Tag Archives: Steve Wynn

The Dream Syndicate – How Did I Find Myself Here?

Standard

Gamle heltar drøymer seg slett ikkje bort.

Bilderesultat for dream syndicate how did i find myself here  Spørsmålet er sannsynlegvis høgst relevant. «How Did I Find Myself Here?» blir det spurd, av Steve Wynn. Midt inne i eit dugande suggererande bråk frå bandet hans, The Dream Syndicate. 29 år etter at han sist gav ut eit album med gjengen. Den gjengen. I alle fall nesten den gjengen.

På åttitalet gav The Dream Syndicate ut fire album med gitarrock som evna å bite seg fast i sjela (eller der omkring). Fulle av tonar som var komme til dei på ei skakkøyrt linje frå Velvet Underground via The Stooges til Television. Det er sikkert dei som vil hevde at eg tar munnen for full om eg utnemner deira to første album til å vere noko av det aller aller ypparste som er gitt ut av rock’n roll, anytime. Vel, eg gjer det likevel.

Ei liste, fem album:

  1. Medicine Show 10/10
  2. The Days of Wine and Roses 10/10
  3. Out of the Grey 8/10
  4. Ghost Stories 8/10
  5. How Did I Find Myself Here 7/10

Når The Dream Syndicate for første gong på ein mannsalder signerer ei plate er det altså til ein bak-katalog av skingrande kvalitet dei gjer det. Det går ikkje gale, på ingen måte gale, dei serverer ei plate som i kvalitet legg seg fint til rette like i bak-kant av det siste dei gjorde på åttitalet. Eller kanskje ikkje fint til rette er dei rette orda. For den gjer bra lyd frå seg der den ligg. Den einaste nye i laget skal ha si del av skulda for det. Gitaristen Jason Victor (som også har spelt i Steve Wynn sitt backingband Miracle 3) får bra fyr på gitaren sin undervegs, alvorleg bra fyr. Den gode gamle dynamiske rytmeduoen Dennis Duck (trommer) og Mark Walton (bass) døsar ikkje akkurat av dei heller forresten. I lag held dei låt etter låt bra i gang med rett så suggererande groovy takter. Og midt i dette glødar det naturleg nok bra av frontmann Wynn også.

Spesielt bra blir det når Wynn med snerr i tonefallet er å finne sentralt i låta Out Of My Head. Eit stimulerande stykke rock’n roll, med ilskne og viltre gitartonar eit inspirert groove og ein songar som skildrar vegen ut av ein klaustrofobisk situasjon. På same stimulerande nivå, midt i ein vegg av psykedelisk gitarståk, veltar låta 80 West seg framover. Ein av desse songane der Steve Wynn viser til noko muffens som har skjedd, utan å avsløre nøyaktig kva. Men ein sitt ikkje akkurat igjen med eit inntrykk av at det er noko vidare oppbyggeleg – «Something happened out on 80 West, I’m not turning back».

Elles må det vel seiast å vere bra kaliber over den psykedeliske gitarveggen rundt Glide. Og Like Mary dukkar opp med rolegare soniske utfall enn låtane som ligg kring den, som ei vise, ei trist og melodramatisk ei, om ei kvinne som livet ikkje har vore snill med. Så snilt har vel heller ikkje livet vore med den fortapte sonen som dukkar opp i tittelkuttet. Dukkar opp, og som tittelen seier, undrar seg over korleis han har hamna i uføret. I ei låt som gyngar seg i gode funky former forbi 11 minuttars-streken. Luftige former også, med ein liten bite psykedelisk jazz i seg. Og så dukkar Kendra Smith opp. I låta som kjem etterpå. Heilt til slutt. Og som veldig så høveleg ber tittelen Kendra’s Dream. Kendra Smith som var bassist (og litt songar) på det aller første albumet til Dream Syndicate. Med si djupe røyst syng ho ein song det skimrar ganske så mektig av. Og eg tenker Nico. Men eg tenker ikkje at ringen nødvendigvis er slutta. Om ei plate som definitivt har fleire verdiar enn dei reint nostalgiske.

7/10

TIDAL: THE DREAM SYNDICATE – HOW DID I FIND MYSELF HERE?

