Tag Archives: Bruce Springsteen

Warren Zevon – The Wind

Standard

Med døden i sikte, og litt hjelp frå gode venner stablar Zevon på plass sitt beste album sidan 80-talet.

cover  Livet kan være slitsamt og beint fram nådelaust. Likevel, dei fleste klorar seg fast til det, uansett kor motlaust det kan fortone seg. Alternativet virkar nemlig endå mindre forlokkande. Eller som nettopp Warren Zevon ein gong sang: «I’d rather feel bad than not feel anything at all». Eit utsagn som nok fekk fornya gyldighet då Zevon 20 år seinare stod ansikt til ansikt med sin eigen dødsdom. For det er vanskelig å forestille seg mange omstendighetar meir smertelig å oppleve enn å vite at eins eigen død er kun få månader unna.

Når Warren Zevon i september 2002 fekk beskjed frå legen sin om at han leid av uhelbredelig lungekreft, og at døden neppe låg meir enn tre månader fram i tid, sette han straks i gang med å komponere og spele inn sine siste sangar. Nå slo han legen sin prognose med ni månader, og rakk dermed å gjere ferdig eit heilt album. Og eit forbløffande fengslande album har det blitt. Noko eg påstår med heva hovud, sjølv om eg er fullt klar over at omstenda kring fødselen av dette verket gjer at at alle forsøk på objektivitet nok er kasta på overbord.

Sjølv om Zevon først og fremst har blitt sett på som ein låtskrivar der den svarte humoren, respektlausheten, galskapen, slagferdigheten og kynismen har fått fritt spelerom, har det heile tida lege ein ikkje så liten eim av sårbarhet og desperasjon under. Det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne at just slike følelsar får ei langt meir dominerande rolle i sangane denne gangen. Likevel, det hadde ikkje vore Zevon hvis satirikaren i han skulle bli heilt borte. Og nettopp denne sida av mannen, saman med den nådelause ærligheten han legg for dagen, er med på å halde dei store sentimentale utskeielsane på minst ein armlengdes avstand, sjølv når han stirrar døden i kvitauget.

Dei 11 låtane på The Wind spenner frå nennsomme balladar, via dampande bluesnummer til drivande rockelåtar. Åpningssporet ber tittelen Dirty Life and Times og er ein skeiv mixtur av sørstatsboogie og country, der den haltar uimotståelig av gårde mens ein angrande syndar ser seg om etter ei «woman with low self-esteem, to lay me out and ease my worried mind». I ein sang der Zevon i kjent stil blandar humor med mismot, og sjølvironi med anger. I det litt for rutinemessige rocketilfellet Disorder In the House (med ein viss Springsteen på gitar) er ting for alvor i ferd med å gå av hengslene. Om det er hans eigen situasjon eller verdenssituasjonen i all sin absurde meiningslaushet han har i tankane skal eg imidlertid ikkje ha nokon klar meining om. Meir rock i frå samme gate blir levert gjennom partylåta The Rest of the Night. Denne saman med før nevnte Disorder utgjer i mine øyrer albumets einaste middelmådige låtar.

Rub Me Raw er eit frenetisk bluesangrep, med Joe Walsh i storslag på slide-gitar, der Zevon opererer i eit slags krysningspunkt mellom Bo Diddley, Howlin» Wolf, Stevie Ray Vaughan og John Campbell. Og der mannen febrilsk prøver å stå oppreist, samstundes som han på det kraftigaste avslår alle forsøk på medynk: «I don’t want your pity or your fifty-dollar words, I don’t share your need to discuss the absurd». Prison Grove er også blues, men ein langt meir smygande og mindre høgmælt variant. Med Ry Cooder sin ulmande, dansande slide gitar i ei sentral rolle, samt eit «klagekor» beståande av mellom andre Bruce Springsteen, Jackson Browne og Billy Bob Thornton, syng Zevon ein lumsk og mørk sak om mannen som ventar på henrettelsen. Ein slett ikkje ueffen parabel i denne samanheng. I den morfinistiske Numb as a Statue, der han ber om i det minste å bli tildelt litt overfladisk ømhet, kjem igjen sjølvironien til syne med linjer som «I’m pale as a ghost». Kanskje er det litt for opplagt å spele inn Dylan sin Knockin» On Heaven’s Door når det er nett det ein gjer. På den andre side har vel kanskje aldri desse linjene nett av den grunn blitt sunget med djupare relevanse.

