Author Archives: Oddmund Berge

Ukjend's avatar

About Oddmund Berge

musikk, rock, pop, psykedelia, punk, postpunk, funk, garasjerock, hiphop, country, soul, folk, kraut, jazz, blues, viser, americana, litteratur, romanar, noveller, poesi, groove, og slikt.

The Dream Syndicate – How Did I Find Myself Here?

Standard

Gamle heltar drøymer seg slett ikkje bort.

Bilderesultat for dream syndicate how did i find myself here  Spørsmålet er sannsynlegvis høgst relevant. «How Did I Find Myself Here?» blir det spurd, av Steve Wynn. Midt inne i eit dugande suggererande bråk frå bandet hans, The Dream Syndicate. 29 år etter at han sist gav ut eit album med gjengen. Den gjengen. I alle fall nesten den gjengen.

På åttitalet gav The Dream Syndicate ut fire album med gitarrock som evna å bite seg fast i sjela (eller der omkring). Fulle av tonar som var komme til dei på ei skakkøyrt linje frå Velvet Underground via The Stooges til Television. Det er sikkert dei som vil hevde at eg tar munnen for full om eg utnemner deira to første album til å vere noko av det aller aller ypparste som er gitt ut av rock’n roll, anytime. Vel, eg gjer det likevel.

Ei liste, fem album:

  1. Medicine Show 10/10
  2. The Days of Wine and Roses 10/10
  3. Out of the Grey 8/10
  4. Ghost Stories 8/10
  5. How Did I Find Myself Here 7/10

Når The Dream Syndicate for første gong på ein mannsalder signerer ei plate er det altså til ein bak-katalog av skingrande kvalitet dei gjer det. Det går ikkje gale, på ingen måte gale, dei serverer ei plate som i kvalitet legg seg fint til rette like i bak-kant av det siste dei gjorde på åttitalet. Eller kanskje ikkje fint til rette er dei rette orda. For den gjer bra lyd frå seg der den ligg. Den einaste nye i laget skal ha si del av skulda for det. Gitaristen Jason Victor (som også har spelt i Steve Wynn sitt backingband Miracle 3) får bra fyr på gitaren sin undervegs, alvorleg bra fyr. Den gode gamle dynamiske rytmeduoen Dennis Duck (trommer) og Mark Walton (bass) døsar ikkje akkurat av dei heller forresten. I lag held dei låt etter låt bra i gang med rett så suggererande groovy takter. Og midt i dette glødar det naturleg nok bra av frontmann Wynn også.

Spesielt bra blir det når Wynn med snerr i tonefallet er å finne sentralt i låta Out Of My Head. Eit stimulerande stykke rock’n roll, med ilskne og viltre gitartonar eit inspirert groove og ein songar som skildrar vegen ut av ein klaustrofobisk situasjon. På same stimulerande nivå, midt i ein vegg av psykedelisk gitarståk, veltar låta 80 West seg framover. Ein av desse songane der Steve Wynn viser til noko muffens som har skjedd, utan å avsløre nøyaktig kva. Men ein sitt ikkje akkurat igjen med eit inntrykk av at det er noko vidare oppbyggeleg – «Something happened out on 80 West, I’m not turning back».

Elles må det vel seiast å vere bra kaliber over den psykedeliske gitarveggen rundt Glide. Og Like Mary dukkar opp med rolegare soniske utfall enn låtane som ligg kring den, som ei vise, ei trist og melodramatisk ei, om ei kvinne som livet ikkje har vore snill med. Så snilt har vel heller ikkje livet vore med den fortapte sonen som dukkar opp i tittelkuttet. Dukkar opp, og som tittelen seier, undrar seg over korleis han har hamna i uføret. I ei låt som gyngar seg i gode funky former forbi 11 minuttars-streken. Luftige former også, med ein liten bite psykedelisk jazz i seg. Og så dukkar Kendra Smith opp. I låta som kjem etterpå. Heilt til slutt. Og som veldig så høveleg ber tittelen Kendra’s Dream. Kendra Smith som var bassist (og litt songar) på det aller første albumet til Dream Syndicate. Med si djupe røyst syng ho ein song det skimrar ganske så mektig av. Og eg tenker Nico. Men eg tenker ikkje at ringen nødvendigvis er slutta. Om ei plate som definitivt har fleire verdiar enn dei reint nostalgiske.

7/10

TIDAL: THE DREAM SYNDICATE – HOW DID I FIND MYSELF HERE?

http://www.youtube.com/watch?v=zFdZqMPjYls

The National – Sleep Well Beast

Standard

The National tar ein liten venstresving utan å kødde for mykje med sitt eige medrivande vesen.

  «I have dreams of anonymous castratti singing to us from the trees». Eg skal ikkje påstå at det berre er Matt Berninger som kunne ha komme opp med ei slik linje. Det ville eg jo ikkje hatt dekning for. Men eg vil påstå at linja føyer seg inn i rekka av besynderlege linjer eg gjennom åra er blitt vant med at songaren i The National kjem opp med, skriv ned, og syng. Utan at det gjer den minste ting sjølvsagt. Nett denne linja utgjer starten på tredje vers i songen Dark Side of the Gym. Dei to første versa er to scener med fleire års mellomrom. I den første scena blir songens forteljar avvist av ei ung kvinne. I den andre er det songens forteljar som vender ryggen til den nå ikkje så unge kvinna. I refrenget som krøllar seg rundt versa blir det sunge med empatisk røyst «I’m gonna keep you in love with me for awhile». Og det varmar og kling vennleg, og det er sjølvsagt ikkje vondt å høyre på. Og så kjem tredje og siste vers og songaren tar oss plutseleg med inn i noko heilt anna. Kan det virke som. Til draumar som ikkje berre handlar om kastratsongarar, men også om «the first man and the first lady singing to us from the sea».

