The Dream Syndicate – How Did I Find Myself Here?

Standard

Gamle heltar drøymer seg slett ikkje bort.

Bilderesultat for dream syndicate how did i find myself here  Spørsmålet er sannsynlegvis høgst relevant. «How Did I Find Myself Here?» blir det spurd, av Steve Wynn. Midt inne i eit dugande suggererande bråk frå bandet hans, The Dream Syndicate. 29 år etter at han sist gav ut eit album med gjengen. Den gjengen. I alle fall nesten den gjengen.

På åttitalet gav The Dream Syndicate ut fire album med gitarrock som evna å bite seg fast i sjela (eller der omkring). Fulle av tonar som var komme til dei på ei skakkøyrt linje frå Velvet Underground via The Stooges til Television. Det er sikkert dei som vil hevde at eg tar munnen for full om eg utnemner deira to første album til å vere noko av det aller aller ypparste som er gitt ut av rock’n roll, anytime. Vel, eg gjer det likevel.

Ei liste, fem album:

  1. Medicine Show 10/10
  2. The Days of Wine and Roses 10/10
  3. Out of the Grey 8/10
  4. Ghost Stories 8/10
  5. How Did I Find Myself Here 7/10

Når The Dream Syndicate for første gong på ein mannsalder signerer ei plate er det altså til ein bak-katalog av skingrande kvalitet dei gjer det. Det går ikkje gale, på ingen måte gale, dei serverer ei plate som i kvalitet legg seg fint til rette like i bak-kant av det siste dei gjorde på åttitalet. Eller kanskje ikkje fint til rette er dei rette orda. For den gjer bra lyd frå seg der den ligg. Den einaste nye i laget skal ha si del av skulda for det. Gitaristen Jason Victor (som også har spelt i Steve Wynn sitt backingband Miracle 3) får bra fyr på gitaren sin undervegs, alvorleg bra fyr. Den gode gamle dynamiske rytmeduoen Dennis Duck (trommer) og Mark Walton (bass) døsar ikkje akkurat av dei heller forresten. I lag held dei låt etter låt bra i gang med rett så suggererande groovy takter. Og midt i dette glødar det naturleg nok bra av frontmann Wynn også.

Spesielt bra blir det når Wynn med snerr i tonefallet er å finne sentralt i låta Out Of My Head. Eit stimulerande stykke rock’n roll, med ilskne og viltre gitartonar eit inspirert groove og ein songar som skildrar vegen ut av ein klaustrofobisk situasjon. På same stimulerande nivå, midt i ein vegg av psykedelisk gitarståk, veltar låta 80 West seg framover. Ein av desse songane der Steve Wynn viser til noko muffens som har skjedd, utan å avsløre nøyaktig kva. Men ein sitt ikkje akkurat igjen med eit inntrykk av at det er noko vidare oppbyggeleg – «Something happened out on 80 West, I’m not turning back».

Elles må det vel seiast å vere bra kaliber over den psykedeliske gitarveggen rundt Glide. Og Like Mary dukkar opp med rolegare soniske utfall enn låtane som ligg kring den, som ei vise, ei trist og melodramatisk ei, om ei kvinne som livet ikkje har vore snill med. Så snilt har vel heller ikkje livet vore med den fortapte sonen som dukkar opp i tittelkuttet. Dukkar opp, og som tittelen seier, undrar seg over korleis han har hamna i uføret. I ei låt som gyngar seg i gode funky former forbi 11 minuttars-streken. Luftige former også, med ein liten bite psykedelisk jazz i seg. Og så dukkar Kendra Smith opp. I låta som kjem etterpå. Heilt til slutt. Og som veldig så høveleg ber tittelen Kendra’s Dream. Kendra Smith som var bassist (og litt songar) på det aller første albumet til Dream Syndicate. Med si djupe røyst syng ho ein song det skimrar ganske så mektig av. Og eg tenker Nico. Men eg tenker ikkje at ringen nødvendigvis er slutta. Om ei plate som definitivt har fleire verdiar enn dei reint nostalgiske.

7/10

TIDAL: THE DREAM SYNDICATE – HOW DID I FIND MYSELF HERE?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s