølvsagt ikkje noko at det korresponderer med at han nok ein gong har tekststerke songar å by på.

«No one knows where the lone wolf sleeps» slår Darnielle fast i første linje. Og gjer eit varsel om at ein fare ligg på lur. Dei svaiande til dels monumentale tonane som opningslåta Rain In Soho er kledd i har også eit noko faretruande preg. Dei har noko Nick Cave-aktig med seg, og eit «no-no-no-no»-kor henta ut av ein katedral, eller kanskje ei katakombe, og så kan det minne om koringa på dei siste utgjevingane til PJ Harvey. Eg hevda at musikken på plata ikkje er goth-musikk. Rain In Soho er kanskje eit unntak, den har vel eit visst goth-preg. Tematisk dreg den strake vegen inn i Londons goth-kultur anno tidleg åttital og klubben Batcave. Drar opp eit elegant refreng: «The river goes where the water flows, but no one knows when the Batcave closed», og forkynner at «you can’t cross the same river twice». Alt er i endring, kanskje du ikkje ser det, men vatnet som renn forbi nå er ikkje det same som rann der i stad.

Og Andrew Eldritch is Moving Back to Leeds. «They don’t throw him a parade, he just comes in on a train». Men snart skal han danne Sisters of Mercy, eit av dei toneangjevande goth-banda. Songen Darnielle har laga om denne tildraginga høyrer til i kategorien fortryllande popsongar (eller der omkring). We Do It Different On the West Coast er ein annan song i den kategorien. Eller for å seie det slik: Dei har begge meir Prefab Sprout enn The Cure i seg.

Andre songar har ulik grad av jazzkløe. Ein meir godmodig enn ilter kløe. Den noko slepande The Grey King And The Silver Flame Attunement har det, den elegante Paid In Cocaine like så, og den særdeles groovy saken Shelved. Sistnemnte eit definitivt høgdepunkt i all sin sonisk framoverlena og eskalerande skapnad. Og i all sin velformulerte avstandstaking mot å gje etter overfor andre sine synspunkt på kva musikk ein burde lage. Sjølv om «the ride’s over» og alt som liknar på suksess er eit gravlagt kapittel. «I know» slår hovudpersonen audmjukt fast «but I’m not ready to go» legg han meir hardnakka til. Men den vegen handlar ikkje om å skrive songar «with this clown they set me up with» eller legge ut på turné med Trent Reznor.

Albumets tripp inn på det religiøse territoriet heiter Wear Black. Kjem i ei absolutt tiltalande soul/r&b-form og har eit tema med eit visst slektskap til Johnny Cash sin Man In Black. Ein gong i tida var også bandet Gene Loves Jezebel kledd i svart og hadde eit hint av suksess. Men «the world forgot about Gene Loves Jezebel» syng Darnielle i det vemodige men samstundes blåsarfriske avslutningssporet Abandoned Flesh. Han har då gradvis dratt albumets tema over mot «bands who had to leave the darkness for the sun». Det var altså noko som hadde si tid dette, og så tok tida slutt, og resten av livet blei meir A4. Det siste må vi vel håpe at ikkje skjer med Darnielle og hans Mountain Goats. Men han må gjerne halde fram med å synge slik han gjer på denne plata.

8/10

TIDAL: THE MOUNTAIN GOATS – GOTHS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s