Sleep Well Beast, The National sitt sjuande album, er blitt til medan amerikanarane dreiv å valte seg ny president. Dei fem medlemane i The National er erklærte demokratar. Dei spelte på eit par valkamptilstellingar for Barack Obama i 2012. Det er kanskje ikkje ein umogeleg tanke å tenke at det kan vere Barack og Michelle Obama som syng frå havet i draumen til songaren. Det er heller ikkje umogeleg å tenke seg at tankar som blir tenkt og ord som blir sunge her og der på Sleep Well Beast er noko påverka av dei nåverande politiske tilhøva i USA. Ein av songane opplever eg i alle fall at går ganske så hovudstups inn i det. Matt Berninger skreiv etter seiande teksten til Turtleneck i etterdønningane av sjokkbølgja som ramla innover dei på valdagen i november 2016. Turtleneck er med fleire mils avstand den mest aggressive låta på Sleep Well Beast. Den kjem midt i løypa som eit tre minuttars høgst nødvendig sonisk og verbalt åtak. Bit frå seg frå første tone og viser deretter ingen nåde. Det er absolutt ikkje ein klassisk protestsong. Slikt driv ikkje Berninger med. Han vrenger heller på ei gammal Cohen-linje: «The poor they leave their cellphones in the bathrooms of the rich». Før han rettar blikket mot dei som har valt seg ny president og snerrar «everything they switch to is just another man in shitty suits», og sukkar oppgitt «this must be the genius we been waiting years for, oh no,», før han hiv seg inn i eit kokande refreng – «this is so embarrasing, ah, we’re pissing fits». Medan groovet går grundig og gitarane til tvillingbrørne Aaron og Bryce Dessner vrir seg høglytt. Slik er det nødvendigvis ikkje på resten av albumet, med gitarane altså.

I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande. Ikkje minst er det det motsette av øydeleggande i songen som ber tittel I’ll Still Destroy You. Songen der den elektroniske faktoren kanskje er aller sterkast til stades. Med sine intrikate og kryssande synthløp og maskinelle hyperbeats i dialog med trommis Bryan Devendorf sin halvskakke rytmepuls, og ikkje minst sin avsluttande crescendo, kjem låta ut som eit av høgdepunkta på plata. Men også takka vere måten Matt Berninger syng seg gjennom den på. Frå at han kikkar ned og inn i sjela og sakte halvsyng sjølvransakande linjer som «I have helpless friendships and bad taste in liquids» til han andre stader får songen til å svaie i ein melodisk bris, og mellom anna syng «this one like your mother’s arms when she was young and sunburned in the 80’s».

Det er ikkje opplagt og fram i dagen kor Matt Berninger vil hen med alt han syng. Slik har det aldri vore. Men han har ein formuleringsevne som vekker interesse, og som gjer at eg fylgjer han. Eller rettare sagt: prøver å fylgje han. Det er noko gjenkjenneleg der og det er noko mystisk der. Ein ganske så perfekt kombinasjon det. Forhold, parforhold, mellommenneskelege tilhøve. Slikt går att, i song etter song. Og då oftast skildringar av slikt som knirkar og ikkje heilt går i hop lenger. Kona hans Carin Besser står som medforfattar på alle spor denne gongen. «You said we’re not so tied together, what did you mean?» har dei to fått songaren til å spørje innleiingsvis. «I don’t need you, besides I barely ever see you anymore» slår han fast ved neste korsveg. «I’ve been trying to see where we’re going, but you’re so hard to follow» lyde eit lite hjartesukk ein annan stad. «It’s nobody’s fault, no guilty party, we just got nothing, nothing left to say» lyde det vagt resignert i ein fjerde song. Og eg vil hevde at sitatutvalet mitt er representativt. Men det er etter seiande på ingen måte ei skilsmisse i emning som vert skildra her. Eg tenker heller vi seier det slik at Matt og frua på usentimentalt og poetisk vis dukkar ned i samlivets kjemiske utfordringar. Slikt som at ein pluss ein ikkje nødvendigvis blir akkurat to, og at alt derfor går opp. Slikt som at det går ikkje an å vike unna ambivalensen. Slikt som at forventningar slett ikkje alltid blir innfridd. Ja slikt, men samstundes, og som sagt, desse tekstane driv så definitivt bort frå tosemda også. For eksempel inn dit søvnen og draumane er.

The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Den fengande Day I Die, med sine referansar til ein onkel som har vore i National-bildet før (Val Jester, på albumet Alligator). Den milde og vakre pianoballaden Carin At the Liqour Store, som ikkje berre er mild. Det lumre nummeret Walk it Back (som eg opplever prøver å seie eit og anna vindskeivt om klimasaka). Og så tittelkuttet då. Som kjem heilt til slutt, og vel er noko av det mest eksperimentelle The National har komme opp med nokon gong. Lydar som gnikkar og gnir seg i ikkje utprega tonale former, og ein songar som ikkje tyr til dei mest melodiske av strofer. Ein song full av uro, ei uro som ikkje legg seg til ro med songarens avsluttande godnatthelsing «I’ll still destroy you someday, sleep well beast. You as well, beast». På ei plate som dirrar også etter at den er ferdig. Uroleg bra.

