Tag Archives: Willard Grant Conspiracy

Willard Grant Conspiracy – Let It Roll

Standard

Bakom ein klisjé av ein tittel kliv det fram den eine storarta låta etter andre.

cover  Den stadig omskiftande konstellasjonen Willard Grant Conspiracy har latt tapen rulle og spelt inn eit nytt studioalbum (sitt sjette). Det gjorde dei jammen lurt i, for med Let It Roll har samansverjinga sin skjeggete sjef Robert Fisher og alle hans medsamansvorne brygga i hop eit opplegg som fort kan bli ståande som deira aller største dåd. Når ein då tenker på at dei frå før mellom anna har bak seg solide album som det dunkle og ikkje heilt temte Mojave (1999) og det finstemte og vare Regard the End (2003), er jo det ein aldri så liten bragd.

Skulle det ha forvilla seg lesarar inn i denne omtalen som aldri har høyrt ein tone av Willard Grant Conspiracy, så skuldar eg kanskje å komme med eit par linjer om kven dei er, kor dei kjem ifrå og kva slags lyd dei lagar. WGC er eit laust samansatt kollektiv som hadde si første samling i eit studio i Boston på midten av 90-talet. Dei har tatt opp i seg ulike deler folk, country og blues, mest det første. Utifrå denne omfamninga av tradisjonelle former gror det så fram personlige låtar både av varleg og meir oppjaga karakter, men oftare det første enn det siste. Dei har avgjort sin eigenart, men samstundes er dei del av ei større scene. Å kalle ensemblet for musikalske åndsfrendar av Nick Cave, Walkabouts og American Music Club er i alle fall ikkje å fare med løgn, skulle eg tru.

Låtskrivar og vokalist Robert Fisher er WGC si leiande kreative kraft, og den einaste som har vore med på alt som er blitt gjort i konspirasjonen sitt namn. Paul Austin, som han i si tid stifta WGC i kompaniskap med, har forlengst søkt andre samarbeidspartnarar (Transmissionary Six). Simon Alpin som på eit vis overtok litt av Austin si rolle på førre framstøyt er også i full gang med eigne prosjekt. Kjernegruppa denne gongen er Fisher og fem karar han turnerte rundt i Europa med før og etter innspelingane. At dei på si ferd må ha funne ein glødande tone seg i mellom er Let It Roll eit superbt bevis på.

Ti låtar med ei samla speletid på over 1 time. Einkvar med reknekunnskapar utover novisestadiet skjønar då fort at her er det snakk om låtar som ikkje gjer seg ferdig i første sving. To av dei drar seg mot 10 minuttar. Tittelkuttet er den eine av dei. Det er også albumet sitt høgdepunkt, og kanskje den mest skilsetjande låta WGC har komme opp med. Den melder sin komme i form av eit lengre instrumentalparti. Eit parti som absolutt lever opp til tittelen og rullar skånsellaust framover med lagnadstung psykedelia i sine bakre regionar. I det tredje minutt byrjar så ei fortetta og reinskoren skildring; ein kan skimte eit dunkelt men bloddekt landskap, høyre rykte om eit mord, og stire inn i ein vansira og ulegelig hjerne. Det blir hevda med gravtung røyst at «one night of whiskey is worth a lifetime in hell». Midt inne i den tredje runden med det sentrale gjentakande mantraet «let it roll» lurer Fisher fram ei lita helsing til Nick Cave; «God is in the house». I det påfølgande avslutningsverset syng så Fisher med ei tiltakande frenetisk kraft ein vel aldri før har opplevd frå den kanten. Sjela er brennmerka, Gud er ein hyklar, anger er eit framandord og døden lokkar:

Nothing for nothing
Your God’s a pretender
There’s no room in heaven
Now and hereafter
There’s nothing to dying
Except a ropes soft whisper
I did what I did
And I’ll do it again
We weep and we moan
We weep and we moan
Give me a stack of your best bibles
I’ll raise my right hand and
Let It Roll…

Det er stoff ein ikkje blir ferdig med. Albumet har meir slikt. Eit piano, ein trompet og eit par strykarar er sentrale aktørar rundt dei vakre melodilinjene i opningssporet From A Distance Shore. Dei siste orda frå ein soldat så alldeles aleine med angsten langt borte frå håpet og heimen. Inspirert av eit brev skrive av menig Sullivan Ballou under den amerikanske borgarkrigen, men som sannsynlegvis er like aktuell både i Bagdad, Tyr og Dafur.

Saman med Steve Wynn hintar Fisher tilbake til tidlegare WGC bravadar med den harmonifine og lindrande Flying Low. Og ja, det rokkar ved ei og anna lettrørt kjensle når Wynn, Linda Pitmon og Mary Lorson smyg seg med i refrenget; «I dreamed I saw angels flying low, they encompass all that’s good or so I’m told». Versa er på si side kanskje litt nærare røyndomen i si formidling av meir nedtrykte tankar. Og det er vel der omkring, i dei dystrare sfærar, Fisher i all hovudsak held til denne gongen også.

