Tag Archives: Chris Eckman

Chris Eckman – The Black Field

Standard

Songar frå einsame landskap, der tonane får puste, og det moderate står i sentrum.

cover  Ser vi bort ifrå eit par samleplater, har det vore lite med lyd frå Seattle-bandet The Walkabouts sidan Ended Up a Stranger frå 2001. Vi har heller ikkje fått fleire Chris & Carla album eller nye soloutspel frå låtskrivar og åndelig leiar Chris Eckman. Men nå er det visst for alvor ting på gang, Carla jobbar med si første soloplate, og The Walkabouts har planar om å spele inn ny musikk til hausten. Men aller først får vi servert Chris Eckman sitt andre soloalbum. Han har kalt det The Black Field, og sjølv om det nok har eit mindre og stillare lydbilde enn nokon Walkabouts-utgjeving kan skilte med, er det likevel umiskjennelige Eckmanske toner vi får servert.

Chris Eckman sin musikk har av ein eller annan grunn funne fleire tilhengerar på det europeiske kontinent enn heime i Amerika. Den tyske labelen Glitterhouse har då også stått som utgjevar av det meste han har gjort sidan 1993 (Walkabouts, Chris & Carla etc.). Medan mannen sjølv dei siste åra har levd mesteparten av tida si i Slovenia, der kona hans Anda kjem ifrå. Det er også i dette landet, nærare bestemt i hovedstaden Ljubljana, at musikken på The Black Field er blitt til.

Kimen til albumet fekk Chris gjennom maleriene til den slovenske kunstnaren Nikolaj Beer (som også er Eckman sin svigerfar). Det er derfor ganske naturlig at Beer sine fyldige penselstrøk av mørke landskaper får pryde coveret på plata. Songane spelte Chris inn live i studio saman med to lokale musikantar. I etterkant spredde han så demoane rundt til ulike musikalske venner, og lot desse få fylle ut bildet med eigne innfall.

Resultatet er blitt ei samling songar der det moderate får stå i sentrum. Her blir aldri lyden frå ei kjelde prøvd overgått av ei anna. Her får tonane puste, og det blir gitt rom får både stillheita og det usminka. Det menneskelige, det ærlige og det ufullkomne trer fram, og plasserer det perfekte, det skråsikre og det sterile ute på kanten.

Blant vennene som har bidratt på plata finn vi også ein nordmann. Al deLoner frå Midnight Choir skaper mykje dunkel atmosfære på det intense tittelkuttet. Både ved hjelp av piano, melodica og ein eldre analog synthesizer. Men spesielt er det spøkelsestonane frå gitaren hans som er med og driv fram bilder av lumske landskap og suspekte opptrinn, og mot ein konklusjon av det ublide slaget; «I felt much better when I was wrong, there are some things it ain’t safe to be right about».

Endå ein porsjon tåkefulle Twin Peaks-stemningar blir servert når Paul Austin (Willard Grant Conspiracy, Transmission Six) dreg fram baritongitaren sin for å krydre Healing Waters of the Flood. Den engelske fiolinisten Matt Howden draperer smidige Crystalline. Medan dobrotonar frå Terry Lee Hale sine hender er med å understreker uroen i Restless. Kona Anda og koret hennes Carnice Vocal Group bidrar med sakral sang på Low Country, og ikkje minst på Eckman sin versjon av den seksuelt lada og glødande Buzzcocks-låta Why Can’t I Touch It?

Eit par av spora høyrer kanskje til i sekken for litt anonyme tilfeller. Det er likevel langt ifrå det overordna inntrykket, som nok heller ligg nærmare båsen for vemodig og saliggjerande tonekunst.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

The Walkabouts – Watermarks (Slected Songs 1991-2002)

Standard

Eit samlealbum først og fremst tiltenkt det amerikanske markedet, men som og fungerer som ein grei introduksjon til eit framifrå band.

cover  Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.

4-5 månader seinare (året er fortsatt 1993), eg sitt nok ein gang og gjer meg kjent med ei Walkabouts plate. Denne har tittelen Satisfied Mind, men der New West Motel var nesten berre eigenkomponerte originallåtar er dette eit album med 13 coverversjonar. Her er sangar frå så pass ulike låtskrivarar som Nick Cave, John Cale, Patti Smith og Charlie Rich. Denne gangen er lydbildet atskillig meir dempa, men resultatet er nesten like storarta. Aller best er Nick Caves Loom of the Land, og Charlie Rich klassikaren Feel Like Going Home.

Det går om lag eit år, og ei ny plate dukkar opp. Det er energisk og det er mørkt, men det er anonymt og litt kjedelig, eg er skuffa. Albumet heiter Setting the Woods On Fire, eg setter det vekk. Neste gang Walkabouts gjer eit framstøt på platefronten har dei hyra inn Warzawa filarmoniske orkester. På Devil’s River som plata heiter finn vi smektande tonar, men og innslag av lumskare klangfargar. Plata inneheld flotte melodiar som The Light Will Stay On og Christmas Valley.

I 1997 dukkar Nighttown opp, og fortsatt er strykarar sentralt (denne gangen kallar dei seg Nighttown Orchestra), diskré elektroniske element er også å spore. Det er deires beste plate sidan Satisfied Mind, med høgdepunkt som Slow Red Down (kvifor er ikkje den tatt med på Watermarks?) og Lift Your Burdens Up.

Nå går det tre år før neste album kjem, Trail of Stars (2000), som er ein nedtur. Dei kjem sterkare tilbake året etter med ein ny coverlåt-samling, Train Leaves At Eight (denne gang med europeiske låtskrivarar, blant andre bidrar norske Midnight Choir, som Chris Eckman har produsert), og det dvelande og sterkt orkestrerte albumet Ended Up a Stranger samme året, viser at bandet fortsatt er å rekne med.

Watermarks er som undertittelen tilseier ein samling sangar frå perioden 1991-2002. Hovedvekt er lagt på midtperioden (Devil’s River og Nighttown) som er representert med seks spor. Her er to spor frå bandets svakaste plate Trail of Stars, det samme antallet er henta frå New West Motel. I forhold til mine oppfatningar om kor bandets beste stunder er å finne blir denne prioriteringa litt merkelig, men ser vi bort frå dei to Trail of Stars kutta er det berre flotte sangar her. At Satisfied Mind og Train Leaves At Eight kun har fått med ein sang kvar, er forståelig utfrå at bandet sikkert ynskjer å sette søkjelyset på Chris Eckman sitt materiell.

Albumet er for øvrig først og fremst tiltenkt det amerikanske platemarkedet. The Walkabouts er nemlig i den situasjonen at mange av platene deires ikkje er utgitt i USA, sjølv om dei er rotekte amerikanarar (frå Seattle, dei gav ut sine første plater på Sub Pop), er det i Europa dei har funne sitt publikum. Plata er ikkje forsynt med tidligare uutgitte spor eller liknande, så fansen har alt frå før. For folk som ikkje har kjennskap til bandet, kan Watermarks være ein heilt grei plass å begynne, men ein gjer aller lurast i å skaffe seg dei to 1993-utgjevingane.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)