Dei mest hjerteskjærande tekstlinjene finn vi i albumets balladar. She’s Too Good For Me er ein kjærleiks-erklæring og ei oppmodning til kjæresten om å finne lykka andre stader, men fortald til ein venn, i staden for direkte til den det gjeld. Dermed får han inn eit element av dobbeltkommunikasjon, samstundes som han tilfører teksten meir dybde. Nærast i å bli utålelig sentimental er sangen El Amor De Mi Vida, om ho han ikkje fekk, ho han kanskje elska høgast av alle, men som glapp unna. Mens den mest fortvila redsel om å måtte møte døden i einsemd er tema for Please Stay, her Emmylou Harris bidrar med effektfull harmonisang. Sjeldan har klisjéen sårt og vakkert vore meir treffande. Tilslutt forlet han oss på eit inderleg vis med ei bønn om ikkje å bli gløymt, i den Dylanske Keep Me in Your Heart.

Og eg lovar; musikken din, Warren, skal i alle fall leve vidare i mitt hus så lenge eg vandrar rundt her.

Takk.

8/10

Først publisert på Groove.no (2003)

 

Bruce Springsteen – The Essential Bruce Springsteen

Standard

30 låtar; frå dei første åra sine vitale tonar til dei seinare åra sine slappare saker.

cover  I den stadig veksande serien av Essential-utgjevingar frå Sony, er turen nå komme til Bruce Springsteen. Det er ein dobbel ein som inneheld 150 minuttar med musikk, pluss ein bonus-CD med raritetar. Som tilfellet er med dei fleste i samme serien, blir spørsmålet om dette så er det mest essensielle. Springsteen gjer i sine liner notes eit forsøk på å avvæpne ei slik problemstilling; «In any body of work there are obvious high points. The rest depends on who’s doing the listening. Where you were, when it was, who you were with when a particular song or album cut the deepest». Likevel, du kjem deg ikkje unna, mann.

Prime time Springsteen er perioden frå The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle fram til den heimalaga og sordinerte Nebraska såg dagens lys i 1982. At denne epoken får tildelt det meste av CD1 er sjølvsagt eit absolutt minimum. At den heller ujevne debuten Greetings From Asbury Park N.J. får boltre seg med tre sangar er derimot litt i overkant. Det kunne strengt tatt helde med ein låt herifrå, nemlig den hormontette og blendande Growin» Up, men den er merkelig nok ikkje tatt med. Istaden får vi Blinded By the Light, For You og Spirit In the Night, ikkje dårlige låtar, men heller på ingen måte essensielle kutt. Frå spor fire til spor 15 derimot, er dette, med eit unntak, ein samanhengande straum av Springsteen-høgdepunkt, eit knippe av rockehistorien sine mest vitale øyeblikk, ein rock’n’roll-fest, rett og slett. Unntaket, for å ta det først, er hitten og allsang-tiltaket Hungry Heart, som eg aldri har følt noko særlig dragning mot.

Frå svermeriske The Wild… får vi servert den vakre balladen 4th of July, Asbury Park (Sandy), samt den lausslupne rockaren Rosalita (Come Out Tonight), eit glansnummer frå mang ein Springsteen-konsert. Eg hadde ikkje hatt noko imot om det rikhaldige opuset Incident On 57th Street også hadde fått plass her. Neste plate ut er den vegg-til-vegg produserte rocke-odysséen Born to Run. Fortsatt er det ein romantisk anlagt Springsteen vi møter, men samstundes kjem her og erkjenningar om at «maybe we ain’t that young anymore» og «the door’s open but the ride it ain’t free». Sitata er henta frå Thunder Road, ein legendarisk rock’n’roll tur ut av Jante med eit sterkt håp om å vinna førsteprisen; «So Mary climb in, it’s a town full of losers, and I’m pulling out of here to win». Fyren i det frenetisk temposkiftande og ikkje så lite fantastiske tittelkuttet tyr i si rastløysa til formålslaus bilkøyring, men har og ein vag draum om at; «someday girl I don’t know when we’re gonna get to that place, where we really want to go». Den episke rock’n’roll operaen Jungleland er tredje sak frå Born to Run, eit absurd drama i tre akter blant angstridde, tvilsomme og sjarmerande individer som dansar dødsvalsen i overoppheita gater:

Between flesh and what’s fantasy
and the poets down here don’t write nothing at all
they just stand back and let it all be
and in the quick of the night they reach for their moment
and try to make an honest stand
but they wind up wounded
not even dead…
Tonight in Jungleland.