9/10

TIDAL: THE NATIONAL – SLEEP WELL BEAST

LCD Soundsystem – American Dream

Standard

Eit comeback som finn groovet og det evige løftet, slik LCD Soundsystem er til for å gjere.

  «You should be uncomfortable». Med desse orda avsluttar LCD Soundsystem sin frontmann James Murphy songen Other Voices. Det er ord som visstnok har ein konneksjon til ein samtale Murphy hadde med David Bowie ikkje så lenge før sistnemnte døydde. LCD Soundsystem var då eit oppløyst band, og hadde vore det sidan Murphy med brask og bram annonserte det i forkant av ein konsert i Madison Square Garden i 2011. I samtalen ymtar Bowie frampå om at Murphy kanskje skulle vekke bandet til live igjen. Murphy seier noko slikt som at det kjennes merkeleg å tenke i dei banar. «Does it make you uncomfortable» spør Bowie. Murphy drar på det, med eit langt usikkert «yeah». «Good» svarar Bowie, «if you’re not uncomfortable then you’re not doing anything». Og James Murphy si gjenforeining av LCD Soundsystem var på skinnene.

American Dream er ikkje eit knuslete comeback. American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.

Som musikkprosjekt flest kjem heller ikkje LCD Soundsystem utav ingenting. Nå 47 år gamle James Murphy er ein ektefølt fan av musikk som har spelt ei rolle dei siste 50-60 åra. Frå Velvet Underground til kraut til postpunk til techno. Han slår det forresten meir enn klart fast i den smått sarkastiske og fantastiske sjølvmeldinga av ein debutsingel han kom med for 15 år sidan, Losing My Edge. Eit namnedroppande nummer av ein anna verden. Og så kan ein jo trekke fram tre blad David då. Bowie sin innverknad på Murphy handlar sjølvsagt om mykje meir enn den nemnte samtalen. Den andar i mang ein Soundsystem-tone. Der finn eg også David Byrne. I Murphys røyst og i det postpunkfunky drivet. Og så er det David Homes då. Mannen som ved inngangen til 00-talet gav ut det barske og funky electronica albumet Bow Down To the Exit Sign. James Murphy luska rundt i kulissane under innspelingane av nett den plata, og har sjølv uttalt at Holmes si «ja eg berre gjer det»-innstilling hadde ein direkte innverknad på at han sjølv heiv seg ut i det. Heiv seg ut i det og miksa i hop slikt han likte.

LCD Soundsystem var meir punk på det doble debutalbumet enn på American Dream. Og meir eklektisk. Og andre plata har det euforiske glansnummeret All My Friends og den krakilske balladen New York, I Love You But You Bringing Me Down. Men jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Ein offensiv sak om det å eldast. Utan at Murphy er klar og tydeleg på korleis slikt fortonar seg. Personleg opplever eg det som at han er meir over mot ei humørfylt enn ei depressiv tilnærming. Som i linjer som desse: «all the hits are saying the same thing, there’s only tonight, man, life is finite, but, shit it feels like forever».

I hælane på Tonite kjem Call The Police, og plasserer seg i eit heftigmektig og ikkje heilt ukjent LCD Soundsystem lende. I nabolaget til All My Friends. Litt som Arcade Fire på ein veldig god dag, med eit snev av Heroes, og eit løft som løftar og løftar. Å kalle den suggererande er eit understatement. Å seie at Murphy nyttar dei sju minuttane songen varer til å teikne eit fredfullt bilde av samtida vil vere ei løgn. Her handlar det om mistrua og angsten og kampen som går føre seg der ute. I gatene, i maktkorridorane, på twitter, i kommentarfelta. Han syng om «a full blown rebellion», ei motmakt av undertrykte som vil «drive you from your hoary halls of gold». Eit åtak av dimensjonar.

Tittellåta har ei anna gangart. Den kjem i luntetempo og er fyldig på synth-svingingar. Ein ballade, i ei melodisk drakt eg meiner har ein viss Okkervil River-tøtsj. Der Murphy tematiserer uroa som vaknar til liv idet ein vaknar opp ved sida av ein framand på ein framand plass. Ni minuttar lange How Do You Sleep? handlar om noko heilt anna. Det blir sagt at den handlar om James Murphy sitt forhold til sin tidlegare venn og samarbeidspartnar Tim Goldsworthy. Det er visstnok ikkje eit bra forhold lenger. Men eg opplever ikkje songen som eit eintydig hatsk åtak. «I must admit: I miss the laughing but not so much you» lyde ei av linjene med ein viss nyanse i seg. Det er fleire slike. Songen har forresten eit fullt ut allmenngyldig vesen. Og eg høyrer ein lengt i tonen, der den veks seg fram frå ein ledug dans til ein mektig påle.

James Murphy er den svorne musikkfanen som jobba i platebutikk, var dj, spelte i skrotete band, og som til slutt fant fram til gullåra. I det vemodige og sterke postpunk-nummeret I Used To ser han tilbake til byrjinga, den gongen han «used to wait all night for the rock transmissions». Kanskje dukka Lou Reed opp, eller Leonard Cohen, eller Alan Vega. Dei er alle døde nå. Og fleire med. Noko James Murphy sjølvsagt ikkje er upåverka av. Han er innom det på plata. Nemnte Vega er med tvers igjennom opningssporet Oh Baby, der det dansar ganske nær opp til Suicide sin Dream Baby Dream. Og når skjermen til slutt går i svart, og natta er total, og tonane flyt elegisk, då heiter songen Black Screen, og er ein audmjuk hyllest til David Bowie. Frå ein ukomfortabel fan, som absolutt gjorde rett i å kalle bandet sitt til live igjen.

