Tag Archives: Sunset Rubdown

Wolf Parade – At Mount Zoomer

Standard

Paraden går med litt stødigare skritt gjennom eit meir komplekst landskap denne gongen, men energien er der, og den melodiskapande evna med.

7

cover

Den første lange paraden var etter seiande full av Apologies to the Queen Mary, men dens fremste kjennemerke var no like fullt at den hadde form som ein vilter og ikkje alltid like fokusert sparringskamp mellom dei to frontmennene Boeckner og Krug. Når denne åtferda i tillegg fekk kraftfull backup av deira medmarsjerande, ja så vart det heile til eit nokså tøyleslaust opptog. Tøyleslaust og hektisk, men definitivt med eit vinnande vesen.

Når gjengen no i desse dagar er ute og paraderer att har dei justert ein del på bevegelsesmønsteret. Den hektiske sparringa er erstatta av meir samordna, om enn ikkje alltid like enkle, dansetrinn. Førre gong hadde dei sine balansevanskar. Denne gongen har dei eit stødigare ganglag. Ja ein kan vel enkelt seie at dei har modnast ein del. Vekke er mykje av det ungdommelige pågangsmotet og den unektelige sjarmfaktoren. Fram på avenyen kjem i staden ein gjeng med større kompleksitet i uttrykket, og ei hakket skarpare utvikla melodiskapande evne.

Eg var aldri inne på tanken å definere Wolf Parade som ei prog-akt førre gong. Langt i frå. Men tanken har meir enn streifa meg denne gongen. Det spretne og popslekta i store deler av melodimønsteret deira, samt eit tidvis nesten manisk postpunkslekta sinnelag, forpurrar imidlertid dei fleste tankar på at det er det dei først og fremst har blitt. Eg tenker vel helst på dei som eit orkester som mitt oppe i sitt mangslungne opplegg ikkje har gløymt bort verdien av å gje hovudrolla til den melodiske grunntonen.

Wolf Parade har sine eigenrådige trekk, men dei driv ikkje med innovasjon. Dei ferdast der andre har vore før. Aller oftast finn ein dei i det stormande landskapet der Built to Spill og Modest Mouse ofte plar gjere opp sine rekneskap. Men dei er heller ikkje framande for å ta ein Bowie her og der. Og i opningssporet liknar dei sannelig meir på Television enn noko anna. Utan å skjemme seg bort av den grunn.

Nei då, Soldier’s Grin er eit inspirert stykke musikk det, som startar ut i drivande former før den halvvegs skaper seg om til ein seigare trave. Vokalisten syng ein desillusjonert soldat sin song, og vokalisten heiter Dan Boeckner. Noko han heiter på om lag halvparten av albumet. På den andre halvparten kan vi høyre den noko meir strangulerte røysta til Spencer Krug. Overgangane dei to imellom har eit mindre divergerande vesen på At Mount Zoomer enn kva som var tilfelle på debuten. Eg tykkjer ikkje det er noko minus.

Blant Spencer Krug sine bidrag utmerkar den skarpsindig varierte California Dreamer seg. Låta har lite tilfelles med tonar vi helst forbind med den staten. Med sine sprang frå det tandre til det pågåande er den vel snarare albumet sin fremste eksponent for lys/skygge effekten. Og så har den eit refreng som er fullstendig «postpunk-1979»; Oh I think I might have heard you on the radio, but the radio waves were like snow.

Albumet sitt mest catchy spor er det Boeckner-fronta «Bowie via Jarvis Cocker»-tilfellet The Grey Estates. Tett fulgt av Krug sin kåte og popfunky Bang Your Drum, nok ein gong med eit refreng som markerer seg; oh do they beat that drum to get you back home, or do they beat it to keep you away?

Til slutt slår dei to seg heilt og fullstendig saman i eit episk opplegg kalla Kissing the Beehive (som på eit tidspunkt også var tiltenkt som tittel for albumet). Her duetterar og duellerar dei i pasjonerte og fasetterte former. Om høgt heva overmot og armodsfull anger; «you held your cap in the air and called it a guitar, you put your face on the glass and called it good cinema».