Hardkokt poesi. Og sjølvsagt burde desperate Backstreets også vore med.

Mannen sin aller største bedrift er 1978-utgjevinga Darkness On the Edge of Town. Den har også fått med tre kutt. Den sviande og fryktlause Badlands kjem først. Ein melodisterk sak full av poetisk glød og med eit dynamisk driv som sparkar mismotet midt i ballane. Det er ein langt meir desillusjonert Springsteen vi møter denne gangen. Tittelkuttet er ein inderlig pulserande ballade om fyren som har mista alt, og har ingen forhåpningar om å vinne noko som helst tilbake. Han velger derfor å betale sitt avlat, og sonar der ute i mørkret på stupet av tilværet. Eit pågåande munnspel driv den heftige og innbitte Promised Land framover. Om den unge mannen som bit tenna saman og prøver å overbevise seg sjølv om at ein plass finst det eit bedre liv. Det er vel liten tvil om at både Adam Raised a Cain og Racing In the Street også skal ha plass på alt som vågar å kalle seg Essential Springsteen.

Hausten 1980 kjem dobbeltalbumet The River. Eit album som er meir komplekst i sine temaer enn dei føregåande. På den eine sida møter vi fortsatt dei desillusjonerte, dei tvilande og dei tungsindige, men her er og gitt plass til meir lettliva og optimistiske syn på tilværet. Det er likevel ingen tvil om at sangane som tilhøyrer førstnevnte kategori kjem best frå det. Og aller best er det velkjente tittelkuttet. Forpinte munnspeltonar drar denne vemodige balladen i gang. Her møter vi det unge paret som har fått livet sine barske realitetar midt i trynet. I det retrospektive sisteverset stiller hovedpersonen seg spørsmålet; «Is a dream a lie if it don’t come true», og det er då ein for alvor kjenner igjen skikkelsen som så kjekt skulle «pulling out of here to win» i Thunder Road. Tiltaket blei kanskje ikkje så seiersrikt likevel. Sammen med før nevnte Hungry Heart er dette den einaste låta frå The River som har fått plass på denne samlingen. Eg kunne også godt tenkt meg den melankolske, men akk så vakre far/son saken Independence Day. Frå eit album der balladane gjer djupast inntrykk kunne og spor som Point Blank, Drive All Night, Stolen Car og Wreck On the Highway absolutt vore aktuelle å plukke blant.

Så, idet mannen er i nærleiken av eit massivt kommersielt gjennombrot, gjer han ut ei plate med demo-innspelingar, og insisterer på at den er like offisiell som hans fem tidlegare studioalbum. Åleine, heime på kjøkkenbenken utstyrt med eit par gitarar, eit munnspel, stemma si og ein firespors bandopptakar spelar han inn låtane som skal bli til albumet Nebraska. Definitivt modig, definitivt vellykka. Kommersielt sett er det vel ingen stor suksess, men kunstnarleg er det eit av Springsteen sine aller beste album. Kun to kutt herifrå har fått plass på denne samlingen. Tittelkuttet er ein desperat og nådelaus ballade om paret som gjennomfører eit meiningslaust mordar-raid. Orda i sangen er lagt i munnen på drapsmannen, og viser fram ein forherda skikkelse som ikkje har funne nokon som helst grunn til å respektere verken sitt eige eller andre sitt liv; «I can’t say that I’m sorry for the things that we done, at least for a little while Sir, me and her had us some fun». Springsteen gjer ingen forsøk på å pynte på kjensgjerningane, brutalt og usminka lar han skakk-køyrde, desperate og fortvila skikkelsar frå vrangsida av den amerikanske draumen få komme til orde. I albumet sin beste låt, den melodisikre og heite Atlantic City, møter vi ein motlaus fyr som på grunn av at han har «debts no honest man can pay», tyr til gambling og i neste omgang lovbrot for å komme seg ut av uføret. Han ser likevel det tvilsame med å la seg drive inn på eit slikt spor, og prøver å overbevise seg sjølv og sin kjære om at det finst eit liv og ein ny sjanse på den andre sida av forbrytelsen; «Well I guess everything dies baby that’s a fact, But maybe everything that dies someday comes back». Det er naturligvis ein skam at den avsindig triste balladen Highway Patrolman ikkje er med her, likeins kunne det godt blitt avsett plass til både spartansk rockande Johnny 99 og den mørke State Trooper.

