Ei ny og sterk røyst gjer seg til kjenne midt i folk/country-tradisjonen.
Røysta. Det finst grunnar til å stanse opp litt ved røysta til Colter Wall. Eg har sett folk beskrive den som ei som har vore her lengre enn han som eig den. At den har meir levd liv i seg enn det Colter Wall kan ha rukke å hanke inn i løpet av dei 21 åra han har levd. At den knapt er mogeleg. Vel det er den. Malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker.
Namnet. Det høyrest ut som om det skulle vere henta like ut av ein gammal westernhistorie. Der revolverane er varme, celleveggen ein stum samtalepartnar og morgondagen ei usikker sak. Eg sitt ikkje inne med informasjon om kor vidt Colter Wall er den unge mannens verkelege fødenamn. Men eitt er sikkert, han ber namnet med tvillaus autoritet. Heile vegen frå Saskatchewan i Canada til siste tone på sitt debutalbum.
Albumet. Det sjølvtitulerte debutalbumet er den andre utgjevinga av innspelt materiale frå Colter Wall. Den første var eit sju-spors minialbum med tittelen Imaginary Appalachia. Han gav det ut mens han framleis var ein tenåring, og det låt meir enn berre lovande. Noko eg føler at i endå litt sterkare grad kan ytrast om langspelplata han nå presenterer. For all del, han legg ikkje skjul på at songane høyrer til i ein tradisjon. Med vørdnad trekker han både tydelege og subtile linjer til folk som har vore blant slike tonar før han.
Folk eller country? Svaret er vel folk og country. Og den største helten verkar å vere Townes Van Zandt. Colter Wall skriv songane sine sjølv men krydrar både minialbumet og årets utgjeving med ein coverversjon av ein Van Zandt-song. Vel, nesten to denne gongen. Først og fremst ein krypande og skarp versjon av folkblues-saken Snake Mountain Blues. Men den er ikkje å forakte versjonen av Fraulein heller (ein song som Van Zandt ikkje har skrive, men som han har gjort sin versjon av). Ånda av Van Zandt har nok også luska rundt på skuldra til Wall når han skreiv Codeine Dream, for den har sine Waitin’ Around To Die-referansar. Andre songar på plata har sine referansar til andre igjen. Frå Jimmie Rodgers sin Blue Yodel Number 9 til Arlo Guthrie sin Motorcycle Song til låta The Girl In Saskatoon som Johnny Cash har gjort. Så nei, han legg ikkje skjul på det, han var her ikkje først. Han kan sin historie, men han sett seg ikkje plagsamt fast i den.
Då eller nå? Nei, han sitt ikkje plagsamt fast i historia, men stundom har opplegget hans eit visst arkaisk preg. Eit slikt som kan bringe tankane i retning av scener frå gamle westernfilmar. Frå coverets Stetson-hatt og sigarett til livet under «the wild western sky» og det å jumpe på «freight» i Transcendent Ramblin» Railroad Blues. Frå den klassiske sjalusi-historia med dødeleg utgang i Kate McCannon til forteljinga om den lovlause Henry i avslutningssporet Bald Butte. Det plagar meg i grunn ikkje.
Mannen og gitaren. Det er det soleklare sentrum her. Colter Wall og hans akustiske gitar. Den velrenommerte produsenten Dave Cobb har ikkje kødda for mykje med det. Rundt tonane har han gitt plass til bra med luft. Samt litt steel-gitar, kanskje ein ekstra akustisk gitar, og her og der eit tromme/perkusjons-drive groove, men det er også det. Ja og så har han lent seg tilbake då, og gitt songaren tid.
Songane. Elleve i talet, og ingen er svake. Det startar med ein aldri så liten røvarhistorie. Thirteen Silver Dollar som den heiter handlar om ein ung mann sitt møte med lovens lange arm. På ein landeveg like utafor Colter Wall sin heimstad. Tre vers og eit saftig bra refreng. Kate McCannon er den ultimate tragedien, der det soniske har ei hutrande folk-form som etter kvart driv inn i eit ganske så groovy landskap. Transcendent Ramblin» Railroad Blues er ei klassisk vandrar-vise der hovudpersonen slenger gitaren på ryggen og går «thumbing down Woody Guthrie Street». Aller sterkast er avslutningsnummeret Bald Butte. Ein song der historieforteljaren Colter Wall er på sitt beste, og der det instrumentale i all si hengslete, groovy og luftige form arbeidar tett saman med songarens ord.
Det ligg i lufta rundt denne plata at vi endå ikkje har høyrt det beste Colter Wall vil komme til å by på.
7/10
TIDAL: COLTER WALL – COLTER WALL