Høyr her: The Dream Syndicate har nytt album på gang

Standard

Jadå, det er framleis liv i The Dream Syndicate. 29 år etter at bandet gav ut sitt fjerde studioalbum (Ghost Stories) er dei på trappene med sitt femte. I september skal det visst skje. Ei absolutt energisk framføring av ein låt som skal vere med på albumet har nyleg dukka opp på nettet. Tittelen er Outta My Head. Kjenneteikn: eit stødig groove og fuzz i gitaren. Berre sjå og høyr her:

Dream Syndicate – Outta My Head

The Baseball Project – Vol. 1: Frozen Ropes and Dying Quails

Standard

Balleik og andre sportslege aktivitetar har aldri vore eit særlig smart utgangspunkt for ein bra song.

6

cover

Det eg visste om baseball når eg fekk denne plata i henda kan vel knapt fylle tre tekstlinjer. Slåball kalla vi noko som likna i min barndom, vi synst det var for femi, og sparka fotball i staden. Sånn elles: Eg har sett eit par home run på TV, og høyrt tale om Joe DiMaggio og Willie Mays.

Det eg veit om baseball etter å ha høyrt Scott McCaughey og Steve Wynn i rett så attraktive former spreie bodskapen gjennom sitt Baseball Project, kan nok verken skrivast bøker eller ordrike artiklar om. Er likevel freista å seie som Bruce Springsteen; «I’ve learned more from a three minute record than I ever learned in Sportsrevyen».

Etter at Scott McCaughey oppløyste bandet Young Fresh Fellows på midten av nittitalet, er det slett ikkje hans innsats som andregitarist i eit stadig dovnare REM ein skal minnast. Han burde derimot få seg ein aldri så liten bauta for alle sine framstøyt under signaturen Minus 5. Der han har gjort det til ein vane å invitere med seg kjente og ukjente til små feststunder i den sprudlande popen si teneste.

Steve Wynn hadde sine aller beste stunder i dei tidlege Dream Syndicate-dagane. Etter at den gjengen vart oppløyst har han stort sett figurert under eige namn. Med vekslande resultater, men stort sett på den gunstige sida av kvalitetsskalaen.

McCaughey og Wynn møttest for første gong tidleg på nittitalet, og oppdaga raskt kvarandre si utstrakte interesse for baseball. Wynn hadde då allereie flagga dette litt forsiktig gjennom å namnedroppe eit par baseballstjerner (Mickey Mantle og Stan Musial) på solodebuten sin Kerosene Man.

Dei to herrane byrja så smått å leike med tanken på eit musikalsk baseballprosjekt. Men først i fjor byrja tanken å materialisere seg i form av låtar. Når låtane så tok til å likne på noko ein kunne gjere plate av kontakta Wynn trommeslagaren i bandet sitt (Miracle 3), Linda Pitmon. McCaughey pikka førstegitarist og Minus 5-kollaboratør Peter Buck på skuldra. Og vips var dei ein kvartett.

Eg kan ikkje garantere at du vil elske dette sjølv om du skulle ha eit lidenskapsfullt forhold til baseball. Har du derimot eit godt forhold til Minus 5 og Wynn sine sololøp kan eg ikkje skjønne anna enn at The Baseball Project vil bli omfamna med eit smil om munnen, sjølv om dine baseballkunnskapar er lik null.

Wynn og McCaughey har delt låtskrivaroppgåva jamt mellom seg. Standarden vert spikra på veggen med det popsmittande McCaughey-opuset Past Time, om hine tider vs. nye tider, utan at det vert tatt stilling til kva tider som er dei beste tider. Deretter fylgjer tolv portrett av vinnarar og taparar, føregangsmenn og juksemakarar, svarte og kvite.

Vi får servert ein saftig Wynn-rockar om skrytepaven Ted Fucking Williams. Dei tar ein Wynnfronta Byrds-sving når Jackie Robinson, den første svarte som fekk spele i Major League, får uttale seg i Jackie’s Lament. Medan McCaughey i kraftpopaffæra The Yankee Flipper fortel om Black Jack McDowell som var ein våt tur på byen saman med songaren, Dennis Diken og Mike Mills altfor nær opp til ein kamp. Han missa, vart pepen ut, viste fingeren til 50 000 fans og «filled every front page of the morning editions» dagen etterpå.

Til «ooh»-harmoniar og i countryslekta former fortel Wynn historia om Harvey Haddix, som spelte den perfekte kampen heilt til det avgjerande augeblikket, då missa han, og laget tapte. Dei gjer seg om til Los Lobos når dei på spansk fortel om Fernando Valenzuela. Medan Traveling Wilburys lurer i bakgrunnen når historia om eit fall frå stjernestatus til å bli audmjuka som dopjuksar vert fortalt i Broken Man.

