Ei rik og fullstendig utilgjort røyst, og ein bunke soulkrydra songar.
Det startar med at Nicole Atkins syng A Little Crazy. Songen A Little Crazy. Og ho syng den bra, verkeleg bra. Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg. A Little Crazy er av sistnemnte slaget. Nicole Atkins har skrive låta saman med Chris Isaak. Eg høyrer at den kunne ha passa perfekt inn i den mannens repertoar. Og eg høyrer eit snev av Roy Orbisons Crying der, samt ein tøtsj av Crazy slik Patsy Cline gjorde den. Men det er ingen tvil om at A Little Crazy er ei låt Nicole Atkins eig, og i eit elegant ganglag gjer til ein soulsmygar som absolutt ikkje berre putrar.
Nicole Atkins er ikkje ein nykommar på musikkscena. Ho har berre segla under min radar. Dama albumdebuterte for ti år sidan med ei plate kalla opp etter heimstaden sin, Neptune City (i nabolaget til Asbury Park, New Jersey). Goodnight Rhonda Lee er Atkins sitt fjerde studioalbum, og vart etter seiande til i ein ikkje heilt fredfull periode i dama sitt liv. Ho flytta til Nashville, men det var nå det minste. Depresjon og alkoholproblem hadde ein større innverknad. Ein innverknad det avgjort er spor av i meir enn ein av songane på plata. Tru likevel ikkje at dette er eit mørkt og dystert verk. Neidå her blir heile livets spennvidde omsunge. Frå det som trykker ein ned til det som skaffar ein venger.
Rhonda Lee er ei nær venninne av Nicole Atkins. Eller meir presist er ho den delen av Atkins sin personlegdom som ikkje sett korken på flaska, som heller blir med natta inn i morgontimane. Det vesle tittelkuttet er ein countrysong, av typen countrysoul med eit lite skjær av latino. Ein tiltrekkande liten sak, der songaren altså gjer eit forsøk på å seie godnatt til den ikkje vondsinna men noko uaktsame venninna. Songen har forresten eit lite glimt i augekroken, har den ikkje? Det er eg meir usikker på om den barblå balladen A Night of Serious Drinking har. Her sit hovudpersonen på eit fly og minnest nokre konsekvensar fylla førte med seg. Spesielt då kva det gjorde med hennar forhold til ein ikkje namngitt eks-kjærast. Ein som stilte henne spørsmål som «what good is love if hurt is just around the bend?». Den dirrar ein del av anger den songen.
Dirrar gjer også Darkness Falls So Quiet. Ein song om å vere åleine i natta med eit sakn etter ein som er ute på ei reis. Ein song om at det slett ikkje er heilt enkelt. Men platene er der … «I have trusted in them many times before» … Så «I sing stories to the shadows on the wall». Og dette i ei låt med eit godt groove. Eit eggande og knipselokkande eit. Det minner meg litt om groovet til ærverdige Son of a Preacher Man. Sjå der du, der fekk eg sveipa innom ei dame Nicole Atkins kan minne meg litt om, Dusty Springfield.
Groovet kokar sjølvsagt bra på fleire andre spor her også. På det funky-drivande Listen Up og det soulfyldige Brokedown Luck for å nemne dei to fremste kandidatane. På eit album som blei spelt inn i løpet av fem dagar, og har eit ledug og organisk preg. Frå ei dame det var på tide å oppdage.
7/10
TIDAL: NICOLE ATKINS – GOODNIGHT RHONDA LEE