«Boooorn In the USA». Slik lydde det overalt sommaren, hausten 1984 (og for så vidt langt inn i 1985). Bruce er for alvor blitt stadionrockaren framfor nokon. Den maksimale suksessen er spikra, og dens navn er Born In the USA. Tittelkuttet høyrer egentlig til Nebraska-avsnittet, då var den ein bitter Guthrie inspirert folkblues sak (den er å høyre i ein slik versjon på outtakes-samlinga Tracks). I sin mest kjente utgave er den imidlertid eit keyboard- og gitardreve rockenummer med ein veldig datert 80-tals lyd. Sjølv om den tekstmessig er meint som eit angrep på det etablerte Amerika, sett gjennom augene på ein svikta Vietnam-veteran, blei den dessverre noko heilt anna. Springsteen sjølv gjorde vel i sin stadionrus heller ikkje så altfor mykje for å fjerne seg frå oppfatningen av låta som ein tilnærma nasjonalsang. Glory Days er ein midt i vegen rockar, tjomsleg og grei, men lite engasjerande. Dancing In the Dark er meir av det samme, berre endå kjedeligare. Nei, gje meg heller intenst kåte I’m On Fire, den einaste låta frå plata som hadde fortjent plass her. Jadå, eg veit at albumet har flust av hitlåtar, og eg veit det er mange som ser på plata som mannen sin beste. Men i mine auger er den temmelig ordinær.

Midt oppi Born In the USA ståheien giftar Springsteen seg med b-skodespelaren Julianne Phillips. På plata som dukkar opp i 1987, Tunnel of Love, er det mykje som tyder på at mannen begynner å tvile på heile giftemålet. Og til låtar kledd i ei meir beskjeden sonisk drakt enn 1984 utgåva syng han om kjærleik, tvil og freistingar. Tittelkuttet samt førstesingelen Brilliant Disguise er valgt ut derifrå og flyt av gårde i eit keyboard-dominert lydbilde, men klarer ikkje å trenge skikkelig under huden. Personleg ville eg nok heller føretrekt den vakre og håpefulle Tougher Than the Rest, samt den nakne og langt meir resignerte One Step Up.

Springsteen blir skilt og finn den ekteskapelige lykke saman med kordama Patti Scialfa. Desse gode dagane og eindel andre ting syng han om på dei simultant utgitte albuma Human Touch og Lucky Town. Bortsett frå eit velretta stikk til alle dei dårlige TV-kanalane, 57 Channels (And Nothin» On), ein låt som sjølvsagt ikkje har fått plass på samlinga, har han svært lite å by på. Dei to tittelkutta og Living Proof som er valgt ut, er ganske bleike og kjedelige affærer alle tre. Året etter lagar han filmmusikk. Og den fine låten til Tom Hanks-filmen Philadelphia vinn endåtil ein Oscar.

Ved neste korsvei har Springsteen flytta seg nærmare temaer han hadde føre seg i sine glansdagar. Plata vi snakkar om er den neddempa, sosialrealistiske og John Steinbeck-inspirerte The Ghost of Tom Joad. Dessverre framstår den i ei litt for einsformig og stilleståande drakt, så den store gnisten klarar han ikkje å tenne med dette albumet heller. Sterkt påvirka av tragedien den 11. september leverer han seinsommaren 2002 albumet The Rising. Men den store oppstandelsen er det slett ikkje. Ein heller middelmådig affære utan ein einaste låt som kallar på særlig interesse. Likevel meiner tydeligvis Bruce og Sony at tre av låtane kan kallast essensielt stoff. Nei, då er det langt meir schwung over låta han laga eit par år tidlegare, men som ikkje fekk plass på The Rising. American Skin (41 Shots), her i live-tapning, er ein sterk og intenst gripande sak om unge og mørkhuda Amadou Diallo som brutalt og heilt meiningslaust fekk kroppen fylt med tilsaman 41 kuler frå pistolane til fire New York politimenn. Grunn: Han stod i ein døråpningen med handa innanfor jakka for å hente fram lommeboka si. Den beste låta Springsteen har laga sidan kjøkkenbenk-seansen i 1982.