At Mount Zoomer kjennes kanskje litt brattare å entre enn debuten, men har endå litt meir å by på. Så eit par litt fargelause spor til trass (Call It a Ritual og Language City), ingen grunn til å la ulvane paradere forbi utan å slenge seg med denne gongen heller.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Sunset Rubdown – Random Spirit Lover

Standard

Fulle av entusiasme og rusa på kontrastveske og intrikat spiritus klarar kvartetten utruleg nok å lokalisere den eine godtonen etter den andre.

7

cover

Spencer Krug har gjort det til ein vane å dukke opp oftare enn dei fleste andre. Så at han no står utafor døra igjen og trippar med ei nyinnspelt plate i posen burde slett ikkje komme som ei overrasking.

Spencer Krug opererer sjeldan åleine. Desto oftare har han eit eller anna prosjekt på gang, i kompaniskap med gode venner. Då kan dei finne på å kalle seg med namn som Wolf Parade, Swan Lake eller Frog Eyes. Plata han står der med no har han gjort saman med sine tre medsamansvorne i Sunset Rubdown. Det er tredje gongen det kjem ei plate under denne etiketten.

Det er mykje bra å seie om fjorårets utgjeving, Shut Up I Am Dreaming. Ein pasjonert kollisjon mellom det skakkøyrte og det monumentale. Eit uroleg rendezvous mellom skjøre draumar og blodig alvor. Vare balladestunder og frenetiske åtak. Hengslelaus dynamikk. Men kanskje meir enn eit bandoppgjer var det eit Krug-framstøyt. Random Spirit Lover er eit bandoppgjer.

Random Spirit Lover varer i ein time, og er på den eine sida eit komplekst og variert stykke musikk, på den andre sida har den eit sterkt samanvevd og kongruent vesen. Eg opplever den nærast som ein songsyklus der kvar enkelt låt forsyner seg av akkordane som avsluttar den førre, og på ulikt vis, og i ulik grad, lar desse bli til ein del av sitt eige ve og vel. Utan at nokon må tru at opplegget står med begge beina og heile si sjel i eit konseptalbum. Neidå, til det er det for mykje spontanitet og fridomstrong som kjem til utløp. Det er heller ingen tydelig raud tråd i Krug sine tekstlige krumspring. I den grad eg klarer å trenge på innsida av deira abstrakte utforming meinar eg å finne ein fyndig og bittersøt cocktail av leikne ordspel, kontrastfulle bilde og religiøse og seksuelt lada utbrot. Dei er dei mest skarpskodde eg har høyrt frå den kanten.

Wolf Parade er utan tvil det mest framgangsrike av banda Spencer Krug spelar i. Krug har like fullt gitt uttrykk for at hos han er Sunset Rubdown eit vel så prioritert felt. Her blir det i endå større grad enn hos ulveparaden gitt spelerom for frimodige og suspekte soniske påfunn. Her kan enkle låtar risikere å ende opp som komplekse udyr. Og sjølv om Random Spirit Lover altså er bandet si kanskje mest einsarta og samanhengande utgjeving manglar det ikkje på utskeiingar.

Random Spirit Lover har eit meir pågåande vesen enn tidlegare Sunset Rubdown plater. Den har sine varlege og dempa augeblikk, men dei er færre, og dei veks seg fort større og kraftigare, eller dei vert offer for brå overfall. Skal ein sette fingeren på noko, må det vere at all den spirituelle iveren av og til tar litt kvelartak på nyansane.

Spencer Krug syng pasjonert med si skjøre og ikkje alltid like stabile røyst. Kvinna i banden, Camilla Wynne Ingr, støttar opp. Oftare og harmonisk sterkare enn ved førre korsveg. Keyboards og gitarar verkar å ha vore gjennom eit ikkje heilt sunt syrebad, og fører derfor, rett som det er, tonane godt på utsida av regulerte melodivegar. Rytmeseksjonen kan gjere det enkelt, men er slett ikkje vanskelig å få med seg på meir intrikate løp.