8/10

TIDAL: LCD SOUNDSYSTEM – AMERICAN DREAM

EMA – Exile In the Outer Ring

Standard

Desperate tonar om desperate tilstandar.

  «I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. «Angel why you gotta be so tuff?» spør Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei.

EMA er altså initialane til Erika M. Anderson. Exile In the Outer Ring er det tredje EMA-albumet. Etter nokre år og tre album med det eksperimentelle folkrock-bandet Gowns solodebuterte dama med albumet Past Life Martyred Saints i 2011. Ei plate der gitaren kan komme inn varleg og akustisk, men det er ikkje det som pregar den. Det er ei plate med skarpe psykedeliske kantar, der gitaren og andre lydkjelder ofte hentar fram sitt støyande vesen. Og det handlar om sex og kropp og vald og religion. Og det brenn, av elektrisk raseri. I eit sonisk sett luftig bilde. Uttrykket ber ei gjeld både til Sonic Youth, PJ Harvey og Cat Power, men kjem definitivt ut som EMA-original. Tre år seinare dukka dama opp med albumet The Future’s Void. Temaet der krinsar rundt internett og cyberpunk. Slett ikkje upassande då at ho denne gongen kler songane i eit meir maskinelt uttrykk. Synthesizeren dominerer over gitaren, og gjer det med stridige tonar. Groovet er seigt, lydbildet er større, og opphavskvinna har gått vidare.

I sonisk utforming har Exile In the Outer Ring med seg lyden av både debutalbumet og oppfølgjaralbumet. Samstundes som eg høyrer ei Erika M. Anderson som ikkje står stille. Som både klorar i kjerna av sitt eige vesen og søker rundt i utkanten av det, og skaper sitt sterkaste album til nå.

Outer Ring er hennar begrep for forstadane ein finn rundt byane. Her møtest kulturar, her møtes, og bur, dei som har flytta ut av sentrum fordi det blei for dyrt der, og dei som har søkt mot byen fordi det ikkje fanst jobb lenger på staden dei vaks opp. Erika M. Anderson har dei siste åra budd i Portland, Oregon, men ho vaks opp i Fargoland. Heilt presis i Sioux Falls i Sør-Dakota. Slik eg høyrer Exile In the Outer Ring handlar albumet like så mykje om folka derifrå som det handlar om storbyens forstadar. Folk frå ulike byar, tettstadar og præriehus rundt omkring i den amerikanske midtvesten.

For seven years i let you waste me
Before I could finally face it
Seven years of isolation
Seven years

Opningssporet 7 Years svevar fram på ei ganske så vennlegsinna synth-bølgje. Erika syng i nærleiken av engleaktig, vakre tonar med vemod i seg. Og ord som får meg til å tenke på bibelens forteljing om dei sju uåra. Her kan dette vel tolkast inn i armoda og arbeidslausheita som har råka så breitt i Midtvesten. At mange då ser håp om sju gode år med å plassere ein slesk bustadhai frå New York i presidentstolen er like uforståeleg for EMA som for mange andre. Men når du er «down and out» og «everyone thinks you’re worthless», då er situasjonen desperat. I albumets spretne «poplåt» Down and Out er det mykje empati i spel. Empati for den desperate, blanda med det lett undrande spørsmålet «what are you hoping for?».

Nå har dama fortalt i intervju at alle låtane på albumet var ferdigskrivne før Trump blei valt til president. Så ein direkte reaksjon på tilstanden i USA dei siste 8-9 månadane er dette ikkje. Det sentrale nummeret Aryan Nation er like fullt skummelt aktuelt. I ei drivande form, der synth og gitar skurrar og kastar flengjer i frå seg, syng Erika i tilnærma snerrande «Thurston Moore-style» om unge menn som samlar seg «outside of the casino». Med eit raseri i ryggmargen og eit hat i skallen. «In their eyes are things that you and I could never know» slår EMA fast.

EMA driv også med multimediaprosjekter. Eit av desse, der ho miksar kunstinstallasjon, musikk og VR-teknologi, ber namnet I Wanna Destroy. Noko som også er tittelen på albumets mest gitarorienterte nummer. Eit definitivt aggressivt stykke musikk om «the kids from the void». Sånn elles er nok synthesizeren den mest sentrale lydkjelda på albumet. EMA finn fram til den rå og skurrande tonen i instrumentet og gjer songane eit frenetisk uttrykk. Samstundes som ho skaper rom og får fleire av songane til å framstå ganske så nakent. Blood And Chalk til dømes. Den melodisk og vemodsvakre Blood and Chalk, om ein skikkelse som er kapitulasjonen nær. Ein song som startar heilt nede i det varlege og som nesten umerkeleg veks inn i ei kort lita støybye før den tonar ut, dirrande, utan større fakter. Breathalyzer sig på si side fram oppå eit disharmonisk industrielt uttrykk med ein god dose luft rundt seg. Ein song eg forresten opplever aldri så lite humoristisk. For er det ikkje eit lite glimt i auga til EMA når ho (i eit PJ Harvey-slekta melodiunivers) skildrar ein sexdebut på ein parkeringsplass der ute i Midtvesten ein stad? – «I feel so hot I feel so heavy, I’m in the backseat of the Camry … but when we start he wasn’t walking steady».