I WGC sin eigen innspelte historie har Let It Roll nærast slektskap med førnemnte Mojave, men er endå litt meir variert i utrykket enn denne. Der den sonisk sett strekker seg frå det skånsame i Lady Of the Snowline og til tittelkuttet sine nådelause åtak. Det blir diska opp med distanserte englestemmer i Mary of the Angels, småskeiv countryinfluert valsetakt i Dance With Me og brunstige bassgangar i Crush. Det einaste middelmåtige nummeret er ei litt for rutineprega gjennomkøyring av Dylan sin Ballad of a Thin Man.

Det er friske blåsarar, lengtande trompet-tonar og skjøre strykarinnslag. Det er einsame pianoakkordar og kvesste gitarar. Det er angrep og forsvar, håp, lengsel og paranoia. Det er vel i grunnen ei utgjeving ein bør legge seg på minne.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Transmissionary Six – Get Down

Standard

Skånsam og haustfarga americana som etterkvart smyg seg inn i på melodisk dugande spor.

cover  Ved førre korsveg (albumet heitte Spooked, 2003) skildra eg The Transmissionary Six som skaparar av november-tonar. Slike tonar som akkompagnert av eit tiltakande mørke langsamt søker å forplante seg i hjerter og sinn. Bandet omgjev seg med mykje av den same auraen her på sitt tredje album også, men tilstanden er kanskje litt meir oktober denne gongen.

Framleis er det Paul Austin (andrepilot i Willard Grant Conspiracy) og Terri Moeller (trommis i Walkabouts) som er dei toneangivande kreftene i foretaket. Austin spelar på strenger, tangentar og litt anna, og Moeller passar rytmen og syng. I tillegg har dei med seg eit titals musikarar, der særlig Anne Marie Ruljancich og Nancy Wharton sine strykarinnslag gjer inntrykk.

Get Down blir, etterkvart som den legg bak seg ein heller traurig første halvdel, ei rett så aktverdig oppleving. Blant dei dvelande, men akk så preglause og melodifattige fire første spora er det vel ikkje stort anna enn nokre strykarparti som er verdt å framheve. Den korte instrumentalen Johnny & Waldo prøver så ved hjelp av ei overraskande funky framferd å få litt meir glød inn i strukturen. Tempoet aukar eit par hakk når Holidaypark gjev seg til kjenne, utan at melodikrafta er den heilt store. Men frå den refrengsterke og twang-gitar draperte Happy Landings er den melodiske velstanden på plass, og med den synest eg også å merke ei meir ihuga innstilling.

Fem minuttar lange Novanna stryk seg fram i eit tiltalande lende midt mellom nokre velpleidde Marianne Faithful-farga tonar og ei omfamnande Nina Nastasia vise. Ja det er nesten som den lindrar litt av lengselen etter ei ny plate frå sistnemnte. Element er eit repeterande og gnagande instrumentalkutt. Packakools er for så vidt kva tittelen lovar. Ein kult sveivande og vispande sak, der dugande tonar gjev seg til kjenne i eit lett slørete lende. Med den gitarbaserte og straighte The Dimmest Porch dreg dei seg mot countrylandskap. Eit landskap avsluttande Powderburn heller ikkje er ukjent med. Sakte brennande med akustisk lyddominans og smygande pedal-steel openbarar det seg eit tonespekter av forførande karakter, før låta sakte forsvinn inn i varleg støy.

Etter kva mine øyrer klarer å fange av det tekstlige innhaldet, har dei vel ikkje all verden å by på på dette feltet. Det er ein fragmentert setningsbygging som saman med, og tildels gøymt inn i, musikken kan fungere greitt nok, men som ikkje innbyr til vidare utlegningar. På sitt beste skaper bandet stemningsfull musikk, på sitt verste er dei heller søvndyssande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Willard Grant Conspiracy – There But For the Grace of God

Standard

I eit varleg leie og heilt utan hastverk i sinn har denne gjengen i snart ti år levert sine melankolske bilete. Her er 17 av dei samla.

cover  Fem studioalbum, ein Fishtank-splitt med nederlandske Telefunk, eit par liveplater samt eit tosifra tal turnear har Willart Grant Conspiracy bak seg, utan at så veldig mange har fått det med seg.