Det vert visst kalla indierock. Men det kallar dei tonane til Stereolab og Dinosaur jr. for også. Sunset Rubdown liknar ikkje spesielt på nokon av dei. Hos Sunset Rubdown kan eg høyre spor av glam (som hos Bolan og Bowie). Dei kan finne på å progge i veg, men ikkje for langt. Dei har eit melodisk grunnsyn, men eit kraftig psykedelisk sidesyn. Dei er varmblodige og vanskelige å stagge, og dei er ikkje utan pretensjonar og høgdramatiske tendensar. Dei oppfører seg litt som ein uoppdragen veslebror av Arcade Fire, eller kanskje eit Clap Your Hands Say Yeah med større lyd.

Random Spirit Lover krev nok sin lyttar. Desto kjekkare er det då når ein byrjar å finne fram i den. Det første ein finn er The Mending of the Gown. Ikkje berre fordi den ligg først i sporet, men fordi den midt inne i sitt infernalske driv og sin glassklare gitarljom har eit vinnande pophjerte som opnar seg opp før noko anna på plata. I kompaniskap med Wynne Irgn fortel Krug om Sam, ein «man of many nations» og Maggie, ein «master of disguise». To «random spirit lovers» som seglar rundt på dette skipet som er «built to go down».

Eit anna høgdepunkt er den keltiske skrålerockaren Up On Your Leopard, Upon the End of Your Feral Days med sitt hektande mantra «your highness is holding your chains». The Courtesan Has Song kan skilte med årets antirefreng. Colt Stands Up, Grows Horns startar nesten engleaktig (med Wynne Irgns i hovudrolla) før den manøvrerar seg inn på mørkare og beint fram truande tomter. Medan Trumpet, Trumpet Toot! Toot! er ein temposkiftande og vinkelskakk sak om skodespeleri, møydom og det å kasta trompeten frå seg og gå tomhendt av scena syngande på eit «da da da-da da».

Midt innimellom alle desse lange og smått suspekte titlane finst det ei låt som berre heiter Stallion. Ikkje tru at den er enkel å ha med å gjere av den grunn. Sala opp med psykedelia, og ramma av eit lite frijazzande spark bak, travar den rundt i ikkje nett rolige former, medan ein mørkredd songar oppfordrar til å «fight for your right to hate the night».

Eg har høyrt rykter om at eit nytt Wolf Parade album ikkje er altfor langt unna. Det skal jaggu vere bra for å toppe dette her.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Sunset Rubdown – Shut Up I Am Dreaming

Standard

Spencer Krug snublar utav ulveparaden og inn i solnedgangen, og forårsakar slik ein pasjonert kollisjon mellom det skakkøyrte og det monumentale.

cover  Spencer Krug sitt ikkje i ro. Spencer Krug har ting han skulle ha gjort. Mange ting. Men han vil visst ikkje gjere det åleine, så Spencer Krug spelar i band. Mange band.

Han er nok mest kjent for å spele keyboards og kauke i veg i Wolf Parade. Litt mindre kjent er det kanskje at han av og til slår seg i hop med vennene i Frog Eyes. Eller at han saman med Frog Eyes sin songar Carey Mercer og ikkje heilt ukjente Dan Bejar (Destroyer, New Pornographers) har den alt anna enn lydlause hobbyen Swan Lake. Ei litt meir dempa side av seg dyrkar han gjennom å vere ein del av instrumentaltrioen Fifths of Seven.

Og så er det Sunset Rubdown, då. Eit prosjekt han starta heilt åleine for drygt to år sidan, men som fort vart til eit band. Shut Up I Am Dreaming er album nummer to. Det kom ut på andre sida av Atlanteren i 2006, men har først no i 07 blitt distribuert i vår retning. Det skjer berre kort tid før Sunset Rubdown har sitt tredje album klar for fortæring. Sjølvsagt har dei det, for Spencer Krug sitt som kjent ikkje i ro.

Meir om oppfylgjaren ein annan stad. No nokre linjer om Shut Up I Am Dreaming. Og ha meg då unnskyldt for å starte litt feigt. Med Wolf Parade. For det er mykje av den same skakke uroen og det brunstige pågangsmotet som driv Sunset Rubdown. Men dei stormar ikkje like hastig i veg, og så tar dei vegen om nokre snirklete bakgater (samt eit par blindgater) som ulveparaden glatt ignorerte i sin febrilske dans mot The Lonesome Crowded West.