Ei låt svever like fullt på ei florlett psykedelisk sky litt over alt anna her. McCaughey sin vakre popdraum Sometimes I Dream of Willie Mays. 11 år gamle Scott var der, saman med faren, på ein legendarisk kamp. Som han skriv i innleiinga «seemed like the best day ever at the time. Seems even better now».

Dette er stoff gjort med kjærleik, med glød, og med ei intens lyst til å formidle. Det er ikkje fritt for at ein blir reven litt med gitt.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Steve Wynn – Static Transmissions

Standard

Wynn har dratt til Tucson, Arizona og kringkastar sakene han har skapt der i elektriske og spreke former.

cover  Sentralt i Steve Wynn sin etterkvart rikhaldige katalog av sangar står skildringane av den einsame og skakkjørte skikkelsen sin kamp mot både levande og døde demonar. Som ein låtsmedenes svar på Raymond Chandler eller Ross MacDonald skaper han sine små rock’n’roll noveller, der vi møter ein person i eit dramatisk øyeblikk av livet, i skildringar som ofte utrykker håplaushet og mismot og langt frå treng ende på noko oppløftande vis. Slik var det i Dream Syndicate tida, og slik er det framleis.

Som tekstforfattar har han heilt sidan debuten på tidleg 80-tal vore blant dei mest interessante i rock-verden. Han har imidlertid ikkje alltid hatt det samme gode grepet om å få det inn i ein fengslende melodikontekst. Det fungerte storvegs på 80-talet med The Dream Syndicate. Under solokarrieren hans på 90-talet blei det dessverre lenger mellom dei store låtane. Så med sin forrige utgivelse, den massive dobbelplata Here Come the Miracles, fant vår mann (slik tittelen på plata antyder) endelig tilbake til intensiteten som dreiv han frå skanse til skanse med Dream Syndicate.

På Static Transmission stiller han med dei samme musikarane som bidrog til å gjere Here Come the Miracles til slik ein triumf, noko som innbefattar blant andre Chris Cacavas (tidl. Green On Red) på orgel. Nok ein gong har dei dratt til Tucson, Arizona for å gjere innspelingane, og nok ein gong returnerer dei med eit ganske så sprekt resultat. Plata er ikkje så ulik forgjengaren, men er kanskje ein aning mørkare og ikkje like altomfattende. Den er nok og muligens litt svakare, men kun marginalt.

Aller best er Steve Wynn i det formidable seks minuttar lange gitardrønnet Amphetamine, som er ein apokalyptisk skildring av ein nattlig biltur i einsemd og stor fart «down on the 101», der mannen bak rattet er plaga av ei rekke urovekkande og svette forestillingar. Eit anna høgdepunkt er Candy Machine, nok ei skildring av ein person som opplever eit kaotisk øyeblikk, og der bandet etter beste evne prøver å drukne ein uimotståelig melodi i ein syndeflod av organisk lyd.

Mørkt og inderlig er det i den råbarka blueslåta Keep It Clean, medan skramlande gitarar og herlig koring (og med ei strofe som «gonna take it to the limit, in a New York minute») gjer kraftpoplåta California Style til albumets kanskje mest umiddelbare innslag. Begeistrar gjer og den inderlige balladen Fond Farewell som Steve framfører med ei rusten og nesten kviskrande røyst. Her er som de sikkert forstår mykje å glede seg over, så då får vi heller unnskylde han at det er nokre av melodiane (Maybe Tomorrow, Hollywood og Charcoal Sunset) som blir litt for anonyme og beint fram kjedelige.

Det er rett så trivelig at ein gammal helt framleis kan overbevise med vital rock’n’roll! Nybegynnarar på søk i Steve Wynn-land bør imidlertid gå vegen om Dream Syndicate klassikarar som The Days Of Wine And Roses og Medicine Show, det er her dei verkelig grensesprengande opplevelsane er å hente, men både «Static Transmission» og nokre til av soloplatene hans har mykje heftig musikk å by på.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Dream Syndicate – Medicine Show

Standard

Desperate draumar, tidenes sommarlåt, og ei legendarisk plateside.

cover  Tidenes sommarlåt? Det er verken Summertime Blues, Summer In the City eller for den saks skyld Neste Sommer. Tidenes største sommarlåt er John Coltrane Stereo Blues. Sommaren 1984 var det først og fremst ei plate som gjaldt, og den heftigaste låten var denne dampande erotiske og svette affæren. Bandets rytmeseksjon held den på skinnene, mens gitarist Karl Precoda og sangar Steve Wynn køyrer eit skeivt og vilt løp der det mot slutten tar fullstendig av i tredje potens når Steve Wynn syng:

I got some fine wine in the freezer mama
I know what you like
I got some John Coltrane on the stereo baby
make it feel all right
I said that a man works hard all day
he can do what he wants to at night
come on, come on…

Den strekker seg mot ni minuttar, og er som alle sikkert skjønar ingen lettfordøyelig trudelutt, men når kvikksølvet passerer 25 grader er den komplett uimotståelig. Vel, den er faktisk uimotståelig uansett temperatur. Eg trur neppe det finst nokon låt eg har spelt fleire gonger.