I 1998 gav Springsteen ut Tracks, ein boks med 67 tidlegare ikkje utgitte låtar. Det er tydeligvis meir slikt som ligg rundt og sleng, for han har fylt opp ein bonus-cd her med 12 songar av samme kategori. Det meste er nok kun av interesse for innbitte fans. Men From Small Things (Big Things One Day Come), låta han i si tid gav til Dave Edmunds, er ein straight liten fin rock’n’roll sak. Endå bedre er det spartanske rockabilly-nummeret The Big Payback, ein blodtørstig sak gjort like etter Nebraska-innspelingane. Mørk, og avgjort verknadsfull er også Springsteen sitt bidrag til filmen Dead Man Walking. Og mannen sin versjon av Jimmy Cliff-låta Trapped, som i si tid var med på We Are the World-albumet, er heller ikkje ueffen.

Konklusjon: Alt i alt er det for mange merkelige prioriteringar på denne samlingen til at den gjev det rette bildet av Springsteen sine beste øyeblikk. Strengt tatt treng vi vel heller ikkje ein slik sak for å dokumentere dei. Den essensielle Springsteen er stort sett å finne på The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle, Born to Run, Darkness On the Edge of Town, The River, Nebraska (og kanskje Tunnel of Love). Resten av mannen sin karriere er temmelig middelmådig, med enkelte små lyspunkt innimellom.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Bruce Springsteen -Greetings From Asbury Park NJ

Standard

Ein organisk og villig, men til tider vel snakkesalig og noko uforløyst debut.

6

cover

Det er noko uforløyst over Bruce Springsteen sin debut som plateartist. Han har mykje på hjerte, i alle fall ein god del meir enn dei ni sangane, med ei samla speletid på 37 minutter, heilt maktar å favne over. Ordene kjem i eit tempo og ei mengd som eg vil tru få klarar å absorbere, slik tenderer det for ofte meir mot oppramsing enn genuin samklang mellom ord og tonar. Det blir jævlig travelt når bandet på sitt lause karnevalistiske vis prøver å følge Springsteen sine vokale tirader. Ikkje for det, av og til fungerer dette tilsynelatande sleivete samspelet, og utfallet blir ganske så sjarmerande. Men i litt for stor grad blir resultatet meir av det frustrerande ufokuserte og kraftlause slaget. Og kun unntaksvis finn vi dynamikken som kjenneteiknar Springsteen på dei fem store platene som følger etter Greetings From Asbury Park NJ.

Innspelingen blei gjort i ein periode der Columbia Records visstnok var på jakt etter artistar som kunne ta opp arven etter Bob Dylan. Mange var det som fekk merkelappen «den nye Dylan» klistra i panna, men det var få som hadde utbytte av det (ingen, for å være meir nøyaktig). Springsteen slapp heller ikkje unna denne ublide skjebnen. Og sjølv om temaene i sangane er ganske så forskjellig frå Dylan, kan ein høyre spor av Dylanske fraseringar i låtar som Does This Bus Stop At 82nd Street?, og i Subterranean Homesick Blues-slektningen Blinded By the Light. Sistnevnte er for øvrig ein av høgdepunkta. Her klarar Springsteen å kombinere entusiasme med velklang i nokre rimkombinasjonar som kan ta pusten frå ein.

Ellers kan ein høyre elementer både frå Dylan-kompisane i The Band, og ikkje minst frå Van Morrison-utgjevingar som Astral Weeks og Moondance, sjølv om han ytterst sjelden streifar storheten til desse. Det må i så fall være på Growin» Up, ein Springsteen-klassikar om oppvekst, pubertale bekymringar og utopisk frihetssøking.

«I stood stonelike at midnight suspended in my masquerade,
I combed my hair till it was just right and commanded the night brigade.»

Ein endå betre versjon av denne er for øvrig å finne på live-boksen frå 1986. I eit opptak frå eit svett Roxy i 1978, er den faktisk eit av høgdepunkta på den 5 LPer fyldige boksen. På samme boks, og frå samme konsert, finn ein også ganske så drivande versjonar av både Spirit In the Night og It’s Hard To Be a Saint In The City, som beviser at Greetings From Asbury Park NJ innspelingane nok ikkje yter låtane full rettferdighet.

Ser vi bort frå nevnte Blinded By the Light og Growin» Up er det dei to relativt spartanske balladane The Angel og Mary Queen of Arkansas eg tykkjer mest om, den siste kan ein sjå på som ein forløpar til klassiske Springsteen-ballader som 4th Of July, Asbury Park (Sandy) og The River. For sjølv om dei resterande låtane nok har sitt potensiale, får eg ein følelse av at Bruce her blir ein rock’n’roller som febrilsk prøver å komme ut av klærne til ein visesangar, klær som han har fått tredd på seg ved ein feiltakelse.