Det er vel vanskeleg å karakterisere Exile In the Outer Ring som ei optimistisk plate. Den er nok meir i slekt med det motsette. Men den store uløyselege håpløysa er det vel heller ikkje som står på programmet. «It’s hard to say where the darkness begin» ytrar EMA heilt mot slutten, «It’s possible that it’s coming from inside you» legg ho til. Og det er vel i tilfelle ikkje heilt umogeleg å gjere noko med?

8/10

TIDAL: EMA – EXILE IN THE OUTER RING

The War On Drugs – A Deeper Understanding

Standard

Eit (litt for?) mektig måltid

Bilderesultat for the war on drugs a deeper understanding  Dette var ikkje gjort over natta. Denne plata har Adam brukt tid på. Han er for så vidt kjent for det.

Coverbildet viser Adam Granduciel knipsa midt i prosessen. I eit platestudio. Ved pianoet, omringa av instrumenter og utstyr. Der har han brukt timar, dagar, månader. Perioden 2015-2017. Forresten ikkje berre i eitt studio. Meir korrekt er vel å seie eit titals. Der har perfeksjonisten Adam Granduciel, frontmannen i The War On Drugs, flikka og sveitta og bygd og spelt inn A Deeper Understanding.

Det førre The War On Drugs-albumet, Lost In The Dream, blei eit gjennombrot. Kommersielt og blant musikkskribentar. Fortent nok. Det var, og er, eit album der The War On Drugs tar sin heartlandrock inn i eit widescreenformat som høgg bra tak. Der ein varm synthvind straumar gjennom mykje av stoffet, medan gitarane både vandrar med og kvess litt til. Der det finst flust av melodisk gnist og varme. Og der det kongruente har eit rimeleg variert vesen.

Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Der Granduciel på førre album sånn i snitt spelte rundt fem ulike instrument pr. låt, nærmar han seg denne gongen ti (i tillegg kjem sjølvsagt resten av bandmedlemene sine bidrag). Ei lita utfordring blir då at det subtile, detaljane, kan bli vanskelegare å finne inn til. Det eine smeltar i hop med det andre, og blir til ein mektig masse. Eller kanskje det ikkje blir det i ein slik grad eg innbiller meg, kanskje er det trommene. Kanskje er det den bastante og dominante trommelyden eg finn litt problematisk. Det at den ikkje har spensten og schwungen til å groove sakene vidare. Det at den blir litt giddalaus monoton og samstundes stel for mykje av bildet. Ja kanskje er det der midt vesle problem med denne plata ligg? I alle fall, dei sekstiseks minuttane plata brukar frå første til siste tone blir nok.

Men eg kan ikkje få nok av Thinking Of A Place. Den elleve minuttar lange låta som var det første livsteiknet frå plata. Den er ei inspirert og lett vemodig reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner. Der den glir av garde på behagelege soniske bylgjer, og kan skilte med ein skimrande gitarsolo i sin midte. Ja eg kan like fleire av dei andre låtane på plata også. Eg kan det. Eg likar Pain, og det melodisk og melankolsk tiltalande med den. Eg likar den Don Henley-aktige opningslåta Up All Night også. For den har eit groove som funkar, den har det. Og ein gitarsolo som skjær igjennom. Avslutningssongen, den Dylanske balladen You Don’t Have To Go likar eg også, med sin vesle lyriske gitarsolo og sitt gode melodiske lune.

Kva er så denne djupare forståinga som albumtittelen varslar om? Ja sei det du. «Never meant to bring my pain into the frame», syng Granduciel. Eg tar meg i å lure på om det ikkje er nett det han gjer. Vi er jo ikkje komme lenger enn til spor nummer to før vi møter på ein song som kort og godt heiter Pain. Eit ord som rimar på Rain. For regnar gjer det også til tider. Og vegen går rett som det er «into the darkness», inni «the night». Men hei, «night» rimar på «light» det er noko også Granduciel veit. Så her er ikkje bekmørkt, her er også måneskin og dagslys, og angsten kan flyte bort, og kjærleiken flyte inn. Stundom.

Og stundom er kanskje ordet. For stundom, altså nokre gonger når eg har høyrt på plata, har den gjort sterkare inntrykk enn andre gonger. Nokre gonger grip heartlandhymnene på albumet tak i meg, andre gonger visnar interessa mi bort og eg tar meg i å drive med heilt andre ting enn å gå inn i A Deeper Understanding. Kanskje er det ei betre plate enn eg har fått fram i denne teksten? Ja eg trur det, det gjer eg. Men like bra som Lost In The Dream er den ikkje, absolutt ikkje.

7/10

TIDAL: THE WAR ON DRUGS – A DEEPER UNDERSTANDING

http://www.youtube.com/watch?v=gmhT2EqGmbY

Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee

Standard

Ei rik og fullstendig utilgjort røyst, og ein bunke soulkrydra songar.

Nicole Atkins, Goodnight Rhonda Lee.  Det startar med at Nicole Atkins syng A Little Crazy. Songen A Little Crazy. Og ho syng den bra, verkeleg bra. Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg. A Little Crazy er av sistnemnte slaget. Nicole Atkins har skrive låta saman med Chris Isaak. Eg høyrer at den kunne ha passa perfekt inn i den mannens repertoar. Og eg høyrer eit snev av Roy Orbisons Crying der, samt ein tøtsj av Crazy slik Patsy Cline gjorde den. Men det er ingen tvil om at A Little Crazy er ei låt Nicole Atkins eig, og i eit elegant ganglag gjer til ein soulsmygar som absolutt ikkje berre putrar.