Spencer Krug er for ung, for modig og for full av uro til å grunne på konsekvenser. Han vil mykje. Saman med banden sin lar han det mektige og det pretensiøse bli tirra av det skakkøyrte, det atonale, det spinkle og det skarpslipte. Og skapar slik ei kjensle av at ting stadig er på nippet til å ramle saman. Krug syng med ei bevrande og skjør, men sterkt pasjonert røyst. Nokre stader er den i front, andre stader kjempar den nærast forgjeves med å trenge gjennom ein ustødig lydvegg. Nokre stader syng den berre på eit «ba-dum, ba-dum da-da da-dum», andre stader kan den seie ting som «but I’m swimming Lord, just to be saved».

Det er i det heile ein del snakk om symjing her. Symjing for ikkje å gå under, symjing saman med ein partnar, i armane til ein partnar, eller bort frå ein partnar. Akkurat då trur eg eg veit kva Krug snakkar om. Det gjer eg ikkje heile tida. For tekstane hans er ikkje av det lett forståelige slaget. Eg tenker at dei krinsar rundt religion, seksualitet, fablar, makt og fridom. Eg tenker også at dei nok ikkje er av dei aller sterkaste eg har høyrt.

Men Us Ones In Between er sterk. På alle måtar. Ein pianodriven ballade som bygger seg frå skjør til kraftig utan å bli ein i mengda, og utan å miste taket i den attraktive tonen. Ein ballade der kvinna i bandet, Camilla Wynne Ingr syng med. Ein ballade som seier at «you are the waterfall, waiting inside a well, you are a wrecking ball, before the building fell». Akkurat når den linja renn forbi, tenker eg at det er litt poet i unge Krug. Like etterpå grunnar han over om det der dyret som et sine eigne babyar nokon gong stoppar opp «to think about the taste». Når sola så har gått ned utafor Arkansas er det tid for å snu litt på sakene; «oh baby, mother me, before you eat me». Eg trur eg kan seie at Us Ones In Between er høgdepunktet på plata.

Men det er fleire gode låtar her. Det mektige opningsnummeret, med den skarpe gitarlyden, Stadium and Shrines II. Den ugode, omtåka og tandre visa I’m Sorry I Sang on Your Hands That Have Been in the Grave. Den folksy og Bonnie Prince Billy slekta The Empty Threats of Little Lord. Mot slutten kjem det så to mangslungne låtar som strekker seg opp og ut og forbi 7 minuttar. Den pasjonerte og temposkiftande The Men Are Called Horsemen There. Og den vekselsvis skjøre og tungt bølgande Shut Up I Am Dreaming of Places Where Lovers Have Wings. Ingen vond draum det skulle ein tru, men hovudpersonen i Krug sin historie ser ikkje ut til å få oppleve at den blir ein realitet. Han står fast og han søkk.

Sunset Rubdown søkk ikkje. I alle fall ikkje så lenge Spencer Krug er på denne urolege, ungdommelige og vitale trippen.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Wolf Parade – Apologies to the Queen Mary

Standard

Hengslelaust, basslaust og stundevis fokuslaust, men slett ikkje verknadslaust frå eit av denne hausten sine største hype-offer.

cover  Ooohh-skralla-la-la-lama. Eller noko i den duren. Det er nemlig ikkje heilt utan grunn dei har valt å kalle seg Wolf Parade. For kva er ein ulveparade om ikkje eit glupsk, glefsande, oppjaga og ubereknelig framstøyt. Der det tilsynelatande er ingen som har den fulle kontrollen, og den skrallande, skeive og febrilske dansen verkar å vere av det impulsstyrte slaget. Like fullt når den stort sett sine mål, stettar sine begjær og tar til tider til og med form som eit vinnande vesen. Kanskje meir på trass av enn på grunn av si framferd.

