Eit samlealbum først og fremst tiltenkt det amerikanske markedet, men som og fungerer som ein grei introduksjon til eit framifrå band.
Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.
4-5 månader seinare (året er fortsatt 1993), eg sitt nok ein gang og gjer meg kjent med ei Walkabouts plate. Denne har tittelen Satisfied Mind, men der New West Motel var nesten berre eigenkomponerte originallåtar er dette eit album med 13 coverversjonar. Her er sangar frå så pass ulike låtskrivarar som Nick Cave, John Cale, Patti Smith og Charlie Rich. Denne gangen er lydbildet atskillig meir dempa, men resultatet er nesten like storarta. Aller best er Nick Caves Loom of the Land, og Charlie Rich klassikaren Feel Like Going Home.
Det går om lag eit år, og ei ny plate dukkar opp. Det er energisk og det er mørkt, men det er anonymt og litt kjedelig, eg er skuffa. Albumet heiter Setting the Woods On Fire, eg setter det vekk. Neste gang Walkabouts gjer eit framstøt på platefronten har dei hyra inn Warzawa filarmoniske orkester. På Devil’s River som plata heiter finn vi smektande tonar, men og innslag av lumskare klangfargar. Plata inneheld flotte melodiar som The Light Will Stay On og Christmas Valley.
I 1997 dukkar Nighttown opp, og fortsatt er strykarar sentralt (denne gangen kallar dei seg Nighttown Orchestra), diskré elektroniske element er også å spore. Det er deires beste plate sidan Satisfied Mind, med høgdepunkt som Slow Red Down (kvifor er ikkje den tatt med på Watermarks?) og Lift Your Burdens Up.
Nå går det tre år før neste album kjem, Trail of Stars (2000), som er ein nedtur. Dei kjem sterkare tilbake året etter med ein ny coverlåt-samling, Train Leaves At Eight (denne gang med europeiske låtskrivarar, blant andre bidrar norske Midnight Choir, som Chris Eckman har produsert), og det dvelande og sterkt orkestrerte albumet Ended Up a Stranger samme året, viser at bandet fortsatt er å rekne med.
Watermarks er som undertittelen tilseier ein samling sangar frå perioden 1991-2002. Hovedvekt er lagt på midtperioden (Devil’s River og Nighttown) som er representert med seks spor. Her er to spor frå bandets svakaste plate Trail of Stars, det samme antallet er henta frå New West Motel. I forhold til mine oppfatningar om kor bandets beste stunder er å finne blir denne prioriteringa litt merkelig, men ser vi bort frå dei to Trail of Stars kutta er det berre flotte sangar her. At Satisfied Mind og Train Leaves At Eight kun har fått med ein sang kvar, er forståelig utfrå at bandet sikkert ynskjer å sette søkjelyset på Chris Eckman sitt materiell.
Albumet er for øvrig først og fremst tiltenkt det amerikanske platemarkedet. The Walkabouts er nemlig i den situasjonen at mange av platene deires ikkje er utgitt i USA, sjølv om dei er rotekte amerikanarar (frå Seattle, dei gav ut sine første plater på Sub Pop), er det i Europa dei har funne sitt publikum. Plata er ikkje forsynt med tidligare uutgitte spor eller liknande, så fansen har alt frå før. For folk som ikkje har kjennskap til bandet, kan Watermarks være ein heilt grei plass å begynne, men ein gjer aller lurast i å skaffe seg dei to 1993-utgjevingane.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)