1981-82 kan vel karakteriserast som dei slappaste årene i rockens historie, i kjølvannet av punken var det lettvektarane som rådde grunnen. Det skulle imidlertid begynne å livne til igjen, for i USA dukka det brått opp ein mengde særdeles oppegående rockeband. R.E.M. blei etterkvart mest kjent av disse, men her fann vi og suverene band som Meat Puppets, Green On Red, Violent Femmes, The Replacements og mange fleire. Eit av disse banda var så definitivt The Dream Syndicate. Bandets første LP bar tittelen The Days of Wine And Roses, ei plate i beste Velvet Underground-tradisjon, utgitt i 1982 på det vesle selskapet Slash (som saman med bl.a. I.R.S. var utgjevar av mange godbitar på denne tida). Plata vart godt motteken av kritikarane, og blei omfavna av det amerikanske collegepublikumet.

Bandet fekk i neste omgang platekontrakt med A&M, og hyrde inn Sandy Pearlman som produsent, ein kar som tidligare hadde hatt samme rolla for Blue Oyster Cult, samt på den noko skuffande andreplata til The Clash.

Våren 1984 var Medicine Show ute i butikkane. Den blei øyeblikkelig møtt med skepsis av mange kritikarar, og av store deler av fanskaren, dei meinte det var snakk om sell-out. Meir på trynet er det knapt mulig å omtale Medicine Show. Verket er derimot ei sjelden fascinerende og intens reise igjennom sjela sine mørke avkrokar. Her er det ei fortetta stemning der tekstane kretsar rundt temaer som kunne funne sin plass i paranoide og lyssky kriminalfortellingar.

Yeah, it’s been written in stone: You’re gone and you’re not coming home

Sitatet er første linja i åpningssporet Still Holding On To You, her er alt håp så definitivt ute, meir slagkraftig kan det vel neppe beskrivast. Det er ein steintøff rett fram rockelåt, meir i slekt med Crazy Horse enn med Velvet Underground, noko som vel kan seiast om albumet som heilhet også. Og som (saman med kunnskapen om kven som var produsent) var hovedgrunnen til den lunkne mottakelsen som blei albumet til del.
Det neste høgdepunktet er Burn, ein melodiøs men likevel uhyggelig sang om ildspåsetting og hevntankar.

Side 2, er ein av dei sterkaste LP sidene i rockens historie. Her er det 3 songar, med samla speletid på drøyt 22 minuttar, og det er ikkje eit kjedelig øyeblikk. Det opnar med tittelkuttet, og hadde side 1 ei oppsiktsvekkande opningslinje, ja så er denne minst like verknadsfull;

I’ve got a page one story buried in my yard, I’ve got a troubled mind,
I’m going down to the medicine show

Ein laust slentrande men likevel veldig dynamisk begivenhet, der Steve Wynn i det eine øyeblikk syng forsiktig for så i neste å rive til skikkelig, og der gitaren til Karl Precoda ytterligare underbygger den anspente stemningen.
John Coltrane Stereo Blues har eg nevnt. Avslutningen er den episke Merrittville, ein briljant melodi, som dreg ein inn i ein suggererande historie om ein stakkar som opplever særdeles ubehagelige ting i Merrittville. Det avsindig vakre refrenget lyder som følger:

There’s a game they play in the summertime
There’s a game they play when it’s hot outside
And I wonder why they left me here in Merrittville

Mens eg lurer på korleis det er mulig at denne plata ikkje har fått den oppmerksomhet som den faktisk fortjener, me har nemlig å gjere med ein av dei beste rockeplater som nokon gong er blitt spelt inn. På CD-utgava utgjer liveplata This Is Not The New Dream Syndicate Album ekstrasporene (fem i talet), det er eit Dream Syndicate på sitt aller, aller mest ubehandla. Gnistrande og rått.

10/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)