Ei fargesprakande kraftpopsalve, med smarte melodiar og praktfull harmonisang.
Akkurat som tilfellet var med Mass Romantic (2000) tek også andre plata til The New Pornographers av som ein fargesprakande kraftpopsalve. Her for vi servert ein solid dose smarte melodiar, fikse vendingar, kvasse riff og praktfull harmonisang. Bandet er ingenting mindre enn ein virvelvind som har forsynt seg kraftig frå pophistoriens mange briljante hooks og melodilinjer. Så for entusiastiske pop- og rock-detektivar, kan det sikkert være ein fengslande jobb å prøve å finne opphavet til The New Pornographers talrike tjuverier.
Det som i begynnelsen var ei såkalla supergruppe har etterkvart utvikla seg til å bli eit førsteprioritets-band for dei fleste medverkande. Unntakene er Dan Bejar (Destroyer), han er imidlertid oppført som hemmelig medlem, og det er Neko Case som jo har sin solokarriere innan alt-country sjangeren (damas Blacklisted frå 2002 er vel verdt å sjekke ut).
Det er så avgjort forfriskande å oppleve eit band som The New Pornographers, der dei har som sin fremste hensikt å skape begeistring og helsebringende jubel hos lyttarane. Heilt utan blygsel bringer dei til torgs eit knippe låtar som er skamlaust fengande, slik blir Electric Version ein fest frå start til mål.
Turen tek av med eit tett New Wave driv i tittellåta, som naturlegvis også er innehavar av eit uimotståelig refreng. I neste låt From Blown Speakers, som eg oppfattar som ein hyllest til magisk popmusikk, køyrer dei med litt meir variasjon i tempo og styrke. Det store glansnummeret er The Laws Have Changed – med sine utsøkte vers, himmelske refreng og perfekte overgangar er den verdt billettprisen åleine. Låta gjev meg samme kriblande poprusen som Katrina & The Waves legendariske Walking On Sunshine, og har allerede fått plass i mitt vesle imaginære skrin for spesielt verdifulle pop-perler. Den er dessutan ein av dei tre låtane der Neko Case deltar med full tyngde. Dermed er vi framme med mitt einaste ankepunkt mot denne plata; den dama skulle fått meir plass i rampelyset, for sannheten er at kvar gong ho smett inn med litt sang (det være seg harmonisang eller i front) aukar intensiteten og den smittande popnerva med atskillige prosent. Så då er det vel ingen overraskelse at dei to andre Neko Case-dominerte affærene her, den Blondie-møter-The Who dynamiske All For Swinging You Around, samt keyboard-drevne Miss Teen Wordpower står fram som dei to andre store høgdepunkta. Dei blir rett nok tett fulgt av Dan Bejer-komposisjonen Testament To Youth In Verse, eit mangfoldig nummer med ekko av blant andre The Beatles og The Jam. For ikkje å gløyme It’s Only Divine Right, då, energisk powerpop som definitivt lever opp til kva tittelen lovar.
Bandets fremste pådrivar er Carl Newman, ein kar som altså kan kunsten å smi saman spenstig pop- og rockmusikk, og som i tillegg har skjønt at det trengs vokalt påfyll frå andre kantar, sidan hans eige stemme nok kunne blitt litt einsformig å forholde seg til i lengden. Såleis har han sikra seg at Electric Version er så langt unna fargelaust det går an å komme, og istaden markerer seg som eit obligatorisk soundtrack for sommaren 2003.
8/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)