Tag Archives: Tumbleweed

Christer Knutsen – Noe Breathe

Standard

Han har latt seg inspirere av mykje bra, denne Knutsen, men sjølv er han umogeleg å få auge på.

2

cover

Med sine trauste steg kjem Christer Knutsen for tredje gong og leverer frå seg ei plate. Det er vel snart fem år sidan han kom i slikt eit ærend for første gong. Då med atskillig country i popopplegget sitt. Dette har han gradvis høvla vekk, til han i dag står att med ei ganske så glatt og flisfri popoverflate. Ei overflate der referansane står skrive, tett i tett – men Knutsen sin eigen signatur er umogeleg å finne.

Popreferansane går veldig mykje tilbake til desse som tok arven frå Beatles og Byrds med seg inn i syttiåra. Knutsen sjølv nemner Big Star som ei viktig inspirasjonskjelde. Eg høyrer veldig lite Chilton her, men avtrykka etter dei Chris Bell-signerte låtane er så absolutt til stades. Frå litt seinare tider kan vi blant mange andre kjenne att den poppige sida til Tom Petty, og tonen til Rhett Miller (Old 97’s) og Matthew Sweet.

Kyrre Fritzner har produsert, deLillos-gitarist Lars Lundevall er blitt ein del av bandet The Sacred Hearts. Her er ein for så vidt funksjonell poptone, dugande harmonisong, og gitarane gjer sitt forventa. Det er habilt handverk. Ja eg trur til og med det kan ha blitt gjort med overskot og glede. Men det festar seg ikkje, det berre fer forbi. Det er som røykskya du blas av garde for litt sidan, den betyr ingenting lenger. Først og fremst vert det slik fordi låtane sviktar. Tonen, strukturen og orda. Dei har ingenting å by på, ingenting å seie, som ikkje er sagt før, utallige gonger, og betre, langt betre.

Låt kjem, og låt går, utan å gripe tak i meg. På to tålelig brukbare unntak nær. Pianoballaden You Fall, med sine små hint mot Wilco (Being There-æra). Utan at den vel kan karakteriserast som særlig mykje meir enn ein gjennomsnittleg lighterballade av den grunn. Det andre unntaket er den akustiske visa It’s You I Want, som av ein eller annan grunn sender tankane mine i retning Lucinda Williams. Det finst verre tankar.

Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn. Og det gjer det. I eit gitarpopbilde kalla «sånn skal det lyde», eller kanskje The Way It Will Always Be. Og det er greitt det, om ein synst det er eit godt bilde å vere i. Om ein ikkje har dei store forventningane om å bli lagt merke til. Om ein vil vere venlegsinna radiopynt, eller gløymt i morgon.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Christer Knutsen – Grand Hotel

Standard

10 medium melankoliserte og countryfriserte songar frå eit alldeles middelmåtig hotellopphald.

cover  Det skjer ikkje allverden i første etasje på Grand Hotel. I alle fall gjorde det ikkje det i den tida då Christer Knutsen var innkvartert der. 10 passelig melankoliserte skildringar av mellommenneskelige og tilbakeskodande karakter er kva Knutsen har å by på denne gongen. Det var vel omtrent det same han hadde på hjerta sist også. Det soniske bilete er også mykje det same. Ei passelig hås røyst syng ein passelig mikstur av countryrock med popfiksjonar. Og sluttresultatet blir, tja, sånn passelig.

Skulle ein komme i skade for å legge frå seg låtane til Knutsen i den store haugen av gjennomsnittleg countryrock, ja så er eg ikkje så sikker på om ein vil klare å finne så veldig mange av dei att. For han er ikkje ein kar som prøver å skila seg ut. Ganske så traust traskar han gjennom korridoren, og viser tilsynelatande liten interesse for uvesenet i etasjen over, eller den hudlause samtalen i bakgarden ved sida av.

Bakom anonyme saker som Next One’s On Me og Wait For Him finn vi likevel ei og anna låt som ein kan føle at i det minste er på sporet av noko interessevekkjande. Bicycle Tires med sine diskrete lån frå Lowell George sin Willin» tar føre seg oppvekstminner på eit høvelig melodivis. Den djuptsøkande tonebygginga, den tunge pulsen og det vemodsvakre refrenget hjelper balladen Could Have Been the One til å stå fram som plata sitt kanskje beste augeblikk. I refrenget får Christer god vokalhjelp av Hilde Marie Kjersem. Ei dame som er med på fleire av låtane, og som burde ha fått komme til enda lengre framme i miksen. Det trur eg Christer og songane hans hadde tent på.

Blåsarar meir enn melodisk velstand gjer at ein merkar seg Down, og ditto eit fruktbart strykearrangement i avsluttande Anything But You. Medan eit dugande melodisk mønster, med eit par små Wilco anno Being There treffpunkt, løftar den skjøre Better Than Last Time opp frå haugen.

Så mykje meir frå Christer Knutsen sitt hotellopphald treng vi vel ikkje dvele ved. For vi snakkar nok om eit tidsperspektiv av ein dramatisk kortare art enn Hamsun sine kjente 100 år før dette her er gløymt.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Christer Knutsen – Would You Please Welcome

Standard

Ei raspande stemme prøver å poppe seg ut av countrybåsen.

cover  Tre observasjonar før eg plasserer dingsen i stereoen: Han ser ut som han har ramla ut av Faces (eller er det Black Crowes), han blir vakta av ein sjenert engel, og på t-skjorta står det Gram Parsons and the Fallen Angels.

Nokre tankar medan eg høyrer første låt (No Love #1 & 2): Det er denne eg har høyrt før (og sett). Ei bra låt, særdeles fengande faktisk. Country og mandolinar møter pop. Lurer likevel på kvifor det er nett Tumbleweed-pianisten Christer Knutsen sitt første soloframstøt som har blitt utsatt for såpass med merksemd (intervjuer i dagspressa, hyppig radiospeling og innslag i Dagsrevyen). Landet vårt er jo i ferd med å bli ganske solid forsynt av musiserande individ med ein fot planta i ville vesten og den andre i Cavern Club, samt eit sårt hjerte. Kan det vere nokon i managementet som kjenner dei rette folka? Kan det vere den raspande røysta i distriktet mellom Rod Stewart og Steve Marriott (sjå der ja, Faces-analogien igjen)? Eller kan det vere fordi han verkeleg er steike bra? Eg får prøve å finne ut av det.

Sail/Veil heiter låt to. Nedtur. Ein sånn putt-ein-B-framfor-Ryan-Adams sak. On Her Way Back Home er ikkje stort betre. Melodisk korrekt og trøyttande. Forget This Dance er derimot ein smart ballade som børstar vekk B’en frå spor to, og nikkar i retning Kevin Welch. Den mandolindrevne Watching You Steal My Pain skapar ytterligare smertefull og vital countrystemning. Den blå visa Don’t Be Afraid er cellodrapert, meir nedpå, og smyg seg lenger inn i hjarta for kvar lytt. Say It Right Now er litt meir av ein lettvektar, men heilt grei countrypop.

Kanskje er det stemma, kanskje er det låtane, kanskje er det på grunn av ein litt mangelfull dynamikk i produksjonen, i alle fall sit eg og ynskjer meg litt større breidde i uttrykket. Slik glir You’re Wrong og She’s Expecting Rain forbi utan å sette seg fast. Så kjem Here’s The Sun, popkjekk, fengande og blåsarfrisk, og rettar eindel på inntrykket av manglande variasjon. Avslutninga No Trace of Me følgjer opp. Myndig og langsom, med meir blåsarar og tonefargar frå Belfast.

Konklusjon: ei bra plate, men Knutsen har ikkje heilt fått på plass signaturen sin ennå, og ferda går i litt for stor grad langs midten av den trygge veg. Ved neste korsveg trur eg det kunne gjort seg å ta nokre skritt nærare kanten.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Tumbleweed – Once More, With Feeling

Standard

Trivelig, liketil og litt vindskeiv countryrock frå Stavanger.

  Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.

Dei tre første spora på Once More, With Feeling… kan kanskje få sleppe unna merkelappen countryrock. For her oppheld bandet seg meir i det vi kan kalle eit vindskeivt poprock landskap. Ingen av låtane er blant albumets beste spor, men alle har ein liten dose sjarm og hygge i seg. På dei tre neste blir det meir country-følelse over Tumbleweed. Med god hjelp av ei livlig fele står dei fram som ei slags lettvekterutgave av Uncle Tupelo. Det tilfører catchy og popinfiserte refrenger der det nok er ei og anna tjuvlånt melodilinje, men aukar så definitivt sjarmfaktoren endå eit lite hakk.

Likevel, det er når vi kjem til If I Could Give You My Love vi begynner å nærme oss albumets kjerne. Her viser dei seg frå ei meir fortetta side, med ein melodi som flyt langsomt avgårde. Men kanskje aller viktigast er Ingfrid Straumstøyl sitt inntog på harmonivokal. Ei rolle som ho i endå større grad blir gitt mulighet til å utfolde seg i på neste låt, Mamas Song Revisited. Der ho og vokalist Rolf Gjesdal fordeler dei to høyttalarane seg imellom («Flying Burrito-style»), og syng albumets mest utprega country-tilfelle i fanden så uimotståelege vendingar; «a bleeding heart and open-tuned guitar», fele, steel gitar og vemodig hygge. Neste sak inn på teppet fullfører eit aldri så lite hat-trick; Wasted Time er Tumbleweed i eit litt skarpare hjørne, med brass-seksjon i tilnærma Asbury Jukes stil.

Nå klarar ikkje bandet å halde temperaturen heilt ved like albumet igjennom. Produksjonsmessig blir det kanskje litt tandert og kantete til sine tider. Utan at det forpurrar heilhetsinntrykket på plagsomt vis. Eg foreslår heller at ein lar Tumbleweed sin upretensiøse sjarm og velvillige apetitt på lure melodilinjer få pirre sansane litt, sånn i all enkelhet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)