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Bruce Springsteen – Darkness on the Edge of Town

Standard

Dette er kvesste gitarar, tett band-lyd og draumen som brast. Eit illusjonslaust meisterverk.

cover  Begynnelsen. Eg tenkte eg skulle begynne med begynnelsen. Men det tok ikkje lang tid før eg enda opp med å fundere og filosofere over kor tid den var, kva den var, korleis den var, og så vidare. Så til slutt måtte eg foreta eit valg, og eg valgte å begynne her:
Dei som har levd ei stund huskar sikkert Rockpalast sendingane frå Tyskland. Det var ei slik natt framfor fjernsynsskjermen eg trur det starta, eg huskar ikkje datoen (kanskje var eg fylt 15, kanskje ikkje), men dama heitte i alle fall Patti Smith, og eg såg lyset. Lyset i form av kva musikk kunne være. Jodå, eg trur det var der min omfavnelse av rock’n’roll begynte. Så eg tok til å høyre på Pop Spesial (takk Sigbjørn Nedland og Ivar Dyrhaug). Og du verden, her rulla dei fram den eine etter den andre; The Clash, Stiff Little Fingers, Magazine, Tom Waits, etc. etc.

Eit år har passert. Det er ein varm maidag, eg har oppsøkt ein platebutikk, og er på utkikk etter noko av ein artist med det merkelige navnet Bruce Springsteen. Har registrert at han er oppført som medkomponist til Patti Smith-låta Because the Night, og eit rykte seier at han skal ha meir å by på. Det er coveret som gjer utslaget – så rock’n’roll (like tøft som London Calling). Den har tittelen Born To Run, og gjett om musikken held både kva ryktet og coveret lova. Etter litt gransking finn eg ut at denne Springsteen har gitt ut tre plater til. Og særlig den siste, Darkness On the Edge of Town, skal visst være bra.

Ei veke etter at eg er begynt på vidaregåande, oppsøker eg gamle erverdige Helgeland Musikk i Haugesund. Der finn eg fram denne Darkness On the Edge of Town, ber betjeninga om å få høyre på den – og blir umiddelbart blåst rett i veggen.

Lights out tonight, trouble in the heartland,
Got a head on collision, smashin in my guts, man,
I’m caught in a cross fire, that I don’t understand

Dette var eg ikkje førebudd på. Og mens eg prøver å finne fotfeste igjen, kjenner eg at eit salig glis trenger seg på.

Badlands, you gotta live it everyday,
let the broken hearts stand, as the price you gotta pay

Aldri verken før eller seinare har eg tilta så umiddelbart til ein rock’n’roll-låt, det var som om den var laga nett for meg. I fire minuttar var verden berre Bruce, Badlands og meg, der inne på Helgeland Musikk. Og eg er langt frå komme til meg sjølv då neste låt setter i gang, Bruce syng med ei stemme som strengt tatt er fysisk umuleg:

He was standin» in the door, I was standin» in the rain,
with the same hot blood burning in our veins,
Adam raised a Cain

Eg veit det der og då, at nå, nå er det Bruce og meg. Det er rett før eg går ned i kneståande for å motta velsignelsen. Men i eit lite klart øyeblikk, etter at Adam Raised a Cain dør ut, skjønar eg det; Helgeland Musikk er ikkje plassen for meg no, så eg røskar av meg hodetelefonane, og snøvlar fram eit «eg skal ha den».

Eg spelte plata heile kvelden, halve natta, fleire dagar i strekk. Og sjølv om mitt forhold til Bruce Springsteen har falma sidan den gang, så har aldri Darkness On the Edge of Town bleikna. Fortsatt tek eg den fram med ujevne mellomrom, og fortsatt er den ein av mine desiderte favorittplater.

Det gjekk heile tre år ifrå utgjevinga av det rock’n’roll romantiske mesterverket Born to Run, til Darkness… såg dagens lys våren 1978 (tre års intervall på den tida var ganske uvanleg). Ikkje minst ein bitter strid med manager og tidlegare produsent Mike Appel (som enda i rettsak), utgjorde ein vesentlig årsak til dette. I tillegg følte nok Springsteen eit visst forventnigspress etter å ha havna på forsida av både Times og Newsweek. Og han hadde kanskje fortsatt Jon Landaus berømte ord «I’ve seen the future of rock’n’roll, and it’s name is Bruce Springsteen» i minne.