Med There But For the Grace of God prøver Robert Fisher og medsamansvorne å nøste ihop nokre trådar, og samlar saman 17 låtar frå desse åra. Ei samleplate, med andre ord. Det er den tyske labelen Glitterhouse som er utgjevar, og plata er berre ute i Europa. Ikkje så veldig merkeleg kanskje, for i den grad amerikanarane i WGC har ein fanskare er det på dette kontinentet den er å finne. På den andre sida er jo ei slik plate ein muleg døråpnar mot potensielle nye lyttarar, så kanskje USA utgjeving kunne vore lurt likevel.

Fem av spora på samlinga er ute på plate for første gong, men fire av desse er berre andre versjonar av låtar som er å finne på studioalbuma. Dermed er det lite nytt å hente her for folk som har fylgt bandet frå starten av. Sjølvsagt vil venner av WGC sitt univers finne desse alternative versjonane interessante, nokre er også heilt på høgde med dei offisielle. Vil likevel tru at entusiastar finn frontfigurane Robert Fisher og Paul Austin sine kommentarar til kvar einskild låt som den viktigaste bonusen her. Eller kanskje Love Doesn’t, den fine pianoballaden som berre har vore b-spor på ein promosingel frå før.

Willard Grant Conspiracy er slik namnet tyder på ikkje ein heilt vanleg bandkonstellasjon. Både i studio og konsertsamanheng har dei i periodar tald opptil 14 aktørar. Dei drivande kreftene i konspirasjonen har likevel først og fremst vore duoen Robert Fisher (vokalist og låtskrivar) og Paul Austin (gitarist og låtskrivar). På forrige plate Regard the End (2003) spelte imidlertid Austin ei meir anonym rolle, så pr. i dag er WGC i stor grad eit Fisher-prosjekt.

Sidan tidleg åttital har Fisher og Austin figurert i ulike musiserande konstellasjonar. WGC vart ein realitet på midten av 90-talet då dei var innom for å teste det nye studioet til kompis Dana Holloway (med gateadresse Willard Grant, derav namnet). Debutalbumet kom i 1996, bar tittelen 3am Sunday @ Fortune Otto’s, og er representert med heile fire spor på denne samlinga (berre tredjealbumet Mojave er representert med fleire). Litt underleg, kanskje, sidan dei også er dei fire svakaste låtane her, og gjev til kjenne eit band med eit noko uferdig uttrykk. Kvar enkelt av dei er for så vidt heilt greie, men dei vert litt grå og einstonige. Demo-versjonen av Bring the Monster Inside er derimot ein annan skål. Låta skulle seinare dukke opp på andreplata Flying Low i ei noko fyldigare drakt. Her er den naken (to akustiske gitarar og song), fokusert og nådelaus. Minst like bra er Evening Mass, ein atmosfærerik og mektig sak i Nick Cave-trakter, der særleg Erich Groat si pågåande mandolinplukking vert lagt merke til.

Fem av låtane her er å finne på WGC si kanskje beste plate, Mojave. To rett nok i andre versjonar. Rainbirds er den same låta som på Mojave heitte Right On Time (dei skifta i si tid tittelen då Sparklehorse dukka opp med sin Painbirds). Ei låt i toneflott utforming om innestengde kjensler og andre disharmoniske tilhøve. Edith Frost korar. På andre låtar er Jess Klein innom og syng med. Eit inntektsgjevande grep, slikt blir det nemlig fleire nyansar av. Slik som på vakre Another Lonely Night, endå ein av desse triste her-er-det-ingen-gode-kjensler-igjen affærene. Sticky var ein dyster folkbluesdjevel på Mojave. Her er den å høyre i ei meir støyande (det hender dei drar på litt) og minst like guffen drakt, med inspirasjon henta frå den same flaske Mark Lanegan ofte har drukke av.

Christmas In Nevada frå Everything’s Fine (2001) er WGC i sitt meir lyse hjørne. Tempoet er skrudd opp nokre hakk, og det er orgeldriv og cajunfakter. Kjekk sak. Ballad of John Parker frå same album er på si side folkrock av det meir sjøsjuke slaget. At dei to siste platene til bandet tilsaman berre får med tre spor gjer vel kanskje eit litt skeivt bilete av korleis kvalitetane er fordelt i diskografien deira. The Trials of Harrison Hayes (einaste frå femteplata Regard The End) viser nemlig med melodisk styrke at Fischer stadig kan grave fram tonar av solid interesse. Det gjer jo heller ingenting at han får hjelp av førnemnte Jess Klein, og at det er ein forunderleg historie om ein forunderleg karakter som vert fortald. Dig a Hole som avsluttar er ein dyster sing-a-long om død og forderving. Var også å høyre på In a Fishtank-utgjevinga i ei litt anna utgåve.

Er Willard Grant Conspiracy eit band du enno ikkje har opna døra for, og du trivst med musikk i The Walkabouts, Tindersticks og The Triffids tradisjonen? Ja då skulle denne samlinga vere eit utmerka høve til å invitere dei innafor.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)