Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.
2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.
3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.
4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.
5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.
6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.
7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.
8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.
9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.
10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.
11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.
12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.
13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.
14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.
15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.
16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2
17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.
18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.
19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.
20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.
Er du ute etter fred å ro, gå ein annan stad. Her er det knapt med fred å få. Your Queen Is A Reptile er non-stop bevegelse. Your Queen Is A Reptile er ein 55 minuttar lang groove-fest.
Å nytte Gloria som songtittel er ikkje ei spesielt ny oppfinning. Det trur eg ikkje affiserer Wussy det minste. Dei er ikkje her for å presentere nye oppfinningar. Men dei er her. Og det er bra. Med sitt rock-groove, sine elektriske gitarar og sin sympatiske pasjon for det upretensiøse skapar kvintetten eit godt grumsete psykedelisk garasjebråk, samstundes som dei held eit bra tak i det melodiske.
Samkøyrt eller ikkje samkøyrt? Nei, eg skal ikkje hevde at det er det store spørsmålet. Det er berre ein liten tanke eg har grunna litt over. Nokre gonger. Når eg har vitja Hope Downs. Eit debutalbum frå eit band, ein kvintett, frå Melbourne. Eg lurte først på om eg eigentleg likte dette albumet. Om ikkje det var litt uforløyst. Samstundes som eg så å seie frå første sekund vera at det var noko der, definitivt noko velkjent, men hakket viktigare: noko friskt og frodig.
Gud sin favorittkunde flytta for ei tid sidan inn på hotell for eit par månadar. Noko i livet hadde gått i stå. Ei depresjon hadde fata tak i han. Han skreiv seg inn under sitt eigentlege namn, Josh Tillman. Så når hotellresepsjonisten vender seg til han seier han «Mr. Tillman». Som i songen Mr. Tillman. Singelen som dukka opp nokre månader før albumet. Ein definitivt frisk nok popsong om ein ikkje heilt frisk Tillman. Med ein bra dose sjølvironi innbakt er det hotellresepsjonisten songaren lar sleppe til i dei to relativt lange versa. I vennlege ordelag, men med ein undertrykt irritasjon skinande gjennom, prøver resepsjonisten å rettleie den noko fortumla hotellgjesten. Med utsegn av typen: «just a reminder about our policy: Don’t leave your mattress in the rain if you sleep on the balcony». Gjesten, altså Tillman, nyttar så refrenget til å overtyde den bekymra om at han har det heilt fint han, der han lever i «a cloud above an island in my mind». Eg vil kalle det ein ganske så kosteleg liten song. Eg vil ikkje nødvendigvis seie det same om albumet som heilskap.
Dette er funky. Vellystig og fengande. Heitare enn ein mai-dag 2018. Make Me Feel er årets Kiss. Janelle Monáe har grabba til seg det tette funkdrivet til Prince-låta Kiss, og skapt ei låt av det 100% uimotståelege slaget. Om det er nokon som lurer er songen å finne på Monáe sitt fargerike album av året, Dirty Computer. Eit album der dama har mikrofonen i si makt og insisterer på å la «the vagina have a monologue». Og monolog eller ikkje, song eller rap, ho har ting på hjarta. Det handlar om fridom, fridom frå undertrykking, fridom frå moralske vaktarar, fridom til å vere den ein er, fridom til å leve eit «crazy, classic, life». Feminisme og borgarrettar og full fyr.
Det kjem nok ikkje til å gå gjetord om det niande albumet til Okkervil River. Eg kan ikkje høyre at det er to nok i det til det. Tittelen er lovande. In the Rainbow Rain. Eg kunne sagt at den er det beste med heile albumet. Det skal eg ikkje gjere, det ville vore ufortent, for det finst bra saker med lyd i seg her også. Det gjer då det.
Josh T. Pearson har ikkje laga ei spesielt bra plate denne gongen. Han gjorde det i sitt første forsøk, med bandet Lift To Experience. Då han for sytten år sidan var arkitekten bak det bandets einaste album, The Texas-Jerusalem Crossroads. Eit dobbeltalbum full av mektig og feedback-fora rock’n roll. Han gjorde det endå sterkare. Ja i denne lyttarens øyrer ufatteleg sterkt, då han ti år seinare kom med sitt andre album. Soloalbumet Last of the Country Gentlemen. Eit akustisk-spartansk sakteflytande album, med lange songar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken. Eit meisterverk.