Det er ein alvorstung Springsteen som stirrar mot ein frå coveret av Darkness On the Edge of Town, han liknar ikkje mykje på mannen som tre år tidligare var avbilda med eit nå-skal-vi-ut-å-ha-litt-rock’n’roll-moro glis på Born to Run. Og Darkness… er i sannhet eit heilt anna musikalsk måltid, for dette er sangar om mennesker som har smakt på livets bitre pille, og fått oppleve at draumane sannsynlegvis berre var luftslott. Kanskje er det Born To Run sine frihetsøkande optimistar, dagdraumarar og bohemar som opplever at det ikkje var så enkelt som å «pulling out of here to win» eller finne staden der ein kunne ta ein «walk in the sun». For nå er tonen litt annleis, realitetane har vist at her lyt ein slåst, det er slett ingen grunn til å «spend your life waiting for a moment that just don’t come». Sangane er i førsteperson, og dei ulike karakterane har det til felles at dei alle på sitt vis stiller spørsmålstegn med den såkalla amerikanske draumen. Nokon er desillusjonert, og har nesten gitt opp å tru på eit betre liv, andre klamrar seg til håpet og ber, mens enkelte er villig til å ta opp kampen og vil «spit in the face of these badlands».

Borte er og den Spectorske «Wall of Sound» lyden frå Born to Run, på Darkness… er det dei kvesste gitarane, den tette band-lyden og full rennafart som rår, dette er med å gjere albumet til Springsteens mest fresande forestilling nokon gong.

43 minuttar med handlingsmetta rock’n’roll. Sjølv om det er med Darkness… som med alle andre plater, – alt glitrar ikkje like mykje. Låtar som Prove It All Night og Streets of Fire, høyrer ikkje til rockehistoriens mest briljante, men har begge sin misjon på denne utgjevinga, og eg ville ikkje vore dei foruten.

Eit par trinn høgare oppe på kvalitetsstigen (og nå nærmar vi oss klassikarstatus) finn vi: Den saktegåande, suggerande Something In the Night, deleriske og hyperaktive Candy’s Room, og den orgel/piano dominerte melankolske visa Factory, om fabrikkarbeidarens monotone liv.

Dei resterande 5 låtane er pur rock’n’roll magi:

1. Badlands
2. Darkness On the Edge of Town
3. Adam Raised a Cain
4. Racing In the Street
5. Promised Land

Eg begynner nederst på lista:
I den drivande og straighte rockelåta Promised Land, drøymer ein ung mann om å kunne seie farvel til sin tarvelige tilværelse, for å finne «the promised land». Ei låt der orgel og piano er vel så dominerande som gitarane, men som kanskje har sin fremste signatur i eit pågåande munnspel.

Trillande pianotonar dominerer balladen Racing In the Street, den startar spartansk, men får etterkvart forsiktig følge av heile bandet, spesielt trommeinnsatsen til Max Weinberg bringer låta opp i ein høgare sfære midtveis. Nok ein sang om tomhet, der kappkjøring med bil blir løysinga, eller kanskje ikkje?

Før nevnte Adam Raised a Cain, er eit brutalt oppgjer med arven frå vore forfedre, ein blues-utblåsing med fleire bibelske bilder. Den når sitt høgdepunkt idet eit djevelsk gitarparti eksploderer over i siste vers og Bruce syng frådande; «In the bible, mama, Cain slew Abel, and east of eden, mama, he was cast».

Albumet finn sitt klimaks i det monumentale avsluttande tittelkuttet, Bruce har kanskje aldri sunge betre enn kva han gjer her, og samstundes får han god støtte av fyndige basstonar, tunge trommerytmar, i ein sang om mannen som har tapt det meste og freistar sin tilværelse «In the darkness on the edge of town».

Også er det Badlands då, denne fryktlause sangen som gang på gang berre bygger seg opp, opp og opp, før den eksploderer i eit refreng som kjem skoten ut av ei kanon lada med både motlaushet og forbannelse; dynamitt og dynamikk i heftig samspel.

Dette og mykje meir er Darkness On the Edge of Town. Den gong, i 1980, stod plata for meg som ein utblåsing heilt på linje med Inflammable Material, London Calling og Easter, og det gjer den fortsatt.

10/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)