Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:
1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.
2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.
3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.
4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.
5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.
6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.
7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.
8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.
9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!
10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.
Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:
Songs: Ohia – The Magnolia Electric Co
M. Ward – Transfiguration Of Vincent
The Wrens – The Meadowlands
Okkervil River – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers – Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power
Livet kan være slitsamt og beint fram nådelaust. Likevel, dei fleste klorar seg fast til det, uansett kor motlaust det kan fortone seg. Alternativet virkar nemlig endå mindre forlokkande. Eller som nettopp Warren Zevon ein gong sang: «I’d rather feel bad than not feel anything at all». Eit utsagn som nok fekk fornya gyldighet då Zevon 20 år seinare stod ansikt til ansikt med sin eigen dødsdom. For det er vanskelig å forestille seg mange omstendighetar meir smertelig å oppleve enn å vite at eins eigen død er kun få månader unna.
Townes Van Zandt, ein beskjeden poet som aldri heilt fekk den merksemd han verkeleg hadde fortjent mens han levde. Sin store epoke hadde mannen i åra frå 1968 og fram til 1973. I denne perioden strøymde det på med sterke sangar frå Van Zandt sitt melankolske skattkammer. Raffinert poesi i samklang med vakre og såre tonar. I åra som følgde etter denne tida og fram til sin død i 1997 kom det berre tre album med ny musikk frå Townes si hånd. Og sjølv om noko av magien frå dei første åra ikkje alltid var tilstades, viste mannen ved fleire høve at han fortsatt hadde kontakt med si poetiske gullåre.
Det er blitt hevda med stor overbevisning at 80-talet var eit heller skralt tiår for pop og rock-relatert musikk. Det er noko eg personleg finn vanskelig å kunne støtte fullt ut, det gav oss jo tross alt navn som R.E.M., Pixies, The Replacements, Dream Syndicate, Violent Femmes, Prince og Nick Cave, berre for å nevne ein handfull. Og i det herrens år 1986 steig det fram ikkje mindre enn tre lovande debutantar innan countryrock-sjangeren. Steve Earle med sitt mesterverk Guitar Town, Lyle Lovett med sin flotte sjølvtitulerte debut, og Dwight Yoakam.
Sentralt i Steve Wynn sin etterkvart rikhaldige katalog av sangar står skildringane av den einsame og skakkjørte skikkelsen sin kamp mot både levande og døde demonar. Som ein låtsmedenes svar på Raymond Chandler eller Ross MacDonald skaper han sine små rock’n’roll noveller, der vi møter ein person i eit dramatisk øyeblikk av livet, i skildringar som ofte utrykker håplaushet og mismot og langt frå treng ende på noko oppløftande vis. Slik var det i Dream Syndicate tida, og slik er det framleis.
Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.
The Tyde er ei sval bølgje frå den amerikanske vestkysten, som har til hensikt å gje lyttaren ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia. Ein dusj det slett ikkje er dumt å seie ja takk til, då den viser seg å innehalde ein heil del tiltalande nyansar henta frå det store pop- og rock-havet.
Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.
Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han «høyrer» ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, «og er det noe bedre?».
Ein av dei beste platene frå det tidlege 90-talet er Matthew Sweet sin Girlfriend (1991). Det var ein strålande oppvisning i låtskrivarkunst og gitardreven power-pop. Sjølv om Sweet aldri har klart å matche denne utgjevinga, har han heile tida sidan vore ein trufast leverandør av solid musikk henta frå den same gata (rett nok også ispedd idear gravt fram frå andre musikalske krokar).