Nicole Atkins er ikkje ein nykommar på musikkscena. Ho har berre segla under min radar. Dama albumdebuterte for ti år sidan med ei plate kalla opp etter heimstaden sin, Neptune City (i nabolaget til Asbury Park, New Jersey). Goodnight Rhonda Lee er Atkins sitt fjerde studioalbum, og vart etter seiande til i ein ikkje heilt fredfull periode i dama sitt liv. Ho flytta til Nashville, men det var nå det minste. Depresjon og alkoholproblem hadde ein større innverknad. Ein innverknad det avgjort er spor av i meir enn ein av songane på plata. Tru likevel ikkje at dette er eit mørkt og dystert verk. Neidå her blir heile livets spennvidde omsunge. Frå det som trykker ein ned til det som skaffar ein venger.

Rhonda Lee er ei nær venninne av Nicole Atkins. Eller meir presist er ho den delen av Atkins sin personlegdom som ikkje sett korken på flaska, som heller blir med natta inn i morgontimane. Det vesle tittelkuttet er ein countrysong, av typen countrysoul med eit lite skjær av latino. Ein tiltrekkande liten sak, der songaren altså gjer eit forsøk på å seie godnatt til den ikkje vondsinna men noko uaktsame venninna. Songen har forresten eit lite glimt i augekroken, har den ikkje? Det er eg meir usikker på om den barblå balladen A Night of Serious Drinking har. Her sit hovudpersonen på eit fly og minnest nokre konsekvensar fylla førte med seg. Spesielt då kva det gjorde med hennar forhold til ein ikkje namngitt eks-kjærast. Ein som stilte henne spørsmål som «what good is love if hurt is just around the bend?». Den dirrar ein del av anger den songen.

Dirrar gjer også Darkness Falls So Quiet. Ein song om å vere åleine i natta med eit sakn etter ein som er ute på ei reis. Ein song om at det slett ikkje er heilt enkelt. Men platene er der … «I have trusted in them many times before» … Så «I sing stories to the shadows on the wall». Og dette i ei låt med eit godt groove. Eit eggande og knipselokkande eit. Det minner meg litt om groovet til ærverdige Son of a Preacher Man. Sjå der du, der fekk eg sveipa innom ei dame Nicole Atkins kan minne meg litt om, Dusty Springfield.

Groovet kokar sjølvsagt bra på fleire andre spor her også. På det funky-drivande Listen Up og det soulfyldige Brokedown Luck for å nemne dei to fremste kandidatane. På eit album som blei spelt inn i løpet av fem dagar, og har eit ledug og organisk preg. Frå ei dame det var på tide å oppdage.

7/10

TIDAL: NICOLE ATKINS – GOODNIGHT RHONDA LEE

Høyr her: Protomartyr og A Private Understanding

Standard

Sommaren (som knapt nok var her) er på hell, men platehausten 2017 er jomfrueleg. Det er eitt og hitt å sjå fram til, skulle eg tru. Ganske så nær sin utgjevingsdato har eg blant anna notert meg at Grizzly Bear, EMA og The War On Drugs er å finne. Sistnemnte går for A Deeper Understanding på sitt nye album. Det absolutt sterke Detroit-bandet Protomartyr tar føre seg A Private Understanding på det første sporet dei gjer kjent frå si kommande plate, Relatives In Descent (med annonsert utgjevingsdato 29. september). Det dirrar litt av denne…

Soft Ride – Burgundy

Standard

Dette er ikkje værmeldinga for Hordaland fylke sommaren 2017.

Bilderesultat for soft ride burgundy  Dette er historia om ein varme som ikkje gøymer seg bakom eit regntungt skylag. Og det kan ein vel synast om?

Dei kallar seg Soft Ride, og det har dei grunn til. Det er tonar med eit rimeleg mjukt fokus som står på agendaen. Godlynte kan dei vel også kallast, stort sett. Utstyrt med eit ganglag som nødvendigvis ikkje tar mål av seg å komme først fram, men som definitivt er groovy nok. Stundom endåtil salig så godt groovy.

Soft Ride er i første rekke Arne Håkon Tjelle og Øystein Braut. To karar som har sentrale roller i eit par andre Bergensband. Tjelle er frontfigur i det smått eksentriske psychrock-bandet Bloody Beach, medan Braut spelar gitar og syng i den dronepsykedeliske kvartetten Electric Eye. I Soft Ride dyrkar dei saker med eit litt meir konvensjonelt preg.

Plateomslaget viser ein fargerik teikning av ei sol med mykje varme i seg. Eit bilde som lett blir med over på den soniske arenaen. Og som kanskje er med på gjere plata til meir av ei sommarplate enn kva den eigentleg er. Eg ser absolutt ikkje bort frå at den funkar 23. januar heller. Men altså, sidan det nå er sommar (i alle fall i fylgje kalendaren der borte på veggen), og sidan Burgundy byr på 10 songar i ei gjennomsnittleg popsonglengd, songar med luft mellom tonane, og som er fordringslause og melodisk tiltalande, så la oss slenge beina på bordet, kjenne varmen i nakken, og løyse billett med Soft Ride. Lista over dummare ting å finne på er lang.

Dei startar med ein song som har same namnet som bandet. Eg høyrer innbydande tonar frå både synthesizer og steelgitar, eg kjenner ein rytme som pirrar, og jammen blir det kora ganske så fint, «looking for a soft ride» blir det sunge. Linn Frøkedal og Einar Kaupang er med og syng dette. Sistnemnte kjenner vi frå bandet Dig Deeper. Soft Ride høyrer til i det same soniske området som det bandet. Eit område som rommar både den fengande poptonen, den skakke countrytonen, den vindfulle bluesen, heile tida med eit islett av forførande psykedelia.

Spor nummer to Red Light kjem med orgeltonar, skimmer i gitaren og lengt i tonen. Gitartonar med skimmer i seg er vel ein slags gjennomgangsmelodi her, skimmer og mild syre. Det dukkar opp i det tilbakelente popnummeret The Sun In Her Eyes. Det er bak der ein plass når det blir sunge om Two Suns Apart. Og det gjer seg gjeldande når eit godt og bassig groove smyge seg på plass i Won’t Stop.

Eg minnast at eg lenger oppe i teksten sa noko om at ganglaget, det rytmiske, ikkje ber preg av å måtta skunda seg veldig. Vel, det popflotte nummeret Light the Lanterns har då (i tillegg til eit fengande refreng) eit temmeleg så sprettent vesen. Og How Deep Is the Night har eit lettbeint rock’n roll driv, eit psykedelisk krautpreg, med eit visst slektskap mot Madchester á la Stone Roses. Slikt gjer jo ikkje akkurat låta til eit uinteressant nummer. På blokka mi står det høgdepunkt med ganske så markante bokstavar. Eit høgdepunkt som skildrar ein ikkje heilt trygg tilstand, ein meir lumsk og nattleg ein, og derfor stiller spørsmålet «how soft is the ride?». Høveleg nok. For det handlar jo ikkje berre om å vandre i solskinn, gjer det?

7/10

TIDAL: SOFT RIDE – BURGUNDY

Peter Perrett – How The West Was Won

Standard

Ein gammal helt viser seg meir levande enn nokon skulle tru.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won  «Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel.

8. april i år runda Peter Perrett 65 år. Eit par dagar etterpå publiserte Domino Records ein flunkande ny song frå mannen. Med opplysningar om at dette det skulle vere tittelsporet på eit album som var i kjømda. Så overraskande frisk, så slentrande cool, så sarkastisk pålogga var songen at det ikkje var anna å gjere enn å vente i spaning.

I fylgje Domino Records er How The West Was Won Peter Perrett sitt debutalbum som soloartist. Dei har vel så godt som rett i det. Heilt rett om ein ikkje reknar albumet Woke Up Sticky frå 1996, som han gav ut under signaturen Peter Perrett In the One, som eit soloalbum. Men skitt, slikt er berre av akademisk interesse. How The West Was Won er på ingen måte berre av akademisk interesse, plata viser seg nemleg å by på eit knippe songar som rullar og blør og lever. Utan at det blir gjort eit stort nummer av det. Det er noko nøkternt og avslappa over det heile. Noko storarta naturleg. Der songaren, altså Peter Perrett, har sin sjølvsagte plass fremst i miksen, men der den nonsensfrie soniske støtta han får frå det vesle laget han har med seg er av avgjerande betydning. Eit lag som forresten tel to av hans eigne søner (Jamie Perrett på gitar, keyboard og kor, og Peter Perrett jr. på bass).

Ein kan vel seie at Peter Perrett forsvann på byrjinga av åttitalet. Etter å ha fronta det med tida legendariske London-bandet The Only Ones gjennom tre albumutgjevingar og ei minneverdig rad med konsertopptredenar blei han borte frå musikkscena. Eit inntak av rusmiddel solid over grensa for tilrådeleg var skuld i det. Rapportar om ein Perrett som sjangla rundt på kanten av grava dukka stundom opp. Men ikkje musikk. Ei heller ein nekrolog. Midt på nittitalet kom eit kortvarig musikalsk livsteikn frå Perrett i form av det før nemnte og absolutt dugande albumet Woke Up Sticky. Ti år deretter var Perrett framleis i live, og blei med på ei gjenforeining av The Only Ones. Over ein to årsperiode (2007-2008) spelte kvartetten fleire konsertar, men dei tre andre klarte aldri å overtyde Perrett om at å lage ei ny plate var ein god idé.

How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Tematisk så er ikkje tittellåta typisk for albumet. Den har eit raljerande samfunnskommentarande tilsnitt (tar føre seg både amerikansk imperialisme og Kim Kardashians yppige bakdel) som den i liten grad deler med resten av albumet. Albumet kunne nok vel så gjerne hatt tittelen I Can’t Live Without the Girl I Love. For er det noko som går igjen i meir enn eitt spor her så er det Peter Perrett sin kjærleik til ei viss kvinne. Vi snakkar då ikkje om Another Girl frå Another Planet (for å dra ein billig konneksjon til    hans mest kjente låt). Vi snakkar om Zena. Peter Perrett sin ektemake i 47 år. Han syng om sitt forhold til henne i den gripande vesle spretne popsongen An Epic Story («I’ll always be your man, no-one could love me the way that you can»). Ho er kvinna som ein Man Of Extremes drøymer om. Ho er ein av to karakterar i det som kunne vore ein duett, Troika. Og ho spelar ei sentral rolle i den nesten seks minuttar lange balladen med sakrale tendensar, titulert C Voyeurger. «I see her everywhere» syng songaren, i ein song som i tillegg til å ta eit sympatisk famntak kring den store kjærleiken handlar om tid og forfall og «the point where life and death collides».

Av Perrett sine medmusikantar på plata er det sonen Jamie som gjer mest utav seg. Han viser seg som ein glimrande gitarist. Blir gitt rom til ein solo eller tre, og grip då høvet til å gjere stoffet ei teneste. Røffast og mest bitande gjer han det i den seige rockelåta Living In My Head. Men aller best gjer han det etter mi oppfatning med sine licks og små utskeiingar i høgdepunktet Something In My Brain. Eit luftig og fengande stykke power pop eller rock’n roll der Perrett slår fast at han framleis er «capable of one last defiant breath», og elles syng om rotte-eksperimenter og dop og dystopiske tilstandar.

How The West Was Won er altså eit album som omfattar både gripande kjærleikserklæringar og dyster undergangsprat. Eit noko tvitydig opplegg kan ein kanskje seie. I det refrengsterke nummeret Sweet Endeavour til dømes anar eg både optimisme og djup pessimisme. Eg høyrer han synge om å danse i gatene, og eg høyrer han hevde at «to live the life you must be fluid». Eg høyrer han gjenta linja «it took you for a ride in life’s sweet endeavour» og eg høyrer han nådelaust slå fast at «the future is already dead and gone». I ein annan song, den smått hymneprega avslutningssongen, høyrer eg Perrett synge om å hangle gjennom livet utan heilt å forstå si eiga rolle. I den samanhengen leverer han minneverdige linjer som «I wish I could die in a hail of bullets some time, but all I can do is sing and play on the front line».

Velkommen tilbake til frontlinja Peter Perrett. Går det an å håpe på at det blir meir enn denne eine seansen?

8/10

TIDAL: PETER PERRETT – HOW THE WEST WAS WON

 

Kevin Morby – City Music

Standard

Sympatiske og melankoli-disponerte bysongar.

  Tittelsporet: Det varer i nesten sju minuttar, men det er ikkje mange orda der. Gitaren, eller gitarane, det er vel to av dei, leiar an. Serverer linjer og kjensler og ein energi som om dei kom rett utav ein klubb på Lower Manhattan i 1976. CBGB. Og derifrå søker medlemskap under Marquee Moon. I selskap med få ord altså, men dei er opplysande nok, orda:

Oh that city music
Oh that city sound
Oh how you pull at my heart strings
Oh, lets go downtown

Sist vi høyrde frå Kevin Morby i albumform er ikkje stort meir enn eitt år sidan. Då kalla han opplegget for Singing Saw. Han heldt til i Los Angeles-traktene, og serverte i hovudsak songar som handla om natur og musikk i meir rurale omgjevnader. Nå handlar det om byen. Det forstår ein jo allereie av album-tittelen. Det blir ikkje mindre tydeleg når ein søker inn til songane.

Morby har visstnok flytta frå LA til fødebyen Kansas sidan sist. Og han har besøkt mang ein by når han har reist rundt og spelt musikken sin. Men det er nå først og fremst ein by dette City Music-opplegget hans skaper bilder av. New York City.

Ånda av Lou Reed gjer seg til kjenne i meir enn ein song her. Den sakteflytande og intime Dry Your Eyes har ikkje så mange soniske sprell av typen Velvetsk støy å by på. Mest har den ein Morby som sitt tett på mikrofonen og medprodusent Richard Swift som korar subtilt like bakom. Like fullt opplever eg songen som ein åndsfrende av slikt som Velvet Underground dreiv med på sekstitalet. Så har vi Tin Can, låta tar ikkje ein Walk on the Wild Side men den skodar ned på ein by som hovudpersonen gjerne skulle ha komme nærare på, og den gjer det i ein veldig Reedsk tone.

Apropos å skoda ned på byen, eller ut på byen, eller vandre nedover ei gate, i ein by full av folk, og der kjenne seg veldig åleine, det er eit tema som går att i fleire av songane. «I can’t wait for the sun to go down» og «I can’t wait for the moon to shine» høyrer vi frå eit einsamt nattemenneske i det sfæriske og orgeldraperte opningssporet Come To Me Now. «There ain’t no soul I know, no commotion for me to be a part of» formidlar hovudpersonen i nemnte Dry Your Eyes. Medan hovudpersonen i den semi-akustiske og porøst dansande Night Time rettar fylgjande hjarteskjerande bøn til menneska der ute: «Oh turn me on, don’t turn on me».

Så handlar det om vennskap. Spesielt gjer det det i den sympatisk ekspanderande og vakre Aboard My Train. Songaren minnast her først eit vennskap frå barndomen, før han i andre del ramsar opp i poetiske ordelag all slags folk han betraktar som «a friend of mine». Venner av han hevdar han også at dei fire han syng om i 1234 var. Dei er døde nå, dei var ein gong The Ramones. I ein song som i soniske former er heilt Ramones avsluttar han med å låne ei linje frå ein song av kult-helten Jim Carroll: «They were all my friends, and they died».

Ein annan helt er det melodiske førebildet for avslutningsnummeret Downtown’s Light. Den på ingen måte New York-relaterte Townes Van Zandt. Ein mildt sagt nydeleg song er det nå uansett. Om den heilage Mother Sister, om nåde og død, og ein kjærleik som kan vere sterk men ikkje evig. Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

7/10

TIDAL: KEVIN MORBY – CITY MUSIC