Tag Archives: Transmissionary Six

Transmissionary Six – Get Down

Standard

Skånsam og haustfarga americana som etterkvart smyg seg inn i på melodisk dugande spor.

cover  Ved førre korsveg (albumet heitte Spooked, 2003) skildra eg The Transmissionary Six som skaparar av november-tonar. Slike tonar som akkompagnert av eit tiltakande mørke langsamt søker å forplante seg i hjerter og sinn. Bandet omgjev seg med mykje av den same auraen her på sitt tredje album også, men tilstanden er kanskje litt meir oktober denne gongen.

Framleis er det Paul Austin (andrepilot i Willard Grant Conspiracy) og Terri Moeller (trommis i Walkabouts) som er dei toneangivande kreftene i foretaket. Austin spelar på strenger, tangentar og litt anna, og Moeller passar rytmen og syng. I tillegg har dei med seg eit titals musikarar, der særlig Anne Marie Ruljancich og Nancy Wharton sine strykarinnslag gjer inntrykk.

Get Down blir, etterkvart som den legg bak seg ein heller traurig første halvdel, ei rett så aktverdig oppleving. Blant dei dvelande, men akk så preglause og melodifattige fire første spora er det vel ikkje stort anna enn nokre strykarparti som er verdt å framheve. Den korte instrumentalen Johnny & Waldo prøver så ved hjelp av ei overraskande funky framferd å få litt meir glød inn i strukturen. Tempoet aukar eit par hakk når Holidaypark gjev seg til kjenne, utan at melodikrafta er den heilt store. Men frå den refrengsterke og twang-gitar draperte Happy Landings er den melodiske velstanden på plass, og med den synest eg også å merke ei meir ihuga innstilling.

Fem minuttar lange Novanna stryk seg fram i eit tiltalande lende midt mellom nokre velpleidde Marianne Faithful-farga tonar og ei omfamnande Nina Nastasia vise. Ja det er nesten som den lindrar litt av lengselen etter ei ny plate frå sistnemnte. Element er eit repeterande og gnagande instrumentalkutt. Packakools er for så vidt kva tittelen lovar. Ein kult sveivande og vispande sak, der dugande tonar gjev seg til kjenne i eit lett slørete lende. Med den gitarbaserte og straighte The Dimmest Porch dreg dei seg mot countrylandskap. Eit landskap avsluttande Powderburn heller ikkje er ukjent med. Sakte brennande med akustisk lyddominans og smygande pedal-steel openbarar det seg eit tonespekter av forførande karakter, før låta sakte forsvinn inn i varleg støy.

Etter kva mine øyrer klarer å fange av det tekstlige innhaldet, har dei vel ikkje all verden å by på på dette feltet. Det er ein fragmentert setningsbygging som saman med, og tildels gøymt inn i, musikken kan fungere greitt nok, men som ikkje innbyr til vidare utlegningar. På sitt beste skaper bandet stemningsfull musikk, på sitt verste er dei heller søvndyssande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Transmissionary Six – Spooked

Standard

Seks lydtransporterande misjonærar slentrar sakte rundt blant spøkelser, mordarar og konspirasjonsforetak.

cover  Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han «høyrer» ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, «og er det noe bedre?».

Det er nett ein slik framtoning Transmissionary Six har fanga lyden av, og tilført litt ekstra frykt og beven, i det innleiande og ambiente instrumental-sporet Wrong. Gniss gniss og dunkande uhygge. Dermed er stemningen satt for ein heller dyster tur i skumring og natt, blant karaoke-stjerner frå outer space, treet som elskar øksa og mordet på ein klovn. Seks sjeler i kvar sin tilårskomne og knirkande gyngestol på ein veranda. Kringsatt av mørkret, spøkelser, og golde landskap, lar dei melankolien få komme til uttrykk i ei særdeles dvelande form.

Transmissionary Six er bandet der strengetraktøren Paul Austin frå Willard Grant Conspiracy og Terri Moeller som ellers sit bak trommene hos Walkabouts, har funne saman og trer fram som skaparar av ord og tonar. Terri har fått plass framfor mikrofonen og viser at ho har ei stemme i eit leie ikkje så langt unna kollega Carla Torgerson. Paul ber største tyngden av den instrumentelle børa, men får hjelp av Walkabouts sin produsent Kevin Suggs til litt av gitarlyden (spesielt pedal steel). Dei tre siste i gjengen er multikunstnar Ben Thompson på diverse slagverk-ting (han har og designa omslaget), Anne Marie Ruljancich (Walkabouts, Jesse Sykes and the Sweet Hereafter) på fiolin, samt Jon Hyde (Mount Analog) på ein Wurlitzer.

Ilag gyngar dei seks oss inn i sin vakre og saktegåande toneverden. Der dei framstår som skaparar av ein slags slow-americana bore fram av ulike gitarklangar, stundom tilført vemodige fiolintonar, og krydrar nennsomt med loops og diverse mystiske lydar. Det går absolutt an å finne slektskap til moder-banda, likevel står dei kanskje nærare meir sakrale og varsomt drone-kledde band som Low, Mazzy Star og Slowdive. Spesielt gjeld dette låtar som den gnagande og intense Big Game Hunter, dunkle og monotone Clown Homicide, den pedal steel-draperte Karaoke Star Suffocate og sangen til dykkarkongen og eventyraren Jacques Cousteau. Den bluesy Almost Every Dog, og den meir countryfolk-aktige Sermon On the Hatchback er låtar i eit landskap canadiske Cowboy Junkies har bevega seg rundt i mang ein gong. Ein personleg favoritt er den lett uvørne og kaktusrytme-fôra folkrap-affæren Gawker’s Backup. Og når Terri i denne snakkar om at «the deep november sleep is here» er ho nok og inne på grunn-elementene i albumet, for dette er avgjort musikk som høyrer heime i den mørkaste delen av året. Heilt tilslutt forlet dei oss så med ei lita vise kalt Dream a Little, som hadde det ikkje vore for tekstlinjer som «throw up your coffee on the neighbours walk» og «death is a holiday», kunne fått stempelet idyllisk og barnevennlig.

Eg trur eg hentar albumet fram igjen sånn cirka rundt førstkommande november-fullmåne. Så kryp eg inni sofakroken, let att augo og blir litt Spooked sånn rett før sengetid.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)