Hei hei Richard Swift kva har du gjort? Oppdaga Link Wray og rota deg bort.
2
Er du blant dei av oss som har funne hugnad i unge Swift sin eigenarta og høgst potente retropop skal du slett ikkje vere så sikker på at du finn fyren like interessant As Onasis. For dette er noko heilt anna.
For nokre månader sidan gjekk det rykte om at Swift hadde funne vegen til Wilco sitt loft, der han skulle vere i full gang med oppfylgjaren til ulastelige Dressed Up For the Letdown. Om han berre tok seg ein pause derifrå, eller om han rømte loftet for godt, veit eg ikkje, men eg veit at han har vore i kjellaren. Vel, veit og veit, men det høyrest i alle fall sånn ut her på hans nyaste framstøyt.
As Onasis er noko så uvanleg som ein dobbel-EP. Det er absolutt ikkje nødvendig at den er dobbel. Strengt tatt er det alt anna enn nødvendig at den er her i det heile. For dette er heller semre saker frå den talentfulle Swift.
Underteikna har mang ein gong rava ekstatisk over råbarka, primitiv og uforedla rock’n roll av ulikt slag. Det slaget Swift byr på her er milevis unna å ha ein slik verknad på meg. Dette blir for primitivt, for skisseprega og uferdig. Ja det er som om fyren har reist ned i kjellaren for å gå opp til eksamen i rå rytmisk musikk og så enda opp med å levere frå seg kladden, og berre den.
Til saman tjue spor gjort unna på i underkant av førti minutt. Dei fleste instrumentalar. Dei fleste altså skisser av noko som kanskje kunne blitt til noko. Gjentakande gitarriff eller keyboardsklunking i selskap med driftig rytmikk, som nesten utan unntak ramlar inn i trøyttande former i staden for å vise vågemot, slå kollbøtte, ta fyr, ha suggererande evner eller drive inn i fargerike landskap.
Inspirasjonen har Swift, som vanleg, henta frå tonar som grodde fram for ei god stund sida. Karar som surf-gitaristen Link Wray, den hovudskallsvingande Screamin» Jay Hawkins, og bluesråtassen Howlin» Wolf er vel tre av dei fremste inspirasjonskjeldene for dette. Men, som de har skjønt, han er aldri i nærleiken av å komme opp med noko som kan vise til den gløden og villskapen som desse karane tufta det meste av sitt virke på. Han blir vel mest ein puslete liten pastisj utan verken Wang Dang Doodle i beina eller særlig til Rumble i blodet.
Okey då, to habile unntak; den luftige vesle keyboardskolorerte dubsaken Du(m)b II, og den drivande og psykisk ustabile JLH med sitt gjentakande mantra «John Lee Hooker».
Men mest lurer eg ganske så kraftig på kor den kritiske sansen til Swift og Secretly Canadian har vore hen når dei fant ut at dette var noko å presentere for folk.
Først publisert på Groove.no (i 2008)