Dei er fire, og dei kjem til oss surfande på ei hype-bølgje frå Montreal. Men dei landar heldigvis ikkje som eit flaut mageplask. For som de sikkert no har skjønt, snakkar vi her om eit livsfriskt rock’n roll album bore oppe av ustabile men ved fleire høve svært så forførande tonar. Apologies to Queen Mary er deira debut i fullformat. Det er ikkje sensasjonelt stoff. Dei verken lirkar eller pælmar frå seg tonar av originalt kaliber. Førebels har dei vel også ein del skritt å gå før dei kan slå i bordet og proklamere seg som innehavarar av den fullkomne låtskrivarkrafta. Det dei imidlertid har masse av er eit feiande pågangsmot og ein lumsk attityde, noko som definitivt fører til at bataljen set sine spor.

La oss tenkje oss ein romsleg blikkboks. Oppi den puttar vi så fire klassikarar. The Lonesome Crowded West (Modest Mouse), Funeral (Arcade Fire), Doolittle (Pixies) og Remain In Light (Talking Heads). Vi ristar godt på den, riv opp loket, og ut flaumar lett retningsville men definitivt sterkt oppegga tonar. Lealaust, basslaust men slett ikkje verknadslaust spinn dei fire unge canadiarane slik vidare på velprøvde rock’n roll triks.

Spencer Krug sitt driftige keyboards-spel er like viktig for det energiske biletet som Dan Boeckner sine uforedla gitar-utfall. Desse to delar også på vokaljobben. Noko dei gjer med den same gløden som pregar deira instrumentelle handtering. Hadji Bakara utrettar probat elektronisk manipulasjonsarbeid, og Arlen Thompson (sist høyrt i samkvem med Arcade Fire) hamrar på plass effektiv rytmikk. Modest Mouse frontmann Isaac Brock har vore ein viktig person både i å skaffe dei kontrakt med Sub Pop, og i produksjonen av albumet.

Vel, produksjon og produksjon, vil kanskje nokon hevde. Og ein kan vel ikkje gje dei heilt feil i ein slik påstand. Den store ryddesjauen har nok ikkje grepe tak i verken Brock eller dei fire ulvane. For oss som likar musikken servert i litt uryddige former er ei slik innstilling slettes ikkje noko minus. Likevel blir det ved enkelte høve kanskje i meste laget vinglete og ufokusert.

Det opnar skarpt, barskt, surrealistisk og kompromisslaust med knokkelfunk-rockaren You Are a Runner and I Am My Father’s Son. Ei låt som mange sikkert har blitt kjent med på EPen som kom for nokre månader sidan. Når denne har spraka seg ferdig blir dessverre gnisten litt meir diffus dei neste minuttane. Modern World er ei heller daff poplåt, og Grounds For Divorce samt Fancy Claps rotar vekk nokre dosar med nødvendig dynamikk ved å sjangle fram i litt for fokus-slappe og melodisvake drakter. I låta som ligg mellom desse to gnistrar det derimot kraftig. We Built Another World er ein melodiflott og pågåande affære som hentar mykje næring frå Arcade Fire sine nabolag.

Favoritten på den før nemnte EPen var Shine a Light. Den har fått sin sentrale plass også her. Ei spektakulær og desperat låt med gospel i magen, Stones i ryggen, og melodisk virilitet kriblande over heile seg. Minst like forrykande og proppa på melodisk kraft er I’ll Believe in Anything. Frå det vert oppfordra med fresande fortviling i første linje om å «give me your eyes, I need sunshine», ser denne seg aldri tilbake. Det gjer ikkje den punka råtass-låta It’s a Curse heller, der den sparkar seg nådelaust gjennom både piggtråd og betong. Meir tålsame konturar sluttar seg omkring den over sju minuttar lange Dinner Bells, sjølv om det også her ulmar til innimellom. Melodisk har den mykje å gje, men misser litt av krafta si i det avsluttande og litt karakterlause instrumentalpartiet.

På sitt beste held Wolf Parade så absolutt kva hypen lovar, men sidan Apologies to Queen Mary også har sine meir skrantande felt, vert nok firarbanden i denne omgang helst ståande å sparke på døra til avdelinga for «ujamnt men likevel særdeles